Gå til innhold
Arkivverket

Opphavet til Lemvig-ætti i Sogn - kven hadde namnet med seg frå Danmark?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Under arbeidet med band II av Gards- og Ættesoga for Luster som utkom i 1986, leitte eg iherdig etter opphavet til Lemvig-ætti i Sogn, men fekk aldri noko endeleg svar.

 

Her er teksten som eg den gongen skreiv under gnr. 48, Fuhr:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Christenson Fuhr, son av føregande brukar og herifrå garden, var f. kring 1637 og d. på Fuhr kring 1691.  Han gifte seg første gongen kring 1657 med ei Metta Jensdotter.  Ho var truleg f. kring 1638, men d. alt kring 1662.  Jens gifte seg so att kring 1663 med ei Anna Jacobsdotter som var f. kring 1645.  Ho d. på Fuhr kring 1726.  Det ser ut til at det var Anna Jacobsdotter som kom hit med Lemvig‑namnet som so mange av etterkomarane til Jens Christenson har nytta, for ikkje brukte Jens namnet, og heller ikkje vart det nytta av eldste sonen Hans som han hadde frå første ekteskapet sitt.  Kanskje var Anna opphavleg kommi frå Lemvig på Jylland, men meir enn ei gissning kan ikkje dette verta.  Jens Christenson oppheldt seg visstnok ei tid i Bergen i ung alder og fekk der borgarskap som handlande.  Men alt frå 1665 var han flytt attende til Fuhr som han sidan overtok etter faren.  Jens dreiv som landhandlar og gardbrukar her på Fuhr so lenge som han levde.  Handelsverksemdi vart liggjande nede ei tid etter at Jens fall ifrå, men enkja Anna heldt fram med gardsdrifti til sonen Peder fekk overta frå 1709.  Ho sat likevel med skøyta so lenge som ho levde.  Jens Christenson på Fuhr fekk i alt fjorten born; to av dei ser ut til å ha vore frå første ekteskapet, medan Anna Jacobsdotter vart mor til dei tolv yngste:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So er det at eg fleire stadar i gamle Brukarforum kjem over ei utsegn som både Per Nermo og Christian Arentz er komne med der dei meiner at ovannemnde Anna Jacobsdotter eigentleg heitte Anna Jacobsdotter Lemvig og var dotter av ein Jacob Lemvig i Skodborg, Ringkøbing i Danmark, sjå til dømes:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/105842-20116-dominicus-nagel-paa-tangen-i-aardal-og-borni-hans-opplysningar/page-2?hl=skodborg#entry869454

 

https://forum.arkivverket.no/topic/102956-17189-hans-jensen-bremer-f-1734-sogn-og-fjordane/?hl=skodborg#entry847133

 

Eg har so langt ikkje vore i stand til å finna ei stadfesting av dette og stiller no på ny spørsmålet i Brukarforum om nokon kjenner til saki og kan leggja fram eit prov for denne ættesamanhangen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.