Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ei merkeleg Sandvig-ætt i Amerika - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Anders Olson Sandvig var fødd i Luster 25.9.1822 som son av Anna Andersdotter f. Sandvig (døypt i Luster 21.7.1793) og første mann hennar, Ole Hansson Sandvig (1788-1823).  Anders utvandra som ugift til Amerika i 1857 i lag med mori, då enkje for andre gong, ei gift fullsøster og ei ugift halvsøster:

 

* Christi Olsdotter (1816-1898) gift med Christen Tøgerson Fossen frå Jostedal (1813-1875) - farma i Dunn btownship, Dane Co., WI, men Christi flytte som enkje kort etter 1880 inn hjå ein son i Mount Valley township, Winnebago Co., IA.

 

* Andrea Hansdotter (1828-1912), gifte seg i Dane Co., WI i 1864 med Erik Isakson frå Nyre på Voss (1816-1896).  Dei flytte kring 1865 til ein farm i High Lake township, Emmet Co., IA og vart buande der.

 

Anders, kjend som Andrew O. Sandvig, skal lenge ha butt hjå halvsøsteri Andrea i High Lake township, Emmet Co., MN, men var i 1900 busett som ugift i Belmont township, Jackson Co., MN.  Seinare lagnad er ukjend!

 

~~~~~

 

Men Anders hadde òg ein fullbror:

 

Hans Andreas Olson Sandvig, fødd i Luster 1.2.1819.  Han utvandra i 1853 og gifte seg i Dane Co., WI 6.7.1863 med Britha Andersdotter frå Marifjøra i Hafslo, fødd i Hafslo 14.5.1828, utvandra i 1861.  Dette parfolket slo seg ned som farmarar i Arendahl township, Fillmore Co., MN, men selde farmen i 1869 og «forsvinn»!  Eg har finne fire born etter dei:

 

* Ole Sandvig, fødd i Fillmore Co., MN 11.5.1864, d. kort etter fødsli!

 

* Ole Sandvig, fødd i Fillmore Co., MN 4.10.1865, døydde i Dane Co., WI 4.8.1886 - «of Fillmore Co., MN»

 

* Anna Sandvig, fødd i Fillmore Co., MN 16.3.1867, døydde i Dane Co., WI 28.2.1885 - «of Fillmore Co., MN»

 

* Betsey Sandvig, fødd i Fillmore Co., MN 15.1.1869, ukjend lagnad!

 

Dei STORE spørsmåli her gjeld:

 

*** Kvar vart det av Andrew O. Sandvig etter 1900?

 

*** Kvar vart det av Hans Andreas O. Sandvig og kona Britha (Betsey?) etter 1869?

 

*** Kvar vart det av Betsey Sandvig, fødd 1869?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

 

Andrew O Sandvig
Iowa State Census, 1885
Name Andrew O Sandvig Event Type Census Event Year 1885 Event Place Estherville, Estherville, Emmet, Iowa Gender Male Age 62 Birth Year (Estimated) 1823 Page 0
Household Role Gender Age Birthplace

 

Erick Isaacson

  M 68  

 

Andrina Isaacson

  F 56  

 

Ingebor Sandvig

  F 35  

 

Maria Erickson

  F 3  

 

Andrew O Sandvig

  M 62

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:HZ3V-5T2

 

View the original document.

 

----

 

Andris O Sandvig

Minnesota State Census, 1895
Name Andris O Sandvig Event Place Belmont, Jackson, Minnesota Age (Original) 72y Birth Year (Estimated) 1823 Birthplace Norway Race (Original) W Gender Male Page Number 15
Household Role Gender Age Birthplace

 

Anders R Kilen

  M 48y Norway

 

Anna Kilen

  F 40y Norway

 

Fred Kilen

  M 11y Iowa

 

Auguste Lenebery

  F 17y Norway

 

Jones Strum

  M 22y Sweden

 

John Swanson

  M 22y Sweden

 

Andris O Sandvig

  M 72y Norway

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQDR-M11

 

----

 

 

A O Sandvig
United States Census, 1900
Name A O Sandvig Event Type Census Event Year 1900 Event Place Belmont Township, Jackson, Minnesota, United States Gender Male Age 78 Marital Status Single Race White Race (Original) W Relationship to Head of Household Boarder Relationship to Head of Household (Original) Boarder Birth Date Nov 1822 Birthplace Norway Immigration Year 1857 Father's Birthplace Norway Mother's Birthplace Norway
Household Role Gender Age Birthplace

 

Peder A Sandvold

Head M 66 Norway

 

Andrina Sandvold

Wife F 46 Norway

 

Ethy Sandvold

Daughter F 15 Minnesota

 

Joseph Sandvold

Son M 10 Minnesota

 

Mabel C Sandvold

Daughter F 8 Minnesota

 

A O Sandvig

Boarder M 78 Norway

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9SG-V5V

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

?

Hans O Sandvig
Iowa State Census, 1905

 

Name

Hans O Sandvig

 

Event Type

Census

 

Event Date

1905

 

Event Place

Palo Alto, Iowa, United States

 

Gender

Male

 

Age

86

 

Marital Status

Single

 

Birth Year (Estimated)

about 1819

 

Birthplace

Norway

 

Father's Birthplace

Norway

 

Mother's Birthplace

Norway

 

Card Number

A241

 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

?

Hans O. Sandvig

Iowa Deaths and Burials, 1850-1990

birth:
 
Norway
death:
6 May 1908
Palo Alto County, Iowa
burial:
7 May 1908
 
residence:
1908
Emmetsburg

 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for fleire spennande og lovande innlegg!

 

Hans Andreas Olson Sandvig alias Hans O. Sandvig har eg no òg finne i FT1900 (under Hans Sanding!), «pauper» (fattiglem) og enkjemann, fødd i Noreg februar 1819, med utvandringsår 1853, busett på fattighuset i Freedom township, Palo Alto Co., IA.

 

Då er lagnaden til Hans Andreas oppdaga, men kvar var Hans i 1870 og 1880?  Kanskje han vart enkjemann alt i 1869 og at yngste dotteri difor vart oppkalla etter kona?  Dei to borni me har finne avlidne i Dane Co., WI vart jo sagt vera «from Fillmore Co., MN»!  Dei må jo òg vera ein eller annan stad i 1880!?

 

Elles har eg no i kveld ogso greidd å finna dødsfallet til Anders Olson Sandvig, men det lå «langt inne».  Berre sjå korleis dei har «vridd» på ættenamnet hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Anders O. Sandrieg

Gender: Male

Burial Place: West Belmont Church

Death Date: 28 Feb 1905

Death Place: Belmont Twp., Jackson, Minnesota

Age: 82

Birth Date: 29 Sep 1822

Birthplace: Norway

Occupation: Farmer

Race: White

Marital Status: Single

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette sit me att med spørsmåli kring lagnadane til kona og dotteri etter Hans Andreas, men òg eit anna spørsmål, som eg gløymde i innleiingi:

 

** Mori Anna Andersdotter (Sandvig), døypt i Luster 21.7.1793, utvandra altso i 1857, og me har ei kjelde som seier ho framleis levde i 1875, men eg har ikkje greidd å finna ho att i Amerika!  Kanskje nokon greier denne?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.