Gå til innhold
Arkivverket

Er det nokon som er «kløpparar» på FT1891? Hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er på leiting etter to huslydar i FT1891 som eg TRUR har butt i Lærdal, Sogndal eller Aurland:

 

~~~~~

 

Ole Pederson Aarethun, fødd i Luster 1809

Siri/Sigrid Andersdotter, fødd i Aurland 1815

 

var i alle fall først på 1880-talet plassfolk på Skåri under Åretun i Lærdal, men Ole «forsvinn», og FT1900 syner Sigrid som enkje busett hjå yngste dotteri si på Nedberge i Underdalen, Aurland:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037346002390

 

NBNB: Eg tenkte eg ville bla litt i personlistene for Underdalen i Aurland, og eg fann både KLle lg Sigrid busette hjå dotteri på Nedberge:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/53005/406

https://media.digitalarkivet.no/view/53005/407

 

So denne delen av problemet er LØYST!

 

~~~~~

 

Ole Olson Aarethun eller Mannhiller, fødd i Lærdal 1841 (son av føregåande)

Kari Mortensdotter, fødd i Sogndal 11.1.1829

 

vart gifte i 1872 og budde sist på 1870-talet og truleg fram til 1890-talet(?) som plassfolk på Mannhiller, Amla i Sogndal, men er ikkje å sjå nokon stad i FT1900!  Dei hadde to søner, som båe døydde kort etter fødsli, men Kari hadde åtte born frå eit tidlegare ekteskap, som alle før 1890 var flytte til Årstad eller Bergen!

 

~~~~~

 

Spørsmåli er tekne ut ifrå følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201814-ein-stor-husmannshuslyd-under-%C3%A5retun-i-l%C3%A6rdal-kvar-vart-det-no-av-alle-desse-borni/

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon kunne greia å lokalisera desse huslydane i FT1891, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her fant jeg Mannhiller i den skannede folketellingen 1875 for Sogndal: i hovedlistene står det at gården er ubeboet og i spesialliste nr. 36 er Ole Olsen overstrøket:

 

Hovedlisten:

 
Sogn og Fjordane fylke, Stedje, Norum, Kaupanger i Sogndal, Statlig folketelling (1875-1875), Dokumentside, Side 2
Permanent bilde-ID: ft20110203730352
 
Sogn og Fjordane fylke, Stedje, Norum, Kaupanger i Sogndal, Statlig folketelling (1875-1875), Dokumentside, Side 3
Permanent bilde-ID: ft20110203730353
 

Spesialliste nr. 36:

 

Sogn og Fjordane fylke, Stedje, Norum, Kaupanger i Sogndal, Statlig folketelling (1875-1875), Dokumentside, Side 108
Permanent bilde-ID: ft20110127660073
 
Sogn og Fjordane fylke, Stedje, Norum, Kaupanger i Sogndal, Statlig folketelling (1875-1875), Dokumentside, Side 109
Permanent bilde-ID: ft20110127660074
 
Men jeg synes det står en anmerkning lengst til høyre om at man kan se hovedliste nr. 2. 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg var ikkje merksam på at Ole Olson og kona Kari Mortensdotter var flytte frå Mannhiller før desember 1875.  Det står ein merknad om at Ole Olson då hadde tilhald på Pallene, som var ein plass under Amla nedre.  Der budde søsteri Johanna Olsdotter med mannen Johannes Hansson til dei i 1876 utvandra til Amerika!  Deretter var Pallene utan busetnad til ut på 1890-talet!!

 

Eg finn ikkje noki personliste for Pallene under Amla nedre i 1875, men derimot finn eg ei anna spennande liste, plassen Bakketeigen under Amla øvre der Kari Mortensdotter budde i første ekteskapet sitt:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/52303/107

 

Her står det at Kari styrte hushaldet hjå svigerfaren Johannes Jacobson, og fleire av borni som ho fekk med første mann sin, budde der i lag med ho.  Samstundes finn me ein merknad om at mannen Ole Olson oppheldt seg på Pallene.  Det står òg at han dreiv plassen på Mannhilleren, men at «sedvanleg bustad» var her på Bakkateigen i lag med kona Kari!!

 

Uansett kvar dette parfolket budde, dei ser ut til å forsvinna fullstendig frå Kaupanger seinast kring 1890, men er me heldige, so budde dei framleis i nabolaget i 1891!?  Yngste son hennar flytte ikkje til Bergen før i 1890!!  Kan dei ha butt på PALLENE under Amla nedre??

 

Ei skikkeleg utfordring dette, men eg lever i voni om at Ole og Kari vil dukka opp, og eg takkar endå ein gong på det udmjukaste for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her finner jeg Ole Olsen i spesialliste nr. 9 i tellingskrets 1 i f.t. 1875 - jf. kommentaren nederst på tellingslisten, hvor du fant Kari Mortensen:

 

Sogn og Fjordane fylke, Stedje, Norum, Kaupanger i Sogndal, Statlig folketelling (1875-1875), Dokumentside, Side 55
Permanent bilde-ID: ft20110127660020
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste meldingi!  Du fann personlista for Pallene under Amla nedre der Ole Olson oppheldt seg i 1875, men diverre gjev ikkje denne lista oss noko meir enn kva me veit frå før...

 

Eg har no teke for meg konfirmantlistene for Kaupanger frå 1875 og utover for å sjå om dei kan innehalda noko spennande når det gjeld borni til Kari Mortensdotter frå første ekteskapet hennar med Morten Johannesson...:

 

* Morten Mortenson Bakketeig - fødd 1860 - konf. 1875: https://media.digitalarkivet.no/view/2069/27

 

* Anna Mortensdotter Bakketeig - fødd 1863 - konf. 1878: https://media.digitalarkivet.no/view/2069/42

 

* Ole Mortenson Manhiller(!) - fødd 1867 - konf. 1882: https://media.digitalarkivet.no/view/2069/66

 

Ole var den yngste, og som me ser, kalla han seg ved konfirmasjonen for Manhiller.  Dåpen hans oppgjev berre øvre Amble som bustad/fødestad: https://media.digitalarkivet.no/view/6924/46

 

Dette KAN tyda at huslyden flytte attende til Mannhiller kring 1880 etter at svigerfaren då var avliden, og nye folk hadde overteke plassen på Bakketeig??

 

Kanskje det hadde vore ein tanke å freista finna Mannhiller under Amla øvre ogso for 1891??

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har bladd i Ft 1891 for Sogndal, men her er visst lite å finne.

Ole Olsen er det en del som heter, men bare et par født rundt 1841:

En på i Kvåleområdet, nr 1558: https://media.digitalarkivet.no/ft11214092605421 , men han er født i Lavik.
Videre en på Nordnes, nr 3456: https://media.digitalarkivet.no/ft11214092607319 , men han synes å ha barn.

 

Noen relevante Mortensson/Mortensdtr er visst heller ikke å finne, så helst har vel paret flyttet fra kommunen?

 

Mvh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif for freistnadane med å finna Ole Olson og Kari Mortensdotter i Sogndal 1891.  Det er tydeleg at dei er flytte frå Sogndal før den tid, men kvar i all verdi skal me leita vidare?  Borni hennar hamna alle på Bergenskanten, so det ville vera ein naturleg stad å leita, men i Bergen er dei i alle fall ikkje i 1891 - kva med Laksevåg?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med ei oppgåve som etter kvart synest ganske so vonlaus...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.