Gå til innhold
Arkivverket

Gunnhild Olafsdotter Tovslid - fødd i Fyresdal 1872 - utvandra 1877? - foreldri hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gunnhild Olafsdotter Tovslid vart fødd i Fyresdal 28.8.1872 som dotter av husmann Olaf Aadneson (1847) og kona Margit Torbjørnsdotter (1852): https://media.digitalarkivet.no/view/4259/6

 

Ved fødsli står ein merknad om at foreldri gifte seg i Moland i 1871, men der finn eg dei ikkje!

 

Ifølgje FT1900 utvandra Gunnhild i 1877, medan FT1910 og FT1920 båe har 1875 som utvandringsåret hennar, men eg finn ikkje utvandringi deira nokon av dei åri!  I Amerika heitte ho Julia, gift med sogningen John Amble!

 

Er det nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til ei lokal bygdebok, som kan hjelpa meg finna svar på følgjande:

 

** Kva år utvandra Gunnhild til Amerika?

 

** Kva heitte plassen under Tovslid der denne huslyden budde?

 

** Kva gard/plass har Olaf Aadneson opphavet sitt ifrå?

 

** Kva gard/plass har Margit Torbjørnsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et par med samme navn ble gift i Gjøvdal sokn i Åmli prestegjeld 25.2.1872 https://media.digitalarkivet.no/view/16809/46

 

Ifølge utflytterlistene for Fyresdal emigrerte familien i juni 1877 - Ole, Margit og tre barn https://media.digitalarkivet.no/view/4259/23771/5

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Utvandringi er «på plass».  Dei reiste altso i 1877!

 

Det kan elles sjå ut som om Olaf og Margit «stakk av» for å gifta seg, for det må jo vera rette folki!

 

Eg ser no at Olaf må vera frå sjølve garden på Tovslid, for der budde ein eldre bror og foreldri hans som kårfolk i 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038147000455

 

Men eg har vanskar med å finna opphavet til Margit!?  FT1865 har to Margit Torbjørnsdotter i Telemark fødde i 1842, men ingen av dei bur vel nær Fyresdal!

 

Eg ser forresten at opphaldsstaden til Olaf i 1872 er oppgjeven til ASKLAND.  Kan det vera namnet på den plassen under heimegarden hans på Tovslid der dei budde??

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Margit, nummer 7

 

Telemark fylke, Heggland, Fyresdal (Moland) i Fyresdal, Ministerialbok nr. I 4 (1815-1854), Fødte og døpte 1842, Side 27
Permanent bilde-ID: kb20051011020035
 

Margits foreldre i FT1865:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038147000765

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt interessant innlegg!

 

Då slår eg fast at Margit Torbjørnsdotter var fødd på plassen Brekke under garden Valeberg, men foreldri var i 1865 plassfolk på Fosstveit, og då er spørsmålet:

 

** Under kva gard ligg denne plassen Fosstveit?  Under Lomekilen eller under Søndreland?

 

** Elles sit me att med spørsmålet om kva plass under Tovslid Olaf og Margit budde på før dei utvandra?  Askland?  Eg ser at garden ikkje hadde husmannsplassar i 1865, medan Ask(e)land er eigen gard i 1900.  Ingen plass eller gard Ask(e)land i Fyresdal i 1865!

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husmannsplassen familien bodde på fram til emigrasjonen i 1877 het Kleivi. Ifølge Fyresdal gards- og ættesoge eksisterte denne plassen bare en kort  periode rundt 1875.

 

Fostveit lå i 1910 under gnr 25 Kiland. Fyresdalsboka sier at Fostveit var en plass under Drangstveit, som ser ut til å ha vært en del av Kiland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit spennande og nyttig innlegg.

 

Du har med desse opplysningane svart på båe spørsmåli som stod att om denne huslyden, og problemet er soleis løyst!

 

Nok ein kjempetakk for framifrå hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.