Gå til innhold
Arkivverket
Per S. Nestande

Fåberg: Opphavet til Anne Olsdotter Smeeige f.ca. 1808

Recommended Posts

Per S. Nestande

Er det nokon som har informasjon om opphavet til Anne Olsdotter f.ca. 1808 frå Fåberg som vart gift 26.6.1837, Nes, Hedmark med Lorents Larsson f.ca. 1811. Ved giftemålet er faren oppgjeven som avdød husmann Ola Smeeige.

 

Det er freistande å tru at Anne er identiske med den Anne som blir døypt 1.2.1807 i Fåberg av Ola Smeeige og at mora dermed er den Kari som blir introdusert 11.3.1807. I så fall er vel dette ekteparet Ola Olsson f.ca. 1767 og Kari Nilsdotter f.ca. 1765 som i 1801 er husmenn under Smee i Fåberg. Saman med familien bur mor til Ola, Berte Olsdotter f.ca. 1724 som er ugift. Ola kan da vere den Ola Olsson som blir døypt 27.7.1767 i Fåberg av ugifte foreldre Ola Johansson Vollen (?) og Berte Olsdotter Bø. Kari og Ola vart gift 24.10.1794 i Fåberg. Ola bur i 1794 på Skjellerud, men det er ikkje sagt noko om opphavet til Kari. Det er så vidt eg kan sjå minst tre Kari Nilsdotter som er fødd i Fåberg kring 1765.

 

Eg har aldri forska i Fåberg, men er det andre med kjennskap til området som kan stadfeste opphavet til Anne?

 

Og dersom eg har funne dei rette foreldra, er det nokon som kjenner opphavet til Kari Nilsdotter og til (dei moglege) foreldra til Ola Olsson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×