Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Utfordring i Grand Forks, ND: Carrie Amble Johnson (1849-1922) - huslyden hennar? - var ho gift med Johannes Olson Erlandsrud? - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden har lege «uoppklart» hjå meg i over 30 år, men kanskje er det no med «moderne» middel mogeleg å finna ut meir om dei?

 

På Memorial cemetery i Grand Forks, ND finn me gravlagd:

 

Carrie JOHNSON - fødd 15.5.1849 - døydde 14.8.1922

 

Denne jenta skal vera identisk med Kari Johannesdotter Amble, fødd i Sogndal 26.5.1849 og utvandra til Amerika i 1871.  Eit notat hevder at mann hennar heitte Martin Johnson, men han var avliden før ho!

 

Eg har oppdaga denne huslyden i Grand Forks, Grand Forks Co., ND i 1900:

 

JOHNSON, John  Jan. 1846  Nor  Nor  Nor  emig. 1868 - no occupation

JOHNSON, Carrie  May 1849  Nor  Nor  Nor  emig. 1872 - wife

   married 25 years - 6 children - 4 living (men berre to er nemnde)

JOHNSON, Ole  Oct. 1875  MN  Nor  Nor  son  day laborer

JOHNSON, Anna (eller Unna?)  Mar. 1883  ND  Nor  Nor  daughter

 

og i 1910 same stad:

 

JOHNSON, Carrie  60  Nor  Nor  Nor  emig. 1875 - widowed - no occupation

   5 children - 4 living (men berre to er nemnde)

JOHNSON, Ole J.  34  MN  Nor  Nor  son  - laborer

JOHNSON, Anna  27  ND  Nor  Nor  daughter

 

Ein John Johnson, 56 år gamal, døydde i Grand Forks, ND 26.11.1903 - kan det vera den avlidne mannen?

 

Eg finn ikkje Carrie i FT1920, og eg finn heller ikkje huslyden i FT1880 eller i Dakota1885!

 

Identiteten til mannen John Johnson er ogso ei «gåte»!

 

Eg finn ikkje vigsli deira, og ikkje dåpen til nokon av borni, MED MINDRE dette er dåpen til sonen:

 

Ole Johan, fødd 2.10.1875 og døypt i Trinity Lutheran church i Minneapolis, MN 19.12.1875: http://interactive.ancestry.com/60722/41742_314368-00007/3579720?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fgst%3d-6&ssrc=&backlabel=ReturnSearchResults

 

Foreldri er oppgjevne å vera: Johs Olson Erlandsrud og Kari Johnson.  Mellom fadrane er Johs. Pederson (far hennar som utvandra i 1875!?) og Sem Johnson (bror hennar utvandra 1871!?).

 

Kven var i so fall Johannes Olson Erlandsrud??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

??  Denne står som utflyttet til Vefsn, men kan jo ha reist videre....

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/291/pu00000000091129

 

 

Utreise fra Bodø i 1868:

 

http://www.norwayheritage.com/udvandret.asp?type=passengerlist&ps=39214&jo=940

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Johannes Olsen, nummer 4

 

Oppland fylke, Sødorp, Kvikne, Kvam i Nord-Fron, Ministerialbok nr. 1 (1851-1864), Konfirmerte 1860, Side 203
Permanent bilde-ID: kb20070130660265
 
Nummer 33
 
Oppland fylke, Kvam, Sødorp, Kvikne, Sør-Fron i Fron, Ministerialbok nr. 4 (1839-1848), Fødte og døpte 1846, Side 84
Permanent bilde-ID: kb20070603560247
 
 
 
 

En datter til: http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=sIt2412&_phstart=successSource&usePUBJs=true&gss=angs-c&new=1&rank=1&msT=1&gsln=erlandsrud&gsln_x=NN&cp=0&MSAV=1&uidh=enc&pcat=34&h=1584022&dbid=60722&indiv=1&ml_rpos=4

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Vielsen til Johannes Olsens foreldre, nummer 55

 

Oppland fylke, Kvam, Sødorp, Kvikne, Sør-Fron i Fron, Ministerialbok nr. 4 (1839-1848), Viede 1845, Side 194
Permanent bilde-ID: kb20070603560336
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Du Sven imponerer endå ein gong!  Hjarteleg takk for kjempemessige og interessante innlegg!

 

Ingen tvil om at du har finne den «rette» Johannes Olson Erlandsrud, so han var altso frå plassen Erlandsrud under Kvalen i Nord-Fron!

 

Eg har studert innleggi dine fram og attende, og eg ser eg har fått svar på det aller meste, men eit par spørsmål står opne...:

 

** Medan Kari Hansdotter tydeleg var barnefødd på Erlandsrud under Kvalen, ser det ut til at Ole Larsson kom frå ein plass under garden Bøe i Nord-Fron.  Er det mogeleg å finna ut kva plass under Bøe dette var?

 

** Neste utfordring er bustaden deira i 1880 og kva yrke John hadde?  Wegdahl ligg i Chippewa Co., MN, men eg kan ikkje sjå noko til huslyden korkje der eller i nokon av nabokommunane i 1880.  I 1900 er dei i Grand Forks, ND, men John står utan yrke.  No har eg etterlyst obituaries for John og Carrie frå Grand Forks, ND, og ei (førebels) melding går ut på at John Johnson var BLIND, so då er vel yrkesvalet hans etter måten «smalt»...?

 

Eg takkar på ny for kjempefine opplysningar om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.