Gå til innhold
Arkivverket

Marcus Nilsson (1752) og Martha Pedersdotter (1749) - strandsitjarar Vikøyri i Vik 1801 - kven var dei og kven var borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1801 for Vikøyri i Vik syner mellom anna denne huslyden:

 

* Marcus Nilsson  49  jordlaus husmann og jekteførar

* Martha Pedersdotter  52  kona hans

* Knut Marcusson  10  son

 

Sonen Knut er døypt i Vik 8.6.1790, men eg trur dei må ha hatt minst to søner til:

 

* Lars Marcusson, fødd kring 1776 - jordlaus husmann og nabo på Vikøyri i 1801 med (vigde i Vik 30.6.1801) kone Anna Knutsdotter, fødd kring 1768, og dotter Ingeborg, fødd kring 1798

 

* Nils Marcusson, fødd kring 1786 - tente 1801 på Tryti i Vik, men budde på Vikøyri i 1817

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Vik, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, som kan fortelja meg:

 

** Kven var Marcus Nilsson og Martha Pedersdotter?

 

** Kven var borni deira og kvar vart det av dei?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På side 230 i Ættabokji for Vik har G. Balvoll (GB) skreve om fam:

Markus Nilsson Hola-Seljedalen 1753-1831 og Marta Pedersdtr "Grønsberg" 1748-1822. Død 1822 som Grethe har skreve.

Martha var f på Linde Kvamsøy, og konf på Nese. 

Dei hadde desse ongane:

1. Lars f 1777 d 1844. Gift m/ Anna Knutsdtr 1770-1831. Anna var neppe frå Vik, skriv GB.

    Lars ein av dei få øyringar som bet skatt i 1817.

     Lars fekk fleire ongar og i 1833 gift oppatt m/ Agate Oladtr Finnen 1794-1835. Ein son Ola f. 1834 d same år.

     Oppatt gift igjenn i 1836 m/ ekkja Brita Nilsdtr Vikøyri 1793-1846

2. Nils f 1780 d 1780 (GB er usikker på dødsåret)

3. Nils f 1781 d 1817

4. Ingeborg f. 1783. Ukjent for GB når ho døyr

5. Knut f. 1790 d. 1817. Gift m/ Marta Helgesdtr Grønsberg 1794-1854. 2 døttre.

 

Markus vart oppatt gift 1823 m/ Marta Torsdtr Vetleøyri 1759-1840.

-----------

Er det første kona til navnebroren din du er forelska i Lars ? At Anna Knutsdtr f. 1770 kom frå Luster ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jon for interessante og nyttige innlegg!

 

Nei, John, eg har nok ikkje forelska meg i Anna Knutsdotter, og eg veit heller ikkje kvar ho kan vera kommi ifrå.  Interessen min ligg i Nils Marcusson som i 1816 «forelska» seg i ei omstreifarjente som fødte barnet hans i Marifjøra i Hafslo!

 

Eg stussar forresten på alderen som Nils har fått i bygdeboki frå Vik, 1781?  FT1801 oppgjev ein alder på 15 år, medan han er 32 år ved dødsfallet i juni 1817: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/174

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur du har god grunn til å stussa på alderen til denne Nils. For Nils døypt 14.11.1781 ser ut som døyr 3.3.1782, iflg Fylkesarkivet i SF. 

Og då må det væra ein annan Nils, 15 år i FT 1801 som tenar på Tryti. 

 

Han er mogelig ikkje son til Markus Nilson på s 230 i Ættabokji. Eg prøvde å finna han konformert i Vik, men oppdag (først no) at eg ikkje Finn (!!) konformerte mellom 1795 og 1818, og sendte difor eit spyrsmål om dette på "Spyr DA".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.