Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Andersson Eide i Luster (1805-1845) - huslyden hans? - dotter på Alvøen og minst ein son i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få leggja ut eit emne som eg har hatt liggjande sidan 1980-talet, og som mellom omhandlar Dorthea Johannesdotter frå Eidsbakken i Luster, gift på Alvøen med Ole Andreas Trondsen.  Eg ser at Ivar Moe, Ottar Eliassen og andre

 

 

har vore inne og «snust» på dette i nyare tid, og kan henda er det nokon av etterkomarane som sit med fleire detaljar om Dorthea og borni hennar, samt om brørne Anders (forsvunnen) og Jacob (i Amerika)?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt for gnr. 17, Eide i Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ (Oppdatert manuskript følgjer i innlegg #5 nedanfor! - å fillern... - innleggsnummeri er borte!!? - og innlegg #5 er borte vekk!  - no vert det innlegg #7 i staden!!!)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var de to døtrene til Dorthea Trondsdatter, som levde i 1914, gift? Dvs het de noe annet enn Trondsen til etternavn?

 

Jeg finner denne dåpen i Strudshavn i Askøy i 1894 - Bjørn Ditlef, sønn av Adolf Sivertsen og Thea f. Trondsen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006860538

 

Alfhild Otelie, 1891:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006857321

 

Arne Torbjørn, døpt 1897:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006863286

 

Henry Arctander, 1902

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006931071

 

Valdemar Johan, 1903

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006932310

 

Folketelling 1900: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037323004060

 

Folketellingen 1910: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036692004504

 

Thea og Adolf ble gift i 1889: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000851257

 

SAB, Askøy Sokneprestembete, H: Ministerialbok nr. B 1, 1878-1889, s. 226
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060809010384
 

Er dette din Thea, Lars?

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1879 ser det ut som Johanne Gjertine Olsdatter får en datter - Leonora Benedikte - utenfor ekteskap med sjømann Nils Kristian Larsen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006488779

 

Ole Andreas Trondsen var én av fadderne. Konfirmert 1893: 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000626835

 

Her er giftermålet mellom Johanne Gjertine og Nils Kristian:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000850690

 

I 1880 har Johanne og Nils Kristian sønnen Oskar Theodor til dåpen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006490053

 

Johanne Gjertine, 1881:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006491125

 

Nelly Kristine, 1884

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006494369

 

Alf Theodor, 1897

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006863776

 

Familien Larsen i 1900: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037323004139

 

Gjertine i f.t. 1910? I så fall er sivilstatus = s (separert/skilt?)

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036692004634

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

 

Dorthea hadde vel også en sønn Andreas Olai i 1867: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005451792

Ser at min oldefar er fadder.  Han var gift med Torine, søster av Ole Andreas Trondsen f.1830

Her er muligens flere barn etter Ole Andreas og Dorthea.

(Det er også en Ole Johan Trondsen f. 1833. Han er bror av Ole Andreas. )

 

Ft. 1875. https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052284005803

 

mvh Ottar

Endret av O. Eliassen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J., Grethe, Ottar og Kurt for nye interessante innlegg!  Ingen tvil om at du Grethe har finne dei to døtrene, og eg har òg finne gravene til Thea og Adolf i Loddefjord.  So ser eg at Ottar har oppdaga eit tredje barn i huslyden.

 

Elles trur eg nok ikje at Jacob nemnd av Kurt høyrer heime her...  Men dødsmeldingi etter gamle Gjertrud frå 1875 fortel oss at både Anders og Jacob var avlidne før mori, men ein av dei, truleg Anders, let etter seg eit MYNDIGT barn.

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet til erstatning for manuskriptet som opphavleg stod i innlegg #1 ovanfor (og som var tiltenkt innlegg #5):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Andersson Eide, frå Naustplassen under Fjøsne, vart døypt 5.5.1805 og d. som husmann på Eide 10.12.1845.  Han gifte seg 17.10.1827 med Gjertrud Jacobsdotter frå Stein under Skagen, døypt 16.2.1806.  Johannes og Gjertrud fekk 20.4.1835 festesetel på denne plassen i Eidsbakken, men hadde butt her alt frå kring 1831.  Johannes dreiv so lenge han levde, og sidan ser det ut til at enkja vart sitjande med plassen til kring 1853.

Gjertrud Jacobsdotter flytte kring 1853 til Bergen, men busette seg snart hjå dotteri Dorthea på Alvøen på Askøy der ho d. som enkje og legdelem 8.12.1875.

Johannes og Gjertrud i Eidsbakken fekk sju born i lag:

 1. Christi Johannesdotter (1828 1829).

 2. Christi Johannesdotter (1830‑1881), vart gift med strandsitjar Sjur Arneson på ein plass i Marifjøra i Hafslo (1825‑1903).

 3. Dorthea Johannesdotter, f. 29.5.1832,

Dorthea Johannesdotter flytte til Askøy der ho 4.7.1858 gifte seg med Ole Andreas, kjend som Andreas Trondsen frå Alvøen.  Han var son av paktar og fabrikkarbeidar Trond Olson på Alvøen, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans? – Vågå 1790?)

 

 

og kona Anna Malene Olsdotter frå Alvøen og f. på Askøy 7.9.1830.  Andreas var fabrikkarbeidar på Alvøen på Askøy der han d. 14.9.1909.  Dorthea Trondsen d. som enkje på Alvøen 17.4.1914.  Dei fekk tre born i lag:

a. Johanna Gjertine, kjend son Gjertine Olsen, f. på Askøy 5.8.1858, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1918!)

 

 

     Gjertine gifte seg på Askøy 12.3.1879 med Nils Christian Larsen frå Bergen, f. i Bergen 9.11.1856.  Han d. i Bergen 21.12.1918.  Nils var sjømann og sidan fabrikkarbeidar.  Han og Gjertine budde på Alvøen på Askøy, men først på 1900-talet flytte Nils til Bergen der han sidan livnærte seg som skomakar, medan Gjertine vart buande på Alvøen.  Dei fekk fem born i lag.

b. Andreas Olai Olsen, f. på Askøy 16.2.1867, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1875! – lagnad? – flytte til Christiania 1886 – attest 1890!)

           

              c. Thea Amalia Olsen, f. på Askøy 15.9.1870, d.

 

 

     ##### (dødsstad? – gravlagd Loddefjord!)

 

 

     7.7.1945.  Ho gifte seg på Askøy 14.3.1889 med Adolf Andreas Sivertsen frå Alvøen, f. på Askøy 25.12.1863.  Han d. som bokbindar på Alvøen 6.6.1913.  Adolf var bokbindar og fabrikkarbeidar, og han og Thea budde på Alvøen på Askøy.  Dei fekk åtte born i lag.

 4. Anders Johannesson, f. 27.2.1835,

Anders Johannesson flytte

 

 

##### (lagnaden hans? – ifølgje dødsmeldingi etter mori 1875, var Anders då avliden, men må ha lete etter seg eit «myndigt»! barn!)

 

 

 5. Jacob Johannesson, f. 23.3.1838,

Jacob Johnson

 

 

##### (American name?)

 

 

utvandra til Amerika i 1861,

 

 

##### (what became of him in America? – ifølgje dødsmeldingi etter mori 1875, var Jacob då avliden!)

 

 

 6. Ole Johannesson, f. 19.2.1841,

Ole Johannesson flytte kring 1853 med mor si til Bergen og d. på eit sjukehus der 31.7.1855, berre 14 år gamal.

 7. Johannes Johannesson (1844‑1845).

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar det let seg gjera finna litt fleire detaljar, særleg om Johanne og Nils Larsen, men kanskje først og fremst om dei to onklane Anders og Jacob!  Det er eit «mysterium» kvar det myndige barnebarnet kjem inn!

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Carsten for nye spennande innlegg!

 

Du har finne den «rette» Nils Larsen, Sven, for her er dødsmeldingi hans med kona og dei fem borni:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/27861/148?indexing=

 

PS: So ser eg i ettertid at ogso Ottar har finne denne dødsmeldingi!  Hjarteleg takk, Ottar!

 

Elles er det jo svært so interessant at Andreas Olai er flytt til Christiania!

 

Eg har gjort dei naudsynte rettingane i innlegg #7 ovanfor!

 

Samstundes vil eg be om ei dødsmelding for Ole Andreas Trondsen.  Kanskje den har noko meir å by på?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!  Kanskje dukkar det etter kvart òg opp noko meir om Anders Johannesson og broren Jacob?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er flere fra Hafslo/Sogndal/Vik bosatt i Alvøen på den tiden.

Johanne Sjursdtr. Tyende ug Tjenestepige 1851 Havslo Pr. og S.
Peder Ingebrigtsen 1869 Hafslo NB Hf g Bagersvend Askøen: Alvøen Folketelling 1900 for 1247 Askøy herred

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037323004091

 

Kristina Bondevig og søster Ingebjørg Bondevig - Sogndal

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037323004211

 

Brita Olsdatter  

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037323004203

 

https://media.digitalarkivet.no/view/38240/265

 

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 
8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Thea Amalia Olsen, f. på Askøy 15.9.1870, d.

 

 

     ##### (dødsstad? – gravlagd Loddefjord!)

 

 

     7.7.1945.  Ho gifte seg på Askøy 14.3.1889 med Adolf Andreas Sivertsen frå Alvøen, f. på Askøy 25.12.1863.  Han d.

 

 

     ##### (dødsstad? – gravlagd Loddefjord, men ikkje innført Laksevåg!)

 

 

     6.6.1913.  Adolf var bokbindar og fabrikkarbeidar, og han og Thea budde på Alvøen på Askøy. 

 

Klokkerbok for Askøy prestegjeld, Askøy sokn 1904-1927 (1247Q)



 

Adolf Andreas Sivertsen

Nyttig tips!

Klikk på lenkene (de blå tallene) i venstre kolonne for å se alle detaljer om en person, en leilighet, et bosted eller en tellingskrets.

 

ID: pg00000000848638 Løpenr: 1
Fornavn: Adolf Andreas Etternavn: Sivertsen
Rolle: avdød Stilling/stand: Gift Bokbinder
Kjønn: m Alder:  
Fødselsdato:   Fødested: Alvøen
Fødselsår: 1863 Bosted: Alvøen
Dødsdato: 06.06 Årsak:  
Dødsår: 1913 Meldt:  
Lege:  


 

Tilhørende personer

 

Løpenr Rolle Navn Stilling/stand Fødselsår Fødested Bosted
1 avdød Adolf Andreas Sivertsen Gift Bokbinder 1863 Alvøen Alvøen


 

Begravde

 

ID: hg00000000711462 Side:  
Løpenr:   Skannet side:  
År: 1913 Jordfestelsesdato:  
Begravelsesdato:   Melder:  
Sogn/kirke:   Merknader:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000848638

 

SAB, Askøy Sokneprestembete, H: Klokkerbok nr. A 14, 1904-1927, s. 179
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060508020442
 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Eg er merksam på at fleire sogningar busette seg på Alvøen.  Peder Ingebrigtsen har eg god oversikt over etter at eg har vore i kontakt med etterkomarane hans.  Dei andre du nemner har ingen tilknytting til Luster kommune, so vidt eg kan sjå, so dei fell «utanfor» prosjektet mitt.

 

Elles er eg glad for du Ann-Mary fann gravferdi til Adolf i Askøy sokn.  Desse soknegrensene er ikkje alltid so godt å halda styr på.  Underleg at Alvøen sokna til Strudshavn på sida av fjorden.  Laksevåg hadde jo vore meir naturleg, i alle fall den gongen, men no med Askøybrui er jo situasjonen stilt om att...  Eg vart vel «blenda» av at dei er gravlagde i Loddefjord, som vel vart utskilt frå Laksevåg i si tid...

 

Eg har lagt inn rettingi på Adolf i manuskriptet i innlegg #7 ovanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden og vonar framleis på gjennombrot når det gjeld Anders og Jacob...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bjarne Ditlef Sivertsen 24.08.1894 døde 27.07.1983 og er gravlagt på Loddefjord gravplass

Gotfred Sivertsen 26.12.1909 døde 19.04.1985 og er gravlagt på Loddefjord gravplass

Waldemar Sivertsen 12.03.1903 døde 10.10.1982 og er gravlagt på Loddefjord gravplass

Henry A Sivertsen  20.12.1901 døde 10.03.1965 og er gravlagt på Loddefjord gravplass

Olaf Martin Sivertsen 28.07.1900 døde 26.12.1900 og er gravlagt på Loddefjord gravplass

Arne Sivertsen 07.03.1897 døde 1965 og er gravlagt på Loddefjord gravplass

Sigfred Sivertsen 10.06.1889 døde 07.06.1968 og er gravlagt på Loddefjord gravplass

 

Endret av Sven Hjortland
skrivefeil
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for dei siste utfyllande innleggi om borni til Adolf og Thea Sivertsen.  Då har me vel ei stadfesting av at dei ikkje fekk fleire enn dei åtte borni.  Eg har no justert manuskriptet i innlegg #7 ovanfor tilsvarande.

 

Det som no står att som dei store utfordringane her, er å finna lagnadane til Anders og Jacob Johannessøner, det ukjente barnebarnet samt Andreas Olai i Christiania!?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt interessant innlegg!

 

So fekk altso Adolf og Thea NI born i lag medrekna Olga Magdalene!  Kjempebra levert!

 

Ein ny takk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg gløymde å nemna i føregåande innlegg:

 

Det er kome svar i Arkivforum frå Statsarkivet i Bergen.  Dødsmeldingi til Ole Andreas Trondsen frå Alvøen 1909 fortel oss at berre dei to døtrene då levde av borni hans.  Det vil seia at sonen:

 

Andreas Olai Olsen (Trondsen) frå innlegg #7 på føregåande side, fødd på Askøy 16.2.1867 med flytteattest til Christiania i 1890 (flytt i 1886!)

 

må vera avliden før 1909 utan å etterlata seg born!

 

Men er det mogeleg å finna lagnaden til denne guten?

 

Elles saknar me framleis opplysningar om Anders og Jacob Johannessøner, men det vert truleg ganske so vanskeleg, om ikkje umogeleg, å komma vidare der...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege urøyrt i eit par månadar.

 

Diverre har eg ikkje finne «noko nytt» om denne husyden sidan sist emnet vart drøfta, men eg er vorten merksam på at ein bror av Ole Andreas Trondsen frå Alvøen, Peter Olai Trondsen (1828-    ), òg fann seg ei kone frå Luster, Gjertrud Ingvaldsdotter, og desse forsvinn sporlaust frå Bergen før 1865!  Peter Olai og Gjerttrud vert tekne opp i morgon som eit eige tema under «Øyanes påskenøtt 2017 #4»!

 

Eg ser elles at manuskriptet i innlegg #7 ovanfor ikkje er heilt «up-to-date», so eg legg inn ein ny versjon her:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Andersson Eide, frå Naustplassen under Fjøsne, vart døypt 5.5.1805 og d. som husmann på Eide 10.12.1845.  Han gifte seg 17.10.1827 med Gjertrud Jacobsdotter frå Stein under Skagen, døypt 16.2.1806.  Johannes og Gjertrud fekk 20.4.1835 festesetel på denne plassen i Eidsbakken, men hadde butt her alt frå kring 1831.  Johannes dreiv so lenge han levde, og sidan ser det ut til at enkja vart sitjande med plassen til kring 1853.

Gjertrud Jacobsdotter flytte kring 1853 til Bergen, men busette seg snart hjå dotteri Dorthea på Alvøen på Askøy der ho d. som enkje og legdelem 8.12.1875.

Johannes og Gjertrud i Eidsbakken fekk sju born i lag:

 1. Christi Johannesdotter (1828 1829).

 2. Christi Johannesdotter (1830‑1881), vart gift med strandsitjar Sjur Arneson på ein plass i Marifjøra i Hafslo (1825‑1903).

 3. Dorthea Johannesdotter, f. 29.5.1832,

Dorthea Johannesdotter flytte til Askøy der ho 4.7.1858 gifte seg med Ole Andreas, kjend som Andreas Trondsen frå Alvøen.  Han var son av paktar og fabrikkarbeidar Trond Olson på Grønnestølen under Alvøen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Vågå 1790?)

 

og kona Anna Malene Olsdotter frå Alvøen og f. på Askøy 7.9.1830.  Andreas var fabrikkarbeidar på Alvøen på Askøy der han d. 14.9.1909.  Dorthea Trondsen d. som enkje på Alvøen 17.4.1914.  Dei fekk tre born i lag:

a. Johanna Gjertine, kjend son Gjertine Olsen, f. på Askøy 5.8.1858, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1918!)

 

     Gjertine gifte seg på Askøy 12.3.1879 med Nils Christian Larsen frå Bergen, f. i Bergen 9.11.1856.  Han d. i Bergen 21.12.1918.  Nils var sjømann og sidan fabrikkarbeidar.  Han og Gjertine budde på Alvøen på Askøy, men først på 1900-talet flytte Nils til Bergen der han sidan livnærte seg som skomakar, medan Gjertine vart buande på Alvøen.  Dei fekk fem born i lag.

b. Andreas Olai Olsen, f. på Askøy 16.2.1867, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1875! – lagnad? – flytte til Christiania 1886 – attest 1890! – d. barnlaus før 1909!)

 

c. Thea Amalia Olsen, f. på Askøy 15.9.1870, d.

 

     ##### (dødsstad? – gravlagd Loddefjord!)

 

     7.7.1945.  Ho gifte seg på Askøy 14.3.1889 med Adolf Andreas Sivertsen frå Alvøen, f. på Askøy 25.12.1863.  Han d. som bokbindar på Alvøen 6.6.1913.  Adolf var bokbindar og fabrikkarbeidar, og han og Thea budde på Alvøen på Askøy.  Dei fekk ni born i lag.

 4. Anders Johannesson, f. 27.2.1835,

Anders Johannesson flytte

 

##### (lagnaden hans? – ifølgje dødsmeldingi etter mori 1875, var Anders då avliden, men må ha lete etter seg eit «myndigt»! barn!)

 

 5. Jacob Johannesson, f. 23.3.1838,

Jacob Johnson

 

##### (American name?)

 

utvandra til Amerika i 1861,

 

##### (what became of him in America? – ifølgje dødsmeldingi etter mori 1875, var Jacob då avliden!)

 

 6. Ole Johannesson, f. 19.2.1841,

Ole Johannesson flytte kring 1853 med mor si til Bergen og d. på eit sjukehus der 31.7.1855, berre 14 år gamal.

 7. Johannes Johannesson (1844‑1845).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei største utfordringane her er, som òg nemnt i innlegg #21 ovanfor:

 

* Lagnadane til Anders (1835) og Jacob (1838) Johannessøner?

 

* Lagnaden til Andreas Olai Olsen (Trondsen), fødd på Askøy 16.2.1867 med flytteattest til Christiania i 1890 (flytt i 1886!), men som må vera avliden før 1909 utan å etterlata seg born!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å komplettera denne biografien, og vonar at tidi for «gullkorn» ikkje enno er over...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.