Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Nilsson (1708- ) med kone Martha og born frå Luster til Lom i 1747 - kvar vart det av denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden er ei ny utfordring som eg har hatt liggjande i over 30 år, og som eg no hentar fram i von om at nye tilgjengelege kjelder og andre lesarar av Brukarforum kan hjelpa meg komma i alle fall litt vidare i leiting etter dei?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt frå plassen Hatlevik under garden Fjøsne i Luster:

 

NB: Eg har i løpet av ettermiddagen lese ein del kyrkjebøker frå Lom og har finne nokre nye detaljar som er innbygde i manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Eg har i dag 8.2. finne ein del nye opplysningar om Ingrid Rognaldsdotter og huslyden hennar og legg inn i innlegg #7 nedanfor eit nytt og oppdatert manuskript!

 

Eg har ogso teke med ei søster av «husfaren», Martha, som eg mistenker kan vera hamna i Lom, og likeins ei brordotter av «husmori», Ingrid Rognaldsdotter, som truleg òg er hamna i Lom - kan henda med foreldri sine?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Nå spør jeg sikkert dumt, Lars, men hvor er de aktuelle personene nevnt i 1762? Er det i ekstraskatten eller i et skifte?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for kommentar!

 

Nei, du spør ikkje dumt!  Det var min feil å ikkje seia ifrå!  Det er so mange år sidan eg arbeidde med desse ættene, men eg veit at 1762-referansane kjem frå to skifte som fann stad i Luster det året:

 

* Gjørond Pedersdotter Holmestad, prot. 7a, pag. 421b

 

* Peder Anthopnisen Heltne, prot. 7a, pag. 435

 

Kva som står om desse folki i ekstraskatten frå Lom, har eg ikkje sett!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Namn arvtakar: Giørand, Pedersdtr 
Gard: Holmestad, nr.:5
Husmannsplass: Hofden
Yrke: Qvinde
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 7a-421b
Datering: 1751-1762
Dato: 19.3.1762
Eiga: 40 Dalar, 5 ort, 14 skilling
Gjeld: 32 Dalar, 0 ort, 2 skilling
Netto: 8 Dalar, 5 ort, 12 skilling
Merknad:  

Personar i skiftet :
(1) Erich Siursen Enkemanden
(2) Rognald Pedersen Død Bror
(3) Erich Rognaldsen 21 Aar Brorsøn
(4) Paavel Pedersen Formynder for Erich
(5) Marithe Pedersdatter Død Søster
(6) Nils Pedersen Søstersøn
(7) Peder Pedersen Søstersøn
(8) Marithe Pedersdatter Søsterdatter
(9) Ingeri Pedersdatter Søsterdatter

(10) Sigri Pedersdatter Søster
(11) Anders Paalsen Lien Formynder for Ingeri
(12) Ole Schagen Gift med Sigri
(13) Pavel Pedersen Myndig Bror
(14) Ingeri Rognaldsdatter 26 Aar Brordatter
(15) Niels huusmand (Peder) Pedersen (Nilssen) DahlGuldbrandsdahlen Gift med Marithe
(16) Boets gjeld Kreditor
(17) Erich Schaugeteigen Gift med Christi
(18) Christi Pedersdatter Søster

 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn arvtakar: Peder, Anthonisen 
Gard: Heltne (Fortun), nr.:5
Husmannsplass:  
Yrke: Ungekarl
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 7b-435
Datering: 1762-1768
Dato: 8.5.1762
Eiga: 119 Dalar, 5 ort, 14 skilling
Gjeld: 52 Dalar, 3 ort, 2 skilling
Netto: 67 Dalar, 2 ort, 12 skilling
Merknad: Ikkje i BB
Personar i skiftet :
(1) Christen Anthonisen SvenshaugenGulbrandsdahlen Bror
(2) Erich Anthonisen Tjugum, Ytre Sogn Bror
(3) Kari Antonisdatter Søster
(4) Marithe Antonisdatter Død Søster
(5) Erich Rognaldsen 23 Aar Søstersøn
(6) Eli Antonisdatter Søster
(7) Jens Munthe Lyster Eli teneste hjå
(8) Boets gjeld Kreditor
(9) Lars Olssen Aarstue Gift med Christi
(10) Torchild Anthonisen Bachberg Gulbrandsdahlen Bror
(11) Paal Pedersen Holmestad Formynder for Erich
(12) Torchild bror Antonisen Bachberg Formynder for Ingeri
(13) Christi Antonisdatter Søster
(14) Ingeri Rognaldsdatter Søsterdatter
(15) Lars Olssen Gulbransdahlen Gift med Kari
(16) Peder Monssen Søhaugen Formynder for Eli
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

(10) Torchild Anthonisen Bachberg Gulbrandsdahlen Bror

 

 

Hedmark, Oppland fylke, Gudbrandsdal, Mellom-Gudbrandsdal, Nord-Gudbrandsdal, Skiftekort (1658-1900), Skifteprotokollside, Side 441
Permanent bilde-ID: sk11216091900441
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk11216091900441
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk11216091900441.jpg
 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg med diverse skifteopplysningar.

 

Dette er i røyndi to store huslydar med eit felles ledd gjennom Rognald Pederson (Bergheim) som var gift med Martha Antoniusdotter (Fortun).  For at ikkje lesarane skal mista overblikket her, trur eg me skal halda oss til fleire emne:

 

* Dette emnet som omhandlar Peder Nilsson og huslyden hans i Lom på Duvdal (Blakar?) i Lom, samt søsteri Martha Nilsdotter og brordotteri Ingrid Rognaldsdotter og huslyden hennar på Byre i Lom.

 

* Emnet som omhandlar Kari Antoniusdotter Fortun og huslyden hennar på Graffersmoen i Lom.

 

* Eit nytt emne som omhandlar brørne Torkild Antoniusson på Bakkeberg i Lom og Christen Anthoniusson på Sveinhaugen under Sveine i Lom.

 

* Eg vil ogso leggja ut eit emne som handlar om yngste broren Erik Antoniusson og ætti hans på Kyrkjebø i ytre Sogn!

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med desse huslydane og vonar på mange nye gode innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag finne ein del nye opplysningar om Ingrid Rognaldsdotter, som vel stadfester at jenta gift på Byre i Lom verkeleg er ho som kom frå Luster.  Eg har difor førebutt eit oppdatert manuskript som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Nilsson Duvdal, frå Stein under Skagen, var f. i Luster kring 1708 og gifte seg i Luster 27.4.1743 med Martha Pedersdotter frå Bergheim, f. i Luster kring 1709.  Peder og Martha er dei første som me sikkert veit budde i Hatleviki, og Peder var alt komen hit i 1742.  Parfolket vart buande her som plassfolk fram til 1747.

Peder Nilsson og kona Martha flytte i 1747 til Lom og budde nok fleire stadar der oppe, mellom anna i 1758 på Kjestad, men Martha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – barselseng 1758?)

 

og i 1762 budde Peder som enkjemann på plassen Duvdal i Lom.

 

##### (Duvdal plass under Blakar i Lom?? – seinare lagnad for Peder? – dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Peder og Martha fekk fire born i lag:

a. Nils Pederson, døypt i Luster 13.10.1742, flytte til Lom med foreldri i 1747 og

 

     ##### (n. 1762 – lagnaden hans?)

 

b. Peder Pederson, døypt i Luster 13.1.1745, flytte likeins til Lom i 1747, men vart gravlagd frå Duvdalen 6.8.1764, ugift.

c. Ingrid Pedersdotter, døypt i Lom 28.4.1748, vart gravlagd i Lom 17.3.1771, ugift.

d. Marit Pedersdotter, døypt i Lom 28.4.1758,

 

     ##### (n. 1762 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Nilsdotter (Skagen/Stein), søster av Peder, var f. i Luster kring 1712

 

     ##### (Martha levde i 1755, budde ikkje i Luster – kan henda var ho òg i Lom??)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Rognaldsdotter (Eide/Sjøen), brordotter av Martha Pedersdotter (Bergheim), vart døypt i Luster 6.5.1735,

Ingrid flytte i ung alder til Lom der ho 1.11.1778 gifte seg med enkjemannen Syver Christenson Byre, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

Syver var f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

og gifte seg første gongen i Lom 16.3.1747 med Marit Aamundsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1719?)

 

Syver slo seg ned som gardbrukar på Byre i Lom, og derifrå vart Marit gravlagd 17.5.1777.  Syver og Ingrid vart buande på Byre, og derifrå vart Ingrid gravlagd 8.3.1790.  Syver

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Me kjenner til fem døtrer etter Syver Christenson, men dei var alle frå første ekteskapet hans:

 

##### (fleire born? – oppl.!?)

 

a. Aaste Syversdotter, døypt i Lom 14.5.1747,

 

     ##### (gift i Lom 26.10.1775 med soldat Johannes Hansson – lagnaden deira?)

 

b. Cecilie Syversdotter, døypt i Lom 12.10.1749,

 

     ##### (gift i Lom 17.11.1776 med enkjemann og soldat Ole Syverson Nyrnæse – lagnaden deira?)

 

c. Marit Syversdotter, døypt i Lom 28.12.1755,

 

     ##### (gift i Lom 23.5.1784 med Nils Nilsson Garmo – lagnaden deira?)

 

d. Agatha Syversdotter, døypt i Lom 18.2.1759,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Anna Syversdotter, døypt i Lom 22.11.1761,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

##### (foreldri hennar: Rognald Pederson, f. i Luster kring 1707, gift i Luster 1.1.1734 med Martha Antoniusdotter, f. i Luster kring 1710, budde i Luster til kring 1750 og kan òg vera flytte til Lom? – oppl.?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar at nokon greier finna fleire detaljar om desse huslydane og takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

 Ei lita oppdatering, men diverre lite nytt her - eg har ikkje bygdabøkene her i Trondheim, utover den fyrste, som jo ligg på nb.no: 

 

Peder Nilsson Duvdalen, frå Stein under Skagen, var f. i Luster kring 1708 og gifte seg i Luster 27.4.1743 med Martha Pedersdotter frå Bergheim, f. i Luster kring 1709. Peder og Martha er dei første som me sikkert veit budde i Hatleviki, og Peder var alt komen hit i 1742.  Parfolket vart buande her som plassfolk fram til 1747.

Peder Nilsson og kona Martha flytte i 1747 til Lom og budde nok fleire stadar der oppe, mellom anna i 1758 på Kjæstad, men Martha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – barselseng 1758?) Det vart gravlagt ei Marit Persdotter (ikkje nemnt opphaldsstad) frå Lom 12.4.1758.

 

og i 1762 budde Peder som enkjemann på plassen Duvdalen under Blakar i Lom.

 

##### seinare lagnad for Peder? – dato og stad for dødsfallet hans?) Det vart gravl. ein Per Nilsson Skjæsarøyi 9.6.1776, nemnt 70 år gamal. Denne må i så fall sjekkast ut med evt. andre kandidatar før det kan slåast fast.  

 

Peder og Martha fekk fire born i lag:

a. Nils Pederson, døypt i Luster 13.10.1742, flytte til Lom med foreldri i 1747 og

 

     ##### (n. 1762 – lagnaden hans?) gifte seg i 4.12.1760 med Malene Tomasdotter, f. __ (i Luster utifrå farnamnet?) Kausjonistane deira var Lars Geisar og Lars Jonsson Helstad (grannar). Dei fekk sonen Tomas, dpt. 26.2.1764 i Lom, med fadrar frå same grenda (Helstad, Skjæsar). Har ikkje funne andre spor etter denne huslyden.

 

b. Peder Pederson, døypt i Luster 13.1.1745, flytte likeins til Lom i 1747, men vart gravlagd frå Duvdalen 6.8.1764, ugift.

c. Ingrid Pedersdotter, døypt i Lom 28.4.1748, vart gravlagd i Lom 17.3.1771, ugift.

d. Marit Pedersdotter, døypt i Lom 28.4.1758,

 

     ##### (n. 1762 – lagnaden hennar?) Ei Marit Persdotter vart gravlagt 22.5.1759 i Lom, f. 1758. Kan vera ein kandidat.  

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Nilsdotter (Skagen/Stein), søster av Peder, var f. i Luster kring 1712

 

     ##### (Martha levde i 1755, budde ikkje i Luster – kan henda var ho òg i Lom??) Finn diverre inga avliden Marta/Marte Nilsdotter i Lom.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Rognaldsdotter (Eide/Sjøen), brordotter av Martha Pedersdotter (Bergheim), vart døypt i Luster 6.5.1735, gravl. 8.3.1790 i Lom (truleg ved Garmo kyrkje).

Ingrid flytte i ung alder til Lom der ho 1.11.1778 gifte seg med enkjemannen Syver Kristensson Byre.

 

Han var son av Kristen Knutsson og Åste Syversdotter, med uviss opphaldsstad i Lom. Syver og fyrste kona fekk bygselssetel på Byrkvei under Byre i 1751, og brukte truleg plassen til dottera til Syver tok over i 1780-åra. Åste er nemnt Byre ved eit skifte på Øverlishaugen i 1783.

 

Elles om Syver, kan det vera leietrådar her: http://www.nb.no/nbsok/nb/0ab2f10f7319de73df0b9e38f4ebdb2e?index=1#115

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Det spørst om han døydde i lakuneåra 1783-86.

 

##### (foreldri hennar: Rognald Pederson, f. i Luster kring 1707, gift i Luster 1.1.1734 med Martha Antoniusdotter, f. i Luster kring 1710, budde i Luster til kring 1750 og kan òg vera flytte til Lom? – oppl.?) Eg finn ingen Rognald/Ragnvald, heller ikkje nokor Anton/Antoniusdotter i listene for avlidne i Lom. Derimot finn eg Torkjell Antonsson Bakkeberg f. kring 1722, gravl. 14.4.1790 i Lom, Kari Antonsdotter Graffershaugen f. kring 1714, gravl. 15.3.1790 i Lom. Anton var eit såpass uvanleg namn i Lom den tid, at det ikkje er urimeleg å tru at desse kunne vore sysken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Atle for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Først nokre kommentarar:

 

** Eg ser eg er komen i skade for å skriva feil dåpsdato på Marit Pedersdotter i 1758.  Ho vart døypt 9.4.1758.  Ho vert nemnd å vera i live då det i 1762 vart halde skiftet etter mosteri i Luster, men denne Marit Pedersdotter, som vart gravlagd i Lom 22.5.1759, er oppgjevi vera 1 år. 1 månad og 14 dagar gamal, noko som høver «på ein prikk» med «vår» Marit, og det finst ingen andre Marit Pedersdotter fødde på den tidi i Lom!  Kan henda er det slik at kontakten mellom slekti i Gudbrandsdalen og slekti i Luster ikkje var av «tettaste» slaget...?

 

** Når det gjeld kona til Peder Nilsson, som altso òg heitte Marit Pedersdotter, so ser eg at den Marit Pedersdotter, som vart gravlagd i Lom 12.4.1758, er oppgjevi vera 80 år gamal!  «Vår» Marit var den gongen «berre» snaut 50 år gamal (gamal nok til å vera mor i alle fall!), so kan henda er det ei feilskriving i kyrkjeboki??

 

** Når det so gjeld eldste sonen Nils Pederson, fødd i Luster i 1742, var han nok svært so ung om han gifte seg i Lom alt 4.12.1760, men det er sjølvsagt godt mogeleg!  I tillegg til sonen Thomas, døypt i Lom 26.2.1764, fekk dei òg ein son Ole, døypt i Lom, men kvar familien hamna, er eit mysterium ogso for meg!  Malena Thomasdotter hadde kan henda eit svært so «lustersk» namn, men eg kan ikkje sjå at ho kan vera herifrå!

 

Det vert spennande å sjå kva bygdeboki for Lom (som eg ikkje har tilgjenge til herifrå Tyskland) har å seia om denne huslyden!  Det same gjeld for Syver Christenson Byre og første kona hans samt dei for fem døtrene eg har finne etter dei.  Kvar foreldri til Syver hadde bustaden deira, høyrest ut til å vera vanskeleg å finna ut av...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #7, der eg har teke høgd for Marit Pedersdotter og hendingane i 1758 og 1759...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Med opplysnigane som Grethe er kommi med i innlegg #10, har eg kunna endra ein del av dette manuskriptet, og eit nytt utdrag kjem i innlegg #11 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med å kartleggja desse huslydane og vonar på at fleire detaljar kan dukka opp...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Bygdabok for Lom. 1 : Gards- og ættesoge for Vårdalen

 

Kristen Knutsson .jpg

Syver Kristensson .jpg

Marit Syversdotter .jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit kjempeartig og spennande innlegg!  Her kom det mellom anna fram at ingrid Rognaldsdotter hadde ei dotter oppkalla etter mor si i Luster før ho gifte seg med Syver Byre, og eg ser at Syver til og med er forlovar til dotteri då ho gifte seg i Vågå i 1784!

 

Soleis kan eg presentera eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #9 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Nilsson Duvdalen, frå Stein under Skagen, var f. i Luster kring 1708 og gifte seg i Luster 27.4.1743 med Martha Pedersdotter frå Bergheim, f. i Luster kring 1709.  Peder og Martha er dei første som me sikkert veit budde i Hatleviki, og Peder var alt komen hit i 1742.  Parfolket vart buande her som plassfolk fram til 1747.

Peder Nilsson og kona Martha flytte i 1747 til Lom og budde nok fleire stadar der oppe, mellom anna i 1758 på Kjestad, men Martha vart visstnok gravlagd etter barselseng i Lom 12.4.1758.  Peder budde sidan som husmann på plassen Duvdalen under Blakar i Lom, men

 

##### (seinare lagnad for Peder? – er det han som vart gravlagd frå Skjæsarøyi 9.6.1776, 70 år gamal?)

 

Peder og Martha fekk fire born i lag:

a. Nils Pederson, døypt i Luster 13.10.1742, flytte til Lom med foreldri i 1747 og

 

     ##### (n. 1762 – lagnaden hans? – kan henda gift i Lom 4.12.1760 med ei Malena Thomasdotter? – born inkl.:

            * Thomas, døypt i Lom 26.2.1764

            * Ole, døypt i Lom 15.4.1772)

 

b. Peder Pederson, døypt i Luster 13.1.1745, flytte likeins til Lom i 1747, men vart gravlagd frå Duvdalen 6.8.1764, ugift.

c. Ingrid Pedersdotter, døypt i Lom 28.4.1748, vart gravlagd i Lom 17.3.1771, ugift.

d. Marit Pedersdotter, døypt i Lom 9.4.1758, vart gravlagd i Lom 22.5.1759.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Nilsdotter (Skagen/Stein), søster av Peder, var f. i Luster kring 1712

 

     ##### (Martha levde i 1755, budde ikkje i Luster – kan henda var ho òg i Lom??)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Rognaldsdotter (Eide/Sjøen), brordotter av Martha Pedersdotter (Bergheim), vart døypt i Luster 6.5.1735,

Ingrid flytte i ung alder til Lom der ho 1.11.1778 gifte seg med enkjemannen Syver Christenson, kan henda frå Byre i Lom.  Han var son av Christen Knutson og Aaste Syvertsdotter, kan henda plassfolk på Byrkvei under Byre, og truleg f. i Lom kring 1720.  Han gifte seg første gongen i Lom 16.3.1747 med Marit Aamundsdotter frå Garmo i Lom.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? – Garmo Systugu – gnr. 4, bnr. 1)

 

og f. i Lom kring 1719.  Syver var husmann på Byrkvei under Byre i Lom, kan henda etter foreldri sine, og derifrå vart Marit gravlagd 17.5.1777.  Syver og Ingrid vart buande på same plassen, og Syver d. truleg der kring 1786, medan Ingrid vart gravlagd frå Byre 8.3.1790.  Syver hadde seks døtrer, som alle var frå første ekteskapet hans, medan Ingrid hadde denne dotteri frå før:

 

##### (borni hans frå første ekteskapet:

       * Aaste Syversdotter, døypt i Lom 14.5.1747 - gift i Lom 26.10.1775 med soldat Johannes Hansson

       * Cecilie Syversdotter, døypt i Lom 12.10.1749 - gift i Lom 17.11.1776 med enkjemann og soldat Ole Syverson Nyrnæse

       * Anna Syversdotter d.e., døypt i Lom 27.8.1753

       * Marit Syversdotter, døypt i Lom 28.12.1755 - gift i Lom 23.5.1784 med Nils Nilsson Garmo

       * Agatha Syversdotter, døypt i Lom 18.2.1759

       * Anna Syversdotter d.y., døypt i Lom 22.11.1761)

 

a. Marit Baltzersdotter, dotter av Ingrid og

 

     ##### (Baltzer Ingebrigtson frå Lyngvedsøygarden søndre (ved dåpen står Lyngved nordre!) (døypt Lom 11.9.1735-    )

 

     vart døypt i Lom 10.6.1759 og

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Marit gifte seg i Vågå 29.4.1784 med Ole Gunderson frå Vangen i Vågå, døypt i Vågå 26.12.1757.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1801 husmannsfolk under Ulsanden i Vågå)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Ingebret, døypt Vågå 14.1.1787 – n. 1801

            * Knud, f. 1789 – n. 1801

            * Ingrid, døypt Vågå 20.2.1785 – n. 1801

            * Gunnhild, døypt Vågå 5.8.1792 – n. 1801

            * Imbjør, f. 1796 – n. 1801

            * Kari, f. 1799 – n. 1801)

 

##### (foreldri hennar: Rognald Pederson, f. i Luster kring 1707, gift i Luster 1.1.1734 med Martha Antoniusdotter, f. i Luster kring 1710, budde i Luster til kring 1750 og kan òg vera flytte til Lom? – oppl.?)

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Endå ein gong lyt eg få takka for framifrå hjelp med å kartleggja denne huslyden!  Det børjar å minka på «hòli» i denne huslyden no!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×