Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Erik Antoniusson (1728-1782) - frå Fortun i Luster til Lernes i Kyrkjebø - kvar vart det av borni hans, Britha (1755) og Johannes (1764)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Den yngste sonen av gardbrukar Antonus Pederson på Fortun i Luster, Erik Antoniusson, har stått i manuskriptet mitt med ufullstendig biografi sidan 1980-talet, men kanskje er det no mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til denne huslyden?  Erik var gift og hadde tre born, men eine dotteri døydde ung og ugift, medan dei to andre berre forsvinn.  Kvar vart det av dei??

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Antoniusson, f. i Luster kring 1728,

Erik flytte i ung alder til Kyrkjebø der han 16.4.1754 gifte seg med Kari Ellingsdotter frå Søreide i Kyrkjebø.  Ho var dotter av gardbrukar Elling Rognaldson på Søreide og kona Martha Johannesdotter frå Torvund og f. i Kyrkjebø kring 1721.  Erik og Kari busette seg som husmannsfolk på ein plass under Lernes i Kyrkjebø, og derifra vart Erik gravlagd 3.12.1782.  Kari kom sidan på legd på Osland i Kyrkjebø, og derifra vart ho gravlagd 26.2.1814.  Dei fekk tre born i lag:

a. Britha Eriksdotter, døypt i Kyrkjebø 5.9.1755,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Martha Eriksdotter, døypt i Kyrkjebø 11.4.1758, ho d. ugift på Lernes i Kyrkjebø ?.12.1780.

c. Johannes Erikson, døypt i Kyrkjebø 12.2.1764,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege nesten ei veke utan synberr merksemd.  Kan henda er det ei vonlaus oppgåve å finna svar på kvar det vart av Britha Eriksdotter og/eller Johannes Erikson frå Lernes i Kyrkjebø, men det er lov å vona, og ein veit jo aldri...  Kanskje einkvan sit med lykkjelen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.