Gå til innhold
Arkivverket

Bertha Henriksdotter «Adams» (1859-1943) - frå Vrådal via Luster til Amerika og gift to gongar - men elles heilt anonym i Amerika - ei kjempeutfordring!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande sidan tidleg på 1980-talet, men som eg aldri greidde å løysa, og som ogso i dag er eit kjempemysterium.  Kanskje nye auge kan sjå på denne saki?

 

Bertha Henriksdotter Bjerk, fødd i Vrådal i Telemark 6.11.1859, flytte med foreldri sine til Luster i ung alder og utvandra herifrå i 1883 til Norman Co., MN.  Der gifte ho seg første gongen 2.12.1887 med

 

Peder J. Pederson, som skal vera fødd i Selbu våren 1861.

 

Dette er det siste me ser til Bertha før ho i FT1910 dukkar opp som enkje:

 

Bertha ADAMS i Seattle, King Co., WA.  Der budde ho ganske åleine levetidi ut og døydde 19.1.1943.

 

Ho hadde truleg ingen born etter seg.

 

Den einaste kjeldereferansen eg kan finna som ligg so nokolunde nær, er denne vigsli:

 

Alfred Adams of King Co., WA and Bertha Hendrickson of King Co., WA married in Tacoma, WA July 21, 1900

 

Men er det dei??

 

På ønskjelista mi i kveld står:

 

** Avsløring av identiteten til Peder J. Pederson frå Selbu?

 

** Og kvar Bertha er å finna mellom 1887 og 1910!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om nokon har tilgjenge til ancestry.com, her er vigsli til Peder J. Pedersen og Bertha Henrikson i St. Pauli Lutheran church i Hendrum, MN 2.12.1887:

 

http://interactive.ancestry.com/60722/41742_314431-00588?pid=4094587&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY5415%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DPeder%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DPedersen%26gsln_x%3DNP_NN%26msgdy%3D1887%26msgdy_x%3D1%26msgdp%3D1%26msgpn__ftp%3DMinnesota,%20USA%26msgpn%3D26%26msgpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msgpn_x%3D1%26msgpn__ftp_x%3D1%26cp%3D0%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26h%3D4094587%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY5415&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eg meiner det står «Selbo» prestegjeld og 26 1/2 år på brudgomen, medan bruri er fødd i «Hvedeseid» prestegjeld, 27 år.  Ho var på det tidspunktet 28 år!  Kanskje han òg var eitt år eldre enn kva kyrkjeboki syner?

 

Eg ser det er ein Peder fødd i Selbu 13.11.1860 av foreldri innerst John Pederson og Guri Renaldsdotter på Uglum: https://media.digitalarkivet.no/view/6542/14

1865 busette på Enene under Uglum i Selbu: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038330001973

 

Det er ogso ein Peder fødd i Selbu 28.4.1760 av foreldri husmann Jens Pederson og Guri Olsdotter på Krogstad: https://media.digitalarkivet.no/view/6542/7

1865 busette som plassfolk på Moen under Krogstad i Selbu: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1664&kenr=009&bnr=0027&lnr=000

 

Kan det vera ein av desse to??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg ser det er ein Peder fødd i Selbu 13.11.1860 av foreldri innerst John Pederson og Guri Renaldsdotter på Uglum: https://media.digitalarkivet.no/view/6542/14

1865 busette på Enene under Uglum i Selbu: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038330001973

 

Det er ogso ein Peder fødd i Selbu 28.4.1760 av foreldri husmann Jens Pederson og Guri Olsdotter på Krogstad: https://media.digitalarkivet.no/view/6542/7

1865 busette som plassfolk på Moen under Krogstad i Selbu: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1664&kenr=009&bnr=0027&lnr=000

Hei!

 

Ang sistnevnte Peder fra Moen under Krogstad sier bygdeboka at han ble gift i 1890 og tok over plassen, så da er det nok ikke han.

 

Ang førstnevnte Peder fra Uglem, sier bygdeboka også der at han ble gift i 1895 og tok over plassen, så da er det nok ikke han, heller.

 

Mvh Bente 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bente for avklarande melding om dei to «kandidatane» som eg hadde for Peder J. Pederson frå Selbu.  Då er det «back to square #1»...

 

Merkeleg kor godt denne jenta «gøymer seg» i amerikanske kjelder...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Adams-paret i 1904, Bertha er enke

Name: Alfred Adams
Gender: Male
Residence Year: 1904
Street address: 1208 1st
Residence Place: Seattle, Washington, USA
Spouse: Bertha Adams
Publication Title: Seattle, Washington, City Directory, 1904
Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og i 1913, Bertha C. er enke

Name: Alfred E Adams
Gender: Male
Residence Year: 1913
Street address: 2020 Western AR
Residence Place: Seattle, Washington, USA
Spouse: Bertha C Adams
Publication Title: Seattle, Washington, City Directory, 1913
Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bertha er enke også i 1903

Name: Alfred Adams
Gender: Male
Residence Year: 1903
Street address: 203 Connecticut
Residence Place: Seattle, Washington, USA
Spouse: Bertha Adams
Publication Title: Seattle, Washington, City Directory, 1903
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Bertha er nevnt som Bertha C. så det er muligens ikke din Bertha. Her tror jeg vi har Alfreds død

Name: Alfred Adam
Gender: Male
Race: White
Birth Date: abt 1865
Birth Place: Missouri
Death Date: 24 Dec 1901
Age at Death: 36
Death Location: Seattle, Washington
Residence: Seattle, Washington

Alfred Adams death 1901.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for mange spennande og imponerande innlegg!

 

Det er vel ikkje mykje tvil om at me har finne den «rette» «Mr.» Adams i Alfred E. Adams, fødd i Missouri kring 1865!  Men det var då eit tragisk dødsfall på sjølvaste julafta 1901 - «fracture of the skull»!

 

Då har me altso oversyn over Bertha's liv frå 1900 og levetidi ut.  Og det faktum at ho hadde teke att jentenamnet Hendrickson kan tyda på at ho vart skild frå Peder J. Pederson!?  Men del delen av soga kan vel verta ganske so vanskeleg å finna ut av....(?)

 

Eg ser du har spørsmål om foreldri til Bertha, men ser òg at du fann svaret i FT1865.  Her følgjer likevel det som eg har skrive om foreldri i manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Christopherson Bjerk, opphavleg frå Naustvolden under Bolstad, vart døypt i Luster 8.9.1816. Han gifte seg i Kviteseid i Telemark 29.5.1855 med Kari Tarjeisdotter frå Løvodden i Kviteseid. Ho var dotter av Tarjei Tarjeison og Anna Olsdotter på Sundet i Vrådal og f. på plassen Porsvikji i Vrådal 14.2.1828.

Alt i 1850 fekk Henrik utflyttingsattest for å reisa til Kinsarvik i Hardanger, men han fór nok snart vidare til Telemark. Det ser ut til at han helst dreiv som gardsarbeidar, og dei budde ymse stader i Telemark, helst i Kviteseid og i Vradal.

Men kring 1869 flytte Henrik med huslyden sin attende til Luster, og etter eit par år i Stein under Skagen fekk dei plassen her i Krekleteigen kring 1875, og dei budde her til 1882. Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.

I 1882 utvandra Henrik og Kari Bjerk til Amerika. Dei fleste borni var reiste før, og hadde slege seg ned i distriktet omkring Hendrum, Norman Co., Minn., og dit reiste og Henrik og kona. Han dreiv vel i Amerika og med ymse arbeid («laborer«) til han d. i Norman Co., Minn. 7.3.1900. Kari d. i Norman Co., Minn. 25.7.1919. Henrik og Kari fekk åtte born, men me tek og med ein son ho hadde før ho vart gift med Henrik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja biografien til Bertha Adams og lever vidare i voni om at meir kan dukka opp...  Kanskje er det mogeleg å finna fleire detaljar ogso om Alfred Adams?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke frå Amerika eit «summary» av dødsattesten til Alfred Adams frå 24.12.1901, og det lyder slik:

 

«Alfred Adams' death record states he died at Providence Hospital three hours after the incident. chief cause of death: fractured bones of face and skull; contributing cause of death: lifelong history of epilepsy.  It looks more likely it was a medical issue rather than a criminal event since the contributing cause would have listed an assault or accident etc. It also states Alfred had lived in Seattle for 25 years and was 36 years of age.»

 

Etter dette har eg nok ein gong freista finna fleire spor etter Alfred i amerikanske kjelder, men utan hell.  Han skal ha butt i Seattle, WA sidan midt på 1870-talet, men i staten Washington finst det ingen gode alternativ!  Det næraste eg kjem er:

 

Alfred Adams, 15, MO  MO  MO  servant with farmer E. D. Jones, 55, OH  NY  NY  in Eagle Creek precinct, Clackamas Co., OR - like ved Portland, OR

 

Eg har grunn til å tru at den same Alfred Adams er å finna i FT1870, 5 år gamal, fødd i Missouri, busett (som fosterson?) hjå ein sveitsisk farmar Jacob Ochsenbein og kona Anna Elizabeth i Bogle township, Gentry Co., MO.  Denne huslyden flytte i 1870-åri til Milwaukie, Clackamas Co., OR der Jacob døydde 16.5.1884.  Kona var avlidi før.

 

Det vert nok ikkje lett å finna ut noko meir om Alfred Adams, men kva med livet hennar Bertha mellom 1887 og 1900?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En kandidat for Bertha her i census for 1900, tatt opp i juni måned, men fødselsdatoen stemmer ikke. Det er også en Hendrickson-familie i Ward 6 i Seattle så kandidaten er usikker.  I tilfelle, bruker hun altså sitt pikenavn, som ved giftermålet med Alfred Adams en måned senere.

 

Name:Bertha Hendrickson [Berth Hendrickson]  Age:36

Birth Date:Oct 1863

Birthplace:Norway

Home in 1900:Seattle Ward 6, King, Washington

Race:White

Gender:Female

Immigration Year:Unkn

Relation to Head of House:Head

Marital Status:Single

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

Occupation:Launderess

Household Members: Name Age

Bertha Hendrickson 36

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På en familieside på Ancestry finner vi dette:

Peder J Pederson was born in 1861. He married Bertha Henriksdotter Bjerk on December 2, 1887, in Minnesota. He died in 1893 at the age of 32.  They had been married 6 years.

When Bertha Henriksdotter Bjerk was born on November 6, 1859, in Telemark, Norway, her father, Henrik, was 43, and her mother, Kari, was 31. She died on January 19, 1943, in Minnesota at the age of 83. (Datoen er korrekt, men hun døde i Seattle). Henrik Christopherson Bjerk died in Norman, Minnesota, on March 7, 1900, when he was 83 years old. He lived in Hendrum, Minnesota in 1885  and in 1895.

 

 

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nye interessante innlegg!

 

Eg trur det er «vår» Bertha Hendrickson du har oppdaga i Seattle, WA!  Som du kanskje har sett, tenderte Bertha til å «ljuga» seg litt ned på alderen, og det kan ho godt ha gjort ogso i 1900-teljingi...  Me skal ikkje gløyma at Alfred Adams var heile 6 år yngre enn ho!!

 

Elles har eg leita fram det familietreet på ancestry.com der Peder J. Pederson er omskriven som avliden i 1893, og eg har nettopp sendt eigaren ei melding med spørsmål om kva kjelder han har og om han eventuelt har fleire detaljar...  Me får sjå kva svar eg får...
 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke ei melding frå Amerika med ein ny «teori» om opphavet til Alfred Adams, men er det same mann...?

 

~~~~~~~~~~

 

Good possibility this is Alfred Adams. There is a Clackamas County, Oregon connection with a first wife from there.  There are also Adams and Dawson families in Bogle Township, Gentry County, Missouri. Witness at marriage matches his business partner. The 25 years could be in the Pacific Northwest rather than just Seattle (ca. 1875 to 1901)

 

December 30, 1891
Alfred Adams, age 28, first marriage, white, residence, Seattle, laborer
Born Ellenville, Iowa; parents John Adams and Polly Ann Dawson?
Bride's Name:     Ellen Arnold, age 17, first marriage, white, residence, Seattle
Born Clackamas County, Oregon; parents Charles Arnold and M. Jane Richards
Marriage Date:     December 30, 1891, Seattle, King County, Washington
Witnesses – Clinton B. and Mary Little

 

1890 Seattle, Washington
Alfred D. Adams, Rooms 421 Main  --  Patterson and Adams  Second hand goods – Alfred Adams and  John Patterson

 

1892 Seattle, Washington
Alfred D. Adams, 421 -1/2 Main Adams & Little (Alfred D Adams and Clinton Little)  – hardware

 

1892 Washington Territorial Census – Seattle, King, Washington
A. Adams, 27, male, confectioner, born Missouri
N. Adams, 15, female, clerk, born Oregon

 

1893 Seattle, Washington
Alfred D. Adams, 421 Main, resides same – cigars and tobacco

 

1894 Seattle, Washington
Alfred D. Adams,  421 Main, resides same  -- cigars and tobacco

 

January 19, 1896
Nellie L. Adams, age 19, consumption, married, 1626 7th, Mount Pleasant Cemetery (same as Alfred in 1901) died Seattle on January 19, 1896

 

1901 Seattle, Washington
Alfred Adams,  2516 Western Ave., teamster

 

~~~~~~~~~~

 

Eg har vanskar med å identifisera både brudgom og brur frå vigsli i 1891, men FT1892 (A. Adams, 27, born Missouri) høver jo «perfekt»!  Og Nellie er gravlagd på same kyrkjegarden som «vår» Alfred.  Høyrest svært so bra ut...

 

Men ein nøyaktig fødestad og fødselsdato for Alfred Adams er det neppe so lett å finna...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege i «dvale» sidan våren 2017.

 

Særleg kjem eg attende til spørsmålet om å identifisera første ektemannen til Bertha i Minnesota, Peder J. Pederson.  Eg meiner det er Selbu som er oppgjeve som fødestad i kyrkjeboki i Minnesota (jmf. innlegg #2), men sidan me ikkje finn nokon «høvande» Peder i Selbu, har eg kanskje tolka namnet feil?

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Bertha Henriksdotter {Bjerk}, f. i Vrådal, Telemark 6.11.1859,

Bertha Hendrickson utvandra frå Luster til Amerika i 1883 og gifte seg første gongen i Norman Co., Minn. 2.12.1887 med Peder

 

##### (original Norwegian name?)

 

##### (opphavet hans? – frå Selbu?)

 

i Amerika kjend som Peder J. Pederson.  Peder var son av

 

##### (foreldri hans? – yrke, bustad og opphav?)

 

og f. i Selbu

 

##### (fødselsdatoen hans? – våren 1861?)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (year of emigration?)

 

##### (occupation and place(s) of residence?)

 

##### (date and place of Peder’s death? – 1893!?)

 

##### (divorced??)

 

Bertha gifte seg att i Tacoma, Wash. 21.7.1900 med Alfred E.

 

##### (middle name?)

 

Adams, f.

 

##### (exact date and place of his birth? – MO 1865?)

 

Alfred var spannkøyrar («teamster»), og han og Bertha budde i Seattle, Wash. der Alfred d. 24.12.1901.  Ho d. i Seattle, Wash. 19.1.1943.  Ingen born.

 

##### (to be verified!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips som kan komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er meir og meir overtydd om at fødestaden til Peder J. Pederson (eller kanskje det kan vera Peder I. Pederson?) må vera Sælbu (sjå innlegg #2).  For ser ein nærare på dei andre vigslene på same kyrkjeboksida, finn ein mellom anna tre søsken Grøtte, fødde i Sælbu, Karen, Albert og Kristen, og dei høyrer tydeleg til denne huslyden busett på Grøtte i 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1664&kenr=002&bnr=0034&lnr=000

 

Og her utvandra denne Grøtte-huslyden til Amerika i 1867: https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000043559

 

Dei einaste emigrantane eg finn frå Sælbu som kan høva so nokolunde med «vår» Peder, er:

 

* Peder Johnson, 18 år, som i 1880 utvandra til Minneapolis, MN: https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000062038

 

* Peder Ingebrigtson, 21 år, som i 1882 utvandra til Atwater, MN: https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000073114

 

At faren heitte Ingebrigt Pederson, går fram av FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1664&kenr=006&bnr=0072&lnr=000

 

Denne Peder Ingebrigtson er fødd i Selbu 30.12.1860: https://media.digitalarkivet.no/view/6542/16

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om opphavet til Peder Pederson frå Sælbu!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.