Gå til innhold
Arkivverket

Christen Sørenson - fødd i Luster 1759 - konfirmert i Luster 1775 - forsvinn sidan sporlaust! - kvar vart det av han? - Lom, Bergen eller Buksnes?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Søren Christenson (1720-1787) og kona Ragnhild Nilsdotter (1721-1799) var husmannsfolk i Bjørkehaugen under garden Bjørk i Luster og fekk i alt seks born.  Fem av dei budde i Luster, men ein son forsvinn «sporlaust»:

 

Christen Sørenson, fødd i Luster kring 1759, vart konfirmert i Luster i 1775.

 

Det var ein del «trafikk» mellom Fortunsdalen og Lom på 1700-talet, so kan henda fór han dit?

 

Det var òg ei stor flytting til Bergen på den tidi; kan han vera faren dit?

 

Men eg finn hjå FamilySearch ein annan «kandidat» som ser spennande ut:

 

Christen Sørenson og Elisabeth Johnsdotter gifte seg i BUKSNES 19.7.1783.  Eg ser dei får

* Sara Johanne, fødd i Buksnes 27.8.1783

* Søren, fødd i Buksnes 24.2.1785

* Jens Brahe, fødd i Buksnes 21.3.1787 - då heiter mori Elisabeth Margrethe

* Søren, fødd i Buksnes 18.1.1789

* Michael, fødd i Buksnes 7.5.1791

* John, fødd i Buksnes 25.7.1793

 

Men kanskje er denne Christen litt i eldste laget?  Her i 1801 i Buksnes: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058483000788

 

Det hadde vore kjempeflott å finna att Christen Sørenson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for interessante - og dels avklarande - meldingar!

 

Alderen til Christen Sørenson i Buksnes høver jo bra tross alt, men «vår»Christen kan jo ikkje vera konfirmert to gongar, so då er det IKKJE Christen Sørenson frå Luster som hamna i Buksnes!

 

«Vår» Christen var forresten konfirmert i 1775 og ikkje i 1776: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/222

 

Back to square #1...  Kvar kan då Christen frå Luster ha teke vegen??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Christen Sørenson frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har hørt om personer som ikke besto prestens overhøring på kirkegulvet hvor konfirmantene sto oppstilt. Presten stilte sine spørsmål og mange ble målløse, stive av skrekk. Det hendte derfor at man måtte 'gå for presten' på nytt. Normalt ble disse personene dog bare ført i kirkeboka en gang. Jeg kjenner også tilfeller hvor konfirmanten stakk til sjøs og ble konfirmert flere år forsent. Kan det være snakk om en dobbelt-føring her ?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg ser sjølvsagt ikkje bort ifrå at du kan ha rett!  Kanskje «vår» Christen var av det slaget som laut gå for presten to gonger?  Men no ser eg òg at ei Mille Maria Sørensdotter på Sund i Buksnes vart konfirmert året etter, og det ser vel ut til at ho og Christen kan ha vore søsken?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000198862

 

Eg takkar på ny for hjelpi med Christen Sørenson frå Luster og lever vidare i voni....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.