Gå til innhold
Arkivverket

slette - sletti


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Ein eldre mann i bygda sa at eit område i utmarka vart kalla Jarvasletti. Sletti tydde slette eller engstykke. Nokon som kan forklare denne endringa av siste vokal frå e til i? 

 

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er Fresvik i midtre-indre Sogn. 

Eg siterer frå teksten eg har etter bygdebokskrivaren Per H. Bøthun: 

"Jarvao, Jarvastrondi, Jarvaslætti.

Når eg har spurt folk kva dei meiner desse namni tyder, so svarer dei som oftast at det må vel komma av dyrenamnet jarv, men det er nok ikkje tilfelle. Folk her har aldri sagt jarv om dyret som heiter so. Dei har sagt og seier jerv eller helst erv, bjønnserv, og på gamalnorsk heitte det ogso jerfr eller erf. Nokon samanheng med dyrenamnet jarv er det soleis ikkje. Jarv i desse namni må koma av ordet jarve, som Ross fann att i folkemålet her i Sogn, og som tyder hop av snø, grus og stein. Han fann ordet i tre former her i Sogn, nemleg jarve, jerva og jòrva. Her i Leikanger var formi jarva bruka, og enno kan ein stundom høyra gamle folk bruka ordet. Ordet må koma av det gamalnorske jòrfi, som tyder aur, sand, sandbakke. Siste luten av ordet Jarvao er sjølvsagt å, dvs. elv. Det gamalnorske ordet à tydde elv, og var brukt særleg om mindre elvar. Større elvar vart i det gamle målet ikkje kalla à men elfr, i alle fall i den eldste tidi. Seinare tok  dei til å bruka elfr ogso om mindre elvar.

I det 13. hundraåret skifte den lange à-lyden i gamalnorsk uttale og gjekk over til å. Her i Sogn og fleire andre stader vart dette ao. Ao i dette namnet er altso det gamalnorske à som tyder elv. Jarvao er eit skredefar der det ofte renn mykje vatn, og om vinteren dundrar snøskredene nedetter gjeli, og namnet tyder som me no har sett, elvi der det er snø, stein eller grushopar. Jarvasletti  tyder slætti der det er stein, grus eller snøhaugar. Slætti peikar nok sikkert her på at dei i eldre tider har hatt slætte der, slege gras der."

Han gir ikkje noka forklaring på kvifor han skriv sletti og ikkje sletta. Kva er grunnen til denne i-forma?

 

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er ikkje dette ei vanleg -i ending for hokjønnsord då? (jf. etternamnet ditt).  Eller har du utelukka dette alternativet? (kvifor?)

 

Elles: Ordet/namnet her er vel ikkje slette = flat mark  (av slett: jamn, flat); men slætte eller slått = mark der ein slår gras (av å slå).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har rett at det skal vere slætte = slått. Men ikkje alle hokjønnsord endar på i: ei bygd-bygdi. Men ei jente-jenta. Eg kan ikkje så mykje om norskreglar at eg kan forklare dette, men kanskje nokon anna kan?  Ser ut som at slætte-slætti kan samanliknast med bygd-bygdi?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hokjønsord som sluttar på e i eintal ubestemt form kan ikkje ha i-ending i bestemt form, men -a er min barnelærdom. Det stemmer også med målføra som eg kjenner best, dei i øvre og vestre Telemark.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då skulle slætte bli slætta eller på dialekt slættao som også er det me seier i dag.

Det som fortsatt undrar meg er at dei gamle då sa slætti i staden for slættao?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje ubestemt form eintal er ei slætt, sjølv om denne forma er gått ut av bruk no?

 

Eg minnest ein liknande diskusjon om eit -slætt-namn for nokre år sidan. Trur det var i Romsdal, men kan mykje vel hugse feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Romsdal vert nokre dialektområde unna....  (og der heiter det vel eit slætt også).

 

Eg er klar over at hokjønnsord på -e (som ei slette) gjerne er svake (og får -a); men ei slett (eller ei slætt) kan vel vere sterkt (og såleis få -i)?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Viss det då er to jamstilte former: ei slætt og ei slætte, så vil den første på vår dialekt heite slætti i bestemt form eintal medan ei slætte vil bli slættao (sletta) i bunden form eintal. I siste linja av det eg har sitert frå Per H. Bøthun står det:  Slætti peikar nok sikkert her på at dei i eldre tider har hatt slætte der, slege gras der.

Korrekt burde då bli at han skreiv: .......har hatt slætt der,.....

Elles vil den bestemte forma slætti bli feil.

Er dette rett forstått?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan vere fleire forklaringar her.

- språklege grunnar vi ikkje ser

- forfattaren vaklar i formene

- Stadnamn kan vere stivna. Namnet "Slætti" (eller  "-slætti") kan kome av "ei slætt", sjølv om forfattaren kanskje ville sagt "ei slætte".

- "Slætti" er slåtteteigen, medan  "slætte" (i "har hatt slætte") er  slåtten, altså arbeidet/økta/handlinga.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.