Gå til innhold
Arkivverket

Sorenskrivar Jens Madsen


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Jens Madsen var sorenskrivar for Ytre Sogn og budde i i Fresvik i Sogn truleg frå ca 1640. Han var skrivar på Voss frå 1654 og til etter 1660. Om han fortsatt budde i Fresvik eller var flytt til Voss veit me ikkje. Kanskje var Voss saman med Sogn på den tida?   Når var han fødd og kvar? Dødsår og kvar? Andre opphaldsstader?

 

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1636 var Hans Pedersen sorenskrivar i Ytre Sogn. Jens Madsen må ha fått løyve etter han.  På denne tida ser det ut til at sorenskrivarane vart plasserte på bruk eigd av kruna. Ein grunn til at Bøtun var vald, kan vere at dette var eit stort bruk og at det då ikkje var leiglending på bruket. 

I lensreknskap 1649–1650 bli Jens Madsen omtalt som «forrige Sorrenschriffuer her i Sogn». Han må ha blitt fråteken stillinga alt i 1645, for i lister over koppskatten i 1645 er han kalla «gårdmand» på Bøtun. Då var den nye sorenskrivaren på plass i Balestrand, og det ser ut til å vere han som skreiv listene. Men i matrikkelen i 1647 blir bruket framleise oppført som skattefri skrivargard. Det ser ut til at Jens Madsen ønskte å halde fram som ein slags leiglending på Bøtun etter han vart avsett som sorenskrivar. Det fekk han til i 4–5 år. Etter den tid har han truleg flytt til Voss.

Artikkelen i Sunnmørsposten gjeld nok "min" Jens Madsen. I Fresvik var det på den tida tre andre som heitte Madsen til etternamn.

I 1636 betalte Peder Madsen, Nils Madsen og Ola Madsen skatt for sag (eller sager) i Fresvik. Det er freistande å tru at dei var brør. Ola Madsen Bøtun betalte sagskatt i Fresvik i 1624, 1629, 1632, 1636 og 1639 . I 1641 betalte både Ola Madsen og sorenskrivar Jens Madsen sagskatt av flaumsag i Fresvik.

 Men me veit ikkje verken fødselsår eller dødsår på desse fire Madsen-karane. Heller ikkje kvar dei kom ifrå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.