Gå til innhold
Arkivverket

Ole Pederson Dahle - fødd i Luster 1825 - gift i Bergen 1854, men avliden før 1865 - kvar gjorde denne karen av seg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eitt søskenbarn av min eigen oldefar var:

 

Ole Pederson Dahle, fødd i Luster 14.11.1825.  Han flytte i ung alder til Bergen der han 2.7.1854 gifte seg med:

 

Johanna Gjertsdotter frå husmannsplassen Haugen under Flahammar, fødd i Luster kring 1822, men flytt til Bergen i 1848.

 

Ole og Johanna fekk ein son i lag:

 

** Ole Christian Olsen, fødd i Bergen 2.9.1849, var stuert og døydde i Bergen 2.9.1916.  Han let etter seg to søner.

 

Ved dette høvet er faren kalla Ole Pederson DAHLE: https://media.digitalarkivet.no/view/1960/147?indexing=

 

Ogso ved vigsli i 1854 er mannen kalla Ole Pederson DAHLE: https://media.digitalarkivet.no/view/8345/25?indexing=

 

Ole er nemnd dagarbeidar, men han forsvinn mellom 1854 og 1865, for det må jo vera kona hans den Johanne Olsen som i 1865 er enkje og bur i 10. rode nr. 63a i Bergen i lag med sonen (sjølv om både alder og fødestad er «off»):

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249009824

 

Ho døydde på fattigavdelingi på arbeidsanstalten i Bergen 5.10,1898.

 

Men kvar vart det av Ole Pedersen Dahle??

 

Eg fann ein sjømann og gift mann Ole Pedersen som døydde på sjukehuset i Bergen 18.7.1862, 32 år gamal, men ved nærare ettersyn ser eg han er fødd og konfirmert i Vikør, so han kan det ikkje vera...: https://media.digitalarkivet.no/view/8335/87?indexing=

 

Andre alternativ kan eg i farten ikkje sjå...

 

Eg har vore på leiting etter denne Ole i over 40 år, og det hadde vore kjempe om lagnaden hans endeleg kunne kartleggjast!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har du vel fra før, men finner enke Johanne Gjertsdatter Fladhammer i fattigmanntallet for Bergen:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000037664

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt272&sideid=424&innhaldid=1&storleik=

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt272&sideid=425&storleik=

 

Finner hennes også i registeret til hjemstavnsprotokollene for Bergen:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000028638

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000030721

 

Her er selve hjemstavnsprotokollene:

1857: http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst2&sideid=36&innhaldid=1&storleik=

1872: http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst5&sideid=437&storleik=

 

I 1872 står det vel at at hun ble gift med arbeidsmann Ole Pedersen Dale, som døde for omtrent 14 år siden. Det står vel videre at da hennes mann døde, bodde familien i Arnebergs hus - ???

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/84/pc00000000373134

 

Ole Pedersen Dale, 29 år fra Luster, innsatt 1853-1854 på Slaveriet (Tukthuset) i Bergen. Senest vært gevorben soldat. 

 

Fødested: Lysters p men senest været grvb Soldat

demitteret den 25de Januar 1854 om Formiddagen

29 Aar, efter combineret Kommissionsdom af 14de Juli 1853, for 1ste Gang begaaet Tyveri

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En Fredrik Wilhelm Benedikt Arneberg har to barn til dåpen i Nykirken på 1850-tallet:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=25165&personpostnr=75473&merk=75473#ovre

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=26944&personpostnr=80810&merk=80810#ovre

 

I 1875 bodde undertollbetjent Arneberg i Kristiania: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053257012393

 

http://genealogi.no/kilder/Tollere/a-b.htm

Arneberg, Kristian Frederik Wilhelm Benedict, født 29. april 1823 i Aas. Handelsmann, ekstraskriver i Revisjonsdepartementet. Undertollbetjent i Moss 16. april 1870, Christiania 28. juni (1. juli) 1878. Avskjed 1. jan. 1892

 

Kan dette være den Arneberg som Ole og Johanna bodde hos...??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire skikkeleg spennande og utfordrande innlegg!  Eg er imponert!

 

Det var tydeleg ikkje so enkelt å greia seg for Johanna Gjertsdotter i Bergen, men om det var noko betre for mann hennar, Ole Pederson Dahle, veit eg ikkje.

 

Med heimstavnsforklaringi frå 1882 er me i alle høve komne eit steg nærare lagnaden til Ole.  Han skal vera avliden kring 1858; det er berre so synd me ikkje får veta under kva omstende og kvar han døydde!?  Kanskje ligg han gravlagd ein eller annan stad på strilalandet utanfor Bergen?

 

Eg gler meg til den dagen me kan søkja i ei landsomfattande database for dødsfall, om eg får oppleva det...

 

Eg takkar på ny for framifrå innsats med denne huslyden og kan berre leva vidare i voni om at fleire detaljar vil dukka opp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» sidan i fjor vår.

 

Det er ikkje so altfor mykje som manglar om denne huslyden, men den store utfordringi gjeld lagnaden (dødsfallet) til Ole Pedersen i Bergen, som ifølgje heimstavnsprotokollen frå 1872 refeŕert av Grethe i innlegg #2, skulle vera avliden «for 14 år sidan», d.v.s. kring 1858.: http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst5&sideid=437&storleik=

 

Sjølv fann eg ein gift sjømann Ole Pedersen i «høveleg» alder, men han døydde ikkje før i 1862, so han er det truleg ikkje...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Pederson {Dahle}, son av Christi og husmann Peder Torkildson i Langen under Talle (1803-1868), var f. {i Luster} 14.11.1825.

Ole Pedersen flytte i ung alder til Bergen der han 2.7.1854 gifte seg med Johanna Gjertsdotter frå Haugen under Flahammar.  Ho var f. i Luster kring 1822, men flytte til Bergen i 1848.  Ole Pedersen var dagarbeidar, og parfolket busette seg visstnok i Nøstesmuget i Bergen.  Men Ole d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1858!? – Johanna Olson, enkje i 1865 – 10-63a – 1891: Johanna Gjertsen i Strandgt. – ein Ole Pedersen, gift mann, sjømann, d. på sjukehuset DK, Bergen 18.7.1862 – 32 aar!)

 

og Johanna livnærte seg sidan som reingjeringsassistent.  Ho d. på fattigavdelingi på arbeidsanstalten i Bergen 5.10.1898.  Ole og Johanna fekk ein son i lag, og dessutan hadde Johanna ei dotter frå før:

a. Kari Andersdotter (1847‑1848), dotter av Johanna og husmann Anders Andersson i Øyane under Øvrebø (1820-1891), var f. og d. i Luster.

b. Ole Christian Olsen, f. i Bergen 2.9.1849, d. i Bergen 2.9.1916.  Han gifte seg i Bergen 11.3.1883 med Elen Susanne Hansen, f. i Bergen 16.3.1847.  Ho d. i Bergen 12.1.1928.  Ole Christian Olsen var stuert, og parfolket budde i Værftsgaten i Bergen,

 

     ##### (seinare lagnad? – budde 1887 og 1891 i 1-14 – 1910 & 1912: arbeidar i Strandgaten 164, 3. etasje)

 

     Dei fekk to søner i lag, men Elen hadde òg ei dotter frå før.

 

     ##### (borni:

            * Olaf Ananias Olsen, f. i Bergen 16.8.1887 – n. 1912 – d. ugift 8.7.1950

            * Karl Johan Olsen, f. i Bergen 9.12.1890 – n. 1912 – budde i 1950 i Tartargaten

            * Karoline Gotliebe, dotteri hennar, f. 1871 – d. før 1928 – let etter seg ei dotter og fire søner)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.