Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Christensen (Qvale) - fødd i Luster 1805 - huslyden hans i Bergen og andre stadar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram ein huslyd som har lege «urøyrd» sidan midt på 1980-talet.

 

Anders Christenson frå Kvale i Luster (f. 1805) flytte til Bergen og gifte seg der, men huslyden er svært so «anonym», med unntak av dotteri Jørgine Alette Sarenne, som gifte seg med eit skipsmeklarbod og vart buande i Bergen.  Kvar det vart av resten av foreldri og dei andre søskeni, er førebels ei gåte...

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande oppdagingar er eit oppdatert manuskript no teke inn i innlegg #5 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Ivar for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Etter kva du Carsten har finne, er både Andreas Martin og Johan Bertel vortne buande i Bergen, og eg har no studert kjeldene for Bergen noko nærare.  Eg fann ogso vigsli til Andreas Martin og Karen Johanne i Nykyrkja, MEN, eg ser ein merknad ved dødsfallet til Andreas at han var METODIST, og eg finn heller ikkje meir enn den eine dotteri til Johan Bertil og dei tre eldste borni til Andreas Martin døypte i Bergen, so kanskje dei «konverterte» alt på 1870/1880-talet?

 

Når det gjeld skomakarsveinen som du Ivar nemner, er han av ei anna ætt.  Her er dåpen hans frå 1830:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=9160&personpostnr=27467&merk=27467#ovre

 

Denne huslyden ser ikkje ut til å ha nytta Qvale-namnet i det heile...

 

Elles mistenker eg det for å ha vore fleire born i denne huslyden som me enno ikkje har finne, og kvar det vart av foreldri og eldste kjende sonen, er framleis ei «gåte»...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Christenson (Qvale), son av Siri og husmann Christen Olson i Berteigen under Flahammar (1774-1861), vart døypt i Luster 25.3.1805.

Anders Christensen flytte i 1826 til Bergen der han 24.6.1832 gifte seg med Bertha Pedersdotter Bøe frå Bergen.  Ho var dotter av snikkar Peder Willumson Bøe i Bergen, opphavleg frå Bø på Voss, og andre kona Anna Johanna Jørgensdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kalla Sandnæs ved vigsli 1811!?)

 

og f. i Bergen 12.7.1812. Anders var tømmermann, og han og Bertha budde fleire stader i Bergen, mellom anna på Vestre Muralmenning og i Tyskesmuget, men

 

##### (lagnaden deira etter 1846!?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kan henda d. som almisselem i Bergen 17.5.1869 – 67 år!?)

 

Dei fekk fire born i lag:

a. Christian Andreas Andersen, f. i Bergen 2.7.1834,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Jørgine Alette Sarenne Andersen, f. i Bergen 17.4.1840, d. i Bergen 18.9.1887.  Jørgine gifte seg i Nykyrkja i Bergen 7.2.1864 med Peder Christopher Arnesen frå Bergen, f. i Bergen 6.10.1838.  Han d. på ein gamleheim i Bergen 16.3.1917.  Peder var skipsmeklardreng, og han og Jørgine budde i Bergen levetidi ut. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Anna Gjertine Petrine, f. NK, Bergen 29.3.1864

            * Petro Johan, f. NK, Bergen 16.2.1866

            * Nikolai Annanias, f. NK, Bergen 17.6.1868

            * Peter Christopher, tvilling, f. NK, Bergen 5.4.1875

            * Georgine Alette, tvilling, f. NK, Bergen 5.4.1875

            * Alette Georgine, f. NK, Bergen 11.2.1877

            * Peter Christopher, f. NK, Bergen 15.4.1879

            NB: Peder etterlet i 1917 berre to born, Berta Madsen og Peter Arnesen, båe i Bergen!)

 

c. Johan Bertel Andersen, f. i Bergen 22.5.1842, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1885!)

 

     Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 6.8.1871 med Elisa Marie Hermansdotter Eriksen frå Bergen, f. i Bergen 5.7.1837.  Ho d. som stuertenkje på ein pleieheim i Bergen 16.12.1928. 

 

     ##### (yrke og bustad – 1871: matros Bergen – 1875: stuert Bergen – enkja Elisa 1885 syerske – 1891/1910

            «vaskekone»)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Elise Johanne, f. DK, Bergen 27.7.1873 – n. 1875 – n. 1928: Elisa Akslvik(!), Jansonsgt. 5, Laksevåg

            * Hermanda Marie, f. NK, Bergen 24.9.1874 eller 1875 – n. 1875/1891/1910)

 

d. Andreas Martin Andersen, f. i Bergen 31.7.1846, d. som enkjemann på eit sjukehus i Bergen 10.6.1928.  Andreas gifte seg i Nykyrkja i Bergen 23.1.1876 med Karen Johanne Martinusdotter Johannessen frå Bergen, f. i Bergen 8.8.1847.  Ho d. på ein gamleheim i Bergen 27.10.1918.  Andreas var seglmakar

 

     ##### (sagt so 1875-1882 – 1910: dagarbeidar – 1918/1928: statsreisebetjent!)

 

     og han og Karen budde i Bergen levetidi ut. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Andreas Martin Andersen, f. NK, Bergen 5.3.1875, d. e.1918/før 1928 – myndig son Martin Andersen,

               Fritznersmuget 11, Bergen

            * Betsy Dorothea Andersen, f. NK, Bergen 10.1.1880 – n. 1910 (gift Fischer, men enkje) – n. 1918/1928

               Sigurdsg. 28, Bergen

            * Margit Andrea Andersen, f. NK, Bergen 26.11.1882 – n. 1910 –n. 1918/1928: Margit (gift med Christian)

               Olsen, Amerika

            * Olaf Andersen, f. Bergen 14.2.1886 – n. 1910 – n. 1918 (Amerika)/1928: (Stokmarknes))

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar at fleire detaljar vil dukka opp etter kvart...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for fleire nye interessante innlegg!

 

Elise Marie Andersen avlidi i Bergen 16.12.1928 er heilt klart «vår» Elise: https://media.digitalarkivet.no/view/27865/244?indexing=

 

Her er ho enkje alt i 1885 (kalla Lisen Andersen med feil fødselsår men med dei to døtrene): https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053295009188

 

Karen Johanne Andersen avlidi i Bergen 27.10.1918 er heilt klart ogso «vår» Karen: https://media.digitalarkivet.no/view/27861/97?indexing=

 

Andreas Martin Andersen har forresten eit «merkeleg» yrke, nemnt både i 1918 og i 1928: «statsreisebetjent».  Kva kan no det vera??

 

Elles trur eg at Peder Willumson Bøe må vera mannen frå Voss, men kven kona hans var, er ikkje godt å seia...  Eg ser ho har etternamnet «Sandnæs» i 1811!?

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #5 med dei ovannemnde rettingane/tilleggi!

 

Attståande «hovudproblem» er no:

 

** Lagnadane til Anders Christensen og Bertha Pedersdotter? - om ho ikkje er jenta som døydde i 1869: https://media.digitalarkivet.no/view/23997/154

 

** Kvar vart det av eldste sonen Chrstian Andreas?

 

** Kven var Anna Johanna Jørgensdotter Sandnæs?

 

** Dødsfallet til stuert Johan Bertel Andersen mellom 1875 og 1885?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar at kanskje nokre av dei attståande utfordringane òg kan finna løysingar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald Husebø

Andreas Martin Andersen Fra BT 12/6 1928 s.2

 

58aaeee076f53_AndreasAndersen_20_02_12_35_37_pdf.png.7a684886db4f000c708167eb0474b941.png

Karen Johanne Andersen Kilde Fra BT 31/10 1918 s.2

58aaef10a9354_KarenJohanneAndersen_20_02_12_41_32_pdf.png.0f717346024dc999e778578f8eddeaa1.png

Fant ikke  Elise Marie Andersen

 

Mvh Harald Husebø

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Harald for dei to dødsannonsene frå 1928 og 1918.  Dei stadfester forsovidt kva me veit so langt om denne huslyden, men det er pussig at korkje Margit eller Olaf er nemnde nokon stad, berre dei som var i Bergen...!

 

Eg syner elles til spørsmåli frå innlegg #11 ovanfor og takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden so langt!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.