Gå til innhold
Arkivverket
Harald Vågene

Dobbelsjekke - kontroll av kirkebok?

Recommended Posts

Harald Vågene

Eg har to problem, min far er registrert fødd 3.6.1909  i klokkerbok for Askvoll, nr. 18, https://media.digitalarkivet.no/view/4541/73964/92

Men sjølv har han og familia alltid feira 3.7. som hans dag. Eg finn ikkje minestralboka for å dobbeltsjekke dette, korleis kan eg det?

Så har vi same problem med mor mi. Ho feira alltid dagen sin som 18. april, men er oppgitt i minestralbok for Nord-Vågsøy  at ho er fødd 18. mars. Her finn eg ikkje klokkerboka for å sjekke. Kossen kan eg det?  Nr 14, Oline Sara:  https://media.digitalarkivet.no/view/5272/76048/34 

For konfirmasjonane er det vel berre brukt det same som står skreve før, så dei datoane kan eg vel ikkje bruke ?

Endret av Harald Vågene

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

I begge tilfella ligg venteleg kyrkjebøkene på sokneprestkontora framleis. Dei skal sendast inn 80 år etter siste innførsle (i tilfelle nokon treng attest eller utskrift for noko).

Du må kontakte dei aktuelle prestekontora og sjå om du får dei til å gjere eit oppslag for deg.

 

Når det er sagt.... 

Klokkarboka skal i prinsippet vere ei avskrift av presteboka, så dei er ikkje uavhengige kjelder.

Om det står det same som i presten si bok, er det ikkje ei stadfesting av at det er dette som er rett, berre ei stadfesting av at klokkaren har skrive av rett.

Men det kan tenkjast at klokkaren si avskrift er feil.

Det same gjeld - som du er inne på  - innførsla for konfirmasjonen. Her har nok presten berre sett på dåpsinnførsla.

 

Du kan eventuelt finne andre kjelder som inneheld fødselsdato. Det finst truleg ein skuleprotokoll i kommunen sitt arkiv. Det vil vere ei førstehands kjelde til den datoen foreldra ga som fødselsdato ved innskrivinga. Er du heldig kan det også finnast ein jordmorsprotokoll. (kommunearkivet?)

 

Familiebiblar, salmebøker, personlege notat (dagbøker, brev), m.m. har du sikkert tenkt på....

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald Vågene

Tusen takk!  Dette var oppklarande. Desverre har eg då trudd feil, at desse bøkene var uavhengige av kvarandre, og at dei skreiv begge to samtidig. Får prøve nokre telefoner i morra å sjå om eg kjem fram til noko fornuftig. Truleg er det vel då det som mine foreldre har sagt, som er rett, dei ville vel elles blitt korrigert av sine foreldre....... :-)  TAKK!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald Vågene

Men sjølve fødselen er det vel foreldra som har gjeve presten.........  dåpen kan han ha rett. Men det kan vere feil i den muntlege overrekkinga av fødseldatoen vil eg tru?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
2 hours ago, Harald Vågene said:

Men sjølve fødselen er det vel foreldra som har gjeve presten.........  dåpen kan han ha rett. Men det kan vere feil i den muntlege overrekkinga av fødseldatoen vil eg tru?

 

Ja, det stemmer nok. Men det kan likevel vere at presten høyrde/skreiv feil.

Det kan også vere at minnet "forskauv seg" dei 6-7 åra som gjekk fram til skuleinnskriving.

Ein jordmorprotokoll er uavhengig av foreldra sitt minne og presten sin høyrsel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olaf Larsen

Jeg har selv etterlyst riktig fødselsdato for en oldefar. Han hadde med en attest fra presten om konfirmasjonsdato og altergang da han flyttet fra Halsa til Kristiansund, og på den attesten står det feil fødselsdato. Den feilen fulgte ham resten av livet! I likhet med deg, var det først da jeg dobbeltsjekket kirkeboka at jeg oppdaget at det var en feil. Det er nok mange som har fått anført feil dåpsdato i andre dokumenter. Og spesielt i tider da det var nokså dårlig med leseferdighetene hos mange, og fødselsdagsfeiring var et ukjent fenomen, så gikk ofte slike ting ubemerket hen.

Endret av Olaf Larsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald Vågene

Javisst! Og dette har eg nok sett uten å koble! :-)  Då trur eg at eg berre konkluderer med at foreldrene, mine besteforeldre, hadde rett.......... Merkeleg, feil med begge foreldrene mine, nesten så eg mister trua på prestane og kirka!  Tusen takk for all hjelp!

Endret av Harald Vågene

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald Vågene

Tusen takk for energien dokke alle legg ned!  Det er nesten så det blir for mykje, Har mange ting eg treng hjelp til, men syns eg bør klare det først og fremst sjølv.........  Men det er veldig hyggeleg å få så god hjelp når ein først spør!  Men eg trur eg satser på at begge foreldra mine er fødde då dei og foreldra deira har sagt og trudd heile tida. Det ser ut for at det vart gjort feil før i tida også!

takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olaf Larsen
Sitat

Det ser ut for at det vart gjort feil før i tida også!

Vår spesielt varsom med å stole på datoer og aldre i folketellingene, der er det ofte feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

I folketeljinga frå 1910 er feilprosenten på datoar/år svært stor, men det er likevel interessant når datoen i #8 stemmer med den datoen ho brukte seinare i livet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×