Gå til innhold
Arkivverket
Håvard Moe

Sandvik & Larsen Røgeri, Grønlandsleiret (mm)

Recommended Posts

Håvard Moe

Eg prøver å nøste opp historia kring då mi oldemor sine brør kom flyttande til Oslo frå Telemark. Det viser seg at den eine broren , Gunnar Sandvik, var med og starta ei røkeribedrift i Grønlandsleiret i Oslo.

 

Av det eg har kan eg nemne:

Dei to brørne Kittil og Gunnar Sandvik var født i Nissedal i Telemark i hhv. 1868 og 1877, dei flytta derifrå til Solum og Gunnar vart konfirmert i Solum kyrkje i oktober 1892. I folketellinga for Oslo frå 1905 er dei to brørne busett i Mossegade 11 og oppgitt å ha flytta til Oslo 14. april 1892. Korleis dette kan henge saman med Gunnar sin konfirmasjon i Solum i oktober lurer eg litt på...

 

Gunnar og kona Gurine som er nemnt i 1905 vert gift 11. juni 1898 i Sagene kyrkje, han er da oppført som "Cementstøberiarb." og ho som "Sypige". Broren Kittil er forlovar og brørne er busatt i Sannerg. 8. Same yrke er lista i Adressebok for Kristiania i 1899. Dottera Anna Tomine vert døypt i Strømmen kyrkje i Svelvik 9. okt. 1898. Gunnar er da kalla "Murarbeider" med bustad i Thorval Meyers gate 18 i Kristiana, medan mora Gurine bur på Eek i Svelvik. Eg har ein teori om at Gunnar (og Kittil) har jobba på sementsøperi i Svelvik (A/S Den norske Tagskiferfabrik), sjølv om dei har hatt registrert busta i Oslo. Kan det finnast dokumentasjon på arbeidarane på sementsøperiet?

 

Så ser det ut til å skje noko i yrkesvegen: Sonen Karl Olaf er døypt i Paulus kyrkje i Oslo 6. mai. 1900. Gunnar er da kalla "(pølsemager) selger", men bustad Thv. Meyers gate 18. Alle fadderane er oppgitt med adresse i Thorvald Meyers gate 18, mellom dei "Pølsemag. Lorens Larsen". Eg finn for øvrig ingen av desse to på adressa i folketellinga i 1899. I FT1900 finn vi familien i Stenstrups gate 17, og Gunnar "Arb. på Røgeri".
 

I Adressebok for Kristiana, 1903: Sandvik & Larsen, Røgeri, Grønl.leiret 17 Bb1

I Adressebok for Kristiana, 1904 : Sandvik & Larsen (Gunnar Sandvik, Lorentz Larsen), Røgeri, Grønl.leiret 17 Bb1

I Adressebok for Kristiania, 1911: Sandvik & Larsen (Gunnar Sandvik), Røgeri, Grønl.leret 17 B.

 

Ut frå dette ser det ut til at murer og sementstøperiarbeidaren har slått seg på røking av pølser. Frå fyrst av saman med Lorentz Larsen, og etter kvart åleine. Dei siste åra er firmaet kalla berre Gunnar Sandvik røkeri, og er sist funne i adressebøkene i 1927. I 1929 og frametter er det anna verksemd i bakgården i Grønnlandsleiret 17.

 

Spørsmålet er så: Er det nokon som kan ha tips for å finne meir informasjon om røykeriet Sandvik & Larsen i Grønlandsleiret?

 

Og i tillegg: Kva skjedde med Lorentz Larsen?

 

Og til sist: Er det nokon som veit om det finst bevart arkivalia etter sementstøperiet (takskiferfabrikken) i Svelvik?

Endret av Håvard Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Denne Anton Laurits Larsen? 1878-1951, Nordre Gravlund, røkerieier.

Gunnar Sandvik bodde senere på Haslum

1951.JPG

sandvik.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×