Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Endresen (f. 1820-21) med etterkommarar


Reidar O. Meling
 Del

Recommended Posts

Hallo. Eg er på utkikk etter etterkommarane etter Olina og Rasmus Endresen, i Stavanger. Dei er nemnde i folketellinga i 1865, då med 4 barn. Olina og eldstebarnet Ane er fødde på Rennesøy, Rasmus i Finnås (Sunnhordland), dei 3 andre barna fødde i Stavanger. Seinare kom det 3 barn til, desse er nemnde i folketeljinga i 1875. Barn nr 2 heiter Laurits, fødd 1858, barn nr. 3 heiter Elen. Ane, Laurits og Elen er ikkje med i folketeljinga i 1875. Kva er dei blitt av?? Eg  finn ein "Bagersvend" Laurits Rasmussen med kone og 3 barn i folketeljinga for Barbu i 1900. Er dette sonen til Rasmus (som fødselsår står 1859, skulle vel ha vore 1858)?

2 av dei yngste barna til Rasmus, Rasmus og Alfred Teodor, skulle visstnok vera sjømenn, sistnemne død 1890, 19 år gml.

Er det nokon der ute som har fleire opplysningar om etterkommarane til Olina og Rasmus?

 

mvh Reidar Olav Meling, Bømlo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er en datter Regine, hun er født 17-5-1866, så f.året er feil, men det er ikke uvanlig i FT. De har vært i Amerika som du ser og har nok giftet seg der.

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036615034810

 

Her i 1900 med enda mer feil på f.år.

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037252013895

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hallo Carsten. Takkar for svar på mitt spørsmål. Det synes å vera rette Laurits Rasmusen du har funne i Froland. Det er og rette personar du har funne i folketellinga i Stavanger 1885. Men denne Regine Samuelsen (f. 1866) forstår eg ikkje, kva skulle ho ha med denne familien å gjera? Er det noko eg har oversett her?

 

 

mvh Reidar O. Meling, Bømlo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja no har eg altså funne Laurits (Lauritz) med sine 8 barn i Froland. Men eg greier ikkje finna noko om desse 8 barna etter 1910. Har leita litt på kyrkjegardar rundt Arendal, utan resultat til no. Litt merkeleg at rin ikkje finn noko. Får prøva i emigrantlistene. Hadde vore takksam om nokon fann noko om desse 8.

 

Så finn eg altså ingenting om dei andre søskena til Laurits: Ane, Elen, Oline (Mina?) og Regine Olava. Brørne Rasmus og Alfred Teodor blei visstnok sjømenn, sistnemnde død i 1890. Det er så langt eg er kommen no.

 

 

Reidar O. Meling

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja hei igjen. Har funne Rolf og Håkon på kyrkjegarden i Arendal ja, men ikkje andre nære pårørande. For å finna nolevande pårørande må eg ha fleire opplysningar. Har sendt SMS til personar med etternamn Rasmussen i Arendal-området, men så langt får eg ikkje napp, - litt rart.

Eg tenkjer på å ta direkte kontakt med kyrkjekontoret i Arendal.

 

Reidar O. Meling

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.