Gå til innhold
Arkivverket

Erik Samuelsen (Swingel) frå Lærdal, fødd 1697 - gift med Dorthe Hansdotter - til Årdal og sidan til Bergen - kva skjedde med dei og døtrene deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dortha Hansdotter, fødd på Dalsøyri i Luster kring 1695, gifte seg i Årdal i 1727 med Erik Samuelson (Swingel) frå Lærdalsøyri, fødd i Lærdal kring 1697.  Dei fekk tre døtrer i Årdal, men skal sidan vera flytte til Bergen!  Då den formuande halvsøsteri hennar, Elisabeth Hansdotter Sunde, døydde på Hofslund i Sogndal i 1785, er Dortha ikkje nemnd og heller ikkje born etter ho.  Kva skjedde med Dortha, Erik og dei tre borni?

 

Her følgjer eit utdrag frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter innlegg frå Knut og Sven har eg lagt inn eit oppdatert manuskripti innlegg #4 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut og Sven for spennande og nyttige innlegg!

 

Namnet Erik Samuelsen synest vera ganske so «unikt» i Bergen på den tidi, so eg er ovedtydd om at båe poster høyrer til «vår» huslyd.  Eg har soleis førebutt eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dortha Hansdotter, f. i Luster kring 1695,

Dortha Hansdotter flytte til Årdal der ho 28.9.1727 gifte seg med Erik Samuelson (Swingel) frå Fortun, Lærdalsøyri i Lærdal.  Han var son av husmann Samuel Erikson i Fortun og første kona Bertha Jacobsdotter Swingel frå Lærdalsøyri og f. i Lærdal kring 1697.  Erik var ei tid gruvearbeidar på Kongsberg og frå 1726 gruvearbeidar i Øvre Årdal.  Han og Dortha budde på Farnes i Øvre Årdal, men flytte sist på 1730-talet til Bergen der Erik visstnok livnærte seg som dragar.  Han vart gravlagd i Bergen 14.1.1764, medan Dortha vart gravlagd same staden som enkje 5.4.1769.  Me kjenner til tre døtrer etter dei:

a. Elisabeth Eriksdotter Swingel, døypt i Årdal 25.4.1728,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? – d. barnlaus før 1785?)

 

 

b. Bertha Eriksdotter Swingel, døypt i Årdal 14.8.1729,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? – d. barnlaus før 1785?)

 

 

c. Anna Marie Eriksdotter Swingel, døypt i Årdal 3.4.1734,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? – d. barnlaus før 1785? – ei av desse vart gravlagd ugift i Bergen 5.8.1759, og alle var dei avlidne før 1785)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar at kanskje dødsfalli til dei to andre døtrene òg vil dukka opp?  Kan henda veit Knut noko meir om kva rolle Erik hadde på verket og kor lenge dei budde der?

 

Eg vil forresten freista Arkivforum i Bergen for mogelege skifte...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om Erik Samuelsen Swingel kan jeg først si at han i kildene er ført med slektsnavnet Swingel eller Svingel noen få steder, men som regel bare med fornavn og patronym. Han var sønn av Samuel Eriksen (f.ca.1665) og Bertha Jakobsdatter Swingel (ca. 1662-1728). Det var altså moren som var av Swingel-familien. Min kilde til dette er den nye bygdeboka for Lærdal (bd. IV, s. 335). Jeg har for øvrig funnet i kirkeboka at en Samuel Eriksen giftet seg i Lærdal 28.08.1729 med Gunhild Andersdatter, så han giftet seg nok på nyttetter at han var blitt enkemann.

 

Videre kan jeg si om Erik Samuelsen at han om lag 1722 reiste til Kongsberg der han arbeidet noen år ved sølvverket. I 1726 reiste han så tilbake til Sogn og fikk arbeid ved Årdal kopperverk. Der var han vanlig gruvearbeider og bodde på Farnes i Øvre Årdal. Jeg vet dessverre ikke når Erik og familien hans flyttet til Bergen, men jeg ser ikke noe til dem i kirkeboka etter at Anna Maria ble døpt i 1734.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt på siden, men har Bertha Jakobsdatter Swingel noe med disse personene Schvingel på Kongsberg å gjøre?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000535838

 

Skifteregister for Kongsberg byfogd, Overbergamtet og Sønnafjelske bergamt 

 

Iacob Schvingel

enkens bror

 

Dvs bror til Mallene Torgiersdatter Schvingel, enke etter Gulbrand Hansen - arvelater i skiftet. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til Grethe: Ja det er samme familie. Malene var fra Lærdal og giftet seg i 1724 med Gulbrand Hansen Bratt (ca.1702-1742) fra Hestetun i Årdal. Han arbeidet ved Årdal kopperverk til det ble nedlagt og dro rundt 1740 til Kongsberg. To år senere døde han, - visstnok ved en ulykke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut og Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #4 ovanfor med dei nye opplysningane om Erik Samuelson og opphavet hans.  Biografien for foreldri Erik og Dortha er soleis nesten komplett; berre flyttingi til Bergen er eit «springande» punkt...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for oppklarande svar!

 

Dǻ har eg «justert» manuskriptet i innlegg #4 ovanfor, og det einaste me no manglar, er opplysningar om døtrene...  Men det vert nok vanskeleg...

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er det komme ei interessant melding frå Statsarkivet i Bergen.  Dei fann skiftet etter Dortha Hansdotter frå 1769, og arvetilhøvi var ukjende: https://media.digitalarkivet.no/view/24004/256

 

Soleis må me kunna slutta at alle dei tre døtrene då var avlidne, og stort nærare ei endeleg løysing av problemet kring lagnadane deira vert vel ikkje mogeleg å finna...

 

Men eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.