Gå til innhold
Arkivverket

Martha Larsdotter, f. Luster 1763 - gift på Vikøyri med Ole Andersson frå Valdres - huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Her er eg komen borti ein ny huslyd frå Luster som eg har slite med i ganske so mange år.  Det er gjennom ei søster av Martha Larsdotter som dølydde barnlaus i 1815 at me har so pass opplysningar som me har, men eg vonar at einkvan med detaljkunnskap om Vik kan greia å føya til nokre detaljar?  Døtrene Kari, Guro og Martha har truleg gift seg, men kvar vart det av dei?  Og kva med dødsfalli til foreldri?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt;

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Larsdotter, døypt i Luster 23.10.1763, vart konfirmert frå Hammarslott i 1779.

Martha Larsdotter flytte i 1780‑åri til Vik der ho 29.1.1787 gifte seg med Ole Andersson frå

 

##### (opphavet hans? – frå Lo i Valdres??)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1754!?)

 

Martha og Ole busette seg som strandsitjarar på Vikøyri i Vik der Martha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – e. 1801/før 1816!)

 

Ole d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

Dei fekk fem born i lag:

 

##### (sjekka om dei hadde fleire? – dei var i so fall avlidne før 1816!)

 

a. Kari Olsdotter, døypt i Vik 8.6.1793,

 

     ##### (levde i 1816 – lagnaden hennar?)

 

b. Johannes Olson, kjend som Johannes O. Wigøren, døypt i Vik 10.3.1796, d. som dagarbeidar i Bergen 11.2.1845.  Johannes gift seg første gongen

 

     ##### (opplysningar om første ekteskapet hans?)

 

     Han gifte seg so att i Bergen 22.5.1829 med Martha Olsdotter frå Flom i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Halvorson i Flom og kona Martha Johnsdotter frå Frondal og vart døypt i Aurland 15.10.1790.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad – Allehelgensgt. i Bergen!?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Johan Martin, f. KK, Bergen 23.2.1826 – far enkjemann – uekte mor: Martha Olsdotter Borlaug!

            * Inger Marie, f. DK, Bergen 27.7.1828 – do.

            * Olai, f. DK, Bergen 22.6.1830)

 

c. Guro Olsdotter, døypt i Vik 25.1.1800,

 

     ##### (levde i 1816 – lagnaden hennar?)

 

d. Lars Olson, døypt i Vik 2.4.1803, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – før 1816!)

 

e. Martha Olsdotter, f. i Vik kring 1806,

 

     ##### (dåpsdatoen hennar?)

 

     ##### (levde i 1816 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Ættabokji for Vik,utg 2008, forf Gudmund Balvoll (GB), på s 233 ser eg at Ola Anderson Holsen f. 1754 gift 1791 !!! m/ Marta Larsdtr Hugset 1761-1804, båe frå Førde !!! 4 ongar.

Kari f 1793

Johannes f. 1795

Guri f. 1799

Lars f 1803

Alle 4 ongane levde då mor døydde, iflg skiftet på s 358 ( s. 362 iflg DA).  Dei er ikkje i Vik 1815, men G.B ser ikkje bort i frå at dei kan væra død mellom 1804 og 1815.

--------

Dersom 4 lever v/ skiftet i 1816 til moster si i Luster, du har funne Johannes som er komen til Bergen. 

 

Men kva m/ dtr Martha f ca 1806, då er mor død (1804) ? Dersom ho er ein arving v/ skiftet i 1816 så er det noko rart. 

Førde er ein ting. Ekteskapet i 1791 / 1787, då murrer det !

Men så er det nesten det rareste Ola Andersen og Marta Larsdtr, eit par frå Førde. Eit par frå Luster og Valdres (kanskje) får 4 ongar m/ same navn og fødselsår ?????

-----

Kvar ligg Hammarslott der Marta vart konf 1779 ?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Eg kan ikkje forstå kva kjelde Balvoll har nytta for å «plassera» denne huslyden!  Martha Larsdotter var definitivt fødd på husmannsplassen Hammarslott under Dalsøyri i Luster, og her er kjelda mi for denne huslyden på Vikøyri:

 

Skiftet frå 1816 etter Clara Larsdotter på Udstå under Fjøsne i Luster, ei søster av Martha: https://media.digitalarkivet.no/view/24147/156?indexing=

 

Øvst til høgre ser du nemnt søsteri Martha Larsdotter som hadde vore gift med Ole Wigøren, men som var avlidi og let etter seg tre born, ein son og to døtrer:

 

** Johannes Olson, 19 år, oppheld seg i Vik

 

** Guri Olsdotter, 17 år

 

** Martha Olsdotter, 15 år

 

Eg ser at eg er komen i skade for å seia at Kari Olsdotter levde i 1816, men det gjorde ho altso IKKJE, og når eg har sett fødselsåret 1806 på Martha, har eg gissa på at ho måtte vera eit par yngre enn Lars!?

 

Dersom skiftet etter Martha ikkje nemner noki Martha som dotter, ser eg to mogelege forklaringar på dette:

 

*** Anten har presten skrive feil døypenamn på barnet født i 1803, Lars i staden for Martha?

 

*** Eller skifteretten i indre Sogn i 1816 har «bomma» på namnet til yngste barnet, at det skulle vera Lars og ikkje Martha!?

 

Den siste forklaringi er kanskje den mest sannsynlege, sidan skiftet etter Martha frå 1804 ifølgje deg (eg har ikkje leita fram originalskiftet frå Vik no i kveld!), ogso seier at yngste barnet heitte Lars - i tråd med kva presten sa!?

 

Elles er Ole Andersson nemnd som «Walders» ved ein av barnedåpane i Vik, men eg hugsar ikkje kva for ein det var...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden og vonar desse borni etter kvart vil dukka opp «frå mørkret»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.