Gå til innhold
Arkivverket

Hesteskjerar og vevskeibindar Askild Jacobson Øgaard i Bergen, fødd kring 1800, frå Valen i Fjelberg - huslyden hans - delvis reisande?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år slite med å finna ut av huslyden til Ingeborg Jørgensdotter frå Luster (1785-1852) som i godt vaksen alder gifte seg i Bergen med hesteskjerar og vevskeibindar Askild Jacobson Øgaard, som KAN ha vore av reisande slekt.  Kanskje er det nokon som dreg kjensel på denne huslyden og som kan hjelpa meg med fleire detaljar?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye oppdagingar er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

b. Anna Christine Askildsdotter Øgaard, f. i Bergen 14.3.1826,

 

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

NB: Står det ikkje her at Anna Christine Øgaard døydde 4.8.1855, medan ho sat på tukthuset?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/84/pc00000000371062

 

Jeg leser det slik, Lars. Og her er dødsfallet i kirkeboka:

Bergen fylke, Bergens strafanstalt i Bergen, Ministerialbok nr. A 1 (1841-1884), Døde og begravede 1851-1857, Side 75
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061120010114.jpg 

 


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner kona Mette Marie i hjemstavsprotokolleregisteret:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000029018

 

Her er forhøret fra 1858 - ser ut som Mette hadde sittet på tukthuset både i 1842 og i 1845:

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst2&sideid=185&storleik=

 

Fanger ved Slaveriet (Tukthuset):

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/84/pc00000000372646

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for mange interessante innlegg om denne huslyden!

 

Då er lagnaden til Anna Christine Askildsdotter Øgaard «på plass».  Eg kan heller ikkje sjå at ho let etter seg born.

 

Men du verden som Askild Øgaard var «reiselysten», og eit tankekors er det at han den gongen laut ha pass for å reisa mellom dei ulike landsdelane!  Kva var det for ein lov?

 

Det vert sikkert ikkje so enkelt å finna dødsfallet til Askild?

 

Men her er Metta Marie Johnsdotter som «ugift fattiglem» på Arbeidsanstalten i Bergen i 1875: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295025352

 

Og her finn eg òg dødsfallet hennar i 1885, framleis «ugift»: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=doed1881&gardpostnr=20352&merk=20352#ovre

 

Dødsmeldingi hennar har ingen tilleggsopplysningar: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/151?indexing=

 

Her er dåpen til Metta Marie Johnsdotter i Kristiansund; https://media.digitalarkivet.no/view/2283/236

 

og her er vigsli til foreldri hennar i Kristiansund 20.2.1803: https://media.digitalarkivet.no/view/2283/216

 

Det ser ut som om dette parfolket vart buande i Kristiansund, og då sonen John Larsen Erichsen(!) vart døypt 12.2.1809, er faren kalla John Olson FATTEREN: https://media.digitalarkivet.no/view/2283/241

 

men det vert vel ikkje so lett å identifisera desse foreldri..., yrke og opphav...?

 

Men endå verre ser det ut til å vera å spora dåpen og foreldri til Askild Jacobson!?  Det kan sjå ut som dei òg var av det «lause» slaget...?

 

Eg skulle forresten likt å sett både:

 

** Vigsli i Bergen i 1853 for Askild Jacobson og Metta Marie Johnsdotter?  Datoen kjem frå FamilySearch, men sjølve vigsli finn eg ikkje i Bergensbasane!

 

** Og heimstavnsprotokollen for Askild Jacobson?  Kvar kan no originalinnførsli vera??

 

Elles er dødsfalli til Martinus Jensen og kona Christi(ne) samt sonen Georg Martin vidare utfordringar...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips kring denne «vanskelege» huslyden og lever i voni om at noko vil «dukka opp»..., før eller sidan...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

    born i lag, mellom anna denne sonen:

 

‑ Georg Martin Martinusson Jensen (1842‑

 

   ##### (dødsfallet hans i Bergen etter 1897?

 

       ), vart gift med strandsitjardotteri Ingrid Thomasdotter frå Kvalsøyri under Kvale (1838‑1897) (s.d.).

 

Georg Martin Jensen i f.t. 1891 med kona Ingrid og to barn: sønnen Leif og datteren Lina Chrestine. 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994046847

 

Georg Jensen, f. 1842 i fattigmanntallet i Bergen 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000043546

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt273&sideid=300&innhaldid=1&storleik=

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000046173

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt274&sideid=139&storleik=125

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000050583

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt275&sideid=84&storleik=125

 

Dødsfallet til Georg Jensen?- navnene på barna synes å stemme:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001046042

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 8 (1904-1910), Dødsfallsprotokollside, Side 89b-90a
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615350333.jpg 
 

Ved dødsfallet nevnes også barnebarna og da er antakelig dette Georg Jensen i f.t.1900:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037335036474

 

Er dette hjemstavnsforhør av Ingrid (Inger) Thomasdatter fra 1864?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000029413

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst4&sideid=131&storleik=150

 

Georgs svigerdatter i f.t. 1910 - enke med to sønner: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708081937

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt spennande innlegg!

 

So vidt eg kan sjå, har du kartlagt Georg Martin Jensen og huslyden hans, og denne delen av utfordringi er soleis «komplett» so langt som eg treng det...  Eg har lagt inn dødsåret til Georg i manuskriptet i innlegg #6 ovanfor...

 

Elles har eg nettopp teke ei ny økt for å sjå etter Martinus Jensen og kona hans etter 1865, men eg finn dei berre ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Linda for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Etter eg las dette, tenkte eg: Kvifor ikkje freista «søkemotoren» til Digitalarkivet, og jamen fant eg mykje spennande, berre for å nemna nokre av postene

 

Konfirmasjon for Jacob Askildson Wahlen i Fjelberg 1761: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000029522

 

Første vigsli til Jacob Askildson Wahlen i Fjelberg 1766 med Ingeborg Jacobsdotter: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000808847

 

Jacob Askildson Wahlen som fange ved slaveriet i Bergen 1776: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/84/pc00000000310645

 

Og kanskje særleg spennande dette passet frå 1821 for Jacob med kone Anna Bjørnsdotter og dotter Ingeborg frå Stavanger til Bergen:

 

URN:NBN:no-a1450-db10621310151114.jpg

 

med følgjande påskrift:

 

URN:NBN:no-a1450-db10621310151115.jpg

 

Interessant her er merknaden om sonen som bur i Nordfjord (Aalund?) - kan det vera Askild Jacobson??  Eller hadde han fleire born?

 

Denne barnedåpen frå Stavanger 1807 er likeins interessant: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007263366

 

Her står det at dei budde i Fister sokn i Hjelmeland på den tidi!

 

Huslyden har heilt klart vore på «flyttefot», og det er ikkje so lett å følgja dei, men me har då i det minste no namni på foreldri til Askild Jacobson: Jacob Askildson og Anna Bjørnsdotter, og eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #5 i eit nytt, som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Jørgensdotter, døypt i Luster 6.2.1785,

Ingeborg Jørgensdotter flytte til Bergen i ung alder, og der gifte ho seg i Krosskyrkja 5.11.1826 med Askild Jacobson frå

 

##### (kvar er han oppvaksen? – Stavanger?)

 

i Bergen kjend som Askild J. Øgaard.  Han var son av vevskeibindar Jacob Askildson Wahlen i

 

##### (bustaden hans? - budde 1807 i Fister sokn i Hjelmeland då dotteri Ingeborg Guria vart døypt i Stavanger Domkyrkje/Vår Frue sokn! – sidan i Stavanger? – til Bergen 1821?)

 

opphavleg frå Valen i Fjelberg, og andre kona Anna Bjørnsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Fjelberg kring 1800. 

 

##### (finn ikkje døypt i Fjelberg!? – seier sjølv han er fødd i Karmsund – Avaldsnes??)

 

Askild Øgaard var hesteskjerar og vevskeibindar, og han og Ingeborg budde visstnok i Lønnesmuget i Bergen der Ingeborg d. 29.4.1852.   Jacob gifte seg att i Bergen

 

##### (kvar i Bergen var denne vigsli? – eg finn ho ikkje!!)

 

3.7.1853 med Metta Marie Johnsdotter frå Kristiansund.  Ho var dotter av

 

##### (yrkestitel?)

 

John Olson i Kristiansund, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – vigde i Kristiansund 20.2.1803!)

 

og kona Karen Sophie Pedersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Kristiansund 16.12.1803.  Askild og Metta flytte visstnok til Nyhavn i Sandviken

 

##### (levde der i 1869 – seinare lagnad?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1870!)

 

medan Metta d. på arbeidsanstalten i Bergen 14.4.1885.  Me kjenner til ei dotter etter Askild Øgaard, og ho var frå første ekteskapet med Ingeborg Jørgensdotter, men Ingeborg hadde òg ei dotter frå før:

 

##### (kan henda fleire born? – oppl.!?)

 

a. Christi, kjend som Christine Johnsdotter, dotter av Ingeborg og strandsitjarsonen John Jensson frå Neset under Nes (1790-1817), vart døypt i Luster 12.12.1813, men flytte som barn med mor si til Bergen og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Bergen 19.6.1842 med Martinus Jensson frå Trondheim, kjend som Martinus Jensen, f. i Trondheim 24.2.1808.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Martinus var overkonstabel i Bergen, men vart sidan oppsynsmann ved krutthuset på Hegreneset i Sandviken i Bergen

 

     ##### (budde der 1865 – sidan kva?)

 

     Christine og Martinus fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – i tillegg til Georg Martin, f. KK, Bergen 9.8.1842 – inkl.:

            * Johan Christian, f. KK, Bergen 25.8.1844

            * Anne Samueline, f. KK, Bergen 8.7.1849

            * Andreas Martin, f. KK, Bergen 30.10.1855)

 

     born i lag, mellom anna denne sonen:

‑ Georg Martin Martinusson Jensen (1842‑1906), vart gift med strandsitjardotteri Ingrid Thomasdotter frå Kvalsøyri under Kvale (1838‑1897) (s.d.).

b. Anna Christine Askildsdotter Øgaard, f. i Bergen 14.3.1826, d. medan ho sat på tukthuset i Bergen for tjuveri 4.8.1855.  Ho var vertshusarbeidar og budde i Bergen, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Viktig no, for kan henda endeleg å få greie på fødestaden til Jacob Askildson og «livsutviklingi» hans, vil det vera å kunna lesa heimstavnsforklaringi til Jacob frå 1870, men er det mogeleg å finna denne??  - jmf. innlegg #5 frå Grethe ovanfor:

 

~~~~~

I 1870 dukker Askild også opp i hjemstavnsregisteret for Bergen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000030352

 

Men jeg klarer ikke å finne ham i selve den skannede hjemstavnsprotokollen med løpenummer 86/1870! Og det ser også ut til å mange andre....!

 

~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og har no betre von om at me kanskje kan greia det meste...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Etter at eg i dag er vorten merksam på søsteri til Askild Jacobson frå dette emnet, Ingeborg Gurine Jacobsdotter, gifte seg i Bergen med ein annan lustring, Torbjørn Olson Ottum, og som sleis vart stammor til ei anna ætt, som eg diverre veit svært lite om, men som eg har teke opp i kveld som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/227454-torbjørn-olson-ottum-frå-luster-1801-1851-gift-i-bergen-med-ingeborg-gurine-frå-stavanger-kven-var-foreldri-hennar-fekk-tre-søner-kvar-vart-det-av-dei/

 

tykkjer eg det er eit godt høve til å henta fram att denne utfordringi om hesteskjerar og vevskeibindat Askild Jacobson.  Manuskriptet mitt står framleis uendra frå februar i fjor (sjå innlegg #10 over), men knapt noko ville gle meg meir om nokon greier «pynta på» denne biografien!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.2.2017 den 11.58, Lars E. Øyane skrev:

Martinus Jensen, f. i Trondheim 24.2.1808.  Han d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Kan dette være dødsfallet til Martinus jensen?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000454711

 

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Korskirken, Ministerialbok nr. A 1 (1867-1877), Døde og begravede 1868, Side 237
https://media.digitalarkivet.no/view/8365/225

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.2.2017 den 11.58, Lars E. Øyane skrev:

* Anne Samueline, f. KK, Bergen 8.7.1849

 

F.t. 1875:

https://media.digitalarkivet.no/view/8365/225

 

På 22.2.2017 den 11.58, Lars E. Øyane skrev:

* Andreas Martin, f. KK, Bergen 30.10.1855)

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8365/225

F.t. 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994045362

Ft. 1922: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522000365

Dødsfall 1930: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002415942

 

På 22.2.2017 den 11.58, Lars E. Øyane skrev:

* Johan Christian, f. KK, Bergen 25.8.1844

 

Patentnr. 1250

Bergen fylke, Hovedrulle nr. 2 (1869-1871), Protokollside, Side 625
https://media.digitalarkivet.no/view/78951/231

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg.

 

Det var då litt av ein lagnad som møtte Martinus Jensson...  Då er dødsfallet hans oppklart!  Men eg prøvde nettopp å leita fram dødsmelding hans, men der kom eg til kort...  Eg er vel ikkje so heilt skker på om alle borni er komne til rette...

 

Ein ny kjempetakk frå framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det var då litt av ein lagnad som møtte Martinus Jensson...  Då er dødsfallet hans oppklart!  Men eg prøvde nettopp å leita fram dødsmelding hans, men der kom eg til kort...  Eg er vel ikkje so heilt skker på om alle borni er komne til rette...

 

Det er visst en egen dødsfallsprotokoll for Sandviken. Du finner ham nesten nederst på høyre side:  

 

SAB, Midhordland sorenskriveri, H/Hk/Hka/L0002: Dødsfallprotokollar, 1863-1880, s. 5
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081110680490

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.2.2017 den 11.58, Lars E. Øyane skrev:

Viktig no, for kan henda endeleg å få greie på fødestaden til Jacob Askildson og «livsutviklingi» hans, vil det vera å kunna lesa heimstavnsforklaringi til Jacob frå 1870, men er det mogeleg å finna denne??  - jmf. innlegg #5 frå Grethe ovanfor:

 

~~~~~

I 1870 dukker Askild også opp i hjemstavnsregisteret for Bergen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000030352

 

Men jeg klarer ikke å finne ham i selve den skannede hjemstavnsprotokollen med løpenummer 86/1870! Og det ser også ut til å mange andre....!

 

Det ser nesten ut som at det mangler et par sider? Kanskje høre med Statsarkivet i Bergen om de kan slå opp i originalen?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.2.2017 den 11.58, Lars E. Øyane skrev:

John Olson i Kristiansund, opphavleg frå

##### (opphavet hans? – vigde i Kristiansund 20.2.1803!)

og kona Karen Sophie Pedersdotter frå

##### (opphavet hennar?)

 

Her er trolovelsen 29.01.1803 - venstre side:

Møre og Romsdal fylke, Kvernes, Kornstad, Bremsnes, Grip, Kristiansund i Kvernes, Ministerialbok nr. 568A04 (1802-1845), Trolovede 1803, Side 8
https://media.digitalarkivet.no/view/16081/8

 

Forloverne er Ole Olsen Romold (nåværende skrivemåte er vel Romuld) og Sylfest Larsen Harseim. Kan dette være Ole Olsen i Sølvskatten 1816?

https://www.digitalarkivet.no/view/97/pt00000000275252

 

Mette Maria:

https://media.digitalarkivet.no/view/2283/236

 

Peter Olaus

https://media.digitalarkivet.no/view/2283/237

 

John Larsen Erichsen - noe merkelig innførsel: 

https://media.digitalarkivet.no/view/2283/241

 

Synd det ikke er nevnt noen faddere. 

 

Konfirmasjonen til Mette Maria:

https://media.digitalarkivet.no/view/16102/119

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.2.2017 den 11.58, Lars E. Øyane skrev:

Askild Øgaard var hesteskjerar og vevskeibindar, og han og Ingeborg budde visstnok i Lønnesmuget i Bergen der Ingeborg d. 29.4.1852.   Jacob gifte seg att i Bergen

 

##### (kvar i Bergen var denne vigsli? – eg finn ho ikkje!!)

 

3.7.1853 med Metta Marie Johnsdotter frå Kristiansund.  Ho var dotter av

 

Vielsen som er registrert på Family Search har "GS Film number" 123709: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N758-3T8

 

Så vidt jeg kan se av katalogoversikten til FS skal vielsen da stå i denne klokkerboken for Domkirken (eller Nykirken)

 

1237592371_Skjermbilde2018-11-11kl_12_37_31.png.c1a2bd69e823db1fd6daf57720c51d3b.png

 

https://www.familysearch.org/search/catalog/27584?availability=Family History Library

 

Jeg finner imidlertid ikke denne klokkerboken i Digitalarkivet. De avfotograferte sidene kan leses på nettet, men da må man befinne seg fysisk på et "Family History Center":  https://www.familysearch.org/search/film/004003616?cat=27584

 

Endret av Lars Waaltorp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner denne trolovelsen 5.01.1823: ungkar Arnt Sivertsen Stokke og enke Karen Sophie Pedersdatter:

Møre og Romsdal fylke, Kvernes, Kornstad, Bremsnes, Grip, Kristiansund i Kvernes, Ministerialbok nr. 568A04 (1802-1845), Trolovede 1823, Side 120
https://media.digitalarkivet.no/view/16081/120

 

Karen Sophie var 40 år gammel, f. 1778. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Grethe for nye spennande innlegg om denne utfordrande huslyden!

 

Når det gjeld dei kjeldene som synes å mangla:

 

* Andre vigsli til Askild Jacobson med Mette Marie Johnsdotter i 1853 og

 

* Heimstavnsforhøyret av Askild Jacobson frå 1870

 

so har eg i ettermiddag sendt ein forespørsel til Salt Lake City, UT om eit oppslag av vigsli, medan eg har skrive til Statsarkivet i Bergen om den andre, so får me sjå kva dei svarar...

 

Dødsmeldingi etter Martinus Jensen i Sandviken var jo interessant.  Då får me vita at han hadde fire born, og av desse var tre myndige.  Det stemmer jo godt med dei opplysningane som eg har frå før, so då skulle den saki vera grei!  MEN, eg legg merke til Martinus har fått oppført dødsdatoen 6.8.1868.  Kan han verkeleg ha hengt so lenge (12 dagar) før dei fann han?

 

Det høyrest komplisert ut å finna opphavi til dei to foreldri til Mette Marie Johnsdotter frå Kristiansund.  Sølfest Larsson Harseim har vel kan henda vore frå Skjåk, men om han har noko med opphavet til ein av dei å gjera er ikkje godt å seia.  Eg ser forresten at ei Karen Sophie Pedersdotter var fødd på Hitra i 1780.  Hitra er jo ikkje so langt frå Kristiansund, so kanskje ho er eit mogeleg alternativ?

 

Name Karen Sophia Pedersdatter
Gender Female
Christening Date 30 Jan 1780
Christening Place Hitra, Sør-Trøndelag, Norway
Father's Name Peder Andersen Berosundet
Mother's Name Olava Beroen

 

Det som elles i kveld står att som «hovudutfordringar» i dette emnet, skulle vera følgjande:

 

** Spørsmåli kring fødestaden og oppvekststaden til Askild Jacobson, samt kven mor hans, Anna Bjørnsdotter, kan ha vore...?

 

** Dødsfallet til Askild Jacobsen i Sandviken (etter 1869?)?

 

** Dødsfallet til Christi «Christine» Johnsdotter, enkja etter Martinus Jensson (Berg) (etter 1868)?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Jørgensdotter {Dalsøren}, døypt {i Luster} 6.2.1785,

Ingeborg Jørgensdotter flytte til Bergen i ung alder, og der gifte ho seg i Krosskyrkja 5.11.1826 med Askild Jacobson frå

 

##### (kvar er han oppvaksen? – Stavanger?)

 

i Bergen kjend som Askild J. Øgaard.  Han var son av vevskeibindar Jacob Askildson Wahlen i

 

##### (bustaden hans? - budde 1807 i Fister sokn i Hjelmeland då dotteri Ingeborg Guria vart døypt i Stavanger Domkyrkje/Vår Frue sokn! – sidan i Stavanger? – til Bergen 1821?)

 

opphavleg frå Valen i Fjelberg, og andre kona Anna Bjørnsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Fjelberg kring 1800. 

 

##### (finn ikkje døypt i Fjelberg!? – seier sjølv han er fødd i Karmsund – Avaldsnes??)

 

Askild Øgaard var hesteskjerar og vevskeibindar, og han og Ingeborg budde visstnok i Lønnesmuget i Bergen der Ingeborg d. 29.4.1852.   Askild gifte seg att i Bergen

 

##### (kvar i Bergen var denne vigsli? – eg finn ho ikkje!!)

 

3.7.1853 med Metta Marie Johnsdotter frå Kristiansund.  Ho var dotter av skipstømmermann John Olson i Kristiansund, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – vigde i Kristiansund 20.2.1803!)

 

og kona Karen Sophie Pedersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Kristiansund 16.12.1803.  Askild og Metta flytte visstnok til Nyhavn i Sandviken

 

##### (levde der i 1869 – seinare lagnad?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1870!)

 

medan Metta d. på arbeidsanstalten i Bergen 14.4.1885.  Me kjenner til ei dotter etter Askild Øgaard, og ho var frå første ekteskapet med Ingeborg Jørgensdotter, men Ingeborg hadde òg ei dotter frå før:

 

##### (kan henda fleire born? – oppl.!?)

 

a. Christi, kjend som Christine Johnsdotter, dotter av Ingeborg og strandsitjarsonen John Jensson frå Neset under Nes (1790-1817), vart døypt i Luster 12.12.1813, men flytte som barn med mor si til Bergen og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Bergen 19.6.1842 med Martinus Jensson Berg frå Trondheim, kjend som Martinus Jensen, f. i Trondheim 24.2.1808.  Han hengte seg påå Hegreneset i Sandviken 6.8.1868, men vart ikkje funnen der før 12 dagar etter.  Martinus var overkonstabel i Bergen, men vart sidan oppsynsmann ved krutthuset på Hegreneset i Sandviken i Bergen,  Christine og Martinus fekk fire born i lag, mellom anna denne sonen:

‑ Georg Martin Martinusson Jensen (1842‑1906), vart gift med strandsitjardotteri Ingrid Thomasdotter frå Kvalsøyri under Kvale (1838‑1897) (s.d.).

b. Anna Christine Askildsdotter Øgaard, f. i Bergen 14.3.1826, d. medan ho sat på tukthuset i Bergen for tjuveri 4.8.1855.  Ho var vertshusarbeidar og budde i Bergen, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har alt i ettermiddag motteke ein skanna kopi frå Salt Lake Cityl UT som syner vigsli til Askild Jacobson og Mette Marie Johnsdotter frå 1853,  Diverre står det ikkje kva protokoll dette er henta frå, men ser me på utsnittet av neste vigsle, dreg me kjensel på namnet til Mons Olai Hansen, ungkarl og mursvein, og vigsli hans fann stad i Domkyrkja 7.8.1853:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8332/95

 

Dette var merkeleg, men AHA, eg gjekk inn og sjekka klokkarboki, og der fann eg vigsli til Askild og Mette Marie:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8649/92

 

Denne vigsli er soleis kommi til rette, men når denne vigsli berre er innført i klokkarboki og ikkje i kyrkjeboki, kor mange andre vigsler kan ha litt same lagnad???  Eg ser til dømes at vigsli som i klokkarboki er innført foran Askild på same dag, 3.7.1853, mellom Nils Dageson frå Tysnes og Oline Andersen frå Domkyrkjesokni HELLER ikkje står i kyrkjeboki!  Og ved nærare ettersyn ser det ut til at samtlege vigsler førte i juni månad i klokkarboki manglar i kyrkjeboki!!!  Dette var skummelt!!!

 

Men for å komma attende til denne vigsli til Askild, so ser me ogso her at fødestad er oppgjeven som Fjelberg, men der er han i alle fall ikkje ført!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mottak av fleire nye interessante detaljar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #23 under

 

Men «hovudutfordringane» er uendra frå innlegg #21...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Norway Marriage Record.jpg

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke, frå Statsarkivet i Bergen, ein kopi av den sida som mangla i heimstavnsprotokollen for 1870 som gjeld Askild Jacobson.  Med hjelp av Egil har eg no greidd å leggja inn ein kopi av denne sida som lyder slik:

 

«Askild Jacobsen Ødegaard

er, efter de Politiet meddelte Oplysninger, 69 Aar gammel og født paa Pladsen Ødegaard under Gaarden Høvre i Augvaldsnes Præstegjæld - 22 2/3 Aar gammel blev han den 19 Aug 1823 anhvervet som No. 48 ved 1ste gevorbne Compagnie af Bergenhusiske Uni(?)qvarters-Korps i hvilken Tjeneste Angjældende forblev til 19 Aug 1829.  Senere opholdt og ernærede han sig som Sjouer her i Byen til Høsten 1853 eller 1854, og var hans seneste Opholdssted her i Byen i afdøde Johanne Sørefjords Huus, 10 Rode No 115, ved Nøstet.  Siden Høsten 1853 eller 1854 har Angjældende ikke havt fast Ophold i Bergen, men stadigt flakkede omkring langs Kysten af Bergens Stift uden at han opholdt sig over 1/2 Aar paa noget enkelt Sted av Gangen.  I 1867 blev Angjældende af Midthordlands Sorenskriveri for Tyveri idømt 40 Dager Fængsel paa sædvanlig Fangekost(?), hvilken Straf han udholdt i Bergens Distriktsfængsel

Den i vedlagte Skrivelse fra Fitje Fattigvesen ...... omhandlede Kone Anne Pedersdatter hedder Anne Marie Christine Pedersdatter Sellevold af Askevolds Præstegjæld og var formentlig ikke gift med Angjældende Askild Jacobsen Ødegaard, men har i omtrent 2 Aar fulgt Angjældende og levet sammen med ham som Egtefolk.»

 

Elles hardet i ettertid synt seg at det som me trudde var ei vigsli mellom Askild og Mette Marie Johnsdotter frå Kristiansund, i røyndi var ei truloving, og dei skilde lag att utan å verta gifte.  Dette ser me òg av dei seiare innførslene av Mette Marie i Bergen - over alt er ho ugift:

 

* FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249019683

 

* FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295025352

 

* Dødsfallet 1885: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000256062

 

Når det gjeld den nye «sambuaren» til Askild, so ser eg ho var fpdd i Askvoll 25.5.1829 som dotter av omstreifande Peder Pederson og Helene Pedersdotter med tilhald på Sellevoll i Askvoll: https://media.digitalarkivet.no/view/8598/35

 

Kven var so desse folki?  Det ser ut til at dei òg fekk ei dotter Petrine Marie, fødd på Høevig i Askvoll 30.8.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/8598/52

og ein son Anders fødd 13.9.1825 - då heitte mori Anna Helene: https://media.digitalarkivet.no/view/8598/18

 

Kanskje det vert lettare å finna lagnaden til Askild om me samstundes leiter etter Anna Marie Christine?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar menuskriptet i innlegg #22 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Jørgensdotter {Dalsøren}, døypt {i Luster} 6.2.1785,

Ingeborg Jørgensdotter flytte til Bergen i ung alder, og der gifte ho seg i Krosskyrkja 5.11.1826 med Askild Jacobson frå

 

##### (kvar er han oppvaksen? – Stavanger?)

 

i Bergen kjend som Askild J. Øgaard.  Han var son av vevskeibindar Jacob Askildson Wahlen i

 

##### (bustaden hans? - budde 1807 i Fister sokn i Hjelmeland då dotteri Ingeborg Guria vart døypt i Stavanger Domkyrkje/Vår Frue sokn! – sidan i Stavanger? – til Bergen 1821?)

 

opphavleg frå Valen i Fjelberg, og andre kona Anna Bjørnsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Fjelberg kring 1800. 

 

##### (finn ikkje døypt i Fjelberg!? – seier sjølv han er fødd i Karmsund – Avaldsnes??)

 

Askild Øgaard var hesteskjerar og vevskeibindar, og han og Ingeborg budde visstnok i Lønnesmuget i Bergen der Ingeborg d. 29.4.1852.   Askild ville gifte seg att og vart 3.7.1853 trulova i Domkyrkja i Bergen med Metta Marie Johnsdotter frå Kristiansund.  Ho var dotter av skipstømmermann John Olson i Kristiansund, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – vigde i Kristiansund 20.2.1803!)

 

og kona Karen Sophie Pedersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Kristiansund 16.12.1803.  Men noko ekteskap kom ikkje i stand, men Metta Marie vart buande i Bergen, for det meste på arbeidsanstaltenm, og der d. ho ugift 14.4.1885.  Askild tok på same tidi «vandrarstokken» i handi og flakka kring om på Vestlandet i alle fall til kring 1870. 

 

##### (reiste frå kring 1868 i lag med Anna Marie Christine Pedersdotter frå Sellevold i Askvoll – f. i Askvoll 25.5.1829 av foreldri omstreifar Peder Pederson og Helene Pedersdotter – opphald på Sellevold i Askvoll!)

 

##### (seinare lagnad? – budde han 1869 i Nyhavn i Sandviken?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1870!)

 

Me kjenner til ei dotter etter Askild Øgaard, og ho var frå første ekteskapet med Ingeborg Jørgensdotter, men Ingeborg hadde òg ei dotter frå før:

 

##### (kan henda fleire born? – oppl.!?)

 

a. Christi, kjend som Christine Johnsdotter, dotter av Ingeborg og strandsitjarsonen John Jensson frå Neset under Nes (1790-1817), vart døypt i Luster 12.12.1813, men flytte som barn med mor si til Bergen og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Bergen 19.6.1842 med Martinus Jensson Berg frå Trondheim, kjend som Martinus Jensen, f. i Trondheim 24.2.1808.  Han hengte seg på Hegreneset i Sandviken 6.8.1868, men vart ikkje funnen der før 12 dagar etter.  Martinus var overkonstabel i Bergen, men vart sidan oppsynsmann ved krutthuset på Hegreneset i Sandviken i Bergen,  Christine og Martinus fekk fire born i lag, mellom anna denne sonen:

‑ Georg Martin Martinusson Jensen (1842‑1906), vart gift med strandsitjardotteri Ingrid Thomasdotter frå Kvalsøyri under Kvale (1838‑1897) (s.d.).

b. Anna Christine Askildsdotter Øgaard, f. i Bergen 14.3.1826, d. medan ho sat på tukthuset i Bergen for tjuveri 4.8.1855.  Ho var vertshusarbeidar og budde i Bergen, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elles ser me av heimstavnsforklaringi at Askild skulle vera fødd i Avaldsnes ved årsskiftet 1800/1801, men eg finn han i alle fall ikkje døypt der!!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

689259.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.