Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

A(a)mund Nilsson i Bergen 1801 - fødd kring 1754 - var han frå Luster eller frå Åsane i Hamre?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1801 for Bergen, Sandvikens 2. rode nr. 56 syner mellom anna dette parfolket:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390020610

 

Aamund Nielsen, 47, daglønnar, gift 1ste gongen

Berthe Nielsdatter, 56, hans kone, gift 1ste gongen

 

Eg finn ikkje noki vigsle for dette paret, men derimot vert

 

Amun Nielsen, enkjemann, og

Rangele Nielsdatter, enkje, vigde i Krosskyrkja i Bergen 21.5.1804:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11890&merk=11890#ovre

 

Eg vil tru dette er same mann, for sjå her er dødsfallet til Berthe i 1801, 55 år: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=68302&merk=68302#ovre

 

men eg finn han ikkje i Undersøkjingskommisjonen 1804/1805!

 

Eg har to gode «kandidatar» for denne Aamund Nilsson:

 

** Aamund Nilsson frå Haugen under Flahammar i Luster, son av husmann Nils Andersson og Gjertrud Aamundsdotter, vart døypt i Luster 7.10.1753, var i 1780 soldat ved garnisonen i Rendsburg, Slesvig, men er kan henda komen heim att - til Bergen?

 

** Amund Nilsson frå Borkeland i Åsane, Hamre, døypt i Hamre 11.12.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/11466/85

 

Eg ser at ein tredje Amund Nilsson vart døypt i Sund 24.10.1750, men han trur eg gifte seg i Sund 2.2.1774 med ei Britha Eriksdotter..., med mindre det er dette paret me finn i Bergen i 1801 der Britha Eriksdotter er «vorte til» Bertha Nilsdotter?

 

Hovudinteressa mi ligg sjølvsagt i spørsmålet om det er Aamund Nilsson frå Luster som her dukkar opp i Bergen!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So er det eit spørsmål om eg ikkje sjølv har finne svaret på denne utfordringi:

 

Amund Nilsen Bjerkeland, bordarbeidsmand, 62 år, fødd i Hamre, døydde i Krosskyrkja i Bergen 24.8.1813:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=69945&merk=69945#ovre

 

Kanskje kan Kenneth Bratland stadfesta dette?

 

Eg kjem attende med eit nytt emne om Aamund Nilsson frå Luster, men takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kjell Øijorden

I bygdebok Åsane i fortid og nåtid 3 er Amund Nilssen oppført med foreldre Nils Amundsen Flagtveit og Marta Andersdtr. Teigland som bodde på Birkeland bnr. 2. i Åsane.

Amund f. 1754 d. 1813, g. 1784 m. Brita Fabiansdtr. Hundhammer f. 1743 d. etter 1801. Bost. Hundhammer på Osterøy og Bergen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kjell for kjapt og avklarande svar om Amund Nilsson i Sandviken!  Leitingi etter Aamund Nilsson frå Luster følgjer i eit nytt tema!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.