Gå til innhold
Arkivverket

A(a)mund Nilsson, fødd Luster 1753 - var 1780 soldat ved garnisonen i Rendsburg, Slesvig - lagnaden hans? - militære kjelder?ved soldat frå Luster


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg leiter sidan 1980-talet ganske so fortvila etter denne personen:

 

Aamund Nilsson, son av Nils Andersson (1726-1780) og kona Gjertrud Aamundsdotter (1724-1803), husmannsfolk i Haugen under Flahammar i Luster, vart døypt i Luster 7.10.1753.  Han vart konfirmert i Luster i 1774.

 

Men då faren døydde i 1780, får me greie på at Aamund då oppheldt seg ved garnisonen i Rendsburg, Slesvig: https://media.digitalarkivet.no/view/24142/4

 

Han kom aldri attende til Luster, og eg har personleg for mange år sidan vitja kyrkjearkivi i Rendsburg for å leita etter mannen, men kyrkjebøkene der, som rett nok inneheld mange norske namn, har ingen opplysningar om Aamund Nilsson!!  Forresten var dette første gongen eg vart avkrevd betaling for å sjå i bøkene!!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar det vart av denne karen?  Finst det kanskje militære rullar frå sist på 1770-talet som innheld detaljar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne soldaten frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som vel er gått heilt i «gløymeboki»...

 

Eg sit framleis heilt utan sikre spor etter denne unge mannen frå Luster som i 1780 vart referert til som soldat ved garnisonen i Rendsburg, men KAN han vera den som her er nemnd som far til Søren Ammonsen, fødd 1792 og gift i Kliplev, Åbenrå i Danmark 1822:

 

Name Soren Ammonsen
Birth Date 01 May 1822
Age 30
Spouse's Name Anne Marie Sorensen
Spouse's Birth Date 28 Apr 1821
Spouse's Age 31
Event Date 05 Nov 1852
Event Place Kliplev, Åbenrå, Denmark
Father's Name Ammon Nielsen
Mother's Name Karen Sorensdatter
Spouse's Father's Name Soren Petersen
Spouse's Mother's Name Anne Micolaisdatter

 

Det er ikkje meir enn om lag 80 km mellom Kliplev og Rendsburg...  Er eg på sporet etter noko «stort»??

 

Her fann eg òg ei spennande vigsle i Garnisonskyrkjelyden i København, men han er vel kanskje litt i eldste laget og har namnet Kraagen (Kroken?):

 

Name Amund Nielsen Kraagen
Spouse's Name Anne Dorothea Holm
Event Date 03 May 1809
Event Place Garnisons Sogn, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark

 

Eg ville vorte svært so lukkeleg om nokon kom på sporet etter Aamund og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for nytt innlegg som inneheld dei konkrete hendingane frå kyrkjebøkene i Danmark.

 

Eg har nok «forlese» meg på vigsli frå 1852.  Eg meinte so sikkert det var i 1822, og at Søren var fødd i 1792, som ville gjort han til ein «glimrande kandidat», men med fødselsåret 1822 ser det nok litt meir tvilsamt ut..., eller...?

 

Då er kanskje vigsli frå 1809 meir spennande...?

 

Eg har i kveld lagt dette emnet ut ogso hjå DIS-Danmark: https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,140814.0.html

 

Kanskje ein eller annan «glup» danske har gode tips å komma med?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora denne soldaten i Danmark!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Ivar Moe er i dag komen med følgjande etterlysing frå 1781:

 

12. januar 1781

image.png.7d05072bd940fea8d95e9f9129793405.png

 

Denne etterlysingi gjeld A(a)mund Nilsson frå Flahammarhaugen i Luster, døypt i Luster 7.10.1753 og konfirmert her i 1774 før han forsvann til Danmark som soldat.

 

Dette gjev meg eit «påskòt» til å henta fram att dette emnet som ligg heilt utan løysingsforslag.  Heller ikkje i Danmark har det vore reaksjonar på dette emnet so langt.

 

Det hadde vore ein kjempefin julepresang for meg og for mange med meg om nokon greier å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.