Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Eli Nilsdotter, fødd i Luster 1761 - flytte frå Luster i 1780-åri - kan henda til Bergen? - eller til Romsdalen? - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Terje Hatvik

Beklagar at eg blandar meg inn her, men ho Eli/ Æli kan då umogeleg ha døydd i året 1766 (!) Det må då vera feil.

For det skal vel helst vera 1806, eller?

 

Eli gifte seg so att i Veøy 29.12.1794 med Anders Olson frå Hammervold i Veøy.  Han var son av husmann Ole Pederson på Hammervoldneset under Hammervold, opphavleg frå Ottestad, og kona Sigrid Andersdotter frå Holmem indre og vart døypt i Veøy 9.3.1760.  Anders og Eli var plassfolk mellom anna på Øvrebøhjellen under Øvrebø og sidan på nein plass under Holmen der Eli d. som husmannskone 16.5.1766.  Anders gifte seg 8.2.1807 att i Veøy med Kari Colbensdotter frå Folkestad i Volda, døypt i Volda 23.7.1769. 

 

Endret av Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Osvald, Randi Elisabeth og Terje for nye spennande innlegg!

 

Det er godt å ha Terje på laget.  Det hadde snike seg inn ein «prenteleif» her, og òrsaki var at fpdselsåret frå gravferdi stod like over dødsdatoen!

 

No er dette retta opp, og eg har òg lagt inn opplysningane frå Osvald om opphavet til Christen Johanson.

 

Når det gjeld dei to vitni ved trulovingi i 1791, som eg les som Knut Olson Rugier og Rasmus Lunden, so må vel dette vera:

 

* Knut Olson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058422002775

 

* Rasmus Lunden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058422000759

 

Men kva mogeleg skyldskap dei kan ha hatt med ekteparet, veit eg ikkje...

 

Me sit no att med følgjande «hovudutfordringar» når det gjeld denne huslyden:

 

** Fødsels-/Dåps- og døds-/gravferdsdatoar for Brit Andersdotter 1801-1803?

 

** Lagnaden til Gjertrud Andersdotter, f. 1796?

 

** Lagnaden til Anna Andersdotter, f. 1800?

 

** Dødsfalli til Brit Andersdotter, f. 1804 og Jørgen Jørgenson, f. 1808?

 

Og her følgjer siste oppdaterte versjon av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #23 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eli Nilsdotter {Haugen}, døypt {i Luster} 12.9.1761, levde i Luster i 1780.­

Eli Nilsdotter flytte frå Luster i 1780-åri, og me trur det var ho som 23.10.1791 gifte seg første gongen i Veøy med Christen Johanson frå Hammervold i Veøy.  Han var son av husmann Johan Christenson på Hammervoldneset under Hammervold, opphavleg frå Sekkesæter, og kona Kari Knutsdotter frå Hammervoldneset.  Men Christen miste livet som fiskar i Julsundet i Veøy 8.7.1792, og Eli gifte seg att i Veøy 29.12.1794 med Anders Olson frå Hammervold i Veøy.  Han var son av husmann Ole Pederson på Hammervoldneset under Hammervold, opphavleg frå Ottestad, og kona Sigrid Andersdotter frå Holmem indre og vart døypt i Veøy 9.3.1760.  Anders og Eli var plassfolk mellom anna på Øvrebøhjellen under Øvrebø og sidan på nein plass under Holmen der Eli d. som husmannskone 16.5.1806.  Anders gifte seg 8.2.1807 att i Veøy med Kari Colbensdotter frå Folkestad i Volda, døypt i Volda 23.7.1769.  Dei busette seg same året som husmannsfolk på Seljevoldrabben under Seljevold i Veøy der Anders d. 30.12.1830.  Kari Colbensdotter d. som legdelem same staden 9.5.1854. 

 

##### (ein son i andre ekteskap: Ole Andersson Seljevold f. 20.8.1808, d. 1874)

 

Eli Nilsdotter fekk i alt fire born, som alle var frå andre ekteskapet med Anders Olson:

a. Gjertrud Andersdotter, f. på Monsås i Grytten 11.6.1796,

 

     ##### (n. 1831 – ugift – lagnaden hennar?)

 

b. Anna Andersdotter, f. i Veøy 8.9.1800,

 

     ##### (n. 1831 – ugift – lagnaden hennar?)

 

c. Brit Andersdotter,

 

     ##### (1801-1803 – finn ikkje dette barnet!!)

 

d. Brit Andersdotter, f. i Veøy 31.5.1804, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1860?)

 

     Brit gifte seg i Rødven, Veøy 5.1.1845 med Jørgen Jørgenson frå Farkvam i Veøy, f. i Veøy 8.11.1808.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – plassfolk på ein plass under Straume? – han budde der i 1865 med ny kone!)

 

     Dei var barnlause, men Brit hadde ei dotter frå før.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Osvald Rydjord

Randi: Knud Olsen Rügier, 3-menning av min tredje tippoldefar, han er fra Holmem og jeg ser ikke noe slektssammenheng til noen av dem. Lunden er et ikkenavn i Veøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Osvald Rydjord

Anne Andersdatter døde som legdslem på Seljevold 9.aug (?) og er gravlagt 4.sept 1853 54 år gammel nr 23 https://www.digitalarkivet.no/kb20070327650103

Brit Andersdatter må ha dødd før29  april 1860 før da gifter enkemann Jørgen Jørgensen Farkvam seg igjen https://www.digitalarkivet.no/kb20070327650068

Jørgen er her i 1865 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038294002513

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Osvald for dei siste innleggi i denne debatten frå september som diverre er vorti liggjande alr for lengje....

 

Det høyrest for meg ut som om kyrkjebøkene frå Veøy må vera mangelfulle, so lenge som dødsfallet til Brit Andersdotter ikkje kan finnast!  Ho må jo vera avlidi mellom 1845 og 1860, truleg nærare det siste året enn det første!?  Etter ein del blaing fann eg omsider dødsfallet til mann hennar i 1896 på Reistad i Veøy...  Men kvar hadde han bustaden sin etter 1865?  FT1875 er diverre ikkje databaseregistrert...!

 

Elles er det svært so merkeleg at me ikkje kan finna spor etter denne «ekstra» dotteri Brit som skal ha vore fødd i 1801 og døydde i 1803.  Kan det bero på ein feil i bygdeboki?

 

Den siste attståande utfordringi er lagnaden til Gjertrud Andersdotter, fødd i Grytten i 1796.  Kvar i all verdi kan ho ha vorti av?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eli Nilsdotter {Haugen}, døypt {i Luster} 12.9.1761, levde i Luster i 1780.­

Eli Nilsdotter flytte frå Luster i 1780-åri, og me trur det var ho som 23.10.1791 gifte seg første gongen i Veøy med Christen Johanson frå Hammervold i Veøy.  Han var son av husmann Johan Christenson på Hammervoldneset under Hammervold, opphavleg frå Sekkesæter, og kona Kari Knutsdotter frå Hammervoldneset.  Men Christen miste livet som fiskar i Julsundet i Veøy 8.7.1792, og Eli gifte seg att i Veøy 29.12.1794 med Anders Olson frå Hammervold i Veøy.  Han var son av husmann Ole Pederson på Hammervoldneset under Hammervold, opphavleg frå Ottestad, og kona Sigrid Andersdotter frå Holmem indre og vart døypt i Veøy 9.3.1760.  Anders og Eli var plassfolk mellom anna på Øvrebøhjellen under Øvrebø og sidan på nein plass under Holmen der Eli d. som husmannskone 16.5.1806.  Anders gifte seg 8.2.1807 att i Veøy med Kari Colbensdotter frå Folkestad i Volda, døypt i Volda 23.7.1769.  Dei busette seg same året som husmannsfolk på Seljevoldrabben under Seljevold i Veøy der Anders d. 30.12.1830.  Kari Colbensdotter d. som legdelem same staden 9.5.1854.  Eli Nilsdotter fekk i alt fire born, som alle var frå andre ekteskapet med Anders Olson.  Dessutan fekk Anders ein son i andre ekteskapet sitt med Kari:

a. Gjertrud Andersdotter, f. på Monsås i Grytten 11.6.1796,

 

     ##### (n. 1831 – ugift – lagnaden hennar?)

 

b. Anna Andersdotter, f. i Veøy 8.9.1800, d. som legdelem på Seljevold 9.8.1853, ugift.

c. Brit Andersdotter,

 

     ##### (1801-1803 – finn ikkje dette barnet!!)

 

d. Brit Andersdotter, f. i Veøy 31.5.1804, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1860?)

 

     Brit gifte seg i Rødven, Veøy 5.1.1845 med Jørgen Jørgenson frå Farkvam i Veøy, f. i Veøy 8.11.1808.  Han d. som enkjemann og legdelem på Reistad i Veøy 27.5.1896. 

 

     ##### (yrke og bustad? – plassfolk på ein plass under Straume? – han budde der i 1865 med ny kone!)

 

     Dei var barnlause, men Brit hadde ei dotter frå før.

e. Ole Andersson, f, i Veøy 20.8.1808, d. som husmann på Seljevold 25.10.1874.  Han gifte seg i Veøy 26.12.1832 med Brit Olsdotter frå Seljevold, f. i Veøy 25.11.1793.  Ho d. som husmannskone på Seljevold 25.1.1869.  Ole og Brit tok over som plassfolk etter foreldri hans på Seljevoldrabben under Seljevold i Veøy og fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.