Gå til innhold
Arkivverket

Siri Christensdotter Døsen, f. i Luster 1757 - gift i Bergen 1793 med Bottolf Eriksen - kven var Bottolf, og kvar vart det av døtrene deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Soga om Siri Christensdotter vart påbørja på 1980-talet, men eg greidde aldri finna ut kven mann hennar var, eller kvar det vart av døtrene deira.

 

Kanskje finst det andre auge der ute som ser denne huslyden betre enn meg?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Christensdotter (Døsen), døypt i Luster 22.9.1757,

Siri Christensdotter flytte til Bergen, truleg i ung alder, og tente nok der i mange år, men gifte seg so i Bergen 16.2.1793 med Bottolf Erikson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

i Bergen kjend som Bottolf Eriksen.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1756?? – kan henda ei av desse:

       * Bottolf Erikson, døypt «uekte» Opheim sokn 14.6.1755 av Erik Bottolfson Gavle og Britha Asgrimsdotter

       * Bottolf Erikson, døypt Evanger sokn 23.5.1756 av Erik Sølfestson Westrem og kona)

 

Bottolf var dagarbeidar, og parfolket budde i Theatergaten i Bergen.  Derifrå vart Bottolf gravlagd 27.7.1803, medan Siri Eriksen d. som enkje i Bergen 19.5.1819.  Dei fekk fem døtrer i lag:

a. Bertha Bottolfsdotter (Eriksen), tvilling, f. i Bergen 26.5.1792,

 

     ##### (nemnd 1801 – lagnaden hennar?)

 

b. Gunnhild Bottolfsdotter (Eriksen), tvilling og likeins f. i Bergen 26.5.1792,

 

     ##### (nemnd som fosterbarn på Årstad 1801 – lagnaden hennar?)

 

c. Elisabeth Bottolfsdotter (Eriksen), f. i Bergen 1.5.1794, vart gravlagd i Bergen 2.7.1798.

d. Christine Bottolfsdotter (Eriksen), døypt i Bergen 29.10.1797,

 

     ##### (nemnd 1801 – lagnaden hennar?)

 

e. Elen Bottolfsdotter (Eriksen), f. i Bergen 28.1.1800, vart gravlagd i Bergen 16.3.1800.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og lever i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Kjell Øijorden skrev:

 

I 1830 har en Gjert Halvorsen og kona Christine Eriksdatter datteren Anna Serene til dåpen i DK i Bergen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000795201

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Fødte og døpte 1830, Side 190
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306670435.jpg 

 

Her er vel et barn til av samme paret: 

 

Halvor Andersen, 1827 - mor kalles Anna Christine Bottolfsdatter:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=7135&personpostnr=21393&merk=21393#ovre

 

Christine kalles Eriksdatter ved dåpen i 1830, og faren til din Christine, Lars, het Bottolf Eriksen. Men så var det dette dobbeltnavnet i 1827, da...! 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kjell, Ivar og Grethe for svært spennande og utfordrande innlegg om denne huslyden.

 

Dette er ein huslyd som eg lyt studera litt nærare, men i utgongspunktet er eg ganske so overtydd om at du Kjell har finne den «rette» Christine; alderen stemmer rett nok ikkje heilt, men det finst ingen andre jenter med dette namnet fødde i Bergen på den tidi, og alderen kan vera oppgjevi då dei vart trulova, kanskje eitt til to år før vigsli...!?  Dessutan har me «blandingi» med Eriksdotter etc. som Grethe har påvist, og som synest vera eit underbygglande indisium.

 

Når det gjeld Bertha, var ho i so fall svært so ung då ho gifte seg i 1810, og so har me den Bertha, som Ivar fann avlidi i 1818.  Det er berre det: korleis kan Bottolf vera «pårørande» når han døydde alt i 1803?  Eller er kanskje Berthe Gurine identisk med tvilling Gunnhild?a

 

Som sagt, eg lyt studera dei innkomne opplysnijnganen litt nærare og kjem attende...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!  Kanskje nokon greier utfordringi med opphavet til Bottolf Erikson?  Var han frå Voss?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no gått grundig igjennom dei innsamla opplysningane om denne huslyden og vil komma med ein førebels «status»:

 

Eg er ikkje i stand til å finna noko som helst av opplysningar om den Bertha Bottolwsdotter som gifte seg i 1810 med Nils Nilsson.  Dei har ingen born fødde i Bergen.  Samstundes er alderen på Bertha Gurine som døydde i 1818, 26 år, og far hennar heitte Bottel Erikson, so eg trur det MÅ vera ho...!  Det er vel òg mogeleg det kan vera tale om same jenta; kanskje ekteskapet med Nils Nilsson vart annullert?

 

Christine Bottelsdotter er eg ganske so overtydd om må vera «vår» Christine.  Eg har leitt etter fleire born enn dei to de fann før, men finn ikkje nokon.  Eg finn heller ikkje dødsfallet til Christine...  Kan ho vera avlidi som «Eriksdotter»??

 

MEN, so er eg ganske so overtydd om at eg har finna att Gunnhild!  Ho nytta òg eit førenamn #2, Marie, og hadde tvillingar (ho var jo sjølve ei), den eine med namn Anna Sirene, same namnet som Christine gav dotteri si, og Christine var dessutan fadder på eldste barnet hennar Gunnhild i 1815!

 

Eg har fylt ut det meste om Gunnhild, men greidde ikkje finna fødsli/dåpen til mann hennar i Årstad som son av Ole Hansson Solemsvigen!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Christensdotter, døypt i Luster 22.9.1757,

Siri Christensdotter flytte til Bergen, truleg i ung alder, og tente nok der i mange år, men gifte seg so i Bergen 16.2.1793 med Bottolf Erikson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

i Bergen kjend som Bottolf Eriksen.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1756?? – kan henda ei av desse:

       * Bottolf Erikson, døypt «uekte» Opheim sokn 14.6.1755 av Erik Bottolfson Gavle og Britha Asgrimsdotter

       * Bottolf Erikson, døypt Evanger sokn 23.5.1756 av Erik Sølfestson Westrem og kona)

 

Bottolf var dagarbeidar, og parfolket budde i Theatergaten i Bergen.  Derifrå vart Bottolf gravlagd 27.7.1803, medan Siri Eriksen d. som enkje i Bergen 19.5.1819.  Dei fekk fem døtrer i lag:

a. Bertha, kjend som Bertha Gurine Bottelsdotter, tvilling, f. i Bergen 26.5.1792, d. ugift i Bergen 11.8.1818.

 

     ##### (nemnd 1801 – sjekka at det er ho – 10. Rode 139)

 

b. Gunnhild, kjend som Gunnhild Marie Bottelsdotter, tvilling og likeins f. i Bergen 26.5.1792, d. som vektarkone i Bergen 1.2.1827.  Gunnhild Marie voks opp som fosterbarn på Årstad, men gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 28.5.1815 med Søren Olson Hope frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     i Bergen kjend som Søren Olsen.  Han var f. i Årstad, Bergen

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1780/1785? –p: Ole Hansson Solemsvigen!)

 

     og d. som enkjemann og arbeidar i Bergen 31.3.1864.  Som enkjemann gifte han seg 20.9.1829 att i Domkyrkja i Bergen med enkja Ingeborg Oline, kjend som Oline Mikkelsdotter, f. i Bergen 30.3.1793.  Ho d. som dagarbeidarkone i Bergen 10.12.1858.  Søren var dagarbeidar og vektar og budde i Bergen levetidi ut.  Han fekk i alt åtte born, av dei var seks frå første ekteskapet med Gunnhild Marie.

 

     ##### (borni deira:

            * Friderich Sinberg, f. KK 20.8.1815 – fadrar m.a. Christine Bottelsdotter og Jørgen Olson Hope

            * Anna Sirenne, tvilling, f. DK 11.6.1818

            * Pernille Kirstine, tvilling, f. DK 11.6.1818

            * Friderich Sinberg, f. DK 19.10.1820

            * Ole Johan, f. DK 19.11.1822

            * Christian Severin, f. DK 11.6.1824

            * Gunnhild Fredrikke, f. DK 6.8.1829

            * Ole Michael, f. DK 22.11.1835

 

c. Elisabeth Bottelsdotter, f. i Bergen 1.5.1794, vart gravlagd i Bergen 2.7.1798.

d. Christine, kjend som Anna Christine Bottelsdotter, døypt i Bergen 29.10.1797, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Anna Christine gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 25.1.1824 med Gjert Halvorson frå Strand i Fjaler, i Bergen kjend som Gjert Halvorsen.  Han vart døypt i Fjaler 14.6.1794 og d. som almisselem på arbeidsanstalten i Bergen 22.8.1855.  Gjert var bordarbeidar, og han og Anna Christine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Halvor Andersen, f. DK, Bergen 14.11.1827

            * Anna Serene, f. DK, Bergen 4.8.1830)

 

e. Elen Bottelsdotter, f. i Bergen 28.1.1800, vart gravlagd i Bergen 16.3.1800.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg på ny takka for framifrå hjelp med denne huslyden, og eg vonar at det kan dukka opp fleire detaljar, til dømes når det gjeld opphavet til Bottolf Erikson...  Var han vossing?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Bottolf Erikson, døypt «uekte» Opheim sokn 14.6.1755 av Erik Bottolfson Gavle og Britha Asgrimsdotter

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002614645

 

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 8 (1752-1780), Kronologisk liste 1755, Side 68-69
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104610035.jpg
 

 

Det er en hypotetisk - la oss si hypotetisk, siden vi ikke er sikre - mulighet for at Erik og Brita kan være Bottolfs foreldre, for Bottolfs eldste datter ble døpt Berthe/het Berthe Gurine. Jeg ser finner både Erik og Brita i de offentlige skriftemålene på Voss:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/307/ps00000000000766

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/307/ps00000000000768

 

Brite var t.p. Hegland og det betyr antakelig tjenestepike på Hegland. 

 

I 1759 er det vel samme Brite nok en sønn utenfor ekteskap - Ole - far: Knud Olsen Bygd

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002616366

 

I 1774 er det en ungkar Erik Bottolfsen Gavle som gifter seg i Vinje annekssogn med Ingeborg Sjursdatter Øjorden, men vet ikke om dette er samme mann var "løskarl" på Gavle nesten tjue år tidligere: 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001028588

 

I 1774 har det samme parfolket en datter Martha til dåpen og da bor de som husfolk på Sivle:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002622640

 

I 1778 døpes datteren Dordey: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002626738

 

Jeg finner to Bottolf Eriksen konfirmert i Voss i 1773

Vang kirke: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000583648 -  bosatt Nareim 

Vinje kirke: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000583766 - bosatt Sundve 

 

I 1736 dør en Bottolf Eriksen Sundve, og det kan potensielt være farfaren til konfirmanten fra Sundve i 1773. 

 

Men alt dette blir usammenhengende spekulasjoner, og jeg går derfor ikke videre med dette. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om Eirik Sylfestson står det  i Vossaboki 4 : Gardssoga 3, : Kvitlar, Bordals og Vikjar åttungar, side 583, Narheim at han var født 1710, d. 1787, og at han hadde barna:

 

Olav, f. 1760, d. 1815

Herborg, f. 1763, gift 2 ganger, død barnløs i 1814

Bottolv, gift 1797 med enken Kristbjørg Mikkelsdatter Brunborg. Bottolv døde 1826, 70 år gammel, barnløs. 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058378004260

 

Da kan vi i alle fall sjekke ut denne Bottolv, Lars! Bottolf, gift med Kristbjørg, er for øvrig den eneste Bottolf Eriksen jeg finner bosatt i Voss i 1801. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Då er Erik Sølfestson sin son Bottolf «sjekka ut» av saki, men nettopp argumentet med ei mogeleg oppkalling av Britha Asgrimsdotter gjennom dotteri Bertha (Gurine) i 1792, er spennande.  Ætteboki for Vossestrand (som eg ikkje har tilgjengeleg) KAN gje oss eit svar på dette, til dømes under Gavle eller under Sundve?

 

Elles har eg i dag finne det endelege provet på at Bertha Gurine som døydde i 1818, verkeleg er den eine tvillingsøsteri.  Ho døydde nemleg i 10-139 (Theatergaten), og på denne adressen finn me i FT1815 som huseigar «Bothle Erichsens Enche» som budde der i lag med broren Christen og ei (ukjend) Martha:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&medbilete=&sokpostnr=11#a0

 

Same eigedomen vart forresten i 1820-åri overteken av Søren Olson Hope som var gift med Gunnhild!

 

Eg har elles i dag søkt vidare etter (Anna) Christine Bottelsdotter og dei to borni hennar, men eg finn ingen av dei i Bergen!!  Kan det tenkjast at Christine er flytt frå Bergen med dei to borni sine??

 

Men eit anna «nytt» element oppi dette er innførsli frå FT1815.  Siri hadde denne eine broren, som budde hjå ho i Theatergaten i Bergen i mange år, men i 1801 var han ugift, og i 1815 ser han ut til å vera gift med denne (ukjende) Martha, som er på same alder!?  Eg finn ikkje noki vigsle i Bergen som høver til desse, so kven var ho?  Christen døydde som almisselem i Komediebakken i Bergen 26.1.1835.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #6 ovanfor, der eg òg har teke med broren Christen, og det eg veit om han:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Christensdotter, døypt i Luster 22.9.1757,

Siri Christensdotter flytte til Bergen, truleg i ung alder, og tente nok der i mange år, men gifte seg so i Bergen 16.2.1793 med Bottolf Erikson frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

i Bergen kjend som Bottolf Eriksen.  Han var son av

 

 

##### (foreldri hans?)

 

 

og f.

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1756?? – kan henda denne:

       * Bottolf Erikson, døypt «uekte» Opheim sokn 14.6.1755 av Erik Bottolfson Gavle og Britha Asgrimsdotter – konfirmert Sundve 1773?)

 

 

Bottolf var dagarbeidar, og parfolket budde i Theatergaten i Bergen.  Derifrå vart Bottolf gravlagd 27.7.1803, medan Siri Eriksen d. som enkje same staden 19.5.1819.  Dei fekk fem døtrer i lag:

a. Bertha, kjend som Bertha Gurine Bottelsdotter, tvilling, f. i Bergen 26.5.1792, d. ugift i Bergen 11.8.1818.

b. Gunnhild, kjend som Gunnhild Marie Bottelsdotter, tvilling og likeins f. i Bergen 26.5.1792, d. som vektarkone i Bergen 1.2.1827.  Gunnhild Marie voks opp som fosterbarn på Årstad, men gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 28.5.1815 med Søren Olson Hope frå Starefossen i Årstad, f. i Solheimsviken og døypt i Årstad, Bergen 27.11.1785.  Han d. som enkjemann og arbeidar i Bergen 31.3.1864.  Som enkjemann gifte Søren Hope seg 20.9.1829 att i Domkyrkja i Bergen med enkja Ingeborg Oline, kjend som Oline Mikkelsdotter, f. i Bergen 30.3.1793.  Ho d. som dagarbeidarkone i Bergen 10.12.1858.  Søren var dagarbeidar og vektar og tok over eigedomen i Theatergaten i Bergen der han budde levetidi ut.  Søren Hope fekk i alt åtte born, av dei var seks frå første ekteskapet med Gunnhild Marie.

 

 

     ##### (borni deira:

            * Friderich Sinberg, f. KK 20.8.1815 – fadrar m.a. Christine Bottelsdotter og Jørgen Olson Hope

            * Anna Sirenne, tvilling, f. DK 11.6.1818 – d. DK 26.1.1822

            * Pernille Kirstine, tvilling, f. DK 11.6.1818

            * Friderich Sinberg, f. DK 19.10.1820 – d. DK 13.6.1829 (ved ulykkeligt Fald!)

            * Ole Johan, f. DK 19.11.1822 – d. DK 1.5.1827

            * Christian Severin, f. DK 11.6.1824

            * Gunnhild Fredrikke, f. DK 6.8.1829

            * Ole Michael, f. DK 22.11.1835

 

 

c. Elisabeth Bottelsdotter, f. i Bergen 1.5.1794, vart gravlagd i Bergen 2.7.1798.

d. Christine, kjend som Anna Christine Bottelsdotter, døypt i Bergen 29.10.1797, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

 

     Anna Christine gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 25.1.1824 med Gjert Halvorson frå Strand i Fjaler, i Bergen kjend som Gjert Halvorsen.  Han vart døypt i Fjaler 14.6.1794 og d. som almisselem på arbeidsanstalten i Bergen 22.8.1855.  Gjert var bordarbeidar, og han og Anna Christine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk to born i lag.

 

 

     ##### (borni deira:

            * Halvor Andersen, f. DK, Bergen 14.11.1827

            * Anna Serene, f. DK, Bergen 4.8.1830)

 

 

e. Elen Bottelsdotter, f. i Bergen 28.1.1800, vart gravlagd i Bergen 16.3.1800.

 

 

~~~~~

 

 

 Christen Lemvig Christenson, døypt i Luster 28.7.1771,

Christen Christensen flytte til Bergen kring 1790 og livnærte seg der som fiskar og matros.  Han budde mange år hjå søsteri Siri i Theatergaten, men flytte sidan til Komediebakken der han d. som almisselem 26.1.1835.

 

 

##### (1815 ser det ut som han hadde ei kone Martha på same alder – kven var ho?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden og lever i voni om å få svar på fleire av spørsmåli...  Kanskje nokon finn ut av kven Søren Olson Hope kan ha vore?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er vel lysningen for Søren Olsen og Ingeborg Mikkelsdatter:

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Forlovererklæringer nr. II.5.2 (1820-1832), Lysninger 1829, Side 144
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060621100337.jpg
 

Søren Olson Hope frå

     ##### (opphavet hans?)

     Han var f. i Årstad, Bergen

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1780/1785? –p: Ole Hansson Solemsvigen!)

 

??? Søren, sønn av Ole Hansen Solheimsviken og Pernille Jørgensdatter.

Bergen fylke, St. Jørgens hospital, Årstad i St. Jørgens hospital, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1814), Kronologisk liste 1785, Side 66
Permanent bilde-ID: kb20070418620005
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418620005
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070418620005.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være konfirmasjonen til Søren Olsen? Her står fødselsåret 1787:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000331537

 

I 1801 er det en Søren Olsen, f. 1787, som er i tjeneste i Fana:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058383001903

 

Skal sjekke om det er døpt i Søren i 1787! Finner ingen Søren døpt 1786, 1787, 1788. 

 

Et ektepar Ole Hansen og Pernille Jørgensdatter har bopel Starrefossen i Bergen i 1801. De bor der sammen med sønnen Jørgen, 28 år. 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttige innlegg om Søren Olson Hope og opphavet hans.  Ingen tvil om at du har finne «rette» folki, og eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #9 ovanfor.

 

Då sit me att med tre «hovudutfordringar» i denne huslyden:

 

** Opphavet til Bottolf Erikson (på Vossestrand?)?

 

** Lagnaden til (Anna) Christine Bottelsdotter, f. 1797?

 

** Og endeleg identifikasjon av Martha, skrivi som gift med Christen Christenson i FT1815 i Bergen?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden og lever vidare i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg er meir eller mindre overtydd om at me har den «rette» Bottolf Erikson frå Vossestrand, og eg har no fått ei stadfesting av at han «forsvinn» frå Voss etter konfirmasjonen.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Siri Christensdotter, døypt i Luster 22.9.1757,

Siri Christensdotter flytte til Bergen, truleg i ung alder, og tente nok der i mange år, men gifte seg so i Bergen 16.2.1793 med Bottolf Erikson, truleg frå Meland nedre på Vossestrand, Voss, i Bergen kjend som Bottolf Eriksen.  Han var son av husmann Erik Bottolfson på ein plass under Sivle, opphavleg frå Gavle, og jenta Britha Asgrimsdotter frå Meland nedre, sidan gardbrukarkone på Luren i Evanger, Voss, og vart i so fall døypt på Voss 14.6.1755.  Bottolf var dagarbeidar, og parfolket budde i Theatergaten i Bergen.  Derifrå vart Bottolf gravlagd 27.7.1803, medan Siri Eriksen d. som enkje same staden 19.5.1819.  Dei fekk fem døtrer i lag:

a. Bertha, kjend som Bertha Gurine Bottelsdotter, tvilling, f. i Bergen 26.5.1792, d. ugift i Bergen 11.8.1818.

b. Gunnhild, kjend som Gunnhild Marie Bottelsdotter, tvilling og likeins f. i Bergen 26.5.1792, d. som vektarkone i Bergen 1.2.1827.  Gunnhild Marie voks opp som fosterbarn på Årstad, men gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 28.5.1815 med Søren Olson Hope frå Starefossen i Årstad, f. i Solheimsviken og døypt i Årstad, Bergen 27.11.1785.  Han d. som enkjemann og arbeidar i Bergen 31.3.1864.  Som enkjemann gifte Søren Hope seg 20.9.1829 att i Domkyrkja i Bergen med enkja Ingeborg Oline, kjend som Oline Mikkelsdotter, f. i Bergen 30.3.1793.  Ho d. som dagarbeidarkone i Bergen 10.12.1858.  Søren var dagarbeidar og vektar og tok over eigedomen i Theatergaten i Bergen der han budde levetidi ut.  Søren Hope fekk i alt åtte born, av dei var seks frå første ekteskapet med Gunnhild Marie.

c. Elisabeth Bottelsdotter, f. i Bergen 1.5.1794, vart gravlagd i Bergen 2.7.1798.

d. Christine, kjend som Anna Christine Bottelsdotter, døypt i Bergen 29.10.1797, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Anna Christine gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 25.1.1824 med Gjert Halvorson frå Strand i Fjaler, i Bergen kjend som Gjert Halvorsen.  Han vart døypt i Fjaler 14.6.1794 og d. som almisselem på arbeidsanstalten i Bergen 22.8.1855.  Gjert var bordarbeidar, og han og Anna Christine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Halvor Andersen, f. DK, Bergen 14.11.1827

            * Anna Serene, f. DK, Bergen 4.8.1830)

 

e. Elen Bottelsdotter, f. i Bergen 28.1.1800, vart gravlagd i Bergen 16.3.1800.

 

~~~~~

 

 5. Lars Christenson, døypt i Luster 23.5.1766

Lars Christenson vart utkommandert som soldat sist i 1780‑åri, men

 

##### (d. barnlaus før 1804 – ikkje i Bergen!)

 

~~~~~

 

 7. Christen Lemvig Christenson, døypt i Luster 28.7.1771,

Christen Christensen flytte til Bergen kring 1790 og livnærte seg der som fiskar og matros.  Han budde mange år hjå søsteri Siri i Theatergaten, men flytte sidan til Komediebakken der han d. som almisselem 26.1.1835.

 

##### (1815 ser det ut som han hadde ei kone Martha på same alder – kven var ho?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei einaste «hovudutfordringane» som soleis står att når det gjeld denne huslyden, er desse:

 

** Lagnaden til (Anna) Christine Bottelsdotter, f. 1797?

 

** Identifikasjon av Martha, skrivi som gift med Christen Christenson i FT1815 i Bergen? - http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&medbilete=&sokpostnr=11#a0

 

Men er det mogeleg å gjera noko med dei?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Vet ikke om du har denne vielsen, til Anne Serene Halvorsen (#19)

https://media.digitalarkivet.no/view/8737/107

 

Gjert Halvorsen og Christine Bottelsdatter hadde forøvrig en datter født 10.01.1826 (Ane Helene) http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=6870&personpostnr=20599&merk=20599#ovre

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har funnet barn etter Jens Tollefsen og Anne Serene Halvorsen:

 

Jens Theodor, født 7.9.1856 https://media.digitalarkivet.no/view/8326/103

Anne Christine, født 24.8.1858 https://media.digitalarkivet.no/view/8326/275

Halvor Martin, født 13.3.1861 https://media.digitalarkivet.no/view/1962/72

 

Anne Serene får i 1863 tvillinger  med bødkersvenn Ole Johan Olsen

Oluf Johan https://media.digitalarkivet.no/view/1962/117

Hanne Bergitte https://media.digitalarkivet.no/view/1962/284

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for ny innlegg frå sist måndag!

 

Det var svært interessant å få greie på at Gjert og (Anne) Christine hadde eit tredje barn, men eg reknar med at dette barnet døydde i ung alder...

 

Uansett, dei to «hovudutfordringane» som står att å løysa når det gjeld denne huslyden, er, som alt nemnt i innlegg #13 over, der òg siste versjon av manuskriptet står, desse:

 

** Lagnaden til (Anna) Christine Bottelsdotter, f. 1797?

 

** Identifikasjon av Martha, skrivi som gift med Christen Christenson i FT1815 i Bergen? - http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&medbilete=&sokpostnr=11#a0

 

Dette er nok vanskelege spørsmål å gjera noko med, men det er lov å vona, og det gjer eg...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp til å løysa desse utfordringane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.