Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Nilsson Bandscher (1708-1754) - klokkar i Luster - kven var kona Malene Wiborg, svigersonen Andreas Weydemeyer og øvrige slekt i Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til klokkar Rasmus Nilsson Bandscher i Luster er omspinne med mykje «mystikk», og eg har ikkje greidd å finna so svært mykje i dei tilgjengelege kjeldene om denne huslyden.  Kona Malene Ludvigsdotter Wiborg flytte som enkje frå Luster, og dei fleste borni skal ha hamna i Bergen eller på den kanten.  Ei dotter vart gift til Alvøen med Andreas Weydemeyer, medan ei anna dotter skal ha vore gift i Sandviken, men mannens namn er ukjent!

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt og vonar at nokon kan bidra med supplerande opplysningar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Nilsson Bandscher, frå Bergen, var son av arbeidar Nils Andersson (Bandscher) i Bergen og kona Elisabeth Rasmusdotter, og frå Bergen og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1708?)

 

     Han vart gravlagd, truleg frå Årstu i Luster, 8.2.1754.  Han gifte seg i Hafslo 2.5.1734 med Malena Ludvigsdotter Wiborg frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Ho var dotter av

 

     ##### (foreldri hennar?)

 

     og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1710?)

 

     Det var Østen Olson Lund i Lundstova under Dalsøyri (1696‑1733) som vart klokkar etter Christen Christenson, men Østen døydde tidleg, og kring 1734 overtok Rasmus Bandscher som klokkar i Luster.  Han og Malena busette seg truleg her i Årstu i heimen til gamle Christen Christenson, og her vart dei buande so lenge som Rasmus levde.

Malena Wiborg Bandscher flytte

 

##### (kvar vart ho av? – kan henda til Bergen??)

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?)

 

Rasmus Bandscher og kona Malena fekk fem born i lag:

 1. Elisabeth Rasmusdotter Bandscher (1735‑1735).

 2. Elisabeth Rasmusdotter Bandscher, døypt 27.2.1737,

Elisabeth Bandscher flytte visstnok kring 1760 til Bergen, men d. der alt i 1776, ugift.

 

##### (sjekka dette dødsfallet?)

 

 3. Agatha Margrethe, kjend som Grethe Rasmusdotter Bandscher, f. 9.8.1739,

Grethe Bandscher flytte òg kring 1760 til Bergen, men gifte seg på Askøy 8.11.1767 med Andreas Peter

 

##### (farsnamnet hans?)

 

Weydemeyer frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1736!?)

 

Andreas og Grethe budde på Alvøen i Strudshavn, Askøy, men flytte sidan til Bergen der Andreas var dagarbeidar i Bergen.  Dei budde visstnok i Ytre Markeveien der Andreas d. 1.3.1800.  Grethe Bandscher Weydemeyer d. i Bergen 19.8.1800.  Me veit om seks born etter dei:

 

##### (var det kan henda fleire?)

 

a. Johan Wilhelm Andreasson Weydemeyer, døypt i Askøy 8.5.1768,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Pauline Andreasdotter Weydemeyer, døypt i Askøy 3.9.1769,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Anne Marie Andreasdotter Weydemeyer, døypt i Askøy 1.11.1770, gravlagd i Askøly 8.11.1772.

d. Rasmus Andreasson Weydemeyer, døypt i Askøy 5.4.1772,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

e. Johan Christopher Andreasson Weydemeyer, døypt i Askøy 13.3.1774, d. på sjukehuset i Bergen 13.10.1828.  Johan gifte seg i Bergen 27.10.1805 med Bertha Johanne Henriksdotter Dahle frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1757?)

 

     Ho d. i Bergen 13.3.1823.  Johan Weydemeyer var bøkkar, og han og Bertha budde i Bergen levetidi ut.  Ingen born.

f. Just Fredrik Andreasson Weydemeyer, døypt i Askøy 16.6.1776,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 4. Nils Rasmusson Bandscher, døypt i Luster 30.5.1741,

Nils Bandscher flytte truleg òg kring 1760 til Bergen, men

 

##### (lagnaden hans? – d. barnlaus før 1776?)

 

 5. Bertha Marie Rasmusdotter Bandscher, døypt 17.11.1744,

Bertha Marie Bandscher flytte òg kring 1760 til Bergen og

 

##### (skal i 1776 ha vore gift og busett i Sandviken i Bergen – ektemann ukjend! – lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Muligens Ole Sivertsen skaffer i Sand/vika?/ i kommunikantlistene for KK 1790?

 

Passer fint:

Vigde i Bergen

Ole Siversen og Berge Maria Rasmusdatter, ungk snedkersvend provisor,  p. har tient hos Joh Didr Sinning, lysning  Feb 20 (uten år), Vigd Mar 28 1776, KK

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke for kjempemessige og imponerande innlegg!  Ingen tvil om at du har oppdaga Bertha Marie og lagnaden hennar!

 

Eg fann ogso Ole Siversen i 1801 med ny kone: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390020093

 

Og so fann eg dødsfallet hans i 1809: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=59300&merk=59300#ovre

 

Men det ser ikkje ut til at Ole og Bertha Marie fekk born i lag...

 

Her følgjer ein oppdatert tekst for yngste barnet Bertha Marie og mann hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 5. Bertha Marie Rasmusdotter Bandscher, døypt 17.11.1744,

Bertha Marie Bandscher flytte òg kring 1760 til Bergen og gifte seg i Krosskyrkja 28.3.1776 med Ole Siverson frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

Han var son av

 

 

##### (foreldri hans?)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? - 1747?)

 

 

Ole var snikkar og sidan skaffar.  Han og Bertha budde i Sandviken i Bergen der Bertha vart gravlagd 13.10.1795.  Ole gifte seg att, men d. som skaffar i Sandviken 26.12.1809.  Dei var visstnok barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Neste store utfordring her er å finna opphavet til Ole Siversen.  Han var altså 63 år då han døydde i desember 1809, medan han var 53 år i februar 1801.  Han må soleis vera fødd kring 1747, men kvar??

 

Eg finn han forresten ikkje i undersøkjingskommisjonen frå 1804/1805, der fødestaden hadde vore oppgjeven...

 

PS: Eg har lagt inn eit spørsmål i Arkivforum til Bergen for å sjekka ut om det finst eit skifte etter Ole!  So fåŕ me sjå kva svar som kjem...

 

Elles er eg framleis spent på om nokon greier å finna fleire detaljar om dei andre Bandscher-søskeni, om Weydemeyer, om Malena Wiborg etc. (sjå innlegg #1)?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og lever i voni...!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i ettermiddag gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege urøyrd den siste månaden.

 

Vibeke greidde å finna den manglande dotteri Bertha Marie i Bergen, men kva med dei andre søskeni?  Eg er særleg oppteken av dotteri Agathe Margrethe «Grethe» Rasmusdotter Bandscher som gifte seg med Andreas Peter Weydemeyer og fekk so mange born!  Det synest som om Andreas må ha vore frå Alvøen, den gongen ein del av Askøy, og fleire søsken av han budde der, men kven var foreldri deira??  Merkeleg kor «anonym» denne huslyden synest å vera!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og vonar at tidi for «gullkorn» ikkje er heilt forbi endå...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Andreas Peter Weydemeyer synest i alle fall å ha desse søstrene:

 

* Marie Margrethe Weydemeyer, gift på Askøy 16.4.1770 med Elias Ellingsen på Alvøen: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000548594

sjå ogso dette emnet:

 

 

* Malene Weydemeyer nemnd kommunikant i NK, Bergen 1790, enkje etter Henrik Eliassen: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000039569

 

* Anna Marie Weydemeyer, kona til møllar Claus Nielsen, gravlagd på Askøy 1.8.1782, 41 1/2 år gamal : https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000667100

 

* Elisabeth Weydemeyer, gravlagd på Askøy 19.3.1762, 18 år gamal: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000666416

 

 Og dette er vel kanskje foreldri som kommuniserer på Askøy i 1760, krutmeistar Weydemann med kone, son, svoger etc.: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000035540

 

Men kven var no denne krutmeistaren og kona hans?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars! Jeg har ikke jobbet så mye med Weydemeyersøstrene Marie Margrethe og Anne Marie og ikke funnet sikkert noe om deres opphav. Siden de begge tidvis kaller seg for Christophersdatter, leter vi vel etter en Christopher i området. Jeg har funnet at de to søsknene er fadre for hverandre sine barn ved noen anledninger. Da dukker det også opp en Christoffer Rasmussen fra Alvøen som vi også finner her;

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000036027

og her

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000036518

Rasmus var f.eks fadder for Christian i juli 1779: 

SAB, Askøy Sokneprestembete, H: Ministerialbok nr. A 1, 1742-1818, s. 164
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070319640585
 

Jeg lurer på hvor stedet Weydemejer egentlig er?? Noen her på forumet som vet det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Truls for eit spennande innlegg!

 

Eg har vel ikkje observert at Weydemeyer-søstrene nytta Christophersdotter som farsnamn, men om dei so gjorde, kan det jo tenkjast at krutmeistaren frå 1760 verkeleg heitte Christopher til førenamn?

 

Eg ser det er ein Rasmus Christopherson Alvøen som nemnes kommunikant på Askøy i 1750: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000035349

 

Og ein Christopher Rasmusson Myhren gifte seg på Askøy 2.7.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/8601/262

Han budde i 1801 på Krokås på Askøy: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058382000257

men om dette er den same Christopher som du nemner i innlegget ditt over, veit eg ikkje.  Første gongen Christopher Rasmusson Alvøen opptrer som kommunikant er i 1774, so han er uansett altfor ung til å vera far til Weydemeyer-søskeni!

 

Når det gjeld namnet Weydemeyer, ser eg at det er ganske so utbreitt i delar av Tyskland, mellom anna i Nord-Baden nær Heidelberg og i Westfalen nær Dortmund.  Mellom anna førekjem tidleg på 1700-talet førenamni Andreas og Christian der nede, so eg vil tru ætti stammar derifrå.

 

Eg takkar igjen so mykje for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt  på siden her Lars, siden du igjen er innom Alvøen i innlegget ditt.

 

I slaget ved Alvøen 16mai - 1808 er to matroser fra Luster/Hafslo nevnt. (Drept i slaget )

 

Side 10 nederst

http://www.sms1835.no/arkiv/Terjesen B. 2008. Slaget ved Alvøen 1808-05-16 Beretning.pdf

 

Thorbjørn Knudsen f. 1778 fra Lyster og Johan Larsen Beum  f. 1781 i Hafslo.

 

Men du har de kanskje  fra før

 

Mvh

Ivar

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nytt innlegg!

 

Dei to marinegastane har eg alt registrert; Johan Bdeum er medkomen i band X i bygdebokserien for Luster, medan Torbjørn vart oppdaga seinare.

 

Men, det er kjekt at du seier ifrå når slike opplysningar dukkar opp.  Eg har finne mange «uvanlege» flyttingar, men det er framleis mange andre som ligg og ventar på å verta «oppdaga»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.