Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Sjur Andersson Dahle (1789-1838) - frå Lusdter sopm gardbrukar til Breistølen i Sandviken - kvar vart det av borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få syna fram ein ny huslyd med røter frå Luster, som slo seg til i Bergen, og det litt spesielle med Sjur og Kari Dahle er at dei var gardbrukarar på Breistølen i Sandviken!

 

Foreldri har eg god dekning på, men kvar vart det av borni deira?  Eldste sonen Andreas Olai Dahle gifte seg in Nykyrkjja i Bergen 26.12.1840 med ei svensk dame, og ikkje berre forsvinn dei frå Bergern, men eg er ikkje i stand til å tyda korkje:

 

** Yrket hans, eller

 

** Fødestaden hennar i Sverige

 

Kanskje nokon greier desse «kråketærne»: https://media.digitalarkivet.no/view/8362/27

 

Og dei andre borni ser òg ut til å verta borte frå Bergen, ein etter hin.  Berre mannen til dotteri Martha Malene finn eg att, med alle borni dera...  Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Andersson, f. i Luster hausten 1789,

Sjur Dahle flytte i ung alder til Bergen som soldat og gifte seg der 4.2.1816 med Kari Pedersdotter frå Lunden under Rønnei, døypt i Luster 2.12.1786.  Sjur og Kari busette seg i Sandviken i Bergen; ei tid var han sjauar, men frå kring 1825 var han og Kari gardbrukarar på Breistølen i Sandviken der Sjur d. 10.11.1838.  Kari Dahle d. på dei sjøfarandes fattighus i Bergen 11.3.1848.  Dei fekk seks born i lag:

 

 

##### (sjekka om dei hadde fleire?)

 

 

a. Andreas Olai Sjurson Dahle, f. i Bergen 19.3.1816, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

     Andreas gifte seg i Nykyrkja i Bergen 26.12.1840 med Christine Hedvig Andersdotter Sjøstrøm frå

 

 

     ##### (opphavet hennar i Sverige? - far skippar Anders Sjøstrøm!)

 

 

     15.10.1816. 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

 

b. Martha Malene Sjursdotter Dahle, f. i Bergen 1.8.1818, d. som kjøpmannskone i Bergen 2.8.1859.  Martha gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 7.5.1843 med Nils Nilsson frå Tjoflot i Kinsarvik, Ullensvang, døypt i Ullensvang 2.2.1806.  Han d. som handelsmann i Bergen 30.8.1888. 

 

 

     ##### (1843: handelsmann Bergen – 1865 handelsborgar 3-19a – 1875 do. 4.11 – 1885 fhv. kjøpm.)

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – 1888: 4 myndige born – derav eitt i Amerika – inkl.:

            * Josephine Sophie, døypt NK, Bergen 16.3.1845

            * Josephine Sophie, døypt NK, Bergen 11.10.1846 – n. 1865/1875 fors. av faren

            * Anne Cornelia, døypt NK, Bergen 28.1.1849 – n. 1865/1875 lærarinne/1885 do.

            * Nils Andreas Dahle, døypt NK, Bergen 16.3.1851 – n. 1865/1875 student

            * Adolph Severin, døypt NK, Bergen 17.10.1852 – n. 1865/1875 sjømann

            * Nicolai Martin, døypt NK, Bergen 29.10.1854 – n. 1865/1875 landskapsmålar/1885 kontorist

            * Simon Peter, døypt NK, Bergen 21.9.1856 – n. 1865/1875 sjømann)

 

 

             c. Petter Gerhard Sjurson Dahle, f. i Bergen 20.3.1821, d. ugift på Breistølen i Sandviken 17.5.1844.

d. Anna Wilhelmine Sjursdotter Dahle, f. i Bergen 12.11.1823, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

 

     Anna gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 17.5.1846 med Erik Bjørnson frå Floketveit i Etne, kjend som Erik Bjørnsen.  Han vart døypt i Etne 23.2.1806 og d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

     ##### (yrke og bustad? – handelsmann Bergen 1846-1853 – sidan?)

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Karen Sophie, døypt NK, Bergen 27.8.1848

            * Peder Eduard, døypt NK, Bergen 22.12.1850

            * Peder Eduard, døypt NK, Bergen 9.10.1853)

 

 

e. Karen Severine Sjursdotter Dahle, f. i Bergen 13.2.1826, d. i Bergen 25.10.1928.

f. Karen Severine Sjursdotter Dahle, f. i Bergen 12.11.1828,

 

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for interessant opplysning!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #1 med denne datoen og takkar på ny for kjempefin hjelp!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Nina Karlsen

10077    Andreas Olai    Dahle    Uk farvemester    Bergen    24 6m    Christine Hedevig    Sjøstrøm    pige    Sverrige    24    Des 26    1840    NK

 10489  Axel    Delander    Uk farvermester    Kongelf.    120721    Christine Hedevig    Dahle    Enke    Olston    151016    Jul 12    1850    NK

Endret av Nina Karlsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

Nedste linjen klarte jeg ikke, men jeg tror at der står Bergjum Sogn.

 

Bergum er i Västra Götalands län, og holder på å vokse sammen med Göteborg.

I släktdatas base (www.slaktdata.org) står hun i Bergum - innfört, som födt år 1816, år 1846 "efter inkomna intyg"!!

Far Sjökapten...Elding... Mor Mamsell Johanna Christina Godhe

Hun ble födt på Olstorp, nå kallet Olofstorp, som var et lite sted med noen bruk (man ser navnene på brukene i databasen til Släktdata).

 

 

Jeg tror at noen må se på/lete i originalen for å se om der er mere informasjon å finne.

Jeg tror at det var lovlig å föde barn som anonym/ukjendt mor og far i Sverige under 1800-tallet. Men jeg tror at de pleier å stå i kirkeboken med sitt navn og datoer men uten navn på foreldrene.

 

(Bergum og Stora Lundby har hengt sammen i et pastorat, sammen med Lerum, Skallsjö og Angered i forskjellige kombinasjoner. Jeg ville begynne med Bergums, og deretter Stora Lundbys, böker. Det er en sjanse at hun er fört inn, på rett dag, i "feil" bok men i samme pastorat.)

Endret av Vibeke Lund Åhling

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Nina og Vibeke for fantastiske og imponerande innlegg om denne huslyden!

 

Eg har i mellomtidi henta fram dødsmeldingi etter Andreas Dahle frå 1849, men diverre er det ikkje stort å finna: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/64?indexing=

 

Men det går fram at Andreas og Christine var barnlause!

 

Kvar vart det so av Christine og andre mannen Axel Delander frå Kungälv?  Flytte dei attende til Sverige??  Her treng me hjelp av svenskespesialistar...

 

Elles er det framleis eit stort «mysterium» kvar det vart av Anna Wilhelmine og mannen Erik Bjørnsen, som var handelsmann i Bergen fram til 1853?  Og yngste søsteri Karen Severine er likeins som «sokki i jordi»!!  Kan dei ha utvandra til Amerika??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden so langt og lever i voni om at fleire detaljar vil dukka opp...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

Hos Släktdata er en Hedvig Christina Delander, 72 år 5 mån, död i Kungälv 13 marts 1889.

Jeg så ingen spor hverken av noen barn eller av ektefellens död.

Noen som har svenske kirkeböker kanskje kann fölge henne bakover i HFL og se hvis hun hadde barn og når/hvor manden döde?

 

 

(Jeg ville skrive at hun var födt i Olofstorp, Bergums församling, Västra Götalands län.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Vibeke for eit interessant og rettleiande innlegg!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #7 ovanfor, men vil likevel leggja spørsmålet om lagnaden til Christine Hedvig Sjøstrøm og Axel Delander ut som eige tema for å «fanga» merksemdi til «svenskespesialistane» våre...

 

Elles lurer eg på om nokon med lokal kunnskap i Etne, eventuelt med tilgjenge til den bygdeboki, kan fortelja noko meir om Erik Bjørnson og lagnaden hans!?  Eg vil ogso leggja det spørsmålet ut som eige tema...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden og vonar vidare...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter at «spesialtema» vart utlagde for den «svenske» sida av denne huslyden samt for problemi kring svigersonen Erik Bjørnson, har eg der fått svar på det aller meste, og det er difor ei stor glede for meg å kunna presentera eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #7 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Andersson, f. i Luster hausten 1789,

Sjur Dahle flytte i ung alder til Bergen som soldat og gifte seg der 4.2.1816 med Kari Pedersdotter frå Lunden under Rønnei, døypt i Luster 2.12.1786.  Sjur og Kari busette seg i Sandviken i Bergen; ei tid var han sjauar, men frå kring 1825 var han og Kari gardbrukarar på Breistølen i Sandviken der Sjur d. 10.11.1838.  Kari Dahle d. på dei sjøfarandes fattighus i Bergen 11.3.1848.  Dei fekk seks born i lag:

a. Andreas Olai Sjurson Dahle, f. i Bergen 19.3.1816, d. som fargarmeister i Bergen 30.4.1849.  Andreas gifte seg i Nykyrkja i Bergen 26.12.1840 med Christine Hedvig, kjend som Hedvig Andersdotter Sjøstrøm frå Olofstorp i Bergums församling i Bohuslän og f. der 15.10.1816.  Ho d. i Kungälv, Sverige 13.3.1889.  Andreas var fargarmeister, og han og Hedvig budde i Bergen, men Hedvig gifte seg 12.7.1850 att i Nykyrkja i Bergen med enkjemannen Axel Bengtson Delander frå Kungälv i Bohuslän i Sverige, f. i Kungälv 12.7.1821.  Han d. i Göteborg, Sverige 25.1.1904.  Ogso Axel var fargarmeister, og han og Hedvig budde i Kungälv, Bohuslän i Sverige.  Hedvig fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men ho og Axel tok til seg ei fosterdotter.

b. Martha Malene Sjursdotter Dahle, f. i Bergen 1.8.1818, d. som kjøpmannskone i Bergen 2.8.1859.  Martha gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 7.5.1843 med Nils Nilsson frå Tjoflot i Kinsarvik, Ullensvang, døypt i Ullensvang 2.2.1806.  Han d. som handelsmann i Bergen 30.8.1888. 

 

 

     ##### (1843: handelsmann Bergen – 1865 handelsborgar 3-19a – 1875 do. 4.11 – 1885 fhv. kjøpm. – kva slag handel dreiv han??? – Nykirkealmenningen nr. 1)

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – 1888: 4 myndige born – derav eitt i Amerika – inkl.:

            * Josephine Sophie, døypt NK, Bergen 16.3.1845

            * Josephine Sophie, døypt NK, Bergen 11.10.1846 – n. 1865/1875 fors. av faren

            * Anne Cornelia, døypt NK, Bergen 28.1.1849 – n. 1865/1875 lærarinne/1885 do.

            * Nils Andreas Dahle, døypt NK, Bergen 16.3.1851 – n. 1865/1875 student

            * Adolph Severin, døypt NK, Bergen 17.10.1852 – n. 1865/1875 sjømann

            * Nicolai Martin, døypt NK, Bergen 29.10.1854 – n. 1865/1875 landskapsmålar/1885 kontorist

            * Simon Peter, døypt NK, Bergen 21.9.1856 – n. 1865/1875 sjømann)

 

 

c. Petter Gerhard Sjurson Dahle, f. i Bergen 20.3.1821, d. ugift på Breistølen i Sandviken 17.5.1844.

d. Anna Wilhelmine, kjend som Wilhelmine Sjursdotter Dahle, f. i Bergen 12.11.1823, gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 17.5.1846 med Erik Bjørnson frå Floketveit i Etne, kjend som Erik Bjørnsen.  Han vart døypt i Etne 23.2.1806.  Erik var ei tid handelsmann, og han og Wilhelmine budde i Bergen til dei i 1856 utvandra til Amerika.  Me finn dei att under namni Erick og Minnie Bjornson som farmarar i Dunkirk township, Dane Co., Wis. og frå kring 1867 i Badger township, Webster Co., Ia. der Erick d.

 

 

     ##### (date of Erick’s death? – after 1870/prior to 1880!)

 

 

     Minnie Bjornson d. same staden 9.5.1881.  Dei fekk seks born i lag.

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Karen Sophie, gravlagd NK, Bergen 14.4.1847

            * Karen Sophie, døypt NK, Bergen 27.8.1848 – n. 1860 (Caroline)/1870 (Carrie)

            * Peder Eduard, døypt NK, Bergen 22.12.1850, gravlagd NK, Bergen 13.11.1851

            * Peder Eduard, døypt NK, Bergen 9.10.1853 – n. 1860 (Edward)/1870 (Edward)/1880

            * Vilhelmine, f. Koshkonong, WI 17.12.1858 – Minnie married Samuel Flack

            * Magdaline Mathilde, f. Stoughton, WI 23.4.1864 – n. 1870 (Lena)/1880 – konf. Badger 1879!)

 

 

e. Karen Severine Sjursdotter Dahle, f. i Bergen 13.2.1826, d. i Bergen 25.10.1928.

f. Karen Severine Sjursdotter Dahle, kjend som Karen Dahle, f. i Bergen 12.11.1828, utvandra til Amerika i 1849 og gifte seg i Dane Co., Wis. 5.8.1849 med Johannes J.

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     i Amerika kjend som John J. Houge.  Han var son av

 

     ##### (parents?)

 

     og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     1823, men utvandra òg til Amerika i 1849.  John og Karen farma først i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1868 til ein farm i Badger township, Webster Co., Ia. der John d. 11.11.1892.  Karen Houge d. same staden 4.8.1906.  Dei fekk ni born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste som no manglar, i tillegg til ein dødsdato for Erik Bjørnson frå Iowa, er desse detaljane:

 

** Kva slag handel dreiv Nils Nilsen i Bergen, i det som var Nykirkealmenning 1?

 

** Kvar vart det av Karen Severine Sjursdotter Dahle, fødd 12.11.1828??

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden so langt!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nye imponerande innlegg!  Du er berre heilt fantastisk!

 

Du har oppdaga Karen Severine - som emigrant og i Amerika!!

 

Ved nærare leiting finn eg at Johannes J. Houge utvandra i lag med Karen i 1849, men eitt family tree i Amerika påstår han var fødd i «Stavanger»!  I 1860 budde dei i Cottage Grove township, Dane Co., WI (John Johnson), men frå kring 1868 var bustaden i Badger township, Webster Co., IA, ganske nær søsteri Minnie og Erik Bjørnson!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet i innlegg #10 med desse fantastiske opplysningane, og har samstundes «revidert» spørsmålslista mi til å lyda slik:

 

** Kva slag handel dreiv Nils Nilsen i Bergen, i det som var Nykirkealmenning 1?

 

** Kvar hadde Johannes J. Houge, fødd 1823, opphavet sitt ifrå?  Kanskje han òg fekk pass i 1849??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar no sjølvsagt på at ogso dei siste «puslespelbitane» kjem på plass....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg har studert litt nærare biletet som finst på «find-a-grave» av gravstøtta til John J. Houge i Iowa:

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=pv&GRid=17109995&PIpi=10313158

 

og eg meiner det står fødselsdato 12. november 1823

 

Alle kjelder tyder på at han heitte anten Johannes Johnson eller Johannes Johannesson, og han må vera komen frå ein gard HAUGE (HOUGE), truleg ein stad i Rogaland, sidan eit family tree frå Amerika oppgjev «Stavanger» som fødestad, men vil vel ikkje heilt utelukka Sunnhordland som mogeleg fødestad heller?  Kanskje er det mogeleg å identifisera mannen utifrå dette?

 

Eg takkar igjen for framifrå hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter mykje graving har eg endeleg gredd å løysa utfordringi som gjeld Johannes Hauge!

 

Først oppdaga eg i kommunikantlista for Badger Lutheran church i Iowa at eldste sonen til dette parfolket heitte Jens og ikkje Johannes, og so fann eg ei medlemsliste som syner at John K. Houge var fødd i «Hougs» prestegjeld 12.11.1823:

 

http://interactive.ancestry.com/60722/41742_314734-00025?pid=5102933&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY5821%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1883%26msbdy_x%3D1%26msbpn__ftp%3DWebster%20County,%20Iowa,%20USA%26msbpn%3D3109%26msbpn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C18%7C0%7C3109%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26_C000000F%3DBaptism%26_C000000F_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D4%26h%3D5102933%26recoff%3D%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY5821&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314734-00073

 

Og går ein so inn i kyrkjeboki for Haus, finn me han som son av Jens Andersson Hauge og kona Maria Monsdotter med fødselsdato 1.12.1823: https://media.digitalarkivet.no/view/11484/62

 

Johannes Jensson er ikkje registrert som utlytt i 1849 frå Haus, so det hadde vore spennande å høyra kva som står om lagnaden hans i bygdeboki for Arna...!?

 

Etter denne oppdagingi er det einaste som no manglar om denne huslyden, i tillegg til ein dødsdato for Erik Bjørnson frå Iowa, denne detaljen:

 

** Kva slag handel dreiv Nils Nilsen i Bergen, i det som var Nykirkealmenning 1?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tore Nilssen
15 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Johannes Jensson er ikkje registrert som utlytt i 1849 frå Haus, so det hadde vore spennande å høyra kva so står om lagnaden hans i bygdeboki for Arna...!?

 

I den bygdeboken (s. 417) står: "Til Bergen 1842, tenar. II. USA. Dodge i Iowa, farmar."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for kjapt svar med opplysningar frå bygdeboki!  Då er lagnaden hans «i boks»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for kyrkjebokutsnittet!

 

No er eg spent på om nokon greier å finna ut kva slag forretning som på 1870-talet låg på Nykirkealmenning nr. 1...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×