Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gunnhild Endresdotter (Dahle) - fødd i Luster 1757 - skal ha butt ugift i Trondheim i 1801 - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

For ein bygdebokskrivar finst det stundom spørsmål som du spekulerer på i årevis og som du berre ikkje kjem nokon veg med.  Dette er eitt slikt:

 

Gunnhild Endresdotter (Dahle), dotter av Endre Hansson (1722-1771) og Kari Østensdotter (1726-1812), husmannsfolk i Årstu under Dale prestegard i Luster, vart døypt i Luster 27.7.1757.  Ho vart konfirmert i Luster i 1774 og skal nokre år etter vera flytt til Trondheim der ei kjelde oppgjev at ho framleis budde i 1801, ugift.  Kva kjelde dette var, kan eg diverre i dag ikkje gjera greie for!

 

Eg kan ikkje sjå at Gunnhild er nemnd i FT1801 for Trondheim, men namnet kan jo sjølvsagt vera feilskrive...

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut av lagnaden til Gunnhild?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Et skudd helt ut i det blå....

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002656310

 

Høyre side - 20.11.1788 - Abraham:

Hordaland fylke, Strusshamn (Askøy) i Askøy, Fjell, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Fødte og døpte 1788, Side 181
Permanent bilde-ID: kb20070319640602
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070319640602
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640602.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser at det er andre Endresdøtre med bosted Damsgaard, disse dukker opp etter 1850. Ser at barnefaren er fra Jølster. Kanskje han som er gift og bosatt der i f.t. 1801??

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058403001676

 

Men poengterer at dette er skudd helt ut i det blå...!

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Har sjekket Gards- og ættesoge for Luster kommune, bind 2, Dale sokn, side 531-532, hvor Endre Hansson og Kari Østensdatter og barna er omtalt. Her nevnes Gunnhild Endresdatter og lillesøsteren Ragnhild Endresdatter, som var gift med Wilken Maybom og døde på Knarrevik, Strusshavn, Askøy, i 1816.  http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2016042908115

 

Om Gunhild står det at hun reiste til Trondheim - i motsetning til søsknene sine - og levde fremdeles i 1801 og var ugift da, men "nærare opplysningar om ho vantar førebels.". 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7PY-P5J

 

Name:    Gunil Endresdatter    
Christening Date:    17 Jun 1759
Christening Place:    Evje, Aust-Agder, Norway   
Father's Name:    Endre Uleborg

 

Kanskje hun som dør i Austre Moland??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for svært spennande og utfordrande innlegg!

 

Ingen tvil om at «vår» Gunnhild Endresdotter i 1801 budde på Bratholmen i Sund!  Samstundes har eg frå ei eller anna kjelde (som eg diverre ikkje kan gjera greie for i dag) at ho òg skal ha butt i Trondheim.  Kan ho vera reist til Trondheim ETTER 1801?

 

Samstundes er det godt mogeleg at ho har hatt sonen Abraham, men då det i 1864 vart halde skifte etter Endre Christian Dahle si enkje Drude i Bergen, levde det ikkje att born etter Gunnhild, i alle fall ingen som då gjorde krav på arv!

 

Er det mogeleg å finna eit dødsfall på Abraham Bendikson?  Eg kan ikkje sjå nokon slik person i FT1801 nokon stad i landet!

 

Eg har òg studert skiftet etter Ragnhild Maybom, men der var jo ikkje noko til arv, so dei fann det vel lite formålstenleg å henta opplysningar om ervingar...

 

Elles har eg med stor interesse lese gjennom det gamle emnet frå 2009 om Maybom-ætti.  Sidan to av søskeni i Endreson/Dahle-ætti frå Luster gifte seg inn i Maybom-ætti, har ogso eg spekulert på kven dei kunne vera, og eg har nokre synspunkt på dette som synest «nye», men for ikkje å «blanda korti» alt for mykje, vil eg komma attende til den ætti i eit nytt tema...

 

Då ser det for meg ut som om me framleis manglar opplysningar om lagnaden til Gunnhild Endresdotter etter 1801.  Berre so synd at ikkje kyrkjebøkene for Trondheim er databaseregistrert for perioden frå 1800 og utover...

 

Eg takkar å ny for framifrå innsats når det gjeld Gunnhild Endresdotter og lever vidare i voni om at ho vil dukka opp, før eller sidan...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.