Gå til innhold
Arkivverket

Gunnhild Endresdotter (Dahle) - fødd i Luster 1757 - skal ha butt ugift i Trondheim i 1801 - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For ein bygdebokskrivar finst det stundom spørsmål som du spekulerer på i årevis og som du berre ikkje kjem nokon veg med.  Dette er eitt slikt:

 

Gunnhild Endresdotter (Dahle), dotter av Endre Hansson (1722-1771) og Kari Østensdotter (1726-1812), husmannsfolk i Årstu under Dale prestegard i Luster, vart døypt i Luster 27.7.1757.  Ho vart konfirmert i Luster i 1774 og skal nokre år etter vera flytt til Trondheim der ei kjelde oppgjev at ho framleis budde i 1801, ugift.  Kva kjelde dette var, kan eg diverre i dag ikkje gjera greie for!

 

Eg kan ikkje sjå at Gunnhild er nemnd i FT1801 for Trondheim, men namnet kan jo sjølvsagt vera feilskrive...

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut av lagnaden til Gunnhild?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et skudd helt ut i det blå....

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002656310

 

Høyre side - 20.11.1788 - Abraham:

Hordaland fylke, Strusshamn (Askøy) i Askøy, Fjell, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Fødte og døpte 1788, Side 181
Permanent bilde-ID: kb20070319640602
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070319640602
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640602.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser at det er andre Endresdøtre med bosted Damsgaard, disse dukker opp etter 1850. Ser at barnefaren er fra Jølster. Kanskje han som er gift og bosatt der i f.t. 1801??

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058403001676

 

Men poengterer at dette er skudd helt ut i det blå...!

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sjekket Gards- og ættesoge for Luster kommune, bind 2, Dale sokn, side 531-532, hvor Endre Hansson og Kari Østensdatter og barna er omtalt. Her nevnes Gunnhild Endresdatter og lillesøsteren Ragnhild Endresdatter, som var gift med Wilken Maybom og døde på Knarrevik, Strusshavn, Askøy, i 1816.  http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2016042908115

 

Om Gunhild står det at hun reiste til Trondheim - i motsetning til søsknene sine - og levde fremdeles i 1801 og var ugift da, men "nærare opplysningar om ho vantar førebels.". 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for svært spennande og utfordrande innlegg!

 

Ingen tvil om at «vår» Gunnhild Endresdotter i 1801 budde på Bratholmen i Sund!  Samstundes har eg frå ei eller anna kjelde (som eg diverre ikkje kan gjera greie for i dag) at ho òg skal ha butt i Trondheim.  Kan ho vera reist til Trondheim ETTER 1801?

 

Samstundes er det godt mogeleg at ho har hatt sonen Abraham, men då det i 1864 vart halde skifte etter Endre Christian Dahle si enkje Drude i Bergen, levde det ikkje att born etter Gunnhild, i alle fall ingen som då gjorde krav på arv!

 

Er det mogeleg å finna eit dødsfall på Abraham Bendikson?  Eg kan ikkje sjå nokon slik person i FT1801 nokon stad i landet!

 

Eg har òg studert skiftet etter Ragnhild Maybom, men der var jo ikkje noko til arv, so dei fann det vel lite formålstenleg å henta opplysningar om ervingar...

 

Elles har eg med stor interesse lese gjennom det gamle emnet frå 2009 om Maybom-ætti.  Sidan to av søskeni i Endreson/Dahle-ætti frå Luster gifte seg inn i Maybom-ætti, har ogso eg spekulert på kven dei kunne vera, og eg har nokre synspunkt på dette som synest «nye», men for ikkje å «blanda korti» alt for mykje, vil eg komma attende til den ætti i eit nytt tema...

 

Då ser det for meg ut som om me framleis manglar opplysningar om lagnaden til Gunnhild Endresdotter etter 1801.  Berre so synd at ikkje kyrkjebøkene for Trondheim er databaseregistrert for perioden frå 1800 og utover...

 

Eg takkar å ny for framifrå innsats når det gjeld Gunnhild Endresdotter og lever vidare i voni om at ho vil dukka opp, før eller sidan...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan februar 2017.

 

Eg har so langt ikkje greidd å finna ut noko meir om denne Gunnhild Endresdotter.  Me veit frå tidlegare innlegg at ho i 1801 budde hjå ein brorson på Bratholmen i Sund, og eg trur det er same jenta som fekk sonen Abraham Bendikson på Damsgård i 1788, men dei er sporlaust borte!

 

Kanskje nokon har gjort seg tankar om kvar desse folki kan ha gjort av seg?  Eg ville vorte «hoppande glad» for ei løysing her og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for siste kommentar!

 

Sjølvsagt er Brattholmen i dag i Fjell kommune, men var det ikkje tidlegare ein del av Sund sokn i Askøy prestegjeld?

 

Elles har eg i kveld sett opp eit manuskript for Gunnhild med dei opplysningane me no har samla:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gunnhild Endresdotter {Dahle}, døypt {i Luster} 27.7.1757,

Gunnhild Endresdotter flytte òg frå bygdi sist i 1770‑åri og dukkar opp på Damsgård der ho i 1788 vart mor til ein gut.  Ved hundreårsskiftet budde ho ugift hjå brorsonen Endre Christian Dahle på Brattholmen i Fjell.

 

##### (seinare lagnad? -. skal ha butt i Trondheim!?)

 

Gunnhild fekk som nemnt ein son:

 

##### (fleire born? - oppl.?)

 

a. Abraham Bendikson, son av Gunnhild og Bendik Johannesson frå Jølster,

 

     ##### (han som i 1801 var gardbrukar på Fuglebakk i Jølster - 36 år gamal?)

 

     vart døypt på Laksevåg 20.11.1788,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å skaffa oversyn over Gunnhild og lagnaden hennar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Sjølvsagt er Brattholmen i dag i Fjell kommune, men var det ikkje tidlegare ein del av Sund sokn i Askøy prestegjeld?

 

Jeg har sjekket med hva Arkivverket skriver.

https://www.arkivverket.no/slektsgranskning/historikk-for-prestegjeld-og-sogn/prestegjeld-og-sogn-i-hordaland

 

I 1801 var Fjell et sogn under Sund prestegjeld. Dermed er det helt riktig å skrive Brattholmen i Sund, så der tok jeg feil.

 

Men la meg ta med at Fjell bygdebok, som jeg nevner i #9, også har omtale av Gunnhilds to søsken Hans og Ragnhild.

 

Ifølge denne bygdeboken var Hans eier av gjestgiveriet på Brattholmen fra 1787 og frem til sin død i 1826, men skal aldri ha bodd der. Enken Megtele var deretter eier en periode, trolig frem til sin død i 1834. Det var nok derfor sønnen Endre i folketellingen 1801 er registrert som boende på Brattholmen.

 

Ragnhild og mannen Wilchen Maybom ser derimot ut til å ha bodd på Brattholmen en periode, mens Wilchen var styrer på gjestgiveriet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.