Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Olson Bøe (1735-1804) - frå Luster til Bergen - kvar vart det av enkja og borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Johannes Olson Bøe frå Luster var først gift med ei jente frå Årdal, men ho døydde i Luster.  So gifte han seg att med ei jente frå Luster, og dei flytte til Bergen.

 

Her er dei i FT1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390005333

 

Johannes døydde i 1804, men dødsfallet til andre kona har eg so langt ikkje greidd å finna i Bergen...

 

Dei hadde tre born som levde i 1801, men Johannes hadde òg ei dotter frå første ekteskapet, som eg trur likeins levde i Bergen...

 

Eit interessant utskifte frå 1864 etter Drude Dahle, f. Brøgger: https://media.digitalarkivet.no/view/24016/257?indexing=

 

nemner som einaste ervingane etter Britha Endresdotter dei to borni etter Karen Bøe Køster.  Soleis lyt me tru at både Elisabeth og Peder døydde før 1864 utan å etterlata seg born, men eg har so langt ikkje greidd å finna ut noko som helst om dei etter 1801!  Og halvsøsteri Christi er jo ikkje omfatta av skiftet, so ho kan godt ha familie...!

 

Slik ser manuskriptet mitt for denne huslyden ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Olson Bøe, opphavleg frå Bøen under Berge i Dale, vart døypt 29.9.1735 og gifte seg første gongen i Luster våren 1761 med Elisabeth Aamundsdotter, opphavleg frå Årdal, men dotter av gardbrukarsonen Aamund Sjurson frå Lingjerde i Luster (1689‑    ).  Ho vart døypt i Årdal 7.7.1726, men kom tidleg til Luster og vart konfirmert her i 1747.  Johannes og Elisabeth ser ut til  ha vore plassfolk i Dulsviki under Lingjerde, og derifrå vart Elisabeth gravlagd 8.4.1773.  Johannes gifte seg so 10.5.1776 att med Britha Endresdotter frå Årstu under Dale, døypt 9.11.1752.  Med andre kona Britha flytte Johannes alt i 1776 til Hærishaugen, og her vart dei buande fram til kring 1779.

Johannes Bøe og kona Britha flytte kring 1779 til Bergen.  I 1801 er han kalla brannmann og skolappar, og dei budde då i Nedre Dynnersmuget, men i 1804 hadde han tittel fløtmann, og dei budde då i Munkebæksmuget.  Johannes Bøe d. i Bergen 11.10.1804, medan Britha

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Med første kona Elisabeth fekk Johannes Bøe ei dotter som voks opp her i bygdi, og dessutan hadde Elisabeth hadde ein son frå før:

 1. Hans Oveandreasson, dotter av Elisabeth og gardbrukar Ove Andreas Jonasson Leyrdahl i Kroken (1728-1784), vart døypt 12.12.1754.

Hans Oveandreasson ser ut til å vera flytt frå Luster i ung alder,

 

##### (lagnaden hans?)

 

 2. Christi Johannesdotter, døypt 30.8.1761, vart konfirmert i 1778 og budde då hjå far sin her på Hærishaugen.

Christi Johannesdotter flytte truleg med faren og stemori til Bergen kring 1779 og

 

##### (lagnaden hennar?)

 

Dette var altso borni etter første kona hans Johannes Bøe.

So fekk Johannes Bøe og andre kona Britha fire born i lag:

c. Elisabeth Johannesdotter Bøe, døypt i Luster 30.1.1775, flytte med foreldri til Bergen kring 1779.

 

     ##### (tente i 1801 hjå fiskevegar Fredrik Bøhmer i Veiten – seinare lagnad? – truleg d. barnlaus før 1864!?)

 

d. Ole Johannesson Bøe (1777‑1777), f. og d. i Luster.

e. Kari, kjend som Karen Johannesdotter Bøe, døypt i Luster 8.5.1778, flytte med foreldri til Bergen kring 1779 og budde i 1801 på Brattholmen i Fjell, men d. som enkje i Bergen 20.5.1852.  Karen gifte seg i Bergen 1.9.1805 med Lorents Christian Kjøstenson, kjend som Lorentz C. Køster frå Bergen, døypt i Bergen 3.2.1773.  Han d. som matros i Bergen 27.11.1820.  Lorents var matros, og han og Karen budde i Bergen.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ingen fleire levde i 1864:

            * Johanna Dorthea Køster, f. NK, Bergen 10.2.1807 – n. 1864 (ugift)

            * Lorents Christian Køster, Jr, f. NK, Bergen 5.11.1817 – n. 1864 skomakarmeister)

 

f. Peder Johannesson Bøe, f. i Bergen 7.10.1788,

 

     ##### (1804 i skomakarlære i Bergen – seinare lagnad? – truleg d. barnlaus før 1864!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for utgreiing av Køster-ætti i Bergen, og for eit godt alternativ for dødsfallet til Elisabeth Johannesdotter.

 

Og eg er overtydd om at du har finne den «rette» jenta, for sjå kven andre som døydde på denne adressa i Nykyrkjesokni mellom 1816 og 1886:

 

Redigert: Denne linken vart feil, men poenget er at denne adressa, 6. rode nr. 40 - Munkebæksmuget 10 i Bergen, inneheld fleire familiemedlem:

 

** Peder Johannesson Bøe, skomakarmeister, døydde 19.2.1836

 

** Karen Køster, enkje, døydde 20.5.1852

 

** Mori Britha Endresdotter, feilskrivi som Bertha Anders., daglønar Johannes BOHRS enkje, døydde 20.5.1826

 

So då har me plutselig dødsfalli til mori og alle dei tre søskeni som levde opp av andre ekteskapet til Johannes og Britha!!

 

I dødsmeldingi etter Peder Bøe står det berre «myndige ervingar»: https://media.digitalarkivet.no/view/23995/176

 

I dødsmeldingi etter Elisabeth står det ikkje noko i det heile: https://media.digitalarkivet.no/view/23995/160

 

Eg finn heller ikkje noki vigsle for Peder Johannesson (Bøe), so då lyt me tru han var ugift...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Olson Bøe, opphavleg frå Bøen under Berge i Dale, vart døypt 29.9.1735 og gifte seg første gongen i Luster våren 1761 med Elisabeth Aamundsdotter, opphavleg frå Årdal, men dotter av gardbrukarsonen Aamund Sjurson frå Lingjerde i Luster (1689‑    ).  Ho vart døypt i Årdal 7.7.1726, men kom tidleg til Luster og vart konfirmert her i 1747.  Johannes og Elisabeth ser ut til  ha vore plassfolk i Dulsviki under Lingjerde, og derifrå vart Elisabeth gravlagd 8.4.1773.  Johannes gifte seg so 10.5.1776 att med Britha Endresdotter frå Årstu under Dale, døypt 9.11.1752.  Med andre kona Britha flytte Johannes alt i 1776 til Hærishaugen, og her vart dei buande fram til kring 1779.

Johannes Bøe og kona Bertha flytte kring 1779 til Bergen.  I 1801 er han kalla brannmann og skolappar, og dei budde då i Nedre Dynnersmuget, men i 1804 hadde han tittel fløtmann, og dei budde då i Munkebæksmuget der Johannes d. 11.10.1804.  Bertha d. same staden 20.5.1826.

Med første kona Elisabeth fekk Johannes Bøe ei dotter som voks opp her i bygdi, og dessutan hadde Elisabeth ein son frå før:

 1. Hans Oveandreasson, dotter av Elisabeth og gardbrukar Ove Andreas Jonasson Leyrdahl i Kroken (1728-1784), vart døypt 12.12.1754.

Hans Oveandreasson ser ut til å vera flytt frå Luster i ung alder,

 

##### (lagnaden hans?)

 

 2. Christi Johannesdotter, døypt 30.8.1761, vart konfirmert i 1778 og budde då hjå far sin her på Hærishaugen.

Christi Johannesdotter flytte truleg med faren og stemori til Bergen kring 1779 og

 

##### (lagnaden hennar?)

 

Dette var altso borni etter første kona hans Johannes Bøe.

So fekk Johannes Bøe og andre kona Britha fire born i lag:

c. Elisabeth Johannesdotter Bøe, døypt i Luster 30.1.1775, flytte med foreldri til Bergen kring 1779 og tente ei tid hjå ein fiskevegar, men budde elles heime i Munkebæksmuget i Bergen der ho d. ugift 8.12.1834 «efter langvarig Svaghed».

d. Ole Johannesson Bøe (1777‑1777), f. og d. i Luster.

e. Kari, kjend som Karen Johannesdotter Bøe, døypt i Luster 8.5.1778, flytte med foreldri til Bergen kring 1779 og budde i 1801 på Brattholmen i Fjell, men d. som enkje i Bergen 20.5.1852.  Karen gifte seg i Bergen 1.9.1805 med Lorents Christian Kjøstenson, kjend som Lorentz C. Køster frå Bergen, døypt i Bergen 3.2.1773.  Han d. som matros i Bergen 27.11.1820.  Lorents var matros, og han og Karen tok over heimen hennar i Munkebæksmuget i Bergen.  Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (borni var:

            * Johanna Dorthea Køster, f. NK, Bergen 10.2.1807 – n. 1864 (ugift)

            * Lorents Christian Køster, Jr, f. NK, Bergen 5.11.1817 – n. 1864 skomakarmeister)

 

f. Peder Johannesson Bøe, f. i Bergen 7.10.1788, d. som skomakarmeister i Bergen 19.2.1836.  Han var ugift og budde levetidi ut i Munkebæksmuget i Bergen.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter desse oppdagingane sit me i dag att med ei hovudutfordring innanfor denne huslyden_

 

*** Lagnaden (i Bergen?) til stedotteri Christi Johannesdotter (Bøe), f. 1761?

 

Eg takkar på ny for framifrå bidrag når det gjeld denne huslyden og lever i voni om at ogso Christi vil dukka opp...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg oppdaga nettopp no at linken til databasen over avlidne i 6-40 i Bergen ikkje fungerte, so eg har endra innlegget ovanfor, samstundes som eg har finne dødsfallet til mori Britha, ogso det på same adresse men med «korrupt» namn!  Soleis har me no berre ei hovudutfordring att i denne huslyden:

 

** Kvar vart det av Christi Johannesdotter (Bøe), fødd 1761?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.