Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Karen Endresdotter (1760-1797) - frå Luster til Bergen - gift med enkjemannen Lars Mikkelsen - kven var han og kven hadde han vore gift med før? - son John Johnson?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Karen Endresdotter (Dahle), fødd i Luster kring 1760, flytte kring 1780 til Bergen og fekk først ein son og gifte seg sidan med enkjemannen Lars Mikkelsen.  Kona hans ser me diverre ikkje noko namn på; berre gravferdi hennar er registrert!  Heller ikkje veit me kvar han kom ifrå...  Kanskje nokon kan greia finna ut av dette?

 

Det vart i 1864 halde eit stort utskifte etter Drude Dahle, f. Brøgger, enkja etter ein brorson hennar Karen: https://media.digitalarkivet.no/view/24016/257?indexing=

 

Her går det fram at Karen hadde etterlate seg berre to barneborn, borni etter sonen Mikkel Larsen, so me lyt tru at sonen ho hadde frå før, John Johnson, må vera avliden utan born...

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Endresdotter, f. kring 1760,

Karen Endresdotter flytte kring 1780 til Bergen der ho 20.10.1793 gifte seg med enkjemannen Lars Mikkelsen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1741!?)

 

Han gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hans?)

 

med

 

##### (opplysningbar om første kona? – alt me veit om ho er at «Lars Mikkelsens hustru vart gravlagd i Bergen 2.4.1792, 70 år gamal»)

 

Lars Mikkelsen var dagarbeidar, og han og Karen budde i Marken i Bergen.  Men Karen vart gravlagd i Bergen alt 11.4.1796, medan Lars Mikkelsen , som sidan ei kort tid budde i Nedre Fjeldsmug i Bergen, vart gravlagd frå Nedre Fjeldsmug i Bergen 27.11.1797.  Dei fekk ein son i lag, men Karen hadde òg ein son frå før:

 

##### (hadde ho kanskje fleire born? – berre sonen Mikkel er nemnd i utskiftet frå 1864, so eventuelle andre born må vera avlidne før den tid!?

 

a. John Johnsen, son av Karen og soldat John Larsson

 

     ##### (kven kan han vera?)

 

     vart døypt i Bergen 24.4.1789,

 

     ##### (lagnaden hans? – truleg d. før 1864 utan å etterlata seg born!?)

 

b. Mikkel Endresen Larsen, f. i Bergen 24.5.1793, d. som rorskarl i Bergen 12.12.1833.  Mikkel vart foreldrelaus då han var fire år gamal og vart oppfostra hjå mosteri Britha Bøe, men gifte seg på Askøy 25.6.1815 med Bertha Cathrine Olsdotter (Jæger) frå Bratholmen i Askøy, f. i Bergen 10.5.1786.  Ho d. som enkje i Bergen 3.12.1866.  Mikkel var tollburøyert og sidan rorskarl, og han og Bertha budde i Bergen.  Dei fekk fire born in lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Karen Marie, f. NK, Bergen 24.12.1815, d. før 1820!

            * Berent Olaj Jæger, f. NK, Bergen 23.5.1818, d. 26.3.1822

            * Karen Marie, f. NK, Bergen 24.6.1820 – n. 1864, ugift Karen Marie Larsen – 1865 med mori i 9-155

            * Jonas, f. NK, Bergen 9.4.1822 – n. 1864, snikkarmeister Jonas Michelsen)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for siste innlegget om bustaden til Jonas Michelsen i 1865!

 

Den store utfordringi i dette emnet ligg, utanom spørsmålet om lagnaden til John Johnson, fødd 1789, i kven denne Lars Mikkelsen var, og kven første kona hans var?

 

Eg ser berre ein Lars Mikkelsen gift i Bergen som høver:

 

** Lars Mikkelson og Gunnhild Andersdotter - vigde i Bergen 27.3.1769, men desse fekk ikkje born etter det eg kan sjå...

 

So var det berre ein Lars Mikkelson som var barnefar i Bergen i «rett» tidsrom:

 

** Lars Mikkelson med kone Siri Paulsdotter får ei dotter i NK, Karen, døypt 20.1.1769, men desse finn eg ingi vigsle for...

 

Men det var jo òg fleire Lars Mikkelson som gifte seg andre stadar i Hordaland på den tidi...

 

Eg står framleis «bom fast» i denne saki og takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×