Gå til innhold
Arkivverket

Paul Helge(r)son (1814) frå Luster og Kari Johnsdotter (1826) frå Sogndal - gifte i Dane Co., WI i 1861 - men kvar vart det av dei? - Amerika-utfordring!!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Paul Helgeson alias Paul Helgerson, fødd på Øygarden (Dale) i Luster 1.11.1814, utvandra til Amerika i 1854 og gifte seg i Dane Co., WI 25.3.1861 med:

 

Kari Johnsdotter, fødd på Amla i Sogndal 2.1.1826, flytte i 1854 til Hafslo og i 1860 vidare til Amerika.

 

Paul og Kari er nemnde som fadrar i Dane Co., WI eit par år framover, men frå kring 1864 er dei «borte vekk»!  Eg har absolutt ingi aning om kvar dei kan ha gjort av seg og vonar no på hjelp til å finna dei att!

 

Eg kjenner ikkje til at dei hadde born i lag.

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!

 

Den gongen eg las desse kyrkjebøkene i Wisconsin, var det originalen eg nytta, og eg las namnet hennar som Kari!  So eg har ingi forklaring på denne datafili...

 

Uansett, paret forsvinn som «dugg for soli».  Kanskje endra dei ættenamnet til noko heilt anna...?  Ein eller båe av dei kan jo sjølvsagt òg vera avlidne...  Kven veit?

 

Det hadde vore svært so gildt å finna ut kva som skjedde med dei, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nytt innlegg!

 

Diverre er de eldre kyrkjebøkene i Wisconsin heller dårlege når det gjeld innførsel av dødsfall, og eg har nok òg sett etter desse dødsfalli, men utan hell.

 

Me lyt berre vona på at dei dukkar opp ein eller annan stad...  Her er me diverre ganske so makteslause...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Innlegg #6:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege utan merksemd i snart fire år.

 

Eg har diverre ikkje greidd å komma på sporet etter fleire opplysningar om dette parfolket i Amerika, men ein eller annan stad må dei jo ha «gøymt» seg?

 

Kanskje er det nokon som ser noko eg ikkje har sett?

 

NB: Eg lyt leggja til at Paul hadde ein bror i Bergen som kalla seg for DAHL - kan Paul ha teke dette namnet i Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er det samme ekteskapet i kirkeboka. Jeg har ikke funnet gravoppføring fra 1860-tallet. 

 

Paul Helgesen

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Paul Helgesen

Gender:Male

Record Type:Marriage 

Marriage Date:25 Mar 1861

Marriage Place:Stoughton, Wisconsin, USA

Father:Hilge Thoreson

Mother:Margrethe Imeson

Spouse:Kuri Johnson

Church Name:Koshkonong

Church Location:Stoughton, Wisconsin

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60722&h=495172&tid=&pid=&queryId=d37e9411058db843998f6147601dc85c&usePUB=true&_phsrc=hko12&_phstart=successSource

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.