Gå til innhold
Arkivverket

Georg Fredrik «Jørgen» Sørensen, fødd i Luster 1765 - gift i Bergen med Martha Olsdotter - huslyden forsvinn etter 1805 - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har vore eit stort «mysterium» for meg i mange år.  Georg Fredrik «Jørgen» Sørensen flytte i ung alder til Bergen, gifte seg og fekk fem born, for so komplett å forsvinna!!

 

Einaste «sporet» eg i dag KAN ha oppdaga, er at ei jente med same namn som ei av døtrene fekk to «uekte» born i Bergen på 1820-talet, men ingen av fadrane har namn som eg kan knytta opp mot denne familien, so eg er langt ifrå sikker på at ho verkeleg høyrer til her...!!  MEN, det ser ut til at denne jenta døydde i 1849, og alderen høver då svært so bra...  Og ho hadde born (jmf. dødsmeldingi).

 

Og no ser eg at ei av dei andre døtrene kan ha vore pasient på St. Jørgen frå 1822...

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Georg Fredrik, kjend som Jørgen Sørenson, døypt i Luster 23.7.1765,

Jørgen Sørensen flytte sist i 1780‑åri til Bergen, og der gifte han seg 30.6.1793 med Martha Olsdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

Ho var dotter av

 

 

##### (foreldri hennar?)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1760!?)

 

 

Jørgen var matros, men vart òg kalla dikselmann.  Parfolket budde fleire stader i Bergen, mellom anna på Engen (1801), men flytte sidan ut i Krosskyrkjesokni. 

 

 

##### (huslyden forsvinn etter 1805 – seinare lagnad??)

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

 

Me kjenner til fem born etter dei:

 

 

##### (kan det ha vore fleire? – oppl.?)

 

 

a. Olina Jørgensdotter (Sørensen), f. i Bergen 3.7.1792,

 

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hennar?)

 

 

b. Elen Christine Jørgensdotter (Sørensen), f. i Bergen 8.10.1794,

 

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hennar? - «pige» Elen Christine Jørgensen fekk desse  borni - «vår» Elen?

            * Frederiche Jørgine, f. KK, Bergen 30.4.1825 – far: tømmermann Jacob Ruvineus Jul: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/186

            * Ole Sørensen, f. KK, Bergen 14.9.1827 – far: gift mann bordarbeidsmann Ole Sørensen Blagstad: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/77

            ei Elen Christine Jørgensdotter, pige, 55 år, d. i KK, Bergen (23-85) 16.3.1849 – ho??  Dødsmelding: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/62

 

                 c. Malena Jørgensdotter (Sørensen), døypt i Bergen 23.7.1797, vart gravlagd i Bergen 27.12.1798.

d. Malena Margrethe Jørgensdotter (Sørensen), f. i Bergen 27.1.1801,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? - er dette ho: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/20/pc00000000198362

 

 

e. Jørgen Jørgenson (Sørensen), f. i Bergen 26.5.1805,

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for ei spennande melding!  Denne innførsli frå undersøkjingskommisjonen hadde eg ikkje fått med meg, og når eg ser at han siglde på Nordland, er det vel heller ikkje umogeleg at han kan vera avliden ein eller annan stad undervegs og soleis ikkje kyrkjebokførd i Bergen?

 

Det er forresten underleg at eg heller ikkje finn huslyden i FT1815 for Bergen, ikkje ein gong dei to jentene som me vel har finne att so nokolunde sikkert...!?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå 2017.  Eg har i mellomtidi greidd å finna lagnaden til dotteri Malene Margrethe som i 1822 vart innlagt på St. Jørgen, og kanskje har eg òg finne dødsfallet til kona Martha Olsdotter i Bergen.  Elles er det underleg at dotteri Elen Chrostine ser ut til å vera eigar eit fartøy då ho døydde i 1849.  Bietr hennar vart regstrert, og eg har bede Statsarkivet om opplysningar frå skiftet...

 

Eg lurer forresten på om ikkje husfaren Jørgen Sørensen kanskje miste livet til sjøs og at det er òrsaki til at me ikkje kan sjå noko meir til han i Bergen!?

 

Elles er dei to borni Olina og Jørgen sporlaust borte, men kanskje finst dei som konfirmantar ein eller annan stad?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Georg Fredrik, kjend som Jørgen Sørenson, døypt i Luster 23.7.1765,

Jørgen Sørensen flytte sist i 1780‑åri til Bergen, og der gifte han seg 30.6.1793 med Martha Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1760!?)

 

Jørgen var matros, men vart òg kalla dikselmann.  Parfolket budde fleire stader i Bergen, mellom anna på Engen (1801), men flytte sidan ut i Krosskyrkjesokni. 

 

##### (huslyden forsvinn etter 1805 – seinare lagnad?? - døydde han kan henda som sjømann??)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - ?almisselem i Bergen 13.7.1834? https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040397

 

Dei fekk fem born i lag:

a. Olina Jørgensen, f. i Bergen 3.7.1792,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hennar?)

 

b. Elen Christine Jørgensen, f. i Bergen 8.10.1794, d. i Bergen 16.3.1849. 

 

     ##### (fekk tydeleg to born i Bergen:

            * Frederiche Jørgine, f. KK, Bergen 30.4.1825 – far: tømmermann Jacob Ruvineus Jul: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/186

            * Ole Sørensen, f. KK, Bergen 14.9.1827 – far: gift mann bordarbeidsmann Ole Sørensen Blagstad: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/77

               Dødsmelding: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/62 (seier at ho var eigar av eit fartøy!)

 

c. Malena Jørgensen, døypt i Bergen 23.7.1797, vart gravlagd i Bergen 27.12.1798.

d. Malena Margrethe Jørgensen, f. i Bergen 27.1.1801, vart spedalsk og flytte i 1822 inn på St. Jørgen hospital i Bergen, men d. på sjukehuset i Bergen 6.5.1825.

e. Jørgen Jørgenson, f. i Bergen 26.5.1805,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oline Jørgensd. konf. i KK i 1807 (nr.52)

 

SAB, Korskirken Sokneprestembete, H/Haa/L0007: Ministerialbok nr. A 7, 1736-1839, s. 106
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070321630344

 

Elen Christine Jørgensd. konf. i KK i 1811 (nr.42)

 

SAB, Korskirken Sokneprestembete, H/Haa/L0007: Ministerialbok nr. A 7, 1736-1839, s. 109
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070321630347

 

Men om det er døtrene til Jørgen Sørensen er ikke godt å si.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for siste innlegget!

 

Du har rett i at me aldri kan vera sikre på om me har finne dei «rette» konfirmantane, men i dette tilfellet trur eg ikkje det kan vera so mykje tvil.  Det finst ingen born med desse namni fødde på den tidi på Vestlandet, bortsett ifrå desse døtrene til Jørgen Sørenson i Bergen!

 

Når det gjeld den yngste broren, Jørgen Jørgenson, reknar eg med at du ogso har søkt etter han som konfirmant(?), men utan å finna noko...  Søsteri Malena Margrethe kunne vel teoretisk òg ha vorte konfirmert, men då ho vart spedalsk i ganske ung alder, er eg ikkje so sikker...

 

Den store «utfordringi» i denne huslyden er soleis Oline Jørgensdotter, men kvar kan ho ha gjort av seg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.