Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Henriksen (1739-1782) - fødd i Luster - smed i Bergen - enkja attgift med Fredrik J. Bremer (1766-1791) - kven var han? - opphavet til kona? - lagnadane til borni?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i dag teke for meg huslyden til Johannes Henriksen frå Luster, som eg arbeidde mykje med på 1980-talet, og eg har greidd å finna ein del nye opplysningar, men no står eg «bom» fast.  Kanskje nokon greier å identifisera svigerforeldri hans?  Var dei frå Askvoll?  Og kven var Fredrik J. Bremer, som enkja gifte seg att med?  Fleire born må vera avblidne i Bergen før 1800, men eg finn dei ikkje...

 

Her er sonen Henrik i 1801 i lag med mor si, før han vert borte for meg...: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390016713

 

Slik ser manuskriptet mitt for denne huslyden ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Henrikson (Lægene), døypt i Luster 13.1.1739,

Johannes Henriksen flytte i ung alder som soldat til Bergen der han 24.9.1775 gifte seg i Domkyrkja med Gjertrud Marie Clemensdotter frå Bergen.  Ho var dotter av fiskar Clemens Nilsen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – kan henda fødd på Bjørnestad i Askvoll 1718?)

 

og andre kona Herborg Torkildsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – vigde i NK, Bergen 10.9.1747!)

 

og vart døypt i Bergen 11.2.1748.  Johannes var smed, og han og Gjertrud budde i Engesmuget i Bergen.  Johannes vart gravlagd i Bergen 13.6.1782, og Gjertrud gifte seg 24.3.1788 att i Domkyrkja i Bergen med Fredrik Joh.

 

##### (farsnamnet hans?)

 

Bremer frå

 

##### (opphavet hans?)

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1766!?)

 

Fredrik var kypperarsvein og bøkkararbeidar, og han og Gjertrud budde i Henrik Wergelandsgate i Bergen.  Derifrå vart Fredrik gravlagd 2.8.1791.  Gjertrud livnærte seg sidan som handarbeidar og budde mellom anna i øvre Blekevei, men d. i Langeveien i Bergen 31.3.1808.  Ho fekk i alt sju born, fem frå første ekteskapet med Johannes og to frå det andre:

a. Henrik Johannessen, døypt i Bergen 10.8.1770,

 

     ##### (dødsfallet hans før 1775?)

 

b. Henrikka Johannesdatter, døypt i Bergen 29.1.1775, vart gravlagd i Bergen 14.10.1775.

c. Andreas Johannessen, døypt i Bergen 2.10.1776, vart gravlagd i Bergen 17.3.1777.

d. Herborg Marie Johannesdatter, f. i Bergen 10.7.1778,

 

     ##### (dødsfallet hennar før 1791?)

 

e. Henrik Johannessen, f. i Bergen 6.4.1780,

 

     ##### (n. 1801 som bøkkarsvein – lagnaden hans?)

 

f. Anna Marie Fredriksdotter Bremer, f. i Bergen 1.11.1786,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

g. Herborg Marie Fredriksdotter Bremer, f. i Bergen 16.7.1791, vart gravlagd i Bergen 28.9.1797.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg!

 

Eg assosierte òg Fredrik Bremer med Bremer-ætti, som mellom anna budde i Sogn, men eg greier ikkje finna «plass» til denne Fredrik nokon stad!  Eller har eg oversett noko?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!  Kanskje greier nokon finna ut kvar det vart av bøkkarsveinen Henrik Johannessen, fødd 1780?  Og dødsfalli til søskeni hans, Henrik d.e. og Herborg Marie, hadde ikkje vore so ueffent heller...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å henta fram att denne utfordringi frå februar, som har lege «i dvale» sidan februar.

 

Eg har i dag greidd å identifisera eine sonen i denne huslyden, Henrik Johannessen, som vart bøkkararbeidar og budde i Langeveien i Sandviken, Bergen.  Han var gift og fekk i alle fall åtte born.  Me ser sat han kalla opp att søsteri Herborg Marie som første barnet, men han har ikkje kalla opp att hi søsteri, Anna Marie Fredriksdotter (Bremer), so då skulle ein nesten tru at Anna Marie har levd opp?

 

Framleis er det ei gåte kvar Clemens Nilsen og Herborg Torkildsdotter i Bergen hadde opphavi deira ifrå, og det same gjeld opphavet til Fredrik Joh. Bremer!

 

Ogso er det merkeleg at me ikkje skal greia å finna dødsfalli til den eldste Henrik Johannessen eller søsteri Herborg Marie Johannesdotter!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Henrikson (Lægene), døypt i Luster 13.1.1739,

Johannes Henriksen flytte i ung alder som soldat til Bergen der han 24.9.1775 gifte seg i Domkyrkja med Gjertrud Marie Clemensdotter frå Bergen.  Ho var dotter av fiskar Clemens Nilsen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – kan henda fødd på Bjørnestad i Askvoll 1718?)

 

og andre kona Herborg Torkildsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – vigde i NK, Bergen 10.9.1747!)

 

og vart døypt i Bergen 11.2.1748.  Johannes var smed, og han og Gjertrud budde i Engesmuget i Bergen.  Johannes vart gravlagd i Bergen 13.6.1782, og Gjertrud gifte seg 24.3.1788 att i Domkyrkja i Bergen med Fredrik Joh.

 

##### (farsnamnet hans?)

 

Bremer frå

 

##### (opphavet hans?)

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1766!?)

 

Fredrik var kypperarsvein og bøkkararbeidar, og han og Gjertrud budde i Henrik Wergelandsgate i Bergen.  Derifrå vart Fredrik gravlagd 2.8.1791.  Gjertrud livnærte seg sidan som handarbeidar og budde mellom anna i øvre Blekevei, men d. i Langeveien i Bergen 31.3.1808.  Ho fekk i alt sju born, fem frå første ekteskapet med Johannes og to frå det andre:

a. Henrik Johannessen, døypt i Bergen 10.8.1770,

 

     ##### (dødsfallet hans før 1775?)

 

b. Henrikka Johannesdatter, døypt i Bergen 29.1.1775, vart gravlagd i Bergen 14.10.1775.

c. Andreas Johannessen, døypt i Bergen 2.10.1776, vart gravlagd i Bergen 17.3.1777.

d. Herborg Marie Johannesdatter, f. i Bergen 10.7.1778,

 

     ##### (dødsfallet hennar før 1791?)

 

e. Henrik Johannessen, f. i Bergen 6.4.1780, d. som bøkkararbeidar i Bergen 8.5.1845.  Henrik gifte seg i Domkyrkja i Bergen 31.1.1802 med Jannicke Abelone Tollefsdotter frå Bergen, f. i Bergen 25.4.1781.  Ho d. i koleraepidemien i Bergen 8.1.1849.  Henrik var bøkkararbeidar, og han og Jannicke budde levetidi ut i Langeveien i Bergen.  Dei fekk åtte born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle borni er medkomne?

            * Herborg Marie, f. KK, Bergen 8.5.1802 – n. 1815

            * Tollev Johan, f. KK, Bergen 18.2.1804 – d. KK, Bergen 10.9.1808

            * Johannes Martinus, f. KK, Bergen 10.4.1806 – d. KK, Bergen 10.2.1808

            * Jan Jochum, f. KK, Bergen 25.10.1809 – n. 1815

            * Marte Karine, f. KK, Bergen 2.7.1812, d. KK, Bergen 29.9.1814

            * Gjertrud Martine, f. KK, Bergen 20.1.1816

            * Jan Henrik, f. KK, Bergen 19.9.1818

            * Elling Johan, f. KK, Bergen 28.3.1821)

 

f. Anna Marie Fredriksdotter Bremer, f. i Bergen 1.11.1786,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

g. Herborg Marie Fredriksdotter Bremer, f. i Bergen 16.7.1791, vart gravlagd i Bergen 28.9.1797.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar å ny for alle gode tips om denne huslyden og lever i voni...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×