Gå til innhold
Arkivverket

Anders Hermundson, fødd i Luster 1782 - til Bergen som soldat, men gift i Fana 1824 med Kari - då busette på Nattland - sidan på Rennebø, men kvar er det? - lagnad elles?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert på kvar det vart av Anders Hermundson (Forthun), fødd i 1782, som eg tilfedigvis oppdaga i ei kyrkjebok i Fana der han gifte seg 7.11.1824:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8801/134

 

Og i dag har eg ved eit søk i Digitalarkivets database oppdaga dødsfallet hans:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000453711

 

Han var med andre ord busett på garden Rennebø då han døydde på St. Jørgen, men kvar er no garden Rennebø???

 

FamilySearch syner ingen born etter Anders og Kari, og då den yngre broren Christopher Hermundson (1791-1870) døydde barnlaus i Luster, er Anders ikkje nemnd, korkje han sjølv eller eventuelle born etter han.

 

Her er desse opplysningane førte saman i manuskriptform:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Er det mogeleg å identifisera Kari Johannesdotter «Haukeland»?  Kan det vera ho som i 1810 vart konfirmert i Fana? https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000758405

 

(Men på Haukeland i Fana finn eg ingen som høver i FT1801!)

 

Kvar vart det av ho?

 

Og fekk dei born i lag?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rennebø lå i Årstad, der sykehuset Haraldsplass ligger i dag.

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01052993000074

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Lyststedet-som-ble-sykehus-72159b.html

 

Haukeland er trolig også i Årstad, der sykehuset Haukeland ligger i dag.

 

Anders døde neppe på St Jørgen Hospital. "St. Jørgens Hospital prestegjeld" er Hospitalskirken, som folk i Årstad den gangen sognet til.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for oppklaring av spørsmåli kring Rennebø og Haukeland.  Eg er rett nok oppvaksen i Fana, og assosierte vel Haukeland meir med Haukeland stasjon på veg mot Arna...

 

Kanskje er det likevel mogeleg å identifisera Kari Johannesdotter?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips kring denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars J. for nye interessante og utfordrande innlegg!

 

Eg ser at Ole Monsson og Kari Johannesdotter gifte seg i Hosanger 17.10.1821, so den Kari var definitivt ikkje ho me leiter etter, sjølv om alderen høvde godt...  Ho var fødd på Kleiveland: https://media.digitalarkivet.no/view/11498/97

 

Men korleis kjem du, Sven, på Kari Johannesdotter som i 1801 budde på Hordvik?

 

Eg ser at Iver Olson har ættenamnet Lerum på han gifte seg med Karen i 1837, og det syner seg at han er frå Lereim i Sogndal.  Her gifte han seg første gongen i Fana i 1833 med ei gardajente frå Knappen: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000326318

 

Men ho døydde på Knappen året etter: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001781080

 

Bygdeboki for Sogndal seier berre at Iver budde i Bergen og døydde barnlaus, men dødsåret manglar.

 

Kan det tenkjast at bygdeboki for Fana (Knappen) kan ha fleire opplysningar??  Eg veit ikkje om Isdalen er omfatta av noki bygdebok....?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Hermundson, døypt i Luster 8.12.1782,

Anders Hermansen flytte i ung alder som garnisonssoldat til Bergen, men var dimittert i 1815.  Han gifte seg i Fana 7.11.1824 med Kari Johannesdotter frå Haukeland på Arna i Haus.  Ho var dotter av gardbrukar Johannes Andersson på Haukeland og kona Anna Askildsdotter frå Breistein i Åsane, Hamre og vart døypt i Haus 28.6.1795, men flytte i 1804 med mor si til Årstad, Bergen.  Anders og Kari tente ei tid på Nattland i Fana og sidan på Rennebø i Årstad, Bergen der Anders d. 3.3.1836.  Kari gifte seg 22.10.1837 att i Årstad, Bergen med enkjemannen Iver Olson, opphavleg frå Lereim i Sogndal, kjend som Iver O. Lerum.  Han var son av gardbrukar Ole Jacobson på Lereim, opphavleg frå Kvåle, og kona Mari Johannesdotter frå Ospesete og vart døypt i Sogndal 7.2.1790. 

 

##### (yrke og bustad? – 1833 budde på Knappen – då gift 1ste gongen i Fana med Dortha Olsdotter, gardajente frå Knappen, som d. i desember 1834! – 1837: paktarar i Isdalen – sidan??)

 

##### (dødsfallet til Iver Olson?)

 

##### (dødsfallet til Karen Johannesdotter?)

 

Ingen born.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Isdalen er nok også i Årstad, ved Svartediket oppunder Ulriken. Det finnes en bok,  «Bak Blåmannen: Våkendalen – et samfunn som forsvant» av Dag Sletten (2008), om gårdene som ble forlatt ca 1900 da Svartediket ble drikkevann for Bergen. Det kan være boken også inneholder noe om Isdalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for ny kommentar!

 

Isdalen ligg vel ovanfor (eller bak) Haraldsplass, og bekken som renn ned ved Haraldsplass kjem vel frå Startediket i Isdalen...  Men dødsfali i Isdalen skal veĺ vera med i basen for Bergen by, og der finn eg ikkje nokon Iver Olson...

 

Kanskje nokon har tilgjenge til den nemnde boki om gardane ved Svartediket og kan gjera oppslag?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om lagnaden til Iver og Karen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari var med ganske stor sikkerhet fra Haukeland i Arna. I Haus i soga og segn - Ådna sokn s. 321 er Kari Johannesdtr. Haukeland oppført født 1795 og flyttet til Årstad i 1804, sammen med moren og en bror, Anders. Foreldrene var Johannes Andersson Haukeland (1753 - 1804) og Anna Askjellsdtr. Breistein (1746 - 1832)

 

Her er familien i 1801 https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058384000201

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit kjempeinnlegg!

 

Eg er heilt samd med deg i at Kari må vera frå Haukeland i Arna.  Eg oppdaga ikkje denne Kari i FT1801, for namnet er stava Cari...!

 

Men om ho flytte til Årstad i 1804, er det vel ikkje ho som vart konfirmert i Fana kyrkje i 1810, 17 år gamal..., eller?

 

Uansett, opphavet hennar er so langt «i boks», og det er berre lagnadane til Iver og Kari som står att å finna ut av!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #6 ovanfor med desse nye fine opplysningane og takkar igjen for framifrå innsats med denne huslyden so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vet ikke om dette er kommet med, men her er vel dødsfallet til Iver Olsens første kone, Dorthe Olsdatter:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001781080

 

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 8 (1829-1851), Døde og begravede 1834, Side 257
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070221630103.jpg
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Men korleis kjem du, Sven, på Kari Johannesdotter som i 1801 budde på Hordvik?

 

Jeg mener jeg så en referanse til Hamre et eller annet sted, men er ikke i stand til å finne det igjen....

Er nok feil uansett ser det ut for.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På ‎24‎.‎02‎.‎2017 den 20.22, Lars E. Øyane skrev:

1837: paktarar i Isdalen

 

Jeg har nå sjekket boken "Bak Blåmannen". Der står det, s. 123, at Iver Olsen var pakter på gården Garmannslund, som ofte ble kalt Isdalen. Det står også der at Iver og Karen fremdeles bodde på Garmannslund i 1840.

 

Når det gjelder Knappen gård, er ikke Iver Olsen nevnt i Fana bygdebok. Det står bare at Dordi, ektefellen hans, flyttet til Isdalen:

 

image.png.71f953fa5bdc6df4d83d7df18c1eae8c.png

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Sven og Tore for dei siste innleggi i denne debatten!

 

Eg får ikkje fram utsnittet frå Fana bygdebok som Tore syner til i innlegg #13, men omtalen av Dordi/Dortha Olsdotter er vel berre kort nemnd under foreldri hennar....(?)

 

Iver og Dordi/Dortha var vel barnlause...  Dei var jo berre gifte i to månadar!

 

Men interessant er merknaden om at Iver og Karen framleis budde på Garmannslund (Isdalen) i 1840, og eg er framleis svært interessert i å få greie på dato og stad for dødsfalli deira!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Hermundson {Forthun}, døypt {i Luster} 8.12.1782,

Anders Hermansen flytte i ung alder som garnisonssoldat til Bergen, men var dimittert i 1815.  Han gifte seg i Fana 7.11.1824 med Kari Johannesdotter frå Haukeland på Arna i Haus.  Ho var dotter av gardbrukar Johannes Andersson på Haukeland og kona Anna Askildsdotter frå Breistein i Åsane, Hamre og vart døypt i Haus 28.6.1795, men flytte i 1804 med mor si til Årstad, Bergen.  Anders og Kari tente ei tid på Nattland i Fana og sidan på Rennebø i Årstad, Bergen der Anders d. 3.3.1836.  Kari gifte seg 22.10.1837 att i Årstad, Bergen med enkjemannen Iver Olson, opphavleg frå Lereim i Sogndal, kjend som Iver O. Lerum.  Han var son av gardbrukar Ole Jacobson på Lereim, opphavleg frå Kvåle, og kona Mari Johannesdotter frå Ospesete og vart døypt i Sogndal 7.2.1790. 

 

##### (yrke og bustad? – 1833 budde på Knappen – då gift 1ste gongen i Fana 19.10.1833 med Dortha Olsdotter, gardajente frå Knappen, som d. som innerstkone på Knappen 20.12.1833, 34 år gamal! – 1837: paktarar i Isdalen – Iver og Karen budde framleis på Garmannslund (Isdalen) i 1840 - sidan kva??)

 

##### (dødsfallet til Iver Olson?)

 

##### (dødsfallet til Karen Johannesdotter?)

 

Ingen born.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

omtalen av Dordi/Dortha Olsdotter er vel berre kort nemnd under foreldri hennar....(?)

 

Ja. Hele omtalen av henne lyder: "Dordi flytte til Isdalen."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.