Gå til innhold
Arkivverket

Synneva (1831) og Ragnhild (1834) Johnsdøtrer - frå Fortun i Luster til Øksnes i Nordland - kvar vart det av dei og borni deira? - spreidde for «alle vinder»?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Laura Marie Pedersen frå Gloppe i Tjølling, f. i Tjølling 26.8.1877.  Ho d. i Drammen

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Drammens Tidende 10. november 1953

laura olsen.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Birger Johan – f. Salangen 4.5.1911

https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002962555

 

Lysning nummer 85 

 

Troms fylke, Trondenes, Sandtorg, Skånland i Trondenes, Lysningsprotokoll nr. 100 (1931-1940), Lysninger 1933, Side 26
Permanent bilde-ID: kb20050210010389
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050210010389
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050210010389.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Andreas Eliseus Jacobson Olsen, f. i Øksnes 5.12.1872, flytte i 1899 til Trondheim

 

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

Dødsfall nummer 10

 

Sør-Trøndelag fylke, Bakklandet (Bakke) i Trondheim, Ministerialbok nr. 604A21 (1901-1911), Døde og begravede 1910, Side 433
Permanent bilde-ID: kb20060519080425
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060519080425
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060519080425.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Fredrikke Jørgine Johansdotter frå Arnøen i Trondenes, f. i Trondenes 26.3.1884.  Ho d.

 

 

 

     ##### (dødsstaden hennar? – truleg Harstad! – Trondenes!!)

Fremover 13. januar 1953

fredrikke høydahl.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oslo fylke, Oslo, Vigselsbok (borgerlig) (1949-1949), Protokollside
Permanent bilde-ID: kb20110307320274
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20110307320274
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20110307320274.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #60!

 

Eg er mållaus!  Hjarteleg takk til Odd Einar og Sven for mange spennande og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Andreas er komen «på plass», og det same er detaljane som mangla om Julius.  Til og med Olea er dukka opp, i Amerika, sjølv om me der framleis manglar detaljar om lagnaden hennar...  Vart ho kan henda attgift etter Edvard døydde?  Kanskje finst det dødsmeldingar i Noreg etter foreldri hennar (1909), broren Andreas (1910) eller søsteri Anna (1914)?

 

Her følgjer i alle fall eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #36 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ragnhild Johnsdotter {Forthun}, f. i Luster 27.5.1834,

Ragnhild Johnsdotter flytte òg i ung alder til Øksnes der ho 15.7.1861 gifte seg med Jacob Olson frå Jørland i Øksnes, kjend som Jacob Olsen.  Han var son av gardbrukar Ole Pederson på Jørland, opphavleg frå Dalset i Rødven, Veøy, og kona Beret Johnsdotter frå Eide i Eid sokn i Grytten og f. på Dalset i Veøy 24.3.1833.  Jacob flytte i 1836 med foreldri til Øksnes.  Jacob var hustømmermann, og han og Ragnhild budde som husmannsfolk på Høydalen under Hjelsand i Øksnes.  Ragnhild d. som husmannskone på Høydalen 4.6.1909, medan Jacob d. som husmann under Hjelsand 10.6.1909.  Dei fekk åtte born i lag, men Ragnhild hadde òg ei dotter frå før:

a. Josephine Christine Carlsdotter, dotter av Ragnhild og gardbrukar og lensmann Carl Michael Bentson på Valle øvre i Flakstad (1829-1906), var f. i Øksnes 30.8.1860, men d. i Øksnes 3.5.1869.

b. Olea Petrikka Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 20.3.1862, gifte seg i Øksnes 1.8.1885 med Ole Edvard, kjend som Edvard Jacobson Hellingsen frå Ramsjord i Lyngdal, f. i Lyngdal 8.2.1863.  Edvard var bakar, og han og Olea budde ei tid på Langnes i Øksnes og sidan på Digermulen i Vågan til dei utvandra til Amerika, Edvard i

 

     ##### (kva år?)

 

     og Olea i 1893.  Dei utvandra til San Francisco, Cal., men Edvard d. under eit opphald i Seattle, Wash. 28.7.1894. 

 

     ##### (seinare lagnad Olea? – attgift?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – truleg ingen!)

 

c. Mathilde Berntine, kjend som Berntine Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 21.2.1864, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     1940.  Berntine gifte seg i Bø 27.12.1882 med Johan Peder Nilssen frå Strømsnes i Lyngen, f. i Karlsøy 25.3.1857.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1944.  Johan var fiskar, og han og Berntine budde mange år som plassfolk på Hauan under Hjellsand i Øksnes, men etter husi der brann ned flytte dei først på 1930-talet til Fredheim, Tunstad i Øksnes.  Dei fekk elleve born i lag.

d. Johan Carl Jacobson Olsen, f. i Øksnes 3.6.1866, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1945. 

 

     ##### («til Oslo» – 1910: Carl Johan Olsen, ugift skreddar i Larvik – lagnaden hans?)

 

e. Anna Ragnhilda Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 15.3.1868, d. som innerstkone på Elvenes i Sortland 25.11.1914.  Ho gifte seg i Sortland 15.10.1905 med enkjemannen Edvard Nikolai, kjend som Nikolai E. Nilsen, opphavleg frå Steiro i Sortland, Hadsel, f. i Sortland 20.5.1844.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

     17.4.1930.  Nikolai var fiskar og gardsarbeidar, og han og Anna budde som innerstfolk på plassen Elvenes under Steiro i Sortland.  Dei fekk ikkje born i lag, men Nikolai hadde

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

     frå første ekteskapet sitt.

f. Josephine Kristine Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 1.6.1870, d. i Øksnes 7.12.1873.

g. Andreas Eliseus Jacobson Olsen, kjend som Andreas Høidahl, f. i Øksnes 5.12.1872, flytte i 1899 til Trondheim der han d. på sjukehuset 15.2.1910.  Han var handlangar, ugift.

h. Rikard Johan Jacobson Olsen, kjend som Rikard Høydahl, f. i Øksnes 5.11.1874, d. som smedmeistar på Sama i Harstad 10.3.1927.  Rikard var ved hundreårsskiftet jarnbanearbeidar på Ofotbanen, men gifte seg i Trondenes 28.12.1908 med Fredrikke Jørgine Johansdotter frå Arnøen i Trondenes, f. i Trondenes 26.3.1884.  Ho d. ved eit ulukkeshende i Harstad 11.1.1953.  Rikard Høydahl var ei tid steinarbeidar, og parfolket budde på Medby og Roligheten i Salangen, men flytte sidan til Sama i Harstad der Rikard var maskinarbeidar og smedmeistar.  Dei fekk fire born i lag.

i. Julius Jacobson Olsen, f. i Øksnes 22.6.1877, d. på Bragernes i Drammen 17.6.1922.  Julius flytte i 1896 til Trondheim, men snart vidare til Bragernes i Drammen der han 21.12.1902 gifte seg med Laura Marie Pedersen frå Gloppe i Tjølling, f. i Tjølling 26.8.1877.  Ho d. i Drammen 7.11.1953.  Julius var snikkarsvein, og han og Laura vart buande i Drammen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien og God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Johan Carl Jacobson Olsen, f. i Øksnes 3.6.1866, d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

 

     1945. 

 

cjoh.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anne Marie Høydahl døde 13. september 1956, trolig i Oslo. Gravlagt på Vestre gravlund 18. september 1956. Ingen barn ut fra hva jeg leser  i dødsannonsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Edvard i

     ##### (kva år?)

     og Olea i 1893.

Kan det være nummer 4912 Ole Hallingsen? Fødselsåret stemmer ikke helt....

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2997/images/40610_B000093-00290?treeid=&personid=&hintid=&queryId=72ba9a3a46a971a6446eaa9d0b8bcdcc&usePUB=true&_phsrc=ITW7889&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.191018029.663997018.1608331665-1291571358.1577234306&pId=36046203

 

Name: Ole Hallingsen
Gender: Male
Arrival Age: 34
Birth Year: abt 1858
Departure Port: Liverpool, England; Londonderry, Ireland
Arrival Date: 30 May 1892
Arrival Port: Quebec, Quebec, Canada; Montreal, Quebec, Canada
Vessel: Mongolian
Search Ship Database: Search for the Mongolian in the 'Passenger Ships and Images' database
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #67:

 

Dette er jo berre meir og meir fantastisk!  Hjerteleg takk tikl Sven for fleire spennande detaljar om denne huslyden.  No er ogso skreddaren/emisæren Carl Johan «i boks», og dei einaste detaljane som no står att er diverse opplysningar om:

 

* Olea Hellingsen og lagnaden hennar i Amerika

 

* Berntine Nilsen på Thunstad i Øksnes

 

* Anna Elvenes i Sortland

 

Kanskje let det seg gjera finna dødsdannonser for desse jentene og mennene deira i Nordland?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #60 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ragnhild Johnsdotter {Forthun}, f. i Luster 27.5.1834,

Ragnhild Johnsdotter flytte òg i ung alder til Øksnes der ho 15.7.1861 gifte seg med Jacob Olson frå Jørland i Øksnes, kjend som Jacob Olsen.  Han var son av gardbrukar Ole Pederson på Jørland, opphavleg frå Dalset i Rødven, Veøy, og kona Beret Johnsdotter frå Eide i Eid sokn i Grytten og f. på Dalset i Veøy 24.3.1833.  Jacob flytte i 1836 med foreldri til Øksnes.  Jacob var hustømmermann, og han og Ragnhild budde som husmannsfolk på Høydalen under Hjelsand i Øksnes.  Ragnhild d. som husmannskone på Høydalen 4.6.1909, medan Jacob d. som husmann under Hjelsand 10.6.1909.  Dei fekk åtte born i lag, men Ragnhild hadde òg ei dotter frå før:

a. Josephine Christine Carlsdotter, dotter av Ragnhild og gardbrukar og lensmann Carl Michael Bentson på Valle øvre i Flakstad (1829-1906), var f. i Øksnes 30.8.1860, men d. i Øksnes 3.5.1869.

b. Olea Petrikka Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 20.3.1862, gifte seg i Øksnes 1.8.1885 med Ole Edvard, kjend som Edvard Jacobson Hellingsen frå Ramsjord i Lyngdal, f. i Lyngdal 8.2.1863.  Edvard var bakar, og han og Olea budde ei tid på Langnes i Øksnes og sidan på Digermulen i Vågan til dei utvandra til Amerika, Edvard i 1892 og Olea i 1893.  Dei utvandra til San Francisco, Cal., men Edvard d. under eit opphald i Seattle, Wash. 28.7.1894. 

 

     ##### (seinare lagnad Olea? – attgift?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – truleg ingen!)

 

c. Mathilde Berntine, kjend som Berntine Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 21.2.1864, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     1940.  Berntine gifte seg i Bø 27.12.1882 med Johan Peder Nilssen frå Strømsnes i Lyngen, f. i Karlsøy 25.3.1857.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1944.  Johan var fiskar, og han og Berntine budde mange år som plassfolk på Hauan under Hjellsand i Øksnes, men etter husi der brann ned flytte dei først på 1930-talet til Fredheim, Tunstad i Øksnes.  Dei fekk elleve born i lag.

d. Johan Carl Jacobson Olsen, kjend som Carl J. Høydahl, f. i Øksnes 3.6.1866, d. i Oslo 7.12.1945.  Han gifte seg i Ålesund 24.11.1925 med Anna Marie, kjend som Maria Knutsdotter Emmedal frå Ålesund, f. på Emmedal i Stranda 24.8.1876.  Ho d. i Oslo 13.9.1956.  Carl var skreddar og emissær og budde mellom anna i Larvik og i Ålesund, men flytte sidan til Oslo.  Dei var barnlause.

e. Anna Ragnhilda Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 15.3.1868, d. som innerstkone på Elvenes i Sortland 25.11.1914.  Ho gifte seg i Sortland 15.10.1905 med enkjemannen Edvard Nikolai, kjend som Nikolai E. Nilsen, opphavleg frå Steiro i Sortland, Hadsel, f. i Sortland 20.5.1844.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

     17.4.1930.  Nikolai var fiskar og gardsarbeidar, og han og Anna budde som innerstfolk på plassen Elvenes under Steiro i Sortland.  Dei fekk ikkje born i lag, men Nikolai hadde

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

     frå første ekteskapet sitt.

f. Josephine Kristine Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 1.6.1870, d. i Øksnes 7.12.1873.

g. Andreas Eliseus Jacobson Olsen, kjend som Andreas Høidahl, f. i Øksnes 5.12.1872, flytte i 1899 til Trondheim der han d. på sjukehuset 15.2.1910.  Han var handlangar, ugift.

h. Rikard Johan Jacobson Olsen, kjend som Rikard Høydahl, f. i Øksnes 5.11.1874, d. som smedmeistar på Sama i Harstad 10.3.1927.  Rikard var ved hundreårsskiftet jarnbanearbeidar på Ofotbanen, men gifte seg i Trondenes 28.12.1908 med Fredrikke Jørgine Johansdotter frå Arnøen i Trondenes, f. i Trondenes 26.3.1884.  Ho d. ved eit ulukkeshende i Harstad 11.1.1953.  Rikard Høydahl var ei tid steinarbeidar, og parfolket budde på Medby og Roligheten i Salangen, men flytte sidan til Sama i Harstad der Rikard var maskinarbeidar og smedmeistar.  Dei fekk fire born i lag.

i. Julius Jacobson Olsen, f. i Øksnes 22.6.1877, d. på Bragernes i Drammen 17.6.1922.  Julius flytte i 1896 til Trondheim, men snart vidare til Bragernes i Drammen der han 21.12.1902 gifte seg med Laura Marie Pedersen frå Gloppe i Tjølling, f. i Tjølling 26.8.1877.  Ho d. i Drammen 7.11.1953.  Julius var snikkarsvein, og han og Laura vart buande i Drammen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Mathilde Berntine, kjend som Berntine Jacobsdotter Olsen, f. i Øksnes 21.2.1864, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

     1940.

Det er bare ei uke igjen før denne blir åpnet opp https://media.digitalarkivet.no/view/59842/234

Kanskje dødsfallet finnes der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.