Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Maybom-ætti - Stavanger - Nedstrand - Bergen - kven var dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet var oppe til drøfting i Brukarforum i 2009:

Spørsmålsstillaren frå den gongen, Halvor Skurtveit, var oppteken av sambandet mellom Dahle-ætti, som han i utgangspunktet ikkje kjente opphavet til, og Maybom-ætti i Bergen.

 

Som bygdebokskrivar for Luster har eg vore borti denne problemstilingi, heilt konkret gjennom desse to ekteskapi:

 

* Hans Endreson Dahle (1748-1826), gift i Bergen 8.3.1775 med Megtele Christine (Paulsdotter) Maybom, fødd kring 1751, døydde i Bergen 5.5.1834.  Då einaste sonen deira vart døypt året etter, kjem det fram at far hennar heitte Paul Maybom.  Elles ser me ikkje noko til Megtele i Bergen før ho gifte seg i 1775.

 

* Ragnhild Endresdotter Dahle (1763-1816), gift i Sund 13.7.1792 med Wilken Michael Maybom, fødd i Stavanger kring 1761, døydde i Bergen 31.8.1810, der han var anglemakarmeiser og krambohandlar.

 

I utgangspunktet visst eg ikkje noko om foreldri til korkje Megtele eller Wilken, men gjekk ut ifrå dei kunne vera søsken, men som eg kjem attende til nedanfor, kan dette ikkje vera tilfelle...

 

No ser eg, ogso utifrå ovannemnde tema, at: Wilken Michael Maybom, 17 år, vart konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1778, då med opphald hjå anglemakar Johansens enkje

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=DKKF1763&gardpostnr=1312&merk=1312#ovre

 

Denne enkja skal då ha vore Ida Lucie Maybom, som i 1763 gifte seg med Peder Johannessen, og rimeligvis var det same bustaden ho hadde den Cecilia Cathrine Maybom, likeins 17 år gamal, som vart konfirmert året etter.

 

Men eg har før finne ut at Wilken Michael Maybom skulle vera fødd i Stavanger, og no ser eg at:

 

** Wilken Michael Maybom vart døypt i Nedstrand 12.4.1761 av foreldri Just Henrik Maybom og Dortha Sørensdotter

 

** Cecilia Cathrine Maybom vart døypt i Domkyrkja i Stavanger 10.4.1763 av same foreldre!

 

Desse foreldri gifte seg i Nedstrand 19.3.1760.  Kan henda Dortha var derifrå?

 

MEN, kva eg ikkje finn ut av, er:

 

*** Kven var Just Henrik Maybom?  Var han kan henda ein bror av Ida Lucie Maybom gift med anglamaker Johansen i Bergen?

 

*** Kven var Megtele Christine Maybom, fødd kring 1755?  Nokon Paul Maybom ser eg ikkje noko til...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

http://kvitrud.no/Huseiere.htm

 

Huseiere og skatteytere i Stavanger 1701-1807

- Property owners and tax payers in the city of Stavanger

Arne Kvitrud, Sondre Nordheimsgate 9, 4021 Stavanger. (arne.kvitrud@online.nox - men ikke bruk x-en!! Don’t use the x!)

Versjon 1.10.2016.

 

Utkast - er ikke korrekturlest (draft document).

 

"

X

V19-V18-V17 Lars Jenssen Smith 1717-1719

 

23 Nedre Holmegate 2 + Skansegaten 13

23 Eilert Dals enke (J. Lea) ca 1850 (magistraten - 18b)

24 Jon Lea 1819

24 Knut Lønning 1819 i Vigen

24-23 John Olsen Lea 1803-1807

23-24-23-18-BK69-A153 Mikkel Olsen 1770-1803

18-BK67-AK1 Samson Jonsen Kvale eller Hardanger 1767-1770

KB1-NA15-AK1 Just Henrik Maybom/Mayborn kannestøper 1762-1767

Sammen med en annen eiendom i 1761

AK1 Mikael Langballe på Nerstrand 1758

A153-NC14-AK2-S44 Mikkel Sørensen Hoffmann 1741-1758 (byens grunn - 12b) grunn og hage

Trolig sammen med X (over) i 1736"

 

Skjønner ikke helt hva KBI-NA15-AK1 betyr....!

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Fra Oddernes Bygdebok:

maybom.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Fra Stavanger Borgerbog 1436-1850:

just.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Stavanger borgerbog 1436-1850

 

Maybom - 1.png

Maybom - 2.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Rogaland fylke, Hemnes fjerding i Ryfylke, Skifteprotokoll nr. D 4 (1719-1732), Registerside, Side upaginert
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20110401640319.jpg
 

Rogaland fylke, Hemnes fjerding i Ryfylke, Skifteprotokoll nr. D 4 (1719-1732), Skifteprotokollside, Side 377b-378a
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20110401640702.jpg 
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Endå ein gong er eg heilt mållaus!  Hjarteleg takk til Grethe og Sven for fantastiske innlegg!

 

Eg ser at Wilken Michael Maybom og Cecilia Cathrine Maybom miste båe foreldri sine, medan dei berre var småborn, og soleis kom dei til (tanta?) i Bergen og voks opp der!

 

Just Henrik Maybom var altso kannestøypar i Stavanger, medan Paul Didrikson Maybom var skipper og budde på Lund øvre i Oddernes.

 

So veit me at Dortha Sørensdotter (Elholm) var frå Nedstrand i Nedstrand, medan Sophie Dorthea Nilsdotter Sommer var frå Lund øvre i Oddernes.

 

Då har eg berre tre konkrete spørsmål att:

 

** Kvar hadde Paul Didrikson Maybom opphavet sitt ifrå?  Er foreldri kjende?

 

** Kvar hadde Just Henrik Maybom opphavet sitt ifrå?  Er foreldri kjende?

 

** Kjenner ein skyldskapen mellom Just Henrik Maybom og Ida Lucie Maybom i Bergen?  Eg ser at Ida Lucie Maybom vart døypt i Mariakyrkja i Bergen 29.9.1740 som dotter av Michael Meybohm, gravlagd frå Mariakyrkja i Bergen 7.8.1740 - kanskje var Just Henrik ein eldre bror hennar?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne ætti!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.