Gå til innhold
Arkivverket

Bjørn Bjørnson - fødd i Luster 1722 - flytte til Årdal, men forsvinn derifrå etter 1763 - kvar vart det av mannen? - ei kjempeutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi har eg hatt liggjande i mange år, men sjølv med oppattnya forskingsinnsats kjem eg ikkje noko lenger i spørsmålet om lagnaden til denne Bjørn Bjørnsoln og kona hans.  Bjørn Bjørnson frå Luster gifte seg tydeleg til garden Åbølle i Årdal, som han tok over etter ein elles ukjend Peder Torkildson, som hadde butt der sidan kring 1740.  Kanskje kom han til garden ved å gifta seg med enkja etter Peder, eller kanskje var ho dotter til Peder?  Ho er kalla Ingebrigtsdotter ved vigsli i 1755 og Pedersdotter i ekstraskattmanntalet frå 1763!  Då var det komme nye folk på Åbølle.  Kanskje Bjørn hadde vorte gruvearbeidar i staden??

 

Bjørn fekk fleire «uekte» born i Årdal først på 1750-talet, og eitt av desse er særskilt nemnt av den gamle bygdebokforfattaren Jon Laberg, utan at me kan sjå at Bjørn Bjørnson hadde noko samkven med denne sonen...

 

Slik ser manuskriptet mitt for denne huslyden ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Bjørn Bjørnson (Flattun), f. i Luster kring 1722,

Bjørn Bjørnson flytte i ung alder til Årdal der han 26.1.1755 gifte seg første gongen med Britha Ingebrigtsdotter

 

 

##### (sjekka farsnamnet hennar? – i ekstraskatten 1763 er ho kalla Pedersdotter!)

 

 

frå

 

 

##### (opphavet hennar? – kalla Aabølle ved trulovingi i Årdal 12.5.1754 – forlovarane deira var Elling Flattun og Peder Haugen, båe frå Luster!)

 

 

Ho var dotter av

 

 

##### (foreldri hennar?)

 

 

og vart døypt

 

 

##### (dåpsdatoen hennar?)

 

 

##### (yrke og bustad? – budde ei tid på Åbølle i Årdal – tok over eit bruk etter ein elles ukjend Peder Torkildson – men flytte før 1763 til Hestetun i Årdal – forsvinn so frå Årdal!! – seinare lagnad!? - gruvearbeidar?)

 

 

##### (han hadde visstnok tre søner fødde utanfor ekteskap tidleg på 1750-talet, inkl.:

       * Mads Bjørnson, fødd i Årdal  - gift 29.10.1775 med Martha Sjursdotter – budde ei tid i Årdal og fekk der ein son:

          ** Sjur Madson, f. i Årdal 17.3.1776 – so forsvinn både foreldri og sonen!! – Jon Laberg skriv i den gamle bygdeboki for Årdal at denne Sjur «flytte til Bergen der han vart ættefar for ei kjend og vyrd ætt» - kanskje den Sivert Madsen som 24.9.1797 gifte seg i NK, Bergen med Olina Pedersdotter?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ville berre leggja til følgjande opplysningar om forlovarane til Bjørn og Britha i 1754:

 

* Elling Nilsson Flattun (1687-1758) var stefar til Bjørn Bjørnson.

 

* Peder Andersson Haugen (1682-1760) var ein nabo som kring 1714 gifte seg med Gjertrud Nilsdotter (Drevdal) (1678-1750).  Dette parfolket kjenner me ikkje til om hadde born, men teoretisk kunne dei vera foreldri til Britha, dersom ho heitte Pedersdotter!?!

 

So vidt eg kan sjå vart det ikkje fødd korkje Britha Ingebrigtsdotter eller Britha Pedersdotter i Årdal mellom 1710 og 1740.

 

Her har me forresten Mads Bjørnson med ny kone i Bergen i 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390006723

 

og her er han i undersøkljingskommisjonen i Bergen i 1804/1805: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=2146&merk=2146#ovre

 

Men, som sagt ovanfor, eg veit ikkje om han hadde samkven med far sin...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikke mye jeg kan bidra med om denne fusentasten, men jeg kan i alle fall bekrefte at Bjørn Bjørnsen arbeidet noen måneder ved Årdal kopperverk. Det var i 1756 da driften så vidt kom i gang igjen etter mer enn 20 års stillstand. Han ser imidlertid ikke ut til å ha arbeidet for verket etter dette.

 

Jeg kan ellers bekrefte det som er sagt om hans trolovelse og vielse i 1754/1755. Hennes patronym er utvilsomt Ingebrigtsdatter. I ekstraskattmanntallet fra 1763 finner vi Bjørn Bjørnsen på Hestetun i kategorien "De som ere til Huuse". I samme kategori nevnes Brita Pedersdatter og Nils Thomassen. Er det sikkert at denne Brita er Bjørns kone? Det kan vel finnes andre forklaringer?

 

Jeg kan ikke se at Bjørn Bjørnson dukker opp ved Kongsberg Sølvverk eller ved kopperverket i Kvinnherred, så jeg vet ikke noe om hvor det ble av noen av disse menneskene. Da Bjørn måtte skrifte for barnet med Synnøve Madsdatter i 1753, har presten skrevet i kirkeboka at han soldat ved Lysters Compagnie, men det er det vel ikke rare hjelpen i?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bjørn Bjørnsen finnes i tilgangs-/avgangslistene for Årdal for 1763. Han er ført som bortflyttet under "De som ere flyttede ved sædvanlig fløtte tiid, nemlig d. 14de Aprilis".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for interessante kommentarar om denne huslyden!

 

Eg har ikkje sett på originalen av ekstraskattmanntalet.  Eg berre observerte at Bjørn Bjørnson og Britha Pedersdotter stod etter kvarandre...  Men kanskje var dei ikkje mann og kone, særleg dersom avgangslista frå 1763 berre nemner Bjørn og ikkje Britha!?  Uansett, det er ikkje registrert noko dødsfall for korkje Britha Ingebrigtsdotter eller Britha Pedersdotter i Årdal som kan høva til desse personane...

 

Pleier det kkje stå i avgangslistene kvar folk flytte?  Tydeleg ikkje, for elles hadde du Knut sikkert teke det med...

 

Soleis er «mysteriet» Bjørn Bjørnson like stort som før, om ikkje større...  Kvar i all verdi har han gjort av seg etter 1763?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Knut Bryn skrev:

Bjørn Bjørnsen finnes i tilgangs-/avgangslistene for Årdal for 1763. Han er ført som bortflyttet under "De som ere flyttede ved sædvanlig fløtte tiid, nemlig d. 14de Aprilis".

 

Sogn og Fjordane fylke, Sogn, Ekstraskatt nr. 3418 (1762-1769), Dokumentside, Side 151
Permanent bilde-ID: rk10051111030158
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rk10051111030158
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-rk10051111030158.jpg


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld inn offentlig skriftemål for Bjørn Bjørnsen:

 

1752: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/307/ps00000000002236 - her stå det for begagne leiermaal med.... men ikke noe navn. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Offentlige skriftemål (publice absolverede) 1752, Side 226
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620296.jpg 
 

1753:https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/307/ps00000000002255

or drukenskab paa dend dag hand sidst hafde været til Herrens Bord

 

1755https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/307/ps00000000002279

or begangne slagsmaal paa dend dag hand sidst hafde været til Herrend Bord

 

Ser i alle fall ikke ut som han var en stille og fredlig mann, denne Bjørn Bjørnsen! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har du vel fra før, men legger det inn:

 

Namn arvtakar: Thomas, Madsen 
Gard: Wee (Aabølle), nr.:0
Husmannsplass:  
Yrke: Inderst
Skipreide: Årdal
Protokoll/side: 11b-750
Datering: 1800-1805
Dato: 28.5.1805
Eiga: 64 Dalar, 0 ort, 0 skilling
Gjeld: 19 Dalar, 2 ort, 8 skilling
Netto: 44 Dalar, 3 ort, 12 skilling
Merknad: Laberg unøyaktig
Personar i skiftet :
(1) Ragnilde Pedersdatter Søsterdatter
(2) Mads Biørnsen Bergen Søstersøn
(3) Jørgen Hansen Møtte
(4) Ole Johannesen Kreditor
(5) Sorenskrivaren Kreditor
(6) Lensmand Kreditor
(7) Lensmand Kreditor
(8) Knud Madsen Død Bror
(9) Knud Madsen MyndigAabølle Brorsønnesøn
(10) Ingeborg Madsdatter Brorsønnedatter
(11) Ingerie Madsdatter (18 Aar) Brorsønnedatter
(12) Anna Madsdatter (13 Aa) Brorsønnesøn
(13) Halsteen Knudsen DødBergen Brorsøn
(14) Ingeborg Halsteensdatter Brorsønnedatter
(15) Marithe Knudsdatter Forthun (5) Brordatter
(16) Peder Madsen Død Bror
(17) Hermund Pedersen Myndig Brorsøn
(18) Thomas Hermundsen Myndig Brorsøn
(19) Guro Hermundsdatter Brordatter
(20) Anders Leigrei Formynder for Guro
(21) Gurie Pedersdatter Wee Brordatter
(22) Manglar Formynder for Gurie
(23) Mads Pedersen Død Søstersøn
(24) Giertrud Madsdatter Bergen Søstersønnedatter
(25) Tollev Hestethun Formynder for Mathis
(26) Anders Poulsen Kinzerdahlen Gift med Giøri
(27) Haaver Christophersen Mitthun Formynder for Ingebo
(28) Erich Olsen Moe Formynder fpor Anna
(29) Peder Nundahl Formynder for Ingeri
(30) Synneve Madsdatter Død Søster
(31) Mads Knudsen Død Brorsøn
(32) Giertrud Madsdatter Død Søster
(33) Giøri Andersdatter Søsterdatter
(34) Haaver Christophersen Mitthun Formynder for barna
(35) Anders Olsen Wee Kreditor
(36) Mathis Madsen (15 Aar) Brorsønnesøn
(37) Peder Madsen Bergen Søstersønnesøn
(38) Mons Johannesen Gift med Ragnilde
(39) Thomas Wee Kreditor
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for mange interessante innlegg!

 

Eg ser no av avgangslista for Årdal at Bjørn Bjørnson reiste åleine frå bygdi i 1763, so då var nok ikkje den nemnde Britha Pedersdotter kona hans likevel (med mindre ho reiste seinare...).  Uansett, kvar han eller dei fór, står det ikkje noko om, so lagnaden til denne «rabbagasten» er framleis eit store «mysterium».  Det er berre so synd at den rikhaldige biografien om etterslekti hans i Bergen ikkje nemner Bjørn med so mykje som eitt ord!!  Knapt nok er Martha Sjursdotter, kona til Mads Bjørnson, nemnd, men her er i alle fall dødsfallet hennar i Bergen i 1795.  Ho vart 60 år gamal:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=18382&merk=18382#ovre

 

Men, eg gjev ikkje opp voni om ein dag å komma på sporet etter Bjørn Bjørnson og takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Innlegg #12:

 

Etter snart fire år «i dvale» ønskjer eg i kveld å henta fram att utfordringi om Bjørn Bjørnson og kona hans, Britha Ingebrigtsdotter/Pedersdotter.

 

Eg har leitt «høgt og lågt», men finn ingen spor etter Bjørn nokon stad etter at han i 1763 flytte frå Årdal!  Kanskje står han innskriven som avliden einkvan stad utan farsnamn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.