Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christen Christopherson - rosemålar(?) - fødd kring 1786/1791 - gift i Luster i 1829 - kvar kom denne karen ifrå? - kan henda frå Nøtterøy??

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Me har i mange år spekulert på kvar Christen Christopherson - ein som me trur var rosemålar - kan ha opphavet sitt ifrå.  Han kom til Luster i ung alder og gifte seg her 19.4.1829 med Anna Larsdotter frå plassen Myrsete under Hengesteg i Luster (1792-1864).

 

Her er vigsli deira: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/116

 

Han er skriven for Fuhr då han gifte seg, men har nok berre vore i teneste på den garden.  Han er oppgjeven vera 38 år og son av ein Christopher Christenson.  Kona er oppgjevi vera 33 år, medan ho retteleg var 37!

 

Christen og Anna busette seg etter kvart som husmannsfolk på Yttreland under Hæri i Luster, men det var nok «smått stelt» for dei, og Christenb er kalla legdelem då han døydde på Hæri 6.10.1856, 70 år gamal.

 

Her er dødsfallet hans: https://media.digitalarkivet.no/view/8401/193

 

Er det i det heile mogeleg å identifisera opphavet til Christen?  Dersom han verkeleg var rosemålar, kan han vera nær sagt kvar som helst ifrå...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein rask studie av FT1801 syner tre mogelege alternativ, dersom alderen og farsnamnet til faren stemmer: (det er òg eit alternatriv på Flikki i Luster, men han vart gardbrukar på Flikki og kan IKKJE vera mannen me leiter etter...)

 

* Christen Christopherson, 14 år i Larvik: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058283001894

- kan henda gift i Larvik 24.7.1827? https://media.digitalarkivet.no/view/7778/172

 

* Christen Christopherson, 10 år på Smidsrud nordre, Nøtterøy_ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058295000211

- ifølgje Family Search døypt 30.9.1792 med far Christopher Christenson: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWXR-C4W

 

* Christen Christopherson, 10 år på Togenes, Nøtterøy: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058295001715

- ifølgje FamilySearch døypt 25.8.1791 med far Christopher Christenson: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWXR-WVC

 

Pussig med desse frå Nøtterøy!  Eg finn ingen av dei gifte på Nøtterøy, so kanskje er det ein av dei??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

slettet

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Steen-Karlsen

Her har du Kristen Kristoffersen Tokenes.

 

Kristen Kristoffersen, født 1791 på Tokenes. Død 1864. Gift 1820 med Edel Hansdatter, født 1797 på Kråkerøy på Tjøme. Død 1852.

 

Kristen Kristoffersen  Smidsrød var sønn til dette ekteparet: Else Jensdatter, født 14. desember 1760 og døpt 18. januar 1761 fra Risås under Vestre berg i Ramnes.. Død 1848, 88 år gammel. Trolovet 6. mai og gift 27. juli 1790 med avskjediget nasjonal soldat og ungkar Kristoffer Kristensen, da bosatt på Nordre Smidsrød, døpt 21. oktober 1764 fra Hogsnes i Sem. (Sønn til Kristen Hansen Hogsnes i Sem og Elisabet Davidsdatter.) Død 1800. På Nordre Smidsrød (bruksnr. 17.)

 

Her har du hans familie, så dette er heller ikke din Kristen: Kristen Kristoffersen Nordre Smidsrød fra 1821, døde vistnok ute. Gift m. Kristine Larsdatter (død 1863, 82 aar). Som enke kjøpte hun 1856 bruket av staten for 300 spd. og jordavgift og delte det mellem sønnen Even og svigersønnen Kristoffer. Kristen og Kristines barn var: 1. Kristoffer, f. 1817, maa ha været sykelig, for han fik opphold sammen med moren. 2. Else, f. 1821, g. 1847 m. Kristoffer Olssøn fra Søndre Smidsrød; fik halve bruket. 3. Even, f. 1823, egtet 1849 Maren Olsdatter Søndre Smidsrød. 4. Erik Johan, f. 1828.

 

Torbjørn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for eit avklarande og godt svar med omsyn til dei to «kandidatane» frå Nøtterøy.

 

No må eg i all sanning seia, det var vel ikkje særleg sannsynleg at det skulle vera ein av dei som flytte til Sogn, men me veit jo aldri...

 

Eg har ogso mine tvil om han kom frå Larvik.  Spørsmålet er vel om farsnamnet er oppgjeve feil ved vigsli, og då vert det brått ganske so mange å velgja mellom...

 

Eg takkar på ny for hjelpi og lever i voni om at opphavet til Christen, rosemålar eller ikkje, før eller sidan vil komma for ein dag...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×