Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Ellefson - fødd i Luster kring 1709 - reiste herifrå som enkjemann med sonen Ellef (1733) etter 1734 - men med ukjend bustad i 1754 - kvar kan det ha vorte av far og son?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Bakgrunnen for denne utfordringi er ei utsegn frå skiftet etter Gjertrud Nilsdotter Bolstad starta i 1754.  Ervingane hennar var mange søskenbarn på båe kantar, og Ole Ellefson var eitt av dei.  Om han står det på 9de/10de linje på denne sida: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/174?indexing=

«som ike vides hvor hand er».

 

På denne sida (til høgre) står det at Ole Ellefson er utlagd arv i form av kontante penger, men om Ole var komen til rette eller kvar han var, ser eg ikkje noko meir om...  https://media.digitalarkivet.no/view/24138/175?indexing=

 

Er det mogeleg no, meir enn 250 år etter, å finna ut kvar det vart av Ole og sonen Ellef?

 

Om det er til hjelp, foreldri til Ole heitte Ellef Nilsson (1673-1728), opphavleg frå Mørkrid i Luster, men i 1701 tenestedreng på Hovland i Årdal, og kona Martha Larsdotter, som kan ha vore frå Årdal!?

 

Her følgjer eit «magert» utsnitt frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Ellefson (Myrene), f. i Luster kring 1709, gifte seg i Luster 12.11.1732 med Juditha Olsdotter, visstnok frå Sandvikøyri under Flattun, f. i Luster kring 1699.   Ho d. i Gaupne kring 1734.

Ole Ellefson flytte som enkjemann til

 

 

##### (kvar kan han vera flytt? – seinare lagnad? – ved eit skifte halde i Luster i 1754 visste dei ikkje kvar Ole oppḧeldt seg!)

 

 

Ole og Judithe fekk ein son i lag:

a. Ellef Olson, døypt i Luster 25.1.1733,

 

 

     ##### (sikkert reiste frå Luster i lag med far sin – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville setja stor pris på om nokon greidde denne utfordringi, og eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har søkt litt rundt ikring og ser berre to aktuelle «kandidatar» i Sogn:

 

* Ole Ellefson Botnen og Ingeborg Rasmusdotter Fallebø vigde i Gulen 10.7.1736 https://media.digitalarkivet.no/view/11442/4

men ifølgje bygdeboki for Gulen er denne Ole frå Brekke, so då fell han bort...

 

** Ole Ellefson og Brynhild Eriksdotter vigde i Aurland 26.6.1745 https://media.digitalarkivet.no/view/8611/191

men utan gardsnamn ved vigsli er det uråd å seia kvar desse høyrde heime...

 

Kring i landet finst det sjølvsagt fleire, men ein «kandidat» som eg «liker» spesielt godt, er denne:

 

** Ole Ellefson Myhr og Guru Olsdotter vigde i Trondheim 3.4.1755 https://media.digitalarkivet.no/view/2329/240

«Vår» Ole kom frå husmannsplassen Myrane under garden Hæri i Luster, men eg ser denne Ole Ellefson Myhr var «landssoldat», og då vert han kanskje litt i eldste laget?

 

Utsegni frå skiftet i 1754 kan jo tyda på at «vår» Ole flytte lenger heimefrå...

 

Eg lever framleis i voni og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne saki som framleis ligg ganske so «urøyrd».

 

Ved eit skifte som vart halde i Luster i 1754, var det ingen av søstrene hans som visste kvar Ole Ellefson hadde teke vegen, men er det mogeleg no over 260 år seinare å finna ut kvar han vart av??  Kanskje finn me Ole om me finn sonen Ellef Olson?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan kasta ljos over denne kjempeutfordringi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som til no ikkje har fått noko svar i Brukarforum.  Me veit, eller går i alle fall ut ifrå, at Ole levde i 1754, men ingen heime visste noko om kvar han kan ha butt.

 

Eg syner til manuskriptet i innlegg #1 og kandidatane nemnde i innlegg #2.  Kanskje det likevel var denne soldaten i Trondheim med namnet Myhr?

 

Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greier å finna ut av denne kjempegåta!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe

På Voss er det en Ole Eilefsen, men han står som ungkar da han gifter seg i 1749.

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001036197

 

Så er det en Eilef Olsøn som er f. ca 1736 - d. 1797

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000617976

 

Nå har jeg ikke helt troa på at dette er rette folket. Finner heller ikke ut av disse Vossa bøkene, i dette tilfellet gårdene Luren og Biorke. Men der er det sikkert andre som kan hjelpe.

 

 Troa er heller dårlig, men temaet er i hvertfall åpnet 😀

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget frå i aftes!

 

Med handi på hjartet har vel ikkje eg heller heilt trui på at Ole Ellefson frå Luster hamna på Voss.  Då har eg mykje meir tru på den Ole Ellefson Myhr som gifte seg i Trondheim (jmf. innlegg #2).  Han budde jo på plassen Myrane under Hæri i Luster før han forsvann herifrå...

 

Med mindre det er han som gifte seg i Aurland i 1745??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.