Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Olsdtr. Grønlien, Fresvik i Sogn


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Avretta i Fresvik i 1845 for fadermord. Foreldra var

Ola Gjertson  Leiknes 1768 - 1842 g. 1799 m. Anna Nagel Monsdtr. Ramsøy, Aurland 1771 - 1842

Dei fekk 46 born med det blir sagt at 4 av dei døydde unge. Maria g 1848 med Erik Jørgensen Skjerven, Hafslo. Susanna truleg gift 1829 med Cornelius Madsen Nedre Standal Kinn.

a. Gjert 1800 -
b. Mons 1801 - 1801
c. Ingeborg 1802 -                            Holum 192
d. Maria 1804 -
e. Susanna 1809 -
f. Mons 1810

Ola var husmann i Grønli. Huslyden kom til Grønli frå Arnehus i Aurland, der dei i tida 1800 - 1810 hadde vore gjestgivarfolk. Han skulle vera frå Lindås? Veit heller ikkje når dei flytte til Fresvik.  Ola vart myrda av dotteri Ingeborg . Anna døydde i Kyrkjebø og borna truleg utflytte. Ola og kona var mykje på reiser rundt omkring, og det blir sagt at kona døydde i 1840 på ei ferd. Det stemmer ikkje med opplysningane om at ho døydde på Kyrkjebø i 1842. Kan ein finne nærare opplysningar om dødsfallet?

Ingeborg Olsdtr. Grønli, Holum 160c 1802 - 1845
m. Peder Kristofferson Kvale frå Luster

a. Mari 1828 -
b. Mons 1830 -

               Ingeborg drap far sin og vart avretta i 1845. Ho skulle få to born til som døydde tidleg med Peder, men finn ikkje opplysningar om dei. Peder forlet ho og ho vart saman med Kristen Olson Fosse utan at me veit om han budde på Grønli. 

Mari og Mons flytte til Bergen. Mari gift i 1859 med Hans Haldorsen f 1835. Har ikkje fleire opplysningar om dei.

Mons g m Oline Hansdtr 1823-1863. Gifte seg i 1865 med Maren Malene Knudsen.

Mons og Oline fekk borna Johan Jørgen i 1858 og Hans Olai i 1861. Finn heller ikkje meir om denne familien.

Her er eg særleg ute etter meir opplysningar om Ola og Anna og når dei flytte til Fresvik. Når døydde borna deira? Når og kvar døydde Anna? Fekk Ingeborg også to andre born med Peder?  Kva skjedde med Mari og Mons og familiane deira i Bergen?

Anne Marie B Øyri  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg Olsdtr. Grønli, Holum 160c 1802 - 1845
m. Peder Kristofferson Kvale frå Luster

a. Mari 1828 -
b. Mons 1830 -

 

Nr. 85

Sogn og Fjordane fylke, Vangen, Flåm, Nærøy, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1859), Fødte og døpte 1828, Side 42
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070615660045.jpg
 

nr.

Nr. 1

Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Fjærland (Mundal), Tjugum, Vangsnes i Leikanger, Ministerialbok nr. A 6 (1810-1838), Fødte og døpte 1831, Side 184
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630639.jpg
 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her kanskje Mari i registeret til hjemstavnsprotokoller for Bergen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000028187

 

Selve hjemstavnsprotokollen: 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst1&sideid=64&storleik=

 

Her gifter Mari/Marie seg i Nykirken i 1859:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000195531

 

Her gifter enkemann, smedsvenn Mons Pedersen Grølien seg i Domkirken i Bergen i 1865:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001065120

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan!  Her er eit utsnitt av manuskriptet mitt for huslyden til Ole Wedscher på Fuhr i Luster, attgjeve i dette emnet, der ogso opphavet til den myrda Ole Gjertson vert drøfta:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/206479-ole-wedscher-widekiær-fødd-kring-1700-budde-i-årdal-og-luster-i-sogn-men-døydde-på-eidsvoll-1766-kven-var-han-huslyden-hans/#comment-1739604

 

~~~~~~~~~~~~~

 

g. Anna Nagel Monsdotter, døypt i Aurland 31.8.1771, d. hjå broren Mons på Osland i Kyrkjebø 22.10.1842.  Anna gifte seg i Aurland 7.7.1799 med Ole Gjertson frå

 

     ##### (opphavet hans? – Leknessund i Askvoll og døypt der 8.2.1767?)

 

     Ole vart myrda i Fresvik, Leikanger 19.12.1842 av dotteri Ingeborg som i 1845 vart avretta for ugjerningi.  Anna og Ole var ei tid gjestgjevarar på Arnehus i Aurland, men flytte so til Ramsøy og kring 1820 vidare til husmannsplassen Grønlien under Hauglum i Fresvik, Leikanger.  Dei fekk seks born i lag, mell0m anna sonen:

‑ Mons Olson (1810‑1894), flytte til Luster og vart gardbrukar på Nes (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Om Peder Christopherson Qvale finn du fleire opplysningar her:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/206471-peder-christopherson-qvale-1799-1857-frå-luster-via-kongsberg-molde-og-trondheim-til-målselv-huslyden-hans/#comment-1739542

 

Vonar dette er til litt hjelp for deg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://www.sffarkiv.no/sffbasar/opi.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=428&spraak_id=1&ptype=single

Siste avrettinga i midtre Sogn

Laurdag 5. april 1845 kl. 10.00 på førmiddagen fann den siste halshogginga i midtre Sogn stad, i Fresvik. Det var Ingeborg Olsdotter Grønlien som vart avretta for å ha drepe far sin.

Folka på Grønlid

Foreldra til Ingeborg heitte Anna Monsdotter og Ola Gjertson. Dei var innflyttarar frå Lindås til husmannsplassen Grønlid på Fresvikåsen. Dei fekk fire born som levde opp, men berre dottera Ingeborg var heime, og ho stod for hushaldet. Ho heldt seg fyrst med ein mann som hadde vore på "slaveriet", Peter Kristoffersen Kvall. Dei hadde to born som levde opp, Mari fødd 1828 og Mons fødd 1830. Peter reiste så frå Ingeborg, og ho slo seg i lag med ein annan lauskar, Kristen Olson Fosse.

(....)

Ville ha husmannsplassen

Mellom faren og dottera var det ofte uvenskap og tretter. Mora var død i 1840. Ingeborg ville gjerne overta husmannsplassen og gifta seg med Kristen. Men faren gjorde ikkje alvor av å seia frå seg plassen til Ingeborg.

Sjølve drapet

Ho bestemte seg då for å ta livet av faren. Fyrst prøvde ho å få borna til å drepa bestefaren medan han låg og kvilte i senga etter arbeid. Mora væpna Mari med ei klubba og Mons med ei øks, men dei greidde ikkje å utføra ugjerninga.
Dagen etter, 12. desember 1842, drap Ingeborg sjølv faren. Ho gav han to kraftige slag i hovudet medan han kvilte. Ho let liket liggja til dagen etter, då fekk ho borna med til å dra bestefaren ut i ei sval. Der vart han liggjande i 6-7 døger. Ho tok vottane til faren, staven, eit tau og ein sekk og bar det ned til sjøen innafor Simlenes. Ho gjekk så til Simlenes og fortalde at faren var bortkomen medan han var nede ved sjøen og skulle sanka skjel. Ho fekk med seg folk og leita, men dei fann berre dei tinga Ingeborg hadde lagt frå seg. Det byrja snart å gå rykte, då Ingeborg ikkje hadde noko godt ord på seg."

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Grethe og Lars.

Det ser ut til at vi ikkje kjem lenger med Mari og Mons etter dei gifte seg og budde i Bergen, og også dei to sønene til Mons blir borte.

Når det gjeld opplysninga om at Ole Gjertsen var frå Lindås, så har nok Arne Inge Sæbø skrive dette ut frå eit sogeskrift som vart gitt ut i 1924: Soga om Fresvikgodset av Jacob Bøthun. Her skriv Bøthun at Ole Gjertsen er frå Lindås, men det er nok meir sannsynleg at han kom frå Leknessund. Bøthun har ei lang og detaljert skildring av hendingane i Grønli.

Ole fekk bygselbrev på Grønli i 1836, men truleg har familien budd der også tidlegare. I bygselbrevet står det til Ole Giertsen og sønn. Det er kanskje den yngste sonen, Mons som flytte til Luster. Veit de når han gifte seg og flytte dit?

Dottera Ingeborg fekk dottera Mari i 1828 og ho er døypt i Aurland medan sonen Mons er døypt i Fresvik. Kan det tyda på at familien flytte til Grønli i Fresvik mellom 1828 og 1830?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har også sett på Marie Halvorsen, men er usikker på om det er vår Marie. Marie var fødd i 1828 og såleis 37 år i folketeljinga i 1865. Ho gifte seg i 1859, så då må ho i tilfelle hatt ein son før ho gifte seg, han var 13 år i 1865 og såleis fødd ca 1852. Men vi veit heller ikkje når Mari flytte frå Grønli og kva ho gjorde før ho gifte seg i 1859.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 hours ago, Anne Marie B Øyri said:

Takk til Grethe og Lars.

Det ser ut til at vi ikkje kjem lenger med Mari og Mons etter dei gifte seg og budde i Bergen, og også dei to sønene til Mons blir borte.

Når det gjeld opplysninga om at Ole Gjertsen var frå Lindås, så har nok Arne Inge Sæbø skrive dette ut frå eit sogeskrift som vart gitt ut i 1924: Soga om Fresvikgodset av Jacob Bøthun. Her skriv Bøthun at Ole Gjertsen er frå Lindås, men det er nok meir sannsynleg at han kom frå Leknessund. Bøthun har ei lang og detaljert skildring av hendingane i Grønli.

Ole fekk bygselbrev på Grønli i 1836, men truleg har familien budd der også tidlegare. I bygselbrevet står det til Ole Giertsen og sønn. Det er kanskje den yngste sonen, Mons som flytte til Luster. Veit de når han gifte seg og flytte dit?

Dottera Ingeborg fekk dottera Mari i 1828 og ho er døypt i Aurland medan sonen Mons er døypt i Fresvik. Kan det tyda på at familien flytte til Grønli i Fresvik mellom 1828 og 1830?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for gnr. 72, Nes i Luster, som omhandlar Mons Olson:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Olson Næs, opphavleg frå Grønlien i Fresvik, Leikanger, men ein dotterson av Maren Olsdotter Vedscher (1733-1811), gardbrukardotter frå Fuhr, vart døypt i Aurland 30.9.1810 og d. som kårmann på Nes 10.10.1894.  Mons flytte til Hafslo i 1835 og gifte seg der 17.6.1840 med Elisabeth Ellendsdotter frå Joranger nedre i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 10.1.1814 og d. som enkje på Nes 17.7.1902.  Mons Olson var jekteskipper, og han og Elisabeth budde visstnok første åri hjå folki hennar på Joranger nedre i Hafslo.  Men 17.4.1844 kjøpte Mons Neskyrkja hjå lensmann Bugge på Urnes i Hafslo, og 17.10.1848 fekk Mons likeins skøyte på dette bruket på Nes øvre; han og Elisabeth flytte hit sistnemnde år og vart buande på Nes levetidi ut.  Kyrkja selde dei att alt i 1851, men dei heldt fram med garden like til eldste sonen fekk ta over i 1874.  Mons og Elisabeth på Nes fekk tre born:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, flytte Mons til Hafslo i 1835 og derifrå til Luster i 1848, men han var jekteskipper, so han har nok vore mykje undervegs...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mykje interessant her!!

Sjølv om Mons er medteken i festekontrakten i 1836 for Grønli  så er han tydlegviss flytt frå garden då.

Systera Maria (fødd 1804) gifte seg i 1848 med Erik Jørgensen Skjerven Hafslo. Finst det opplysningar om når ho flytte frå Fresvik evt til Hafslo?

Det blei sagt at 4 av borna til Ole Gjertson døydde små, men då har vi opplysningar om at i tillegg til Ingeborg som drap far sin, så var to gifte på Hafslo og ei syster gift med Cornelius Madsen nedre Standal Kinn.

Eldste barnet Gjert var fødd i 1800 truleg i Gudvangen i Aurland, han er med i folketeljinga i 1801, men sidan har vi ikkje opplysningar om han. Broren Mons fødd i 1801 døydde same året. Kanskje tyder det på at dei to eldste døydde tidleg, og dei fire andre syskena levde opp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Maria Olsdotter Grønlien budde nok aldri på Hafslo.  Her følgjer eit manuskriptutdrag for gnr. 139, Skjerven, som syner at Maria gifte seg i Bergen i 1848, og dei vart buande der:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Jørgenson (Skjerven), døypt (i Hafslo) 3.10.1797,

 

Erik Jørgensen flytte i ung alder til Stendal i Solund, men gifte seg første gongen i Fana 6.1.1833 med Anna Sørensdotter frå Fyllingen øvre i Fana.  Ho var dotter av husmann Søren Østenson på ein plass under Hellebust i Gaular, opphavleg frå Oppedal i Gaular, og kona Martha Hansdotter frå Vindeim i Gaular og f. i Gaular 3.6.1797, men flytte med mor si til Fyllingen øvre i Fana der ho vart attgift.  Erik og Anna busette seg i Bergen der Anna d. 19.12.1846.  So gifte Erik seg att i Bergen 26.3.1848 med Maria Olsdotter frå Hauglum i Fresvik, Leikanger.  Ho var dotter av husmann Ole Gjertson i Grønlien under Hauglum i Fresvik, Leikanger, opphavleg frå Leknes i Askvoll, og kona Anna Nagel Monsdotter frå Ramsøy i Aurland og vart døypt i Aurland 15.7.1804.  Erik var dagarbeidar, og han og Maria vart buande i Bergen der Erik d. 9.4.1863.  Maria Jørgensen d. på enkjefattighuset i Bergen 18.5.1879.  Erik fekk fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Vonar dette er til litt hjelp...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til dykk begge.

Då har vi iallfall fått korrigert dette med at Maria flytte til Hafslo. Ho var jo fødd i 1804 så det er nok sannsynleg at ho har flytt frå Fresvik ein god del tidlegare. Det blir sagt at Ingeborg ville overta plassen etter faren, og det er ingen opplysningar om at fleire av borna til Ole budde på plassen rundt 1830 og utover. Dersom Maria budde i Bergen så hadde jo og borna til Ingeborg slekt der då dei flytte. Mons for i 1848, systera veit me ikkje kva tid ho drog. Begge har nok vore ute i teneste etter mora vart arrestert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Mine tippoldeforeldre på min mors farsside, er Ingeborg Olsdatter Grønlien (født 1892 på Arnehus i Aurland)og Peder Christophersen Quale (født 1798 på Kvale i Luster). Sønnen, Mons Pedersen ((Grønlien) Lie (født 1830 på Grønlien i Fresvik) ble smed i Bergen og giftet seg her med Maren Malene Knudsen (født 1832 i Bergen). Begge de to siste døde på Bergen sykehjem ca 90 år gamle.

Hva med Ingeborg som drepte faren sin: ble hun halshugget?

Jeg har bilde av Mons Pedersen (Grøn-)Lie, men ikke av Ingeborg. Finnes det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var spennande! Har ein god del opplysningar både om hendinga som førde fram til drapet og avrettinga. Ein kortversjon finn du her: https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/historie-i-sogn-og-fjordane/historie/farsmordet-i-fresvik/1901/77726/

 

Elles ville det vore spennande om du har fleire opplysningar om etterkomarar etter Mons Pedersen Grønli. Systera hans, Mari, har eg ikkje funne etterkomarar etter.

 

Foreldra til Ingeborg heitte Anna Monsdotter og Ola Gjertson. Dei var innflyttarar frå Lindås til husmannsplassen Grønlid på Fresvikåsen. Dei fekk fire born som levde opp, men berre dottera Ingeborg var heime, og ho stod for hushaldet. Ho heldt seg fyrst med ein mann som hadde vore på "slaveriet", Peter Kristoffersen Kvall. Dei hadde to born som levde opp, Mari fødd 1828 og Mons fødd 1830. Peter reiste så frå Ingeborg, og ho slo seg i lag med ein annan lauskar, Kristen Olson Fosse. Mari blei avretta i Fresvik i 1845.

 

Mari Pedersdtr Grønli  fødd 1828 flytte også til Bergen

 g 20.11 1859 med Hans Halvorsen f 1835 frå Bergen. Han var matros. Nykirken prestegjeld.

I fattigmanntalet for Bergen i 1884 er ho enkje etter sjømann Hans Halvorson og lir av hoftegikt. Ho er og med i fattigmanntalet for 1893.

 

Mons Pederson flytte frå Grønli til Bergen 30.10.1849 og gjekk i smedlære der.

I folketeljinga i 1865 bur han i Bergen, er 35 år og smed. Han er gift med Amalia Knudsen, 27 år, fødd i Bergen og har to barn  Johan Jørgen Monsen fødd i Årstad Sokn, 8 år f 14.1 1858,  og Hans Olai 5 år.

I 1875 kallar han seg Mons Pedersen Li, er inderst og maskinist i Lungegården sagforening.  Sonen Johan Pedersen f 1858 er verksarbeidar på Bergen mekaniske verk, Hans Olai Pedersen, f 1861 Fredrik August Martin Pedersen f 1869 og Mons Olai Pedersen f 1872.

 

Etterkomarar etter Mons Pederson Grønli:

Mons Pedersen Lie 1830-

G Oline Hansdtr.  F Ca 1824-7.11 1863, 39 1/2 år dvs fødd ca 1824

 

G  26.11 1865   Maren Magdalene  (Amalie) Knudsen f 9.11 1832 – 26.10 1922 (Foreldre Peder Olai Knudsen og Bernthine Elisabeth Andersen)

Born:

A Johan Jørgen Monsen fødd i Årstad Sokn f 14.1 1858

B Hans Olai 12.6 1861

 

C Fredrik August Martin Pedersen f 1869

D Mons Olai Pedersen f 1872.

E Augstine Mandine Jørgine Pedersen f 9 juli 1877

 

I 1910 levde begge. uden integt erhold af det offentlige

I 1922 lever Maren Malene fortsatt men er no enkje, døydde same året.

 

B

28.10 1890 gifter Hans Olai Pedersen seg med Inga Sofie Petrine Eikås f 1862. (Namn frå Eikås i Jølster?) Han er då målarmeister. Far til brura heiter Christen Eikås, I 1900 er han tolloppsynsmann og dei bur på Galgebakken i Bergen. Ho er heimeverande og dei har ikkje barn.

 

C

Fredrik August Martin Pedersen f  17.11 1869 Gift 22.6 1907 med Berthe Helene Hansen Fana . I 1910 er han fybøtar til sjøs kone Berta Pedersen f 24.12 1875, pleidtr Alma Kristensen f 1896, born Frida 16.12 1907 og Toralf 29.12 1909, død 1916

Teljing 1922 Fredrik f 17.9 1869, + kona Berthe og 3 barn. Frida Bendikte f 1907, Peer f 27.11 1911, Alice 15.9 1913.

Truleg er sonen Toralf død sidan han ikkje er nemnd her.

I 1934 bur fam på Årstad og Fredrik er donkeumann, kona og dottera Frida Bendikte, handlerske bur der også.

 

Eg har altså funne 5 born etter Mons pederson, men berre B og C har eg funne etterkomarar etter. Har heller ikkje funne dødsåret til Mons Pederson.

Takksam viss du kan fylla ut med fleire opplysningar. Er det mogeleg å få kopi av biletet av Mons? Mora Ingeborg finst det neppe bilete av sidan ho døydde i 1845.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Anne Marie Bøtun Øyri!

Tusen takk for ditt fyldige svar. Jeg skal gi deg utfyllend opplysninger om Fredrik August Martin Pedersen (min bestefar) og hans familie i løpet av helgen. Bilder av ham,  hans far Mons, min bestemor Berthe Helene skal jeg også sende. Bilde av Amalie har jeg ikke. Har du det? Heller ikke har jeg bilde av Ingeborg.

 

Beste hilsen fra Lill-Mari Vibe Simonsen (født Solheim).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Anne Marie Bøtun Øyri!

Tusen takk for ditt fyldige svar. Jeg skal gi deg utfyllend opplysninger om Fredrik August Martin Pedersen (min bestefar) og hans familie i løpet av helgen. Bilder av ham,  hans far Mons, min bestemor Berthe Helene skal jeg også sende. Bilde av Amalie har jeg ikke. Har du det? Heller ikke har jeg bilde av Ingeborg.

 

Beste hilsen fra Lill-Mari Vibe Simonsen (født Solheim).

Mons Pedersen Lie.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

Jeg sendte nettopp et bilde av min oldefar, Mons Pedersen Lie som døde 30.8. 1919 (92 år gammel). Hans kone Maren Amalie (født Knudsen) døde i 1922. Hun har jeg ikke bilde av, dessvere. (Skulle svært gjerne ha fått tak i det!)5a57b60b286a9_BertheHelenePedersen.thumb.jpeg.b03f98aa4aa2f3e51392842704793676.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

Jeg har bilder av min bestefar Fredrik også pluss hans søster, men jeg får ikke lastet dem opp her. Her kan filstr bare være 1mb. Mine besteforeldre, Fredrik (døde 1956) og Bertha (døde 1951), fikk 4 barn. Thoralf Pedersen døde i mai 1916 da han var 6 1/2 år, Per Johan Pedersen døde i 1939. Frida Benedikte Pedersen (døde 1977 da hun var 93 år) og Alice Pedersen (min mor) døde i 1912 (99 år gammel)

Mvh Lill V. Simonsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Viss du sender tlf nr ditt til meg: 48255179, så skal eg sende deg mail adr  mi der du kan laste opp og sende større bilete. Vi har ikkje sett bilete av nokon av desse før, dei har ikkje etterkomarar i Fresvik. Veldig kjekt viss vi kan få desse bileta og lagre dei på arkivet til Fresvik Sogelag. Leiaren der digitaliserer gamle bilete frå bygda og har no rundt 15000 i arkivet. 

Takkar også for opplysningar om slekta di.

Du har vel neppe opplysningar om søster til oldefar din? Ho hadde truleg ikkje etterkomarar.

Veit du meir om dei andre søskena til bestefar din?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Igjen tusen takk for kjapt svar. Nå har jeg sendt telefonnummeret mitt til ditt. Min bestefar døde da jeg var liten, men jeg kan likevel godt huske det lille han fortalte meg om faren sin og broren og søsteren sin. Søster til oldefaren min vet jeg ikke noe om. Han bodde nemlig hos oss de siste par årene ettersom han ble blind. Han fortalte at faren hans var en flink smed, og at han visstnok også en gang laget håndjern som Gjest Baardsen måtte da da han satt fengslet i Bergen. Min bestefars bror dro til det de kalte "Bak-India", og der døde han visstnok. Hans søster Augusta dro til England, ble boende der og døde der uten at vi har noen konkrete opplysninger om det. Men bilder av henne som voksen og broren som liten har jeg. Min bestefar sa at faren hans var en svært snill og beskjeden mann som aldri gjorde noen eller noe galt. Morens drap på faren må jo ha vært forferdelig å bære.

 

Beste hilsen fra Lill-Mari Vibe Simonsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Mons var også far til ett uekte barn, i Kristiansand, Marie Petronelle Monsdatter, 1865-1934, mor var Sophie Amalie Christiansdatter.

 

Marie fikk 12 barn, min mann er blant hennes etterkommere, da hun var oldemoren hans.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.