Gå til innhold
Arkivverket

Eli/Elen Ingebrigtsdotter (Havelden) - fødd i Luster kring 1730 - flytte kring 1750 til Eikefjorden i Kinn - vart gift med ein Peder, men var enkje i 1771 - hadde med seg ein son Johannes Janson - fødd i Luster 1747 - lagnadane til mor og son?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eli eller Elen Ingebrigtsdotter var fødd på plassen Havelden under Flahammar i Luster kring 1730 som dotter av husmann Ingebrigt Torkildson (1684-1748) og Inga Larsdotter (1692-1770).  Ho vart konfirmert i Luster i 1747:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kf14261737&gardpostnr=365&personpostnr=365&merk=365#ovre

 

Same året fekk ho ein son:

 

* Johannes Janson, døypt i Luster 30.8.1747

 

Kort etter forsvinn både mor og son frå Luster, men då det i 1771 vart halde skifte etter mori Inga, får me vita at Eli hadde vore gift med ein Peder i Eikefjorden, men at ho då hadde vorti enkje (sjå linje 8 og 9 på venstre side).

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24140/113?indexing=

 

Ein Peder Josephson Myren gifte seg med ei Eli Ingebrigtsdotter Brechen i Lavik (Gulen) 11.6.1764, men om dette er «våre» folk, kan eg ikkje seia noko sikkert om... (linje 7 på venstre side):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/117

 

Det hadde vore kjempebra om nokon kunne hjelpa meg finna ut av denne «gåta», lagnadane til Eli og son hennar, og eventuelle andre born fødde i Eikefjorden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i dag å henta fram att denne saki som har stått stille sidan ho vart presentert for vel eit år sidan.

 

Eg veit ikkje om Peder Josephson Myren kan syna seg vera ein «blink».  Eller kanskje er det rett og slett for langt mellom Lavik og Eikefjorden i Kinn?

 

Elles ser det vel ut som om dette er dødsfallet til Eli Ingebrigtsdotter på Myren i Lavik i 1812, 90 år gamal:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001304511

 

Alderen er jo ikkje so langt unna...

 

Men eg ser òg ei «ukonfirmert» Eli Ingebrigtsdotter frå Gudmundsosen i Lavik 1760 - kan kanskje dette vera jenta som i 1764 gifte seg til Myren?

https://www.digitalarkivet.no/view/63/pc00000000993818

 

og likeins ei i Avedalen i Lavik same år: https://www.digitalarkivet.no/view/63/pc00000000993848

 

og ei tredje Eli på Indre Trædal i Lavik: https://www.digitalarkivet.no/view/63/pc00000000994030

 

~~~~~

 

Når det gjeld sonen Johannes Janson, som «vår» Eli fekk, medan ho framleis budde i Luster, ser eg ein god «kandidat» i Lavik gift der 4.11.1775 med Anna Lassesdotter Raa:

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/184

Ved trulovingi heiter han Raa, medan ho heiter Baasdal: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/183

 

Eg ser dei hadde ein son Ole, døypt i Gulen (eigentleg på Kyrkjebø!) 23.6.1771: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/152

 

og ein son Ingebrigt døypt på Raa i Gulen (egentleg på Kyrkjebø!) 16.4.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/28

han døydde 28.1.1780

 

Kanskje er det han som i 1784 har ein dødfødd son på Ringereide i Gulen: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001733876

 

Eg tykkjer namnekombinasjonen med Ingebrigt og Johannes Janson ser svært so spennande ut.  Mori til Johannes heitte jo Elen Ingebrigtsdotter, om det er ho...!?

 

Men eg kan ikkje sjå noko meir til Johannes Janson og Anna Lassesdotter, so kvar vart det av dei?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan føra til ei oppsporing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ut fra min kjennskap til slektene  Eikefjord i Sunnfjord er dette ukjent for meg.  Jeg tør spørre om "Eikefjord" nevnt i skiftet er Eikefjord i Sunnfjord i og med at verken prestegjeld eller sokn er nevnt i skiftet.  På denne tida var Eikefjord bare ein gård under Svanøy sokn i Kinn Prestegjeld. Jeg trur difor at "Eikefjord" må være en gard i Sogn og er det  "Eikefjord" som står i skiftet eller kan det være Esefjord.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg har ikkje tenkt på at Eikefjord her kunne vera noko anna ein Eikefjorden i Kinn, men kanskje har me vore litt for «kjappe» med å trekka ein konklusjon her?  Flytting frå Luster til Eikefjorden i Kinn var heller «uvanleg» på den tidi, medan flytting utover Sognefjorden var lengt meir vanleg.  I skiftet står det «Eicefiorden»!

 

MEN, eg tvilar på om det kan vera Esefjorden i Balestrand som er meint.  Då er vel IKJEFJORDEN eit betre alternativ; då er me nemlig i gamle LAVIK prestegjeld, og det var jo nettopp der me fann vigsli mellom Eli Ingebrigtsdotter og Peder Josephson!

 

Går me attende til kyrkjebøkene for Gulen, finn me at Peder Myren fekk tre born:

 

* Ingebrigt Pederson, døypt (eigentleg på Kyrkjebø) 10.3.1765: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/119

 

* Inger Pedersdotter, døypt 8.6.1767: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/126

 

* Pernille Pedersdotter, døypt 8.1.1770: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/140

kan dette vera dødsfallet hennar: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001734204

 

AHA: Mor til «vår» Eli Ingebrigtsdotter heitte INGA, og eg vil gissa på at Pernille er fødd etter at faren døydde og soleis fekk dette namnet?  Men noki gravferd kan ikkje finna...

 

For å komma ein agneblink attende til Johannes Janson (Ringereide), so ser eg at kona Anna Lassesdotter vart gravlagd frå Ringereide 10.4.1786: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001734166

 

og 9.12.,1786 vart Johannes trulova i Gulen med Kari Philipsdotter Instefjord: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000616349

 

Eg tykkjer verkeleg «snøret» no tek til å «knyta seg» kring desse huslydane i Lavik, Eli Ingebrigtsdotter gift med Peder Josephson og Johannes Janson gift med Anna Lassesdotter og sidan med Kari Philipsdotter.  Kva seier BYGDEBOKI om dette, tru?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at eg no er vorten ganske so overtydd om at me har finne den «rette» huslyden til Eli og son hennar i Lavik, har eg i kveld omskrive dette emnet og lagt det ut på ny: https://forum.arkivverket.no/topic/223044-bygdebokoppslag-i-lavik-kan-det-hjelpa-til-å-spora-huslyden-til-eli-ingebrigtsdotter-og-sonen-johannes-janson/

 

Då har me samstundes fjerna «mistanken» om Eikefjorden, som Leif gjorde meg merksam på!  Takk igjen til deg, Leif!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.