Gå til innhold
Arkivverket

Ingebrigt Janson - fødd i Luster 1757 - flytte han til Lande i Brønnøy og døydde der i 1802?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg kan ha oppdaga ei interessant flytting frå seint 1700-tal:

 

Ingebrigt Janson, son av Jan Ingebrigtson og Gunnhild Nilsdotter, var fødd på Havelden under garden Flahammar i Luster og døypt i Luster 25.12.1757.

 

Ingebrigt fekk ein «uekte» son Iver i Luster i 1784 og forsvinn kort etter frå bygdi!

 

Eit søk i Digitalarkivet sin flotte base gjev eitt «treff»:

 

Ingebrigt Janson, 48 år, døydde på Lande i Brønnøy 8.12.1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002074314

 

FT1801 for Lande i Brønnøy syner mannen som Ingebrigt Johnson, gardbrukar på 49 år med kone og tre born: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058467005354

 

Alderen er ikkje heilt rett, men avviket er vel innanfor det «aksepatable»  Men er det han??

 

Kanskje kan einkvan med detaljkunnskap i Brønnøy stadfesta, eller avkrefta, om denne gardbrukaren kan ha vore sogning?

 

Eller kanskje er det nokon som har eit anna forslag til kvar Ingebrigt Janson er vorten av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I folketellinga 1801 (Brønnøy prestegjeld, originalen s. 43a) kan farsnavnet til Ingebrikt like gjerne leses Jonsen som Jansen. I skifteprotokollen for Helgeland 1800-1802 s. 393 kalles han Ingebrikt Joensen og hadde en sønn Joen, derfor er det vel sikkert at farsnavnet ikke kan være Jan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit utfordrande og interessant innlegg!

 

I utgangspunktet ønskjer eg sjølvsagt å spora opp so mange som mogeleg av dei personane som er fødde i Luster kommune og som me veit har levd i vaksen alder, men som berre «forsvinn«.  Og dei er det fleire av, særleg på 1700-talet, men òg etter 1800.  Ein del av desse personane er sikkert avlidne utan å setja meir spor etter seg, anten fordi kyrkjebøkene er ufullstrendige eller fordi me ikkje har leitt på rette staden til rett tid!

 

Ingebrigt-namnet er mellom dei som er etter måten «enkle» å søkja etter, men Jan, Jahn, Jaen, John, Jon, Joen  Johan og Johans/Johannes nes er mellom dei heller «vanskelege» namni.  Ikkje berre var prestane unøyaktige i kyrkjebokførslene, men det har òg noko med uttalen å gjera.  Me veit at Johan ofte vart «avstutta» til Jan, samstundes som Johannes i delar av indre Sogn vart avstutta til Jo(h)ans eller Ja(h)ans.

 

So ei leiting etter Ingebrigt Janson er ikkje noki enkel sak, men so var det det at presten har skrive Janson då Ingebrigt døydde i Brønnøy i 1801, og når alderen òg høver so vidt bra, fekk dette meg til å «sperra opp» augi...  Det hadde difor vore svært so interessant å sjå kva ei eventuell bygdebok kan by på når det gjeld opphavet til denne Ingebrigt!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld lagnaden til Ingebrigt Janson frå Luster og opplysningar om Ingebrigt «Janson» i Brønnøy!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nummer 2 fra toppen på høyre side gir ikke så mange spor

 

Nordland fylke, Vassås i Brønnøy, Ministerialbok nr. 810A01 (1752-1817), Kronologisk liste 1789, Side 108
Permanent bilde-ID: kb20071002630201
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20071002630201
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071002630201.jpg
 

 

Trolovelsen

 

Nordland fylke, Vassås i Brønnøy, Ministerialbok nr. 810A01 (1752-1817), Kronologisk liste 1789, Side 107
Permanent bilde-ID: kb20071002630200
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20071002630200
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071002630200.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være dåpen som er her i venstre kolonne, venstre side?

 

Nordland fylke, Vassås i Brønnøy, Ministerialbok nr. 810A01 (1752-1817), Kronologisk liste 1754, Side 5
Permanent bilde-ID: kb20071002630097
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20071002630097
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071002630097.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante, men (diverre) avkreftande innlegg!

 

Det står unekteleg ganske tydeleg JONSEN både ved vigsli og ved trulovingi, og det ser nok ut til at det er dåpen hans du har finne i Brønnøy i 1754.

 

So dette tek livet av teorien min om Ingebrigt Janson, for denne gong, men leitingi går vidare...  Ein annan teori går ut på at han har verva seg som soldat og drege austefjells...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» i halvanna år.

 

Diverre er det ikkje dukka opp nye «element» som kan hjelpa oss med å spora opp lagnaden til Ingebrigt.  Han hadde to søsken som voks opp, men dei vart båe buande i Luster og døydde her.

 

Kan Ingebrigt ha vore soldat og flytt austafjells?  Døydde han kan henda på Vinger eller i Stavern?

 

Det einaste eg elles kan legja til om Ingebrigt, er at han hadde ei faster:

 

** Guri Ingebrigtsdotter, fødd i Luster kring 1726.  Eg finn ho ikkje mellom konfirmantane i Luster, men me veit ho i 1751 tente på Ottum i Luster.  Sidan forsvinn ho frå bygdi, og me skal ikkje sjå bort ifrå at bustaden hennar kan ha vore eit reismål for Ingebrigt!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til denne unge mannen frå Luster!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne på ny få henta fram att dette emnet frå «mørkni»...

 

Diverre har eg framleis ikkje greidd å komma på sporet etter:

 

* Ingebrigt Janson, døypt på Havelden i Luster 25.12.1757, som levde i Luster i 1784, men som so forsvinn frå bygdi!

 

* Guri Ingebrigtsdotter, faster til Ingebrigt Janson, fødd på Havelden i Luster kring 1726, tente på Ottum i Luster i 1751, men forsvinn so frå bygdi!

 

Me finn ei Guri Ingebrigtsdotter som gifte seg i Lærdal i 1760, men ho var f. i Lærdal i 1732 og er omskrivi ein annan stad i manuskripti mine.  Derimot ser eg ei:

 

Guri Ingebrigtsdotter som gifte seg i Vang i Valdres 10.11.1757 med ein Tørris Gullikson: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/234

 

Men det kan vel ikkje vera ho?  Ho har eit gardsnamn, som eg ikkje greier å tyda...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Ingebrigt og Guri og lagnadane deira!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan gardsnamnet til Guri som gifter seg i Vang i 1757 vere Belsem? Garden Belsheim ligg i Vang i Valdres

 

Det er truleg den Guri som er omtalt i "Gardar og slekter i Vang. B. s. 451: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010102820002?page=453

der skreve som Guri Embriksdtr.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn Henrik for siste innlegget frå i aftes!

 

Embriksformi er sjølvsagt heilt uvanleg i Sogn, men ho kan jo likevel ha vore herifrå.  Eg kan diverre ikkje òpna referansa di herifrå Tyskland, so eg får ikkje lest kva forfattaren skriv om opphavet til Guri.  Kanskje ein eller annan kan berre stadfesta eller avkrefta opphavet hennar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for dei nye meldingane om Guri Embriksdotter, som heilt tydeleg syner at denne jenta IKKJE var frå Luster, so leitingi etter «våre» Guri og Ingebrigt lyt halda fram...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.