Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anniken (1708), Maria (1710) og Martha (1714) Rasmusdøtrer frå Einehaugen/Berteigen i Luster - to av dei ugifte mødrer som truleg hamna ved «fiskeleiene» i ytre Sunnfjord (Askvoll/Hyllestad)? - lagnadane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Utgangspunktet for denne utfordringi er dette skiftet etter Britha Olsdotter i Enehaugen under Sørheim i Luster frå 19.5.1740 (lengst nede på høgre side):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24136/186?indexing=

 

Skiftet remser opp alle dei sju borni etter Britha og første mannen Rasmus Simonson Einehaugen, ein son og sju døtrer.  Sonen og fire av døtrene vart buande i Luster, men dei tre siste døtrene berre «forsvinn».  To av dei hadde vore tiltalte for leigarmål, den eldste med ein fjern slektning, og i 1736 går det fram av ei tingsak at ho korkje kunne betala bøter, og at ho var reist frå Luster.  MEN, ho levde i 1740!

 

Ein vanleg «straff» for ugifte mødrer på den tidi var å verta send til «fiskeleiene» i ytre Sogn eler Sunnfjord for å arbeida der, og eg mistenker i alle fall dei to søtrene sopm var ugifte mødrer, for å vera hamna der.

 

Her er kva eg veit om dei tre søstrene:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire spennande nye opplysningar om denne huslyden er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor, som òg nemner foreldri og søskeni til dei tre søstrene...

 

Her er dei tre vigslene som er refererte i teksten over:

 

Anniken og Johannes Mikkelson Rinde: https://media.digitalarkivet.no/view/8595/76

 

Martha og Hans Lasseson Lammetun: https://media.digitalarkivet.no/view/8595/26?indexing=

 

Maria og Peder Andersson: https://media.digitalarkivet.no/view/11532/234

 

Det hadde vore svært so spennande om me endeleg kunne greia spora opp desse jentene og lagnadane deira, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I skiftet etter Anniken Rasmusdatter synes jeg det står at hun har en bror Simon Rasmussen...???

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 8b (1766-1772), Skifteprotokollside, Side 732b-733a
Permanent bilde-ID: sk20081124640353
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081124640353
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20081124640353.jpg 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Skiftet etter Johannes var i 1745 og det ser ut som han ikke etterlot seg egne barn: 

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 6b (1743-1750), Skifteprotokollside, Side 451b-452a
Permanent bilde-ID: sk20081124620100
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081124620100
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20081124620100.jpg 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

En Simon Rasmussen ble konfirmert i Luster i 1737, 21 år gammel:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000456127

 

Samme mann som er nevnt i skiftet etter Anniken??

 

Det ser vel ellers ut som Anniken var gift på nytt, for i skifte nevnes enkemannen Anders Nilsen. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har vore ute i fleire timar og fekk ei skikkeleg imponerande kjempeoverrasking då eg kom attende!  Ord vert berre so altfor fattige når eg skal uttrykka den gleda og takksemdi eg kjenner når eg ser at «mi» Anniken Rasmusdotter er identifisert som gardkone på Rinde i Hyllestad!

 

Og ikkje berre det; skiftet hennar baud òg på overraskingar, særleg viktig var:

 

** Søster Maria Rasmusdotter budde i 1771 som ugift på Bjordal, Kyrkjebø

 

** Søster Martha Rasmusdotter d.y. var avlidi før 1771 utan å etterlata seg livservingar

 

** Søster Martha Rasmusdotter d.e., som eg ikkje hadde teke med i innlegg #1, fordi ho vart buande i Luster, hadde ein son Rasmus Erikson som budde på Nessane i Kvamsøy, som eg ikkje visste om i det heile!!  Han vart døypt før kyrkjebøkene i Luster tek til, og han reiste ut før han nådde konfirmasjonsalder...

 

So de kan sikkert forstå gleda mi!  Hjarteleg takk til Ivar og Grethe for kjempeflott innsats!

 

Elles har eg no sete ei stund for å systematisera opplysningane som er framkomne, og eg harett opp eit nytt manuskript for denne huslyden, der eg òg har teke med foreldri opg dei andre søskeni, for oversyner sin del:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Simonson Einehaugen, visstnok frå Einehaugen under Sørheim, var f. kring 1670 og d. truleg her i Berteigen kring 1728.  Rasmus tente på Sørheim i 1701, og kring 1702 gifte han seg med Britha Olsdotter frå Bergheim.  Ho var f. kring 1678 og vart gravlagd frå Einehaugen under Sørheim 12.3.­1740.  Rasmus og Britha fekk kring 1715 hand om denne andre plassen i Berteigen, og Rasmus dreiv plassen levetidi ut.  Som enkje vart Britha i 1731 attgift med enkjemannen Anders Hansson (1691-1778) som sidan hamna som husmann på Utheim under Sørheim (s.d.).  Rasmus og Britha i Berteigen fekk åtte born i lag:

 1. Gjørond Rasmusdotter (1703-1770), vart gift med husmann og enkjemann Ingebrigt Eliasson på Havelden 3 under Flahammar (1685-1751).

 2. Martha Rasmusdotter, d.e. (1705-1775), vart gift med husmann Erik Alfson på Skjolden under Bolstad (1695-1765).

 3. Anniken Rasmusdotter, f. kring 1708, vart i 1728 stemnd for leigarmål med gardbrukar Johannes Pederson på Bringe (1703-1763), ein fjern slektning av Anniken, men barnet voks ikkje opp.

I 1736 vert det på tinget opplyst at Anniken, som ikkje var i stand til å betala leigarmålsbøter, var fari frå prestegjeldet.  Ho levde framleis i 1740, og me finn ho att i Hyllestad, Askvoll der ho 28.12.1743 gifte seg første gongen med Johannes Mikkelson frå

 

 

##### (opphavet hans? – Rinde i Hyllestad? – eller kan henda frå Lien – son av Mikkel Olson Lien, d. 1716?? – ein Johannes Mikkelson vart døypt frå indre Hjelmeland i Lavik (Gulen) 11.9.1700 – kan det vera han?)

 

 

Han var son av

 

 

##### (foreldri hans? – overlevande brør Ole og Anders – tilstades 1745)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 46 år ved dødsfallet 1744! – men finn ikkje i FT1701!)

 

 

Johannes og Anniken var gardbrukarar på Rinde, men Johannes vart gravlagd frå Rinde alt 28.11.1744, og Anniken gifte seg 7.11.1745 att i Hyllestad, Askvoll med Anders Nilsson frå

 

 

##### (opphavet hans? – frå Akse!?)

 

 

Han var son av gardbrukar Nils Nilsson på Akse, opphavleg frå Hoven, og kona Kari Jacobsdotter frå Akse og vart døypt i Askvoll 15.3.1716.  Anders tok over som gardbrukar på Rinde i Hyllestad der Anniken d.

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – skifte 7.10.1771 – finn ikkje gravferdi!!)

 

 

So gifte Anders seg 7.11.1773 att i Bø sokn i Hyllestad (Gulen) med Maria Olsdotter frå Værholm i

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

Ho var dotter av

 

 

##### (foreldri hennar?)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1744?)

 

 

Anders vart gravlagd frå Rinde 17.2.1799, medan Maria, som òg gifte seg att, d.

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1801!)

 

 

Anniken fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, og Anders fekk heller ikkje born i andre ekteskapet sitt.

 4. Maria Rasmusdotter, f. kring 1710,

Maria Rasmusdotter levde i 1740, men var truleg alt då flytt til ytre Sogn der me veit ho i 1771 budde som tenestejente på Bjordal i Kyrkjebø.  Ho vart gravlagd frå Bjordal 19.2.1781.

 5. Oselda Rasmusdotter (1712-1770), vart gift med husmann og enkjemann Jens Samsonson i Vågen under Kroken i Hafslo (1710-1781).­

 6. Martha Rasmusdotter, d.y., f. kring 1714, gjorde leigar­mål i Luster i 1739.

Martha Rasmusdotter levde i 1740,

 

 

##### (må vera flytt frå Luster kring 1739/1740 – lagnaden hennar? – kan henda gift i Askvoll 17.7.1740 med Hans Lasseson Lammetun??)

 

 

Son hennar:

a. Anders Hermundson, son av Martha og gardbrukar og gift mann Hermund Andersson på Mørkrid (1704-1789), vart døypt i Luster 15.3.1739,

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 

##### (NB: Martha var avlidi før 1771 utan å etterlata seg livservingar!!)

 

 

 7. Simon Rasmusson (1716-1761), vart husmann på Utheim under Sørheim.

 8. Christi Rasmusdotter (1718-1762), vart gift med husmann Endre Pederson i Smeviki under Høyeim (1725-1805).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har lete den mogelege vigsli til Martha Rasmusdotter med Hans Lasseson Lammetun stå som eit alternativ til lagnaden hennar.  Ho KAN jo ha vore gift i Hyllestad, men avlidi FØR 1771!?

 

Elles står det att fleire spørsmål kring Johannes Mikkelson Rinde og opphavet hans, opphavet til andre kona hans Anders Nilsson Rinde, Mari Olsdotter frå Værholm, og lagnaden hennar.  Eg reknar med dei fleste svari vil vera å finna i bygdeboki for Hyllestad?

 

Maria Rasmusdotter er vel truleg avlidi på Bjordal i Kyrkjebø ein gong etter 1771, men er dødsfallet hennar mogeleg å finna?

 

Når det gjeld Rasmus Erikson på Nessane i Kvamsøy, vil eg ta den huslyden opp som eige tema.

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden og vonar sjølvsagt på fleire «gullkorn»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg i dag finne dødsfallet til Maria Rasmusdotter på Bjordal i Kyrkjebø, gravlagd der 19.2.1781:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11755/116

 

Eg har oppdatert manuskriptet i ínnlegg #6 ovanfor og stroke spørsmålet om Maria...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.