Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Erikson - fødd i Luster kring 1728 - gift og busett på Nessane i Kvamsøy - lagnaden til Rasmus, kona og dei sju borni deira? - også til broren Ole Erikson og søsterdotteri Martha Bottolfsdotter?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei heilt nyoppdaga familie med røter frå Luster, som eg vart merksam på i kveld gjennom skiftet etter Anniken Rasmusdotter på Rinde i Hyllestad frå 1771.  Anniken var barnlaus, og eine søsteri hennar var Martha Rasmusdotter i Luster (1705-1775).

 

Denne Martha hadde mellom anna ein son Rasmus, som var fødd før kyrkjebøkene i Luster tek til (i 1731), og han var flytt frå Luster før han nådde konfirmasjonsalderen!!  Rasmus hamna som husmann under Nessane i Kvamsøy, gifte seg der og fekk sju born, men det er fint lite som står om desse borni i den gamle ætteboki for Kvamsøy!

 

No vonar eg på lite vetta hjelp til å skaffa fram fleire detaljar om denne huslyden og ogso om den einaste broren til Rasmus, Ole Erikson (1731), samt søsterdotteri Martha Bottolfsdotter (1769).  Dei forsvinn båe frå Luster, og sidan Rasmus budde på Nessane, KAN det jo tenkjast at ogso Ole og Martha flytte på den kanten?

 

Eg attgjev frå det oppdaterte manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ungkar Rasmus Eriksen Næsse og pike Kari Andersdatter Næsse giftet seg i Vik 24.6 1755 (kirkebok Vik, Kyrkjebø sogn 1740-1755, nest siste side i  boka). Finner ei Kari Andersdatter Næsse døpt i Arnafjord, Vik 12.5.1737, men da det ble holdt skifte etter faren Anders Rognaldsen Nesse i 1763 var Kari 28 år og ugift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for avlarande innlegg om denne vigsli.  Det tyder vel at båe budde på Nesse då dei gifte seg i 1755, men fødestaden hennar er jo framleis ei «gåte».  Ser me namneoppkallingane, skulle me tru at foreldri hennar heitte Anders og Ingeborg, men den kombinasjonen finst det sikkert mange av...

 

Elles har eg i dag finne dødsfallet hans Rasmus Erikson i Kvamsøy i 1798, og likeins er skiftet etter dotteri Maria Rasmusdotter frå 1817 dukka opp:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24175/279?indexing=

 

Her går det fram at søskeni Ingeborg, Anders, Martha og Britha var dei einaste som levde, og so har eg finne dødsfalli deira, alle i Kvamsøy!  Alle var dei ugift med unntak av Ingeborg, men ho hadde ingen born, so det kan sjå ut til at det ikkje finst etterkomarar etter Rasmus Erikson utover dei sju borni hans...

 

Eg finn ikkje skifte etter nokon av dei andre, bortsett ifrå skiftet etter Tørris Andersson på Rendingsneset under Lønne, han som var gift med Ingeborg:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24172/566?indexing=

 

Sonen Erik Rasmusson er mellom dei som var avlidne før 1817, men kanskje var det han som var matros og som gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 28.1.1787 med Susanne Christine Olsdotter?  Trulovingi 12.10.1786 seier ikkje noko om opphav:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=10985&merk=10985#ovre

https://media.digitalarkivet.no/view/4578/85

 

Men eg ser heller ikkje noko meir til dette parfolket nokon stad og finn heller ingen born etter dei!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Alfson Skjolden, frå Meljane under Mørkrid, var f. kring 1695 og d. som legdelem (stad ikkje oppgjeven) 11.3.1765.  Han gifte seg kring 1726 med Martha Rasmusdotter frå Berteigen under Flahammar, f. kring 1705.  Ho levde i 1771 og er truleg den Martha «veverske» som vart gravlagd 12.10.1775.  Erik og Martha flytte litt ikring, mellom anna budde dei i 1740 på Heltne i Mørkridsdalen.  Ei tid var dei òg på Rebni, men kring 1745 ser dei ut til å vera komne til Skjolden.  Dette var opphavleg ein liten plass, og det vart heller ikkje lenge Erik og Martha budde her; kring 1753 ser det ut til at dei kom på legd, og i 1762 budde dei som legdelemer på Eide.  I 1771 hadde Martha tilhald på Hauge.  Me veit om fire born etter dei:

 1. Rasmus Erikson, f. kring 1728,

Rasmus Erikson flytte i ung alder til Kvamsøy i Vik der han 24.6.1755 gifte seg med Kari Andersdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar? – båe er kalla Næsse ved vigsli!)

 

 

Ho var dotter av

 

 

##### (foreldri hennar?)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

 

Rasmus og Kari vart plassfolk på Nessestrondi under Nesse ytre i Kvamsøy der Rasmus vart gravlagd 25.2.1798. 

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – e. 1769!)

 

 

Dei fekk sju born i lag:

a. Ingeborg Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 3.9.1755, d. som enkje på Brekke i Kvamsøy, Vik 17.12.1827.  Ingeborg gifte seg i Kvamsøy, Vik 12.6.1796 med enkjemannen Tørris Andersson, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1730?)

 

     Han vart gravlagd som husmann frå Lønne i Kvamsøy, Vik 12.2.1800.  Han gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for første vigsli hans? – dotter Gjertrud Tørrisdotter, f. 1769 – tente 1801 på Nokken i Kvamsøy!)

 

     med Britha Monsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     Ho d. på Rendingsneset under Lønne hausten 1794.  Tørris var husmann på Rendingsneset under Lønne i Kvamsøy og fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet hans.

                 b. Martha Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 6.3.1757, d. som legdelem på Sagen i Kvamsøy, Vik 30.5.1825, ugift.

 

c. Anders Rasmusson, døypt i Kvamsøy 29.10.1758, d. som legdelem på Lønne i Kvamsøy, Vik 6.2.1833.  Anders tok visstnok i 1800 over styringi av plassen som eldste søsteri sat med på Rendingsneset under Lønne i Kvamsøy, og der vart han buande levetidi ut.  Anders var ugift.

d. Erik Rasmusson, døypt i Kvamsøy 11.2.1761, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – barnlaus før 1817!)

 

 

     ##### (lagnaden hans? – ein ungkar og matros Erik Rasmussen gifte seg i KK, Bergen 28.1.1787 med Susanne Kirstine (Christine) Olsdotter, døypt i Bergen 8.10.1755 av foreldri Ole Andersen og Sissele Philipsdotter Smidt – desse ser me ikkje noko meir til – heller ingen born er registrerte!!)

 

 

e. Britha Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 1.11.1763, d. som legdelem på Nesse i Kvamsøy, Vik 31.1.1845.  Britha var tenestejente, mellom anna på Linde i Kvamsøy, Vik, men flytte sidan attende til Nesse, ugift.

f. Anna Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 20.1.1766,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? . d. barnlaus før 1817!)

 

 

g. Maria Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 6.8.1769, vart gravlagd frå Nesse ytre i Kvamsøy, Vik 25.4.1817.  Maria var tenestejente på Nesse ytre, men var ugift.

 2. Ole Erikson, døypt ?.12.1731, vart konfirmert i 1758 og budde då på Hauge.

Ole Erikson

 

 

##### (ser ut til å vera flytt frå Luster etter den tid – kan henda til ytre Sogn? – lagnaden hans?)

 

 

 3. Anna Eriksdotter (1734‑1735).

 4. Anna Eriksdotter, døypt 22.9.1736, vart gravlagd frå Drægni 18.1.1807.  Anna tente fleire stadar i bygdi, men i 1801 var ho komi til Drægni der då ho vart kalla «ei gamal kvinne» og «handarbeidande innerst».  Ho var ugift, men hadde ei dotter:

a. Martha Bottolfsdotter, dotter av Anna og husmann Bottolf Pederson i Dvergsdalen under Sandviki (1743-1785), vart døypt 1.11.1769.

Martha Bottolfsdotter

 

 

##### (ser ikkje noko meir til ho i Luster – kan henda flytt til ytre Sogn? – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg veit ikkje kor mykje meir det er mogeleg å finna ut om denne huslyden, men nokre detaljar hadde vore kjempebra å få «på plass»:

 

** Kari Andersdotter, kona til Rasmus Erikson, kven kan ho ha vore? - Dødsfallet hennar?

 

** Matrosen Erik Rasmussen i Bergen - er det «vår» Erik?

 

** Husmann Tørres Andersson på Lønne - kven var han og første kona hans?

 

** Ole Erikson og Martha Bottolfsdotter - flytte dei til ytre Sogn?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne spennande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skiftet etter Tørris Andersen:

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 12 (1800-1805), Skifteprotokollside, Side 562b-563a
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125620567.jpg 
 

Og her er skifte 1794 etter Tørris Andersens første kone, Brite Monsdatter. Det ser ut som Gjertrud var deres eneste barn: 

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 11b (1791-1799), Skifteprotokollside, Side 572b-573a
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081124660185.jpg


 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Med dette har me fått «på plass» den første kona til Tørres Andersson, Britha Monsdotter.  Det ser ut til at dødsfallet hennar manglar i kyrkjeboki for Vik, og i det heile er dette eit merkeleg par!  Ikkje finn eg dei vigde nokon stad, og ikkje heller finn eg nokon dåp for dotteri Gjertrud!  Uforståeleg...!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #3 med dei nye opplysningane og takkar endå en gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et skudd helt i blinde, Lars!

 

I 1760 døpes det ei jente i Borgund i Lærdal - navn: Brite. Foreldrene hennes heter Tørris Borlaug og Brite Monsdatter - venstre side, nest øverst: 

 

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1760, Side 148
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620218.jpg
 

 

Lille Brite Tørrisdatter døde 10 måneder gammel - se nederst høyre side:

 

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Døde og begravede 1759-1761, Side 243
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620313.jpg
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Iver for nye interessante og utfordrande innlegg!

 

Når det gjeld Tørris på Borlaug i Borgund, Lærdal, so heitte han Tørris Haagenson.  Han gifte seg i 1741 med Britha Monsdotter Hegg som levde heilt fram tikl 1798.  Dei fekk mange born i lag, men Britha var den yngste!  So desse folki er det diverre ikkje.

 

Når det gjeld Kari Andersdotter på Rinde i Feios, so syner bygdeboki for Leikanger at ho var fødd i 1740 og gift med Johannes Johannesson Borlaug, Feios (1740-1801), so denne Kari er nok uaktuell...

 

Når det gjeld Tørris Andersson, so hadde det no vore kjekt om ekstraskatten frå 1762/1763 hadde vore digitalisert for heile fylket!!

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I skifte etter Brita Monsdatter i 1794 synes jeg det står at som formynder for datteren Gjertrud Tørrisdatter var innsatt farbroren velagte dannemann Ole Olsen Lindehage. 

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000525669

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 11b (1791-1799), Skifteprotokollside, Side 601b-602a 
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081124660214.jpg
 

Skiftet etter Ole Olsen Lindehagen var i 1795. Men om dette er den samme Ole Olsen som er nevnt i skiftet etter Brita Monsdatter, vet jeg ikke. Og om det er Brite Monsdatters farbror eller Gjertrud Tørrisdatters farbror, vet jeg heller ikke. 

 

Gjertrud Tørrisdatter formynder.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg ser det er refefert til Ole Olson Lindehagen som «farbror», og eg ville oppfatta det som om han var farbror til Gjertrud, med andre ord ein halvbror av Tørris Andersson.  Då har truleg mor til desse halvbrørne hatt førenamnet Gjertrud, for sjå kva som er skrive om Ole Olson Lindehagen i den gamle bygdeboki frå Kvamsøy:

 

«Ola Olson Lindehagen var plassmann i 1777.  Kona hans heitte Brita Hermundsdotter.  Ola døydde i 1795, og hadde etter seg enkja og dotteri Gjertrud som vart gift med Sjur Ivarson Rislåg.»

 

Her er Britha Hermundsdotter i FT1801, 46 år gamal, med ny mann under Linde: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392001596

 

Dette må vera vigsli til Ole Olson Linde med Britha Hermundsdotter Linde i Vik 11.5.1776: http://www.fylkesarkiv.no/side/søk-i-basar/?http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?lang=nor

 

Og eg vil tru dette er vigsli til foreldri has Ole Olson:  enkjemann Ole Olson Brekke, Vik med Gjertrud Tørrisdotter Breisnes frå Aurland, vigde i Vik 13.1.1743: http://www.fylkesarkiv.no/side/søk-i-basar/?http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?lang=nor

 

Det var skifte etter Tørris Torstenson på Breisnes i Aurland i 1716, og Gjertrud var mellom borni hans!  Det kan sjå ut som om Gjertrud Tørrisdotter først var gift med ein Anders og fekk sonen Tørris Andersson før ho gifte seg med Ole Olson frå Brekke i Lånefjorden!?

 

Og eg børjar no ana kvifor me ikkje finn barnedåpar for Tørris Andersson og kona Britha:  Barnedåpane i Aurland mellom 1761 og 1780 er IKKJE databaseregistrerte, korkje av fylkesarkivet eller av FamilySearch!!

 

Denne huslyden vert meir og meir spennande og utfordrande, og eg takkar på ny for framifrå bistand med å skaffa oversyn over dei!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og eg vil tru dette er vigsli til foreldri has Ole Olson:  enkjemann Ole Olson Brekke, Vik med Gjertrud Tørrisdotter Breisnes frå Aurland, vigde i Vik 13.1.1743: http://www.fylkesarkiv.no/side/søk-i-basar/?http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?lang=nor

 

Lenken virker ikke, men her er vel vielsen i kirkeboka for Kvamsøy:

 

Sogn og Fjordane fylke, Kvamsøy i Vik, Ministerialbok nr. A 2 /4 (1740-1754), Kronologisk liste 1743, Side 255
Permanent bilde-ID: kb20070523640279
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070523640279
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070523640279.jpg


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være Tørris, Lars??

Høyre side, ca. midt på siden: Thørris - mor: Gjertrud Tørrisdatter

Sogn og Fjordane fylke, Flåm, Vangen, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 1 (1716-1734), Kronologisk liste 1732, Side 70
Permanent bilde-ID: kb20070320610005
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070320610005
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070320610005.jpg


Ættebok for Aurland fram til om lag 1900

Gjertrud Tørrisdatter.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan ikke se at det står nevnt noen barnefar ved dåpen til Tørris, men kan det være Anders Brekke??

 

Og hvor all verden giftet Tørris og Brite seg og hvilken kilde refererer bygdebokforfatteren til når han nevner dem som bosatt med barna Mons og Gjertrud under Lønne i 1777? 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit nytt skot i blinde: Kari Andersdtr gift i 1755 m/ Rasmus, KAN væra ho som G. Balvoll nevner i Ættabokji s. 207, v024.

 

Anders Beintson Ovri, f og d ukjent, gift ukjent m/ Brita Nilsdtr f ukjent d. 1742 som ekkja. 3 ongar:

Kari f. 1728 (kanskje gift i 1755 ????)

Beint f. 1733

Ragnhild f. 1755

Dei foreldrelause onga ser ein ikkje meir til på Vikøyri, skriv GB.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jon for nye spennande innlegg og «skòt i blinde»!

 

For å ta det siste først, so ser eg at Rasmus og Kari hadde ei dotter Britha, so dei kunna ha ein grunn til å kalla opp Britha på Ovri, men me har vel to punkt som talar imot:

 

** Eldste dotteri til Rasmus og Kari vart døypt Ingeborg, og det namnet kjem ikkje frå farssida!  Eg trur at mor hennar Kari kan ha heitt Ibngeborg, men noko prov har eg ikkje...

 

** Kari Andersdotter er i seg sjølv eit svært vanleg namn, og Ovri i Vik ligg vel i hovudsokni i Vik, som var svært so langt geografisk frå Nessane!?

 

Eg har nok meir tru på at ogso Kari er kommi innante fjorden for å tena på Nessane, om ho då ikkje var fødd på Nessane, men me vil truleg aldri finna eit 100% svar på dette...?

 

Elles er eg overtydd om at du Grethe har finne dåpen til Tørris i Aurland!  Alderen høver svært so godt, og Gjertrud vart sidan gift med Ole Olson i Kvamsøy!  Og oppkallingi høver 100% som eg tippa i eit tidlegare innlegg!  Kven som var barnefaren, er ikkje so godt å seia utan å sjekka tingbøkene for Aurland!

 

Eg la òg merke til denne referansen til 1777 fleire stadar i Kvamsøy-boki. og eg lurer på om det kan vera frå eit sjeleregister?  Men kvar er no dei vortne av etter omleggjingi av Digitalarkivet??

 

Uansett er det framleis eit «mysterium» kvar Tørris har butt før han i 1777 er nemnd på Lønne...  Kan henda i Aurland?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar framleis på fleire «gullkorn»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2017, som sidan den tid har lege «i dvale».

 

Eg har reinskrive delar av manuskriptet og samstundes fokusert på følgjande «hòl»:

 

** Opphavet og lagnaden til Kari Andersdotter «Næsse» som i 1755 gifte seg med Rasmus Erikson frå Luster?

 

** Bustaden til Gjertrud Tørrisdotter frå Breisnes og mannen Ole Olson frå Brekke i Lånefjorden (vigde i Vik 1743)?

 

** Identifikasjon av Britha Monsdotter, første kona til Tørris Andersson, og bustaden deira (fødestadane til borni deira)?

 

** Fleire detaljar om Erik Rasmusson (fødd 1761) og Anna Rasmusdotter (fødd 1766).  Den Erik som gifte seg i Krosskyrkja i Bergen i 1787 KAN vera «vår» Erik, men det kan òg vera denne Erik Rasmusson frå Manger(?): https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000284946

 

** Lagnaden til Ole Erikson, fødd i Luster 1731 og konfirmert i 1758?

 

** Lagnaden til søsterdotteri Martha Bottolfsdotter, fødd i Luster 1769?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne utfordrande huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Alfson Skjolden, frå Meljane under Mørkrid, var f. kring 1695 og d. som legdelem (stad ikkje oppgjeven) 11.3.1765.  Han gifte seg kring 1726 med Martha Rasmusdotter frå Berteigen under Flahammar, f. kring 1705.  Ho levde i 1771 og er truleg den Martha «veverske» som vart gravlagd 12.10.1775.  Erik og Martha flytte litt ikring, mellom anna budde dei i 1740 på Heltne i Mørkridsdalen.  Ei tid var dei òg på Rebni, men kring 1745 ser dei ut til å vera komne til Skjolden.  Dette var opphavleg ein liten plass, og det vart heller ikkje lenge Erik og Martha budde her; kring 1753 ser det ut til at dei kom på legd, og i 1762 budde dei som legdelemer på Eide.  I 1771 hadde Martha tilhald på Hauge.  Me veit om fire born etter dei:

 1. Rasmus Erikson, f. kring 1728,

Rasmus Erikson flytte i ung alder til Kvamsøy i Vik der han 24.6.1755 gifte seg med Kari Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – båe er kalla Næsse ved vigsli!)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

Rasmus og Kari vart plassfolk på Nessestrondi under Nesse ytre i Kvamsøy der Rasmus vart gravlagd 25.2.1798. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – e. 1769!)

 

Dei fekk sju born i lag:

a. Ingeborg Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 3.9.1755, d. som enkje på Brekke i Kvamsøy, Vik 17.12.1827.  Ingeborg gifte seg i Kvamsøy, Vik 12.6.1796 med enkjemannen Tørris Andersson, opphavleg frå Breisnes i Aurland.  Han vart døypt i Aurland 22.2.1732 og vart gravlagd som husmann frå Lønne i Kvamsøy, Vik 12.2.1800.  Han gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for første vigsli hans? – dotter Gjertrud Tørrisdotter, f. 1769 – tente 1801 på Nokken i Kvamsøy! - hadde òg ein son Mons som levde i 1777)

 

     med Britha Monsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     Ho d. på Rendingsneset under Lønne hausten 1794.  Tørris var husmann på Rendingsneset under Lønne i Kvamsøy og fekk to born, som båe var frå første ekteskapet hans.

b. Martha Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 6.3.1757, d. som legdelem på Sagen i Kvamsøy, Vik 30.5.1825, ugift.

c. Anders Rasmusson, døypt i Kvamsøy 29.10.1758, d. som legdelem på Lønne i Kvamsøy, Vik 6.2.1833.  Anders tok visstnok i 1800 over styringi av plassen som eldste søsteri sat med på Rendingsneset under Lønne i Kvamsøy, og der vart han buande levetidi ut.  Anders var ugift.

d. Erik Rasmusson, døypt i Kvamsøy 11.2.1761, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – barnlaus før 1817!)

 

     ##### (lagnaden hans? – ein ungkar og matros Erik Rasmussen gifte seg i KK, Bergen 28.1.1787 med Susanne Kirstine (Christine) Olsdotter, døypt i Bergen 8.10.1755 av foreldri Ole Andersen og Sissele Philipsdotter Smidt – desse ser me ikkje noko meir til – heller ingen born er registrerte!!)

 

e. Britha Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 1.11.1763, d. som legdelem på Nesse i Kvamsøy, Vik 31.1.1845.  Britha var tenestejente, mellom anna på Linde i Kvamsøy, Vik, men flytte sidan attende til Nesse, ugift.

f. Anna Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 20.1.1766,

 

     ##### (lagnaden hennar? . d. barnlaus før 1817!)

 

g. Maria Rasmusdotter, døypt i Kvamsøy 6.8.1769, vart gravlagd frå Nesse ytre i Kvamsøy, Vik 25.4.1817.  Maria var tenestejente på Nesse ytre, men var ugift.

 2. Ole Erikson, døypt ?.12.1731, vart konfirmert i 1758 og budde då på Hauge.

Ole Erikson

 

##### (ser ut til å vera flytt frå Luster etter den tid – kan henda til ytre Sogn? – lagnaden hans?)

 

 3. Anna Eriksdotter (1734‑1735).

 4. Anna Eriksdotter, døypt 22.9.1736, vart gravlagd frå Drægni 18.1.1807.  Anna tente fleire stadar i bygdi, men i 1801 var ho komi til Drægni der då ho vart kalla «ei gamal kvinne» og «handarbeidande innerst».  Ho var ugift, men hadde ei dotter:

a. Martha Bottolfsdotter, dotter av Anna og husmann Bottolf Pederson i Dvergsdalen under Sandviki (1743-1785), vart døypt 1.11.1769.

Martha Bottolfsdotter

 

##### (ser ikkje noko meir til ho i Luster – kan henda flytt til ytre Sogn? – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.