Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Clausson (1730-1772) - frå Lærdal til Luster og attende til Lærdal - søner Claus og Christopher vidare til Solund - supplerande opplysningar om denne ætti?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Huslyden til Anders Clausson Talle (1730-1772) har eg vore merksam på i mange år, men eg visste ikkje før i dag at dei to sønene hans hamna i Solund!  Dette går fram av skiftet etter Claus Andersson på Indrevær frå 1810 der borni etter broren Christopher er dei overlevande ervingane:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24174/96?indexing=

 

No har eg plukka ein god del opplysningar om denne huslyden frå kyrkjebøkene i Gulen (Solund), men eg finn ikkje svar på alt.  Samstundes er bustaden som Anders Clausson hadde i Lærdal etter han flytte attende dit, eit stort mysterium, og likeins opplysningar om andre kona hans Ingeborg Hansdotter!?

 

Her følgjer eit førebels manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Nye spennande opplysningar er dukka opp om denne huslyden, og dette manuskriptet vert erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor.

 

Eg veit det sit brukarar med ekspertise på Solund, so eg vonar at mange av dei detaljane som manglar derifrå, kan skaffast til veges utan for store vanskar, og eg vonar sjølvsagt òg på hjelp i Lærdal...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Litt hjelp skal du få: Peder Jonson var frå Indrevær. Kona hans var Anne Rasmusdtr. frå Sognnes (i noverande Hyllestad) står det i kyrkjeboka. Har ikkje fødselsdata på henne. Peder Jonson var gardbrukar, fekk bygselbrev i 1747. I praksis var han fiskar, men budde på matrikulert jord. Skal prøva å komma attende med meir. Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

f. Christina Eriksdotter, døypt i Solund 2.2.1800, d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

     Ho gifte seg i Solund 23.6.1822 med Iver Henrikson frå

     ##### (opphavet hans? – Nautøy?)

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

Iver Henriksens fødselsår er beregnet til 1798 ved giftermålet i 1822. Da sønnen Erich ble døpt i 1824, var to av fadderne Magdeli Iversdatter Nøtøen og Peder Henriksen Qverhællen: 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012687196

 

På Qverhelden i Eivindvik i 1801 finner jeg ekteparet Henrik Hansen og Magdeli Iversdatter med sønnen Iver, født (beregnet) 1798:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391002788

 

Kan det være noen sammenheng her? 

 

Sygni, 1826

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000011775365

 

Magdalie, 1829

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000011776548

 

Matthias, 1831

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000011782917

 

Andreas, 1833

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000011784094

 

Nikke, 1834

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000011779164

 

Christian, 1838

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012669165

 

Magdeli Iversdatter døde i 1831. Alderen stemmer bra med hun som bodde på Qverhelden i 1801:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002038357

 

Husmann Henrik Hansen Nøtøen døde i 1834:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002037950

 

Og her er vel bekreftelsen på sammenhengen mellom Kvernhella og Nautøy:

 

Solund : gards- og ættesoge til 1980. 1

 

 

 

Iver Henriksen - 1.jpg

Iver Henriksen - 2.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Iver levde i 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038250004252

Det ser ut som kone nr. 2 var blitt enke i 1875: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052297004413

 

Iver Henriksen døde 27.11.1873:

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Solund (Sulen), Husøy i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 23 (1870-1880), Døde og begravede 1874, Side 213
Permanent bilde-ID: kb20070111350189
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070111350189
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070111350189.jpg 
 

Og her er dødsfallet til Christine Eriksdatter i 1837:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002264180

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Brite Rasmusdtr, som gifte seg med Klaus Andersson, var f. 1747. Foreldra var Rasmus Nilsson Utvær og Kari Johannesdtr. frå Tungodden. Brita Rasmusdtr. gifte seg fyrst med Jens Monsson. Me veit ikkje kvar han var frå, men han skulle vera fødd rundt 1746 i Utvær skipreide. Dei var gardbrukarar på Utvær. Jens Monsson d. 1785.

Alf

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf og Grethe for spennande og nytttige innlegg om denne huslyden!  De er komne med mange interessante tilleggsopplysningar, og eg har oppdatert manuskriptet mitt som erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Clausson Talle, ein soneson av gardbrukarsonen Christopher Knutson frå Lingjerde (1668-1743), vart døypt i Lærdal 26.2.1730, men kom i ung alder til Luster og vart konfirmert her i 1755.  Han gifte seg første gongen 3.11.­1757 med Kari Johannesdotter frå Yttrishaugen under Yttri.  Ho var f. kring 1719, men vart gravlagd frå Talle 8.12.1760.  Anders gifte seg so att i Hafslo 28.11.1764 med Ingeborg Hansdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     Anders og første kona Kari fekk kring 1758 hand om ein plass under Talle, truleg plassen her i Tallehagen 1, og Anders ser ut til å ha butt her til kring 1763, men alt i 1762 vart han kalla for «fattig legdelem og enkjemann med to små umyndige born».

Kring 1765 ser Anders og andre kona ut til å vera farne frå Luster, og dei busette seg

 

##### (kva bustad hadde dei i Lærdal? – i Tønjum sokn!!)

 

der Anders Clausson d. 18.9.1772. 

 

##### (lagnad til Ingeborg Hansdotter?)

 

Me kjenner ikkje til born etter Anders Clausson og andre kona Ingeborg.

Men Anders og første kona Kari fekk to søner i lag:

 1. Claus Andersson, døypt 7.5.1758,

Claus Andersson flytte med far sin kring 1765 til Lærdal og sidan vidare til Solund der han 3.8.1793 gifte seg med enkja Britha Rasmusdotter, opphavleg frå Utvær i Solund.  Ho var dotter av gardbrukar Rasmus Nilsson på Utvær og andre kona Kari Johannesdotter frå Tungodden og vart døypt i Solund 9.4.1747.  Ho gifte seg første gongen i Solund 29.9.1771 med Jens Monsson frå Rørdal.  Han var son av gardbrukar Mons Thomasson på Rørdal, opphavleg frå Nautøy, og kona Anna Jacobsdotter frå Rørdal og vart døypt i Solund 18.4.1746.  Jens og Britha var gardbrukarar på Utvær i Solund der Jens vart gravlagd 25.6.1785.  Claus og Britha var ei tid husmannsfolk på Kirkøya under Husøy i Solund, men

 

##### (flytte etter 1801 til Indrevær!?)

 

Claus vart gravlagd frå Indrevær 8.4.1810, medan Britha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?)

 

Dei var barnlause, men Britha hadde seks born frå første ekteskapet sitt:

a. Mons Jensson, døypt i Solund 15.10.1771, d.

 

     ##### (må vera avliden kort etter, men finn ikkje gravferdi!)

 

b. Cornelius Jensson, døypt i Solund 20.11.1772, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Cornelius gifte seg første gongen i Solund 2.11.1800 med Guri Jacobsdotter frå Rørdal, døypt i Solund

 

     ##### (1780)

 

     So gifte Cornelius seg 11.8.1805 att i Solund med Guri Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad? – gardbrukar Kvalvik, Nautøy?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

c. Mons Jensson, døypt i Solund 3.10.1774, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Mons gifte seg i Solund 24.3.1805 med Kirsti Monsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

d. Ahlidt Jensdotter, døypt i Solund 11.9.1779, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ahlidt gifte seg i Solund 10.6.1804 med Anders Nilsson frå

 

     ##### (opphavet hans? – Gåsvær?)

 

     ##### (dato og stad for dåpen hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

e. Anna Jensdotter, døypt i Solund 23.6.1781, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Anna gifte seg Solund 22.5.1803 med Johannes Clausson frå

 

     ##### (opphavet hans? – Øyjorden?)

 

     ##### (dato og stad for dåpen hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

f. Rachel Jensdotter, døypt i Solund 15.5.1783, vart gravlagd frå Utvær 29.3.1784.

 2. Christopher Andersson, f. hausten 1760,

Christopher Andersson flytte òg kring 1765 med far sin til Lærdal, men fór sidan vidare til Solund der han 2.7.1786 gifte seg med Nilla Pedersdotter frå Indrevær.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Peder Johnson på Indrevær og kona Anna Rasmusdotter frå Sognnes og vart døypt i Solund 28.8.1762.  Christopher var fiskar, og han og Nilla budde som gardbrukarar

 

##### (stemmer dette?)

 

på Indrevær, men Christopher kom bort på sjøen 5.6.1796.  Nilla gifte seg 25.6.1799 att i Solund med Erik Christenson frå

 

##### (opphavet hans? – Kvamme i Vik?)

 

Han var son av

 

##### (fulle namn og yrke på foreldri hans, samt opphavi deira? – Christen Guttormson og Anna Eriksdotter?)

 

#####v (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – f. Kvamsøy 28.1.1771?)

 

Erik og Nilla heldt fram som gardbrukarar på Indrevær, og Nilla vart gravlagd derifrå 1.6.1803.  Erik gifte seg 18.3.1804 att i Solund med Søgni Hansdotter frå Nævedal i Gulen og vart buande som husmann under Indrevær der han d. 12.9.1834.  Nilla fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

a. Anders Christopherson, døypt i Solund 15.9.1786, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Han gifte seg i Solund 23.5.1816 med Britha Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     døypt

 

     ##### (dato og stad for dåpen hennar? – 1789?)

 

     Ho d. som husmannskone på Indrevær 21.1.1840.  Anders og Britha var husmannsfolk på ein plass

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

     under Indrevær og fekk fem born i lag.

b. Peder Christopherson, døypt i Solund 17.9.1788, vart gravlagd frå Indrevær 3.3.1790

c. Claus Christopherson, døypt i Solund 2.11.1789, vart gravlagd frå Indrevær 9.11.1789

d. Cornelius Christopherson, døypt i Solund 30.11.1790, d.

 

     #### (dato og stad for dødsfallet hans? – 1867?)

 

     1867.  Han gifte seg i Gulen 11.4.1816 med Gunnhild Ellingsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – Husøy?)

 

     døypt

 

     ##### (dato og stad for dåpen hennar? – 1790?)

 

     Ho d. som gardbrukarkone på Indrevær 26.3.1853.  Cornelius og Gunnhild var gardbrukarar på Indrevær i Solund og fekk sju born i lag, mellom anna denne sonen:

- Christopher Corneliusson (1818-1875), vart gift med husmannsdotteri Christina Christensdotter frå Tråi under Feigum i Luster (1834-1920) (s.d.).

e. Anna Kirstine Christophersdotter, døypt i Solund 6.4.1793, vart gravlagd frå Indrevær 11.5.1809.

f. Christina Eriksdotter, døypt i Solund 2.2.1800, d. som husmannskone på Nautøy i Solund 3.11.1837.  Ho gifte seg i Solund 23.6.1822 med Iver Henrikson frå ein plass under Nautøy, døypt i Solund 8.4.1798.  Han d. som strandsitjar på Nautøy 27.11.1873.  Som enkjemann gifte han seg 6.12.1838 att med Pernilla Andersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – Nautøy – p: Anders Amundson)

 

     Ho vart døypt i Solund 11.3.1814 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 1914?)

 

     Iver var fiskar og budde som husmann og sidan strandsitjar under Nautøy, kan henda i Kvalvik.  Han fekk i alt tolv born: av dei var åtte frå første ekteskapet med Christina.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire detaljar...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

I ekteskapet med Jens Monsson hadde Brite Rasmusdtr. 4 born som levde opp:

a) Kornelius f. 1772

b) Mons f. 1774

c) Alis f. 1779

d) Anna f. 1781

 

Jens Monsson var frå Rørdal. Foreldra hans var Mons Tomasson frå Nautøy og Anna Jakobsdtr. frå Rørdal. Dei var gardbrukarar i Rørdal. 

 

Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf og Grethe for nye interessante og verdifulle detaljar om denne huslyden!

 

Eg har igjen oppdatert manuskriptet og lagt tilleggi inn i manuskriptet i innlegg #6 ovanfor!

 

Nok ein gong vil eg uttrykka glede og takksemd over framifrå hjelp med huslyden til Anders Clausson!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Hei Lars,

Takk for epost. Eg skal sjå kva eg har liggande av opplysningar....

 

Sygni Hansdtr f. Neverdal døde i 1833; https://media.digitalarkivet.no/kb20070305350351 / https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002038457

 

Brite Rasmusdtr. f. Utvær; Det er vel ho som dør i 1822 Nautøy; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001043729

 

Kristie Monsdtr (eg har skreve at ho vart f 1779 Nautøy), døde i 20.4.1832 (omkom på sjøen): https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002038398

 

Mons Jensson d. 16.3.1846; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002264027

 

Ahlis Jensdtr d. 15.6.1845; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002264490

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Angåeande Anders Nilsson Gåsvær så har eg prøvd å nøste i han tidlegare og har notert dette;

 

FS/IGI:

ANDERS NIELSEN

Spouse: AHLIS JENSDR

Marriage: 10 JUN 1804 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

 

Kanskje frå Steine i Gulen? Antar dette inntil videre....grunnen til det er denne gode kandidaten:

 

FS/IGI:

ANDERS NILSEN

Christening: 03 SEP 1773 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

Father: NIELS STEENE

 

Ein bror:

NIELS NILSEN

Christening: 21 SEP 1776 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

Father: NIELS STEENE

 

Dessutan fann eg denne kandidaten som kan vere far til Anders, noko som iallefall ikkje vert avkrefta i fra SAB (sjå lengre ned):

 

Skifteregister Ytre Sogn 1698-1853

Førenamn Etternamn Gard Tinglag Side Protokoll År

Nils Olsen Steine Gulen 830 9b 1776-1782

 

Skiftet er datert 13. nov. 1776 og nevner enken Ragnild Olsdatter og sønnene Anders Nilsen, 3 år, og Nils Nilsen, 7 uker.

(Yngve Nedrebø, SAB / DA)

 

--- Eg lurer på om ikkje Ragnhild skal heite Andersdtr. - finn ikkje noko gifte på FS mellom Ragnhild Olsdtr. og Nils Olsen! Sjå også info frå skifte under.

 

 

Skifteregister Ytre Sogn 1698-1853

Førenamn Etternamn Gard Tinglag Side Protokoll År

Anders Nilsen Steine Gulen 859 9b 1776-1782

 

Skiftet etter Anders Nilsen Steine er datert 3. desember 1777, og nevner moren Ragnild Andersdatter, gift med Joen Olsen Steene, og broren Niels Nielsen, 1 år gammel.

(Yngve Nedrebø, SAB / DA)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Anders Nilsson d. 24.08.1846; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002264050

 

(Eg har notert 3 søner og 2 døtre for Ahlis og Anders)

 

Johannes Clausson dp. 17.8.1766 (truleg Stølen, men sjekk KB), d. 11.10.1835; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002038033

 

Eg har ikkje funne dødsfallet til kona Anna Jensdtr.

 

(Eg har notert 2 søner og 7 døtre for Anna og Johannes)

 

For Mons Jensson og Kristi Monsdtr. har eg berre notert navn på 2 døtre f. hhv 1806 og 1810, men det kan vere fleire...)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Litt om Cornelius Jensson (men trur du bør ta ein sjekk du også);

 

g. I 2.11.1800 m. Guri Jacobsdtr Rørdal (1780-1803) - ei dtr (Gjertrud) f. 1801 (ho d. 1885) og ein son (Jacob) f. 1803 (han dø 1803).

- foreldre til Guri; Jacob Ivarsson Nyhamar (1747-1788) og Lisbeth Monsdtr Rørdal (1743-1788)

g. II 11.08.1805 m. Guri Olsdtr (Trovåg) dp. 21.01.1782, d. 17.5.1816 - ei dtr. Guri f. 1806 og ein son Arne f. 1808 (d. 1891)

- foreldre til Guri; Ole Simonsson (Steinsund) (ca. 1750-1822) og Lisbeth Pedersdtr Klubben (Nautøy) (1745-1823)

g. III 8.11. 1816 m. Brithe Nilsdtr (Kvernøy (Store)) dp. 22.07.1796, d. 1.12.1882 - 3 dtr og 2 søner.

- foreldre til Brithe; Nils Hansson Utvær (1753-1813) og Anna Gregoriusdtr Kvernøy (Litle) (1754-1839)

I tillegg hadde han ei dtr Brithe dp. 26.3.1809 med Kristi Isaksdtr Kvalvik (men kven var foreldra hennar?)

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Ang. Anders Christopherson;

Eg har ikkje funne ut kor tid han døde.

Brithe Olsdtr. dp. 15.10.1790 Gulen (truleg Indrevær). Ho. d. 21.1.1840.

 

Ang. Cornelius Christopherson, døypt i Solund 30.11.1790, d. 1867

Når det gjeld kona Gunnhild Ellingsdotter så har ho vore diskutert før, her litt fra debatten den gong;

 

Ifølgje bygdeboki for Årdal, er det ikkje kjent kvar det vart av Gunnhild Ellingsdotter frå Lægreid, so ho er vel absolutt ein mogeleg ''kandidat'' til den du leiter etter!? Kanskje var det ein av sønene til Gunnhild og Cornelius som fann kjerringi si inni fjorden...?

(Lars E. Øyane)

 

Lars E. har nok rett: Kristoffer Korneliusson, eldste son til Kornelius og Gunilde, f. 1818 gifter seg i godt vaksen alder, 3. juli 1860, med Kristina Kristensdtr. Feigum f. i Luster. Så sambandet til Indre Sogn er der.

Gunhild Ellingsdtr. er ikkje konfirmert frå Husøy eller nokon annan gard i Solund. Det må bety at ho ikkje er frå Solund og at ho var konfirmert før ho kom dit. Då ho døyr i mars 1853 er alderen oppgjeven til å vera 59 1/4 år. Då stemmer det at ho er fødd i 1794 og me har endå eit indisium som peikar mot jenta på Lægreid.

(Alf Strand)

 

Gunnilde Ellingd. , Lærdal prestegjeld

Fødselsdato 2.1.1794 Ekte (e) - uekte (u) e

Far Elling Knuds.

Mor Ingebor Rasmusd.

Merknad Årdal.

 

Omkring 1750 kom det til Jense-haugen under Lægreid ein Lærdøl, Rasmus Torkelson Bergo, Lærdalsøyri (1728- ) han vart gifte 1753 med ei Gunnhild Hansd. Holen, BB nemner dotter av ein Hans Jørgenson Hola.

Desse folki fekk mins tre barn, Ingeborg og Mette, men dei hadde også eit barn som ikkje er nemnd med namn.

Dotteri Ingeborg vart so gifte med ein Elling Knutson i 1791?, han hadde før vore gift med ei Maritha Rolandsd. frå ein plass under Vikagarden.

Det ser ut til at Elling Knutson og Ingeborg vart neste plassbrukar på Jense-haugen etter foreldra henna. Dei fekk tre barn, Knut fødd 1792, Gunnhild fødd 1793 og Rasmus fødd 1797. Elles so hadde Elling 4 barn frå fyrste ekteskapet.

Kven var so den Elling fødde omtrent 1750? Laberg trur at han kjem frå Ofredal. BB seier ingenting.

På Skårheim i Borgund Lærdal finne me ein kandidat, Elling Knutson fødde 1749 son av Knut Olsson Skårheim og andre kona Agathe Olsd. som kom til Hillestad.

Farfar has Elling, Ola Knutson Skårheim hadde ei stund vore i Årdal på Moen 'Moa' gard før han enda på Hillestad i Borgund. Han vart gift med dotteri av Ola Svalheim eller Ola Erikson Tønjum (1649-1729) som også hadde Moen gard.

Halvsøstera til Gunnhild, Agathe vart neste brukar av Jense-haugen, ho vart gifte med Jens Kristofferson Røti Ve fødd i Lærdal (her av plassnamnet Jense-haugen) han var son av Kristoffer Håvardson Røti Ve og Mari Jensd. Svingel, Lærdal.

(Terje Hagen)

 

Tidligere har jeg etterlyst Urias Roarsen fra Lærdal til Solund og fant ut av det. Marite Rolandsdtr som var Ellings første kone kan muligens være søster til hans farmor Anna Rdtr Kvigne (som har en søster Marite).

Urias kom til Solund på samme tidspunkt som Gunilde (foreldreløs) og hans datter Gjertrud kom med tiden til å gifte seg med Gunildes sønn Peder.

(Mary-Ann Hersvik)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
1 time siden, Gisle Hersvik skrev:

Angåeande Anders Nilsson Gåsvær så har eg prøvd å nøste i han tidlegare og har notert dette;

 

FS/IGI:

ANDERS NIELSEN

Spouse: AHLIS JENSDR

Marriage: 10 JUN 1804 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

 

Kanskje frå Steine i Gulen? Antar dette inntil videre....grunnen til det er denne gode kandidaten:

 

FS/IGI:

ANDERS NILSEN

Christening: 03 SEP 1773 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

Father: NIELS STEENE

 

I bygdeboka står Anders kun som født i 1773

 

Far Nils Olsson Eide og mor Ragnhild Andersdatter f. 1744 - gift 16/7 1772

 

Foreldre til Ragnhild:

Lagr.mann Anders Olsson f. 1699- før 1756

gift 24/6 1735 med

Dorte Olsdatter Eide igjen gift 24/2 1756 med Johannes Olsson Hjartholm

 

 

Er dette rette folk, så gi ett ord så kan jeg supplere med søsken osv

 

IM

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik
On ‎2017‎-‎03‎-‎11 at 7:42 PM, Lars E. Øyane said:

f. Christina Eriksdotter, døypt i Solund 2.2.1800, d. som husmannskone på Nautøy i Solund 3.11.1837.  Ho gifte seg i Solund 23.6.1822 med Iver Henrikson frå ein plass under Nautøy, døypt i Solund 8.4.1798.  Han d. som strandsitjar på Nautøy 27.11.1873.  Som enkjemann gifte han seg 6.12.1838 att med Pernilla Andersdotter frå

                        ##### (opphavet hennar? – Nautøy – p: Anders Amundson)

                       Ho vart døypt i Solund 11.3.1814 og d.

                      ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 1914?)

                      Iver var fiskar og budde som husmann og sidan strandsitjar under Nautøy, kan henda i Kvalvik.  Han fekk i alt tolv born: av dei var åtte frå første ekteskapet med Christina

 

Ivar Henriksson hadde vel også ein son, Sjur Ivarsson f. 1822 (https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000012685704) med Gjertrud Korneliusdtr Kvalvik (dtr. til Cornelius jensson og Guri Jacobsdtr som er omhandla i manuskriptet ditt).

Lurer på om Ivar hadde 7 barn i første og 6 barn i andre ekteskapet, pluss Sjur.

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
5 hours ago, Gisle Hersvik said:

Angåeande Anders Nilsson Gåsvær så har eg prøvd å nøste i han tidlegare og har notert dette;

 

FS/IGI:

ANDERS NIELSEN

Spouse: AHLIS JENSDR

Marriage: 10 JUN 1804 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

 

Kanskje frå Steine i Gulen? Antar dette inntil videre....grunnen til det er denne gode kandidaten:

 

FS/IGI:

ANDERS NILSEN

Christening: 03 SEP 1773 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

Father: NIELS STEENE

 

Ein bror:

NIELS NILSEN

Christening: 21 SEP 1776 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

Father: NIELS STEENE

 

Dessutan fann eg denne kandidaten som kan vere far til Anders, noko som iallefall ikkje vert avkrefta i fra SAB (sjå lengre ned):

 

Skifteregister Ytre Sogn 1698-1853

Førenamn Etternamn Gard Tinglag Side Protokoll År

Nils Olsen Steine Gulen 830 9b 1776-1782

 

Skiftet er datert 13. nov. 1776 og nevner enken Ragnild Olsdatter og sønnene Anders Nilsen, 3 år, og Nils Nilsen, 7 uker.

(Yngve Nedrebø, SAB / DA)

 

--- Eg lurer på om ikkje Ragnhild skal heite Andersdtr. - finn ikkje noko gifte på FS mellom Ragnhild Olsdtr. og Nils Olsen! Sjå også info frå skifte under.

 

 

Skifteregister Ytre Sogn 1698-1853

Førenamn Etternamn Gard Tinglag Side Protokoll År

Anders Nilsen Steine Gulen 859 9b 1776-1782

 

Skiftet etter Anders Nilsen Steine er datert 3. desember 1777, og nevner moren Ragnild Andersdatter, gift med Joen Olsen Steene, og broren Niels Nielsen, 1 år gammel.

(Yngve Nedrebø, SAB / DA)

 

Hjarteleg takk til Gisle og Ivar for nye spennande innlegg!  Eg treng littv tid til å studera desse innleggi detalj, men reagerte straks på denne saki:

 

I siste avsnittet seier du, Gisle, med referanse til Statsarkivet, at det i 1777 vart halde skifte etter den vesle guten Anders Nilsson på Steine.  Ervingane var mori og vetlebroren Nils.  Men då kan jo ikkje denne Anders vera mannen som gifte seg i 1804 med Ahlis Jensdotter!?

 

Kanskje ogso Anders Nilsson kom innante fjorden?

 

Eg kjem attende til dei andre opplysningane, men takkar på ny for framifrå bidrag til å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
16 timer siden, Gisle Hersvik skrev:

Kristie Monsdtr (eg har skreve at ho vart f 1779 Nautøy), døde i 20.4.1832 (omkom på sjøen): https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002038398

 

 

Ser at Gisle har funnet dødsfallet til Kristi.

 

Foreldre til Kirsti

Mons Iversen Nøtøen og Anna Andersdatter - https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391002668

 

Mons avdød - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000771709

 

Hans barn:

Janniche - https://media.digitalarkivet.no/view/11445/27

Christine  - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009675502

Berndt - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009683203     - https://media.digitalarkivet.no/view/11445/31

Eskild  - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007116944     -https://media.digitalarkivet.no/view/11446/86

 

 

Har bare skummet gjennom ovenstående innlegg, så om dette er "old news" så beklager jeg.

 

IM

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik
Quote

Hjarteleg takk til Gisle og Ivar for nye spennande innlegg!  Eg treng littv tid til å studera desse innleggi detalj, men reagerte straks på denne saki:

 

I siste avsnittet seier du, Gisle, med referanse til Statsarkivet, at det i 1777 vart halde skifte etter den vesle guten Anders Nilsson på Steine.  Ervingane var mori og vetlebroren Nils.  Men då kan jo ikkje denne Anders vera mannen som gifte seg i 1804 med Ahlis Jensdotter!?

 

Kanskje ogso Anders Nilsson kom innante fjorden?

 

Skulle nok ha skrive konklusjonen også :-) Anders Nilsson fra Steine i Gulen kan ikkje vere den som er skreven for Gåsvær.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
På ‎11‎.‎03‎.‎2017 den 19.42, Lars E. Øyane skrev:

d. Ahlidt Jensdotter, døypt i Solund 11.9.1779, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

     Ahlidt gifte seg i Solund 10.6.1804 med Anders Nilsson frå

 

Ene sønnen til Ahlis og Anders gifter seg i 1811 med Marie Olsdatter fra Indrekrogen i Lysters Kald

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002529383

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Lars Øyane har hatt ein debatt om desse tidlegare.

- Ole Andersson og Marie Olsdtr hadde to barn; Nils og Anne. Nils gifte seg 1876 med Ingeborg Larsdtr., men trur ikkje dei fekk barn. Eller? Anne sin lagnad er vel ikkje heilt kartlagd. 

 

Lars tolka det dithen at Anne var i livet då mora dø i 1898;

Quote

Hjarteleg takk til Yngve for nyttige og avklarande opplysningar! Eg tolkar dødsmeldingi etter Mari [mor til Anne Olsdtr. Husøy] frå 1898 slik at båe borni hennar var ilive og tilstades. Dette tyder at Anna Olsdotter òg var tilstades på den tidi. Då er det underleg at ho ikkje er å sjå i F1900 eller F1910...
(Lars E. Øyane)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Rakel Andersdtr. (1820-1905), dtr til Anders Christophersson og Brithe Olsdtr gifte seg i 1843 med David Ivarsson Tveranger (1817-1863). David sine foreldre kom frå Lærdal; Ivar Johannesson og Marthe Olsdtr (truleg ho vi finn under Moe, Tønjum sogn ved FT1801). Ivar Johannesson finn vi under Vaulen (i noverande Solund) ved FT1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Tilbake til Kornelius Jensson i innlegg 6. I fyrstre ekteskapet med Guri Jakobsdtr. Rørdal hadde han ei dotter Gjertrud, f. 1801, g. 31/8 1828 med Hans Olson Vikingevåg frå Gulen. Budde som fiskarar på Nautøy. Ingen av dei såkalla husmennene på Nautøy, Indrevær eller Utvær hadde nokon "plass". Dei var fiskarar og hadde ei fiskarstove. Sjølv dei som sat på matrikulert jord på desse øyane, altså vart kalla gardbrukarar, hadde berre eit fåtal kyr og nokre fåe smalebeist. Ingen hadde åker.

I andre ekteskap med Guri Olsdtr. Trovåg hadde Kornelius 4 born:

Guri, f. 1806 døydde same året.

Arne f. 1808, g. 24/6 1838 m. Pernille Monsdtr. Nautøy og budde der.

Kristen f. 1812, døydde same året.

Det same gjorde Kristina, f. 1813.

Innimellom her hadde Kornelius dottera Brita fødd utanfor ekteskap i 1809. Ho gifte seg 25/6 1837 m. Anders Hansson Pollen. Dei vart plassfolk i Steinsund. Mor til Brita var Kristi Isaksdr. Me veit ikkje kvar ho var frå.

Guri Olsdtr. døydde i 1816 og alt 8. november same året gifte Kornelius seg att med Brita Nilsdtr. Litle Kvernøy. Dei fekk 5 born:

Guri f. 1817, g. 1/7 1843 m. Lars Jetmundson Indrevær og busette seg der.

Nils f. 28/1 1819

Anne f. 1./4 1821, d. ugift 1898

Johanne f.8/4 1826, g. 27/5 1848 m. Søren Oveson Nordre Hjønnevåg. Busette seg der.

Karsten f. 6/4 1828, d. 12/1 1829

 

Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar, Gisle og Alf for mange nye interessante innlegg om denne huslyden!

 

Eg har i dag sete fleire timar for å «sortera» dei opplysningane som er innkomne, og har òg gjort eit par spennande oppdagingar!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar frå Gisle er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #28!

 

Og sidan siste kona til Cornelius Jensson gjekk bort og gifte seg med ein annan utflyttar frå Luster, Peder Olson frå Teigen under Kroken indre, har eg òg teke med eit oppdatert manuskript for huslyden hans, som eg oppfattar som «komplett»:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Olson (Krogen), døypt i Luster 21.2.1809,

Peder Olson flytte i ung alder til Solund der han 22.6.1834 gifte seg med enkja Britha Nilsdotter, opphavleg frå Kvernøy lille i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Hansson på Kvernøy lille, opphavleg frå Utvær, og kona Anna Gregoriusdotter frå Kvernøy lille og vart døypt i Gulen 22.7.1796.  Ho gifte seg første gongen i Solund 8.11.1816 med enkjemannen Cornelius Jensson, opphavleg frå Utvær i Solund, ein steson av husmannssonen Claus Andersson frå Tallehagen under Talle i Luster (1758-1810).  Cornelius vart døypt i Solund 20.11.1772 og gifte seg første gongen i Solund 2.11.1800 med Guri Jacobsdotter frå Rørdal, døypt i Solund 4.2.1780.  Men ho d. på Kvalvik i Solund kring 1804.  So gifte Cornelius seg 11.8.1805 att i Solund med Guri Olsdotter frå Trovåg, døypt i Solund 21.1.1782.  Ho d. som gardbrukarkone på Kvalvik 17.5.1816.  Cornelius var gardbrukar på Kvalvik, Nautøy i Solund der han d. 6.6.1833.  Peder tok over som gardbrukar på Kvalvik, Nautøy då han i 1834 gifte seg med enkja, og der vart dei buande levetidi ut.  Peder d. som kårmann på Nautøy 23.3.1875, medan Britha d. som kårenkje same staden 1.12.1882.  Britha Nilsdotter fekk fem born i første ekteskapet med Cornelius Jensson, som òg hadde to born frå første ekteskapet sitt og fire born frå det andre, medan Britha med Peder Olson fekk denne eine sonen:

a. Ole Pederson, f. i Solund 10.2.1835, d. på Nautøy 25.5.1915.  Han gifte seg i Gulen 16.7.1868 med Martha Malene Johannesdotter frå Grimen i Gulen.  Ho var f. i Gulen 30.9.1848 og d. som enkje på Nautøy 25.11.1927.  Ole og Martha tok over som gardbrukarar på Kvalvik, Nautøy i Solund etter foreldri hans, men Ole var dessutan fiskar og los.  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det som eg oppfattar som «hovudutfordringar» i denne huslyden på noverande tidspunkt, er følgjande:

 

** Identifisering av Ingeborg Hansdotter og bustaden til Anders Clausson i Tønjum sokn i Lærdal?

 

** Identifisering av Anders Nilsson som ved vigsli i 1804 kalla seg Gåsvær?

 

** Identifisering av Johannes Clausson som ved vigsli i 1803 kalla seg Øyjorden?  (Eg ser det er fleire J. C. om lag på same alder i Gulen prestegjeld i 1801!!)

 

** Endeleg identifisering av Erik Christenson på Indrevær?

 

** Elles manglar me fleire dødsfall frå Solund...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne utfordrande huslyden frå Talle i Luster og vonar sjølvsagt på fleire «gullkanta» opplysningar...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.