Jump to content
Arkivverket

Anders Clausson (1730-1772) - frå Lærdal til Luster og attende til Lærdal - søner Claus og Christopher vidare til Solund - supplerande opplysningar om denne ætti?


Recommended Posts

Gisle Hersvik

e. Anna Jensdotter, døypt i Solund 23.6.1781.

Eg meiner at mannen hennar var frå Stølen, og son til Klaus Fransson Stølen (1732-1774) og Anne Jakobsdtr. (Avløyp) (1734-1770). Johannes hadde vore gift ein gong før;

Vigde i Gulen 1779-1815

Trulova stad Trulova/meldt dato Vigd stad Vigd Brudgom stand Brudgom førenamn Brg. farsnavn Brudgom gard Brud stand Brud førenamn Brud farsnamn Brud gard År

Evindvig Kirke den 17de November Evindvig Kirke den 28de December Johannes Claussøn Støelen Johanna Botolfsdr Kalgraf 1790

Husøens Capell Menighed 26de Martii Evindvig Kirke Dom: Exaudi 22de Maji Enke-Mand Johannes Claussøn Ødejord Pige Anna Jensdatter Utvær 1803

- Første kona døde i 1800 og vart gravlagt 14.9.1800. Har funne ut at dei hadde (mist) 4 barn inkl. ei dødfødd dotter.

- Anne Jensdtr sin dødsdato har eg ikkje funne. Har funne 10 born for ho og Johannes.

Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik

Erik Christenson frå ##### (opphavet hans? – Kvamme i Vik?).

 

Eg trur at faren hans må vere;

KRESTEN GUTTORMSEN

Christening: 06 APR 1738 Sogndal, Sogn Og Fjordane

Father: GUTTORM HEMMINGSON & Mother: GURIE JACOBSDR

- Han døde i 1810; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000771423

 

Eg trur at mora hans må vere;

- Ho som døde i 1825; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001044045 (fød i Sogn)

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nye avklarande innlegg!

 

Berre ei liti sak:  Du meiner at Johannes Clausson og andre kona Anna Jensdotter fekk ti born i lag, men eg finn berre ni!  Har du ei liste med fødselsår?

 

No fann eg òg dødsdatoen til Cornelius Indrevær, og eg har oppgradert manuskriptet slik, til erstatning for manuskriptet i innlegg #25:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Clausson Talle, ein soneson av gardbrukarsonen Christopher Knutson frå Lingjerde (1668-1743), vart døypt i Lærdal 26.2.1730, men kom i ung alder til Luster og vart konfirmert her i 1755.  Han gifte seg første gongen 3.11.­1757 med Kari Johannesdotter frå Yttrishaugen under Yttri.  Ho var f. kring 1719, men vart gravlagd frå Talle 8.12.1760.  Anders gifte seg so att i Hafslo 28.11.1764 med Ingeborg Hansdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     Anders og første kona Kari fekk kring 1758 hand om ein plass under Talle, truleg plassen her i Tallehagen 1, og Anders ser ut til å ha butt her til kring 1763, men alt i 1762 vart han kalla for «fattig legdelem og enkjemann med to små umyndige born».

Kring 1765 ser Anders og andre kona ut til å vera farne frå Luster, og dei busette seg

 

##### (kva bustad hadde dei i Lærdal? – i Tønjum sokn!!)

 

der Anders Clausson d. 18.9.1772. 

 

##### (lagnad til Ingeborg Hansdotter?)

 

Me kjenner ikkje til born etter Anders Clausson og andre kona Ingeborg.

Men Anders og første kona Kari fekk to søner i lag:

 1. Claus Andersson, døypt 7.5.1758,

Claus Andersson flytte med far sin kring 1765 til Lærdal og sidan vidare til Solund der han 3.8.1793 gifte seg med enkja Britha Rasmusdotter, opphavleg frå Utvær i Solund.  Ho var dotter av gardbrukar Rasmus Nilsson på Utvær og andre kona Kari Johannesdotter frå Tungodden og vart døypt i Solund 9.4.1747.  Ho gifte seg første gongen i Solund 29.9.1771 med Jens Monsson frå Rørdal.  Han var son av gardbrukar Mons Thomasson på Rørdal, opphavleg frå Nautøy, og kona Anna Jacobsdotter frå Rørdal og vart døypt i Solund 18.4.1746.  Jens og Britha var gardbrukarar på Utvær i Solund der Jens vart gravlagd 25.6.1785.  Claus var fiskar, og han og Britha budde ei tid som plassfolk på Kirkøya under Husøy i Solund, men flytte kring 1805 til Indrevær.  Claus vart gravlagd frå Indrevær 8.4.1810, medan Britha d. som kårenkje på Nautøy 30.3.1822.  Ho fekk i alt seks born, men dei  var alle frå første ekteskapet hennar:

a. Mons Jensson, døypt i Solund 15.10.1771, d. kort etter fødsli.

b. Cornelius Jensson (1772-1833), gifte seg første gongen med Guri Jacobsdotter frå Rørdal i Solund (1780-1804), andre gongen med Guri Olsdotter frå Trovåg i Solund (1782-1816) og tredje gongen med Britha Nilsdotter frå Kvernøy lille i Gulen (1796-1882).  Denne siste kona vart som enkje attgift med husmannssonen Peder Olson frå Teigen under Kroken i Luster (1809-1875) (for heile huslyden, sjå under Kroken i Luster).

c. Mons Jensson, døypt i Solund 3.10.1774, d. som enkjemann og legdelem på Rånøy i Solund 16.3.1846.  Mons gifte seg i Solund 24.3.1805 med Kirsti Monsdotter frå Nautøy i Solund, døypt i Solund 28.1.1779.  Ho var husmannskone på Utvær då ho 20.4.1832 miste livet på sjøen.  M0ns var fiskar, og han og Kirsti budde som husmannsfolk på ein plass under Utvær i Solund.  Dei fekk to døtrer i lag.

d. Ahlis Jensdotter, døypt i Solund 11.9.1779, d. som paktarkone på Husøy 15.6.1845.  Ahlis gifte seg i Solund 10.6.1804 med Anders Nilsson frå

 

     ##### (opphavet hans? – budde på Gåsvær 1804!?)

 

     ##### (dato og stad for dåpen hans? – 1772?)

 

     Anders d. som husmann og enkjemann på Husøy 24.8.1846.  Anders var fiskar, og han og Ahlis budde som husmannsfolk på ein plass under Husøy i Solund.  Dei fekk fem born i lag, mellom anna denne sonen:

- Ole Andersson (1811-1895), vart gift med husmannsdotteri Mari Olsdotter frå Veberg under Kroken i Hafslo (1807-1898) (s.d.).

e. Anna Jensdotter, døypt i Solund 23.6.1781, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1822!)

 

     Anna gifte seg Solund 22.5.1803 med enkjemannen Johannes Clausson, opphavleg frå Stølen i Solund, døypt i Solund 17.8.1766.  Han d. som husmann og legdelem på Rånøy 11.10.1835.  Johannes gifte seg første gongen i Solund 28.12.1790 med Johanna Bottolfsdotter frå Kolgrov i Solund, døypt i Solund 5.2.1762.  Ho vart gravlagd frå Øyjorden i Solund 14.9.1800.  Johannes var fiskar, og han og Anna budde som husmannsfolk på ein plass under Rånøy i Solund.  Johannes fekk i alt tolv born; av dei var ni frå andre ekteskapet med Anna.

 

     ##### (eller hadde Johannes og Anna ti born?)

 

f. Rachel Jensdotter, døypt i Solund 15.5.1783, vart gravlagd frå Utvær 29.3.1784.

 2. Christopher Andersson, f. hausten 1760,

Christopher Andersson flytte òg kring 1765 med far sin til Lærdal, men fór sidan vidare til Solund der han 2.7.1786 gifte seg med Nilla Pedersdotter frå Indrevær.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Peder Johnson på Indrevær og kona Anna Rasmusdotter frå Sognnes og vart døypt i Solund 28.8.1762.  Christopher var fiskar, og han og Nilla budde som plassfolk under Indrevær, men Christopher kom bort på sjøen 5.6.1796.  Nilla gifte seg 25.6.1799 att i Solund med Erik Christenson frå Undalsvik i Gulen.  Han var son av strandsitjar Christen Guttormson på ein plass under Undalsvik, opphavleg frå Sogndalsfjøra i Sogndal, og kona Anna Eriksdotter, truleg frå Tennefoss ytre i Kvamsøy, og f. på Kvamme i Kvamsøy 28.1.1771.  Erik var òg fiskar, og han og Nilla vart buande som plassfolk under Indrevær.  Nilla vart gravlagd frå Indrevær 1.6.1803, og Erik gifte seg 18.3.1804 att i Solund med Søgni Hansdotter frå Nævedal i Gulen.  Dei vart buande som plassfolk under Indrevær der Erik d. 12.9.1834.  Nilla fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

a. Anders Christopherson, døypt i Solund 15.9.1786, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Han gifte seg i Solund 23.5.1816 med Britha Olsdotter frå Indrevær, døypt i Solund 15.10.1790.  Ho d. som husmannskone på Indrevær 21.1.1840.  Anders var fiskar, og han og Britha budde som husmannsfolk på ein plass under Indrevær i Solund.  Dei fekk fem born i lag.

b. Peder Christopherson, døypt i Solund 17.9.1788, vart gravlagd frå Indrevær 3.3.1790

c. Claus Christopherson, døypt i Solund 2.11.1789, vart gravlagd frå Indrevær 9.11.1789

d. Cornelius Christopherson, døypt i Solund 30.11.1790, d. som gardbrukar og enkjemann på Indrevær 22.7.1869.  Cornelius gifte seg i Gulen 11.4.1816 med Gunnhild Ellingsdotter frå Haugen under Lægreid i Årdal, f. i Årdal 2.1.1794.  Ho d. som gardbrukarkone på Indrevær 26.3.1853.  Cornelius var fiskar, og han og Gunnhild budde som gardbrukarar på Indrevær i Solund.  Dei fekk sju born i lag, mellom anna denne sonen:

- Christopher Corneliusson (1818-1875), vart gift med husmannsdotteri Christina Christensdotter frå Tråi under Feigum i Luster (1834-1920) (s.d.).

e. Anna Kirstine Christophersdotter, døypt i Solund 6.4.1793, vart gravlagd frå Indrevær 11.5.1809.

f. Christina Eriksdotter, døypt i Solund 2.2.1800, d. som husmannskone på Nautøy i Solund 3.11.1837.  Ho gifte seg i Solund 23.6.1822 med Iver Henrikson frå ein plass under Nautøy, døypt i Solund 8.4.1798.  Han d. som strandsitjar på Nautøy 27.11.1873.  Som enkjemann gifte han seg 6.12.1838 att med Pernilla Andersdotter frå Nautøy, døypt i Solund 11.3.1814.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 1914?)

 

     Iver var fiskar og budde som husmann og sidan strandsitjar under Nautøy, kan henda i Kvalvik.  Han fekk i dei to ekteskapi sine i alt tretten born; av dei var sju frå første ekteskapet med Christina.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elles er det då berre desse «hovudutfordringane» som no står att innanfor denne huslyden:

 

** Identifisering av Ingeborg Hansdotter og bustaden til Anders Clausson i Tønjum sokn i Lærdal?

 

** Identifisering av Anders Nilsson som ved vigsli i 1804 kalla seg Gåsvær?

 

 

** Elles manglar me fleire dødsfall frå Solund...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å skaffa oversyn over denne huslyden og vonar framleis på eitt og anna «gullkorn»...

Link to post
Share on other sites

Johannes Klausson er utan tvil han som er fødd på Stølen i 1766. Han gifte seg fyrst 20/12 1790 m. Johanna Botolfsdtr. Kalgraf, f. 1761. Ho døydde 1800, så Johannes tente saman med den 8 år gamle dottera Brita på Kalgraf i 1801. Han gifte seg att 22/5 1803 med Anna Jensdtr. Utvær som er nemnd før. Dei fekk 10 born, to av dei døydde små.

 

Alf

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf for dei siste spennande innleggi!

 

Når det gjeld Anders Nilsson og opphavet hans, so er eg neiggu ikkje so trygg på det.  Han som i 1801 tente på Olderkalv, var 38 år, so han var vel eigentleg 10 år for gamal?  Men me har vel ingen kjelder som oppgjev alder på Anders anna enn dødsfallet hans på Husøy i 1846, 74 år:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11452/269

 

Eller finst det ei teljing frå 1815 som oppgjev aldrar?  Uansett, 1772 kan vera svært unøyaktig som fødselsår...!

 

Elles finn ikkje eg meir enn NI born etter Johannes Clausson, medan han hadde tre frå første ekteskapet.  Dei eg har med Anna som mor, er følgjande:

 

* Claus 1803

* Jens 1804

* Oline 1806

* Britha 1807

* Anna 1811

* Francesca 1814

* Borni 1815

* Clara 1818

* Oline 1822

 

Kven er det då eg manglar?

 

Eg har forresten hatt kontakt med bygdebokskrivaren i Lærdal, men han er ikkje i stand til å hjelpa oss med soga til Anders Clausson i Tønjum sokn, so der har me nok ei stor «utfordring»...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden so langt!

Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
19 hours ago, Lars E. Øyane said:

Elles finn ikkje eg meir enn NI born etter Johannes Clausson, medan han hadde tre frå første ekteskapet.  Dei eg har med Anna som mor, er følgjande:

 

* Claus 1803

* Jens 1804

* Oline 1806

* Britha 1807

* Anna 1811

* Francesca 1814

* Borni 1815

* Clara 1818

* Oline 1822

 

Kven er det då eg manglar?

 

Beklager sein tilbakemelding Lars, men har vore litt for opptatt den siste tida.

 

Eg har notert at Britha hadde ei tvillingsøster Johanne; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006757119.

 

I tillegg til dei namnde 3 barna frå første ekteskapet, hadde han vel (minst) ei dødfødd dotter (1796).

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget!

 

Då er eg overtydd og har retta opp manuskriptet mitt tilsvarande, men let versjonen frå innlegg #28 stå her i Brukarforum (det er for seint å gjera endringar i dette no...)!

 

I tillegg til opphavet til Anders Nilsson manglar me no berre tre dødsfall frå Solund:

 

** Anna Jensdotter (Rånøy), f. 1781, d. etter 1822

 

** Anders Christopherson (Indrevær), f. 1786, d. ?

 

** Pernilla Andersdotter (Nautøy), f. 1814, d. 1914??

 

Kvar kan desse gøyma seg, tru?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
On ‎2017‎-‎03‎-‎20 at 7:46 PM, Alf Strand said:

Johannes Klausson er utan tvil han som er fødd på Stølen i 1766. Han gifte seg fyrst 20/12 1790 m. Johanna Botolfsdtr. Kalgraf, f. 1761. Ho døydde 1800, så Johannes tente saman med den 8 år gamle dottera Brita på Kalgraf i 1801. Han gifte seg att 22/5 1803 med Anna Jensdtr. Utvær som er nemnd før. Dei fekk 10 born, to av dei døydde små.

 

Alf

 

Ang. Johanne Botolfsdtr. sin far, kan han ha vore frå Leikanger?

 

Døde i Gulen 1779-1815

Kyrkje Gravlagd Jordfesta Stand Førenamn Farsnamn Gard Alder Kjønn År

-- den 17de Sept: -- Mand Botolf Larssøn Kalgraf 60 a: 70 aar m 1797

 

(han skal ifølge dødsalder vere f. 1727-1737)

 

Familysearch:

BUTOLF LARSEN

Christening: 03 JUN 1727 Leikanger, Sogn Og Fjordane

Father: LASSE

Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
On ‎2017‎-‎03‎-‎25 at 3:39 PM, Lars E. Øyane said:

** Anna Jensdotter (Rånøy), f. 1781, d. etter 1822

 

** Anders Christopherson (Indrevær), f. 1786, d. ?

 

** Pernilla Andersdotter (Nautøy), f. 1814, d. 1914??

 

Eg har dessverre ikke funne desse dødsdatoane, men Pernilla sin skal vel finnes under Husøy sokn og som ikkje er lagt ut på DA.

Link to post
Share on other sites
  • 4 weeks later...
Lars E. Øyane

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Gisle for dei siste to innleggi frå mars!

 

Eg har òg spekulert på om Bottolf Larsson på Kalgraf kunne vera frå indre Sogn, men har so langt ikkje finne noko prov på det!  Du nemner Bottolf Lasseson, som var fødd på Lunde i Fjærland i 1727, og det KAN sjølvsagt vera han som er hamna i Solund, men bygdeboki nemner ingen Lasse på Lunde på den tidi, so førebels står eg fast der...  Bottolf-namnet har vore nytta ein del inni fjorden, so kanskje dukkar han opp, før eller sidan...

 

Når det gjeld dei manglande dødsfalli i ætti etter Anders Clausson, ser eg på dei to første som bortimot «umogelege utfordringar», men derimot burde Pernilla lata seg gjera å finna.  Men kan dødsåret frå bygdeboki vera rett?  Eg har ikkje finne Pernilla nemnd korkje i FT1900 eller FT1910, eller har eg oversett ho?  Eller var ho flytt frå Solund før 1900??

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand for å kartleggja denne ufordrande huslyden med tilknytting til Luster!

Link to post
Share on other sites
  • 3 years later...
Gisle Hersvik
On 3/17/2017 at 10:41 AM, Lars E. Øyane said:

f. Christina Eriksdotter, døypt i Solund 2.2.1800, d. som husmannskone på Nautøy i Solund 3.11.1837.  Ho gifte seg i Solund 23.6.1822 med Iver Henrikson frå ein plass under Nautøy, døypt i Solund 8.4.1798.  Han d. som strandsitjar på Nautøy 27.11.1873.  Som enkjemann gifte han seg 6.12.1838 att med Pernilla Andersdotter frå Nautøy, døypt i Solund 11.3.1814.  Ho d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 1914?)

 

 

 

     Iver var fiskar og budde som husmann og sidan strandsitjar under Nautøy, kan henda i Kvalvik.  Han fekk i dei to ekteskapi sine i alt tretten born; av dei var sju frå første ekteskapet med Christina.

 

Du har vel funne at av dette, Lars?

 

Pernille Andersdtr. Nautø (strandsitter, enke) dø ikkje i 1914, men den 19.11.1882: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000158160

 

SAB, Solund sokneprestembete, Ministerialbok nr. C 1, 1881-1896, s. 45
Arkivreferanse    SAB/A-81401
Permanent bilde-ID: kb20070116310626
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070116310626
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310626.jpg
 

Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
On 3/17/2017 at 10:41 AM, Lars E. Øyane said:

a. Anders Christopherson, døypt i Solund 15.9.1786, d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Kan det vere han som dø under Råke i 1861?

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002638586

 

SAB, Gulen sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 22, 1859-1869, s. 198
Arkivreferanse     SAB/A-80201
Permanent bilde-ID: kb20070305630012
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305630012
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305630012.jpg

 

SAB, Lensmannen i Solund, 0006/L0002: Dødsfallprotokoll, 1849-1923, s. 18
Arkivreferanse    SAB/A-30001/0006/L0002
Permanent bilde-ID: sk10611901304020
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901304020
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611901304020.jpg

Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
On 3/17/2017 at 10:41 AM, Lars E. Øyane said:

e. Anna Jensdotter, døypt i Solund 23.6.1781, d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1822!)

 

Og Anna må vere ho som dø under Stokkevåg i 1858 (ho hadde fleire born som budde der...):

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000005572064

 

SAB, Gulen sokneprestembete, Klokkerbok nr. B 1, 1854-1866, s. 317
Arkivreferanse     SAB/A-80201
Permanent bilde-ID: kb20070305360352
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360352
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305360352.jpg

Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
On 3/17/2017 at 10:41 AM, Lars E. Øyane said:

d. Ahlis Jensdotter, døypt i Solund 11.9.1779, d. som paktarkone på Husøy 15.6.1845.  Ahlis gifte seg i Solund 10.6.1804 med Anders Nilsson frå

 

 

 

     ##### (opphavet hans? – budde på Gåsvær 1804!?)

 

 

 

     ##### (dato og stad for dåpen hans? – 1772?)

 

Denne Anders Nilsson (Gåsvær) har ikkje vore lett å spore opp, men kanskje det er komen nye kjelder til som kan gi svaret? Her er nokre tidliagre forsøk:

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #41:

 

Hjarteleg takk til Gisle for imponerande innlegg!

 

Nei, eg har ikkje leitt noko meir etter desse dødsfalli som du nemner i dei siste innleggi, men eg er overtydd om at dei alle høver med «våre» folk.

 

Med omsyn til Anders Nilsson, vil eg ta ein ny kikk på linkane som du nemner...

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for dei tre dødsfalli:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Clausson Talle, ein soneson av gardbrukarsonen Christopher Knutson frå Lingjerde (1668-1743), vart døypt i Lærdal 26.2.1730, men kom i ung alder til Luster og vart konfirmert her i 1755.  Han gifte seg første gongen 3.11.­1757 med Kari Johannesdotter frå Yttrishaugen under Yttri.  Ho var f. kring 1719, men vart gravlagd frå Talle 8.12.1760.  Anders gifte seg so att i Hafslo 28.11.1764 med Ingeborg Hansdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     Anders og første kona Kari fekk kring 1758 hand om ein plass under Talle, truleg plassen her i Tallehagen 1, og Anders ser ut til å ha butt her til kring 1763, men alt i 1762 vart han kalla for «fattig legdelem og enkjemann med to små umyndige born».

Kring 1765 ser Anders og andre kona ut til å vera farne frå Luster, og dei busette seg

 

##### (kva bustad hadde dei i Lærdal? – i Tønjum sokn!!)

 

der Anders Clausson d. 18.9.1772. 

 

##### (lagnad til Ingeborg Hansdotter?)

 

Me kjenner ikkje til born etter Anders Clausson og andre kona Ingeborg.

Men Anders og første kona Kari fekk to søner i lag:

 1. Claus Andersson, døypt 7.5.1758,

Claus Andersson flytte med far sin kring 1765 til Lærdal og sidan vidare til Solund der han 3.8.1793 gifte seg med enkja Britha Rasmusdotter, opphavleg frå Utvær i Solund.  Ho var dotter av gardbrukar Rasmus Nilsson på Utvær og andre kona Kari Johannesdotter frå Tungodden og vart døypt i Solund 9.4.1747.  Ho gifte seg første gongen i Solund 29.9.1771 med Jens Monsson frå Rørdal.  Han var son av gardbrukar Mons Thomasson på Rørdal, opphavleg frå Nautøy, og kona Anna Jacobsdotter frå Rørdal og vart døypt i Solund 18.4.1746.  Jens og Britha var gardbrukarar på Utvær i Solund der Jens vart gravlagd 25.6.1785.  Claus var fiskar, og han og Britha budde ei tid som plassfolk på Kirkøya under Husøy i Solund, men flytte kring 1805 til Indrevær.  Claus vart gravlagd frå Indrevær 8.4.1810, medan Britha d. som kårenkje på Nautøy 30.3.1822.  Ho fekk i alt seks born, men dei  var alle frå første ekteskapet hennar:

a. Mons Jensson, døypt i Solund 15.10.1771, d. kort etter fødsli.

b. Cornelius Jensson (1772-1833), gifte seg første gongen med Guri Jacobsdotter frå Rørdal i Solund (1780-1804), andre gongen med Guri Olsdotter frå Trovåg i Solund (1782-1816) og tredje gongen med Britha Nilsdotter frå Kvernøy lille i Gulen (1796-1882).  Denne siste kona vart som enkje attgift med husmannssonen Peder Olson frå Teigen under Kroken i Luster (1809-1875) (for heile huslyden, sjå under Kroken i Luster).

c. Mons Jensson, døypt i Solund 3.10.1774, d. som enkjemann og legdelem på Rånøy i Solund 16.3.1846.  Mons gifte seg i Solund 24.3.1805 med Kirsti Monsdotter frå Nautøy i Solund, døypt i Solund 28.1.1779.  Ho var husmannskone på Utvær då ho 20.4.1832 miste livet på sjøen.  M0ns var fiskar, og han og Kirsti budde som husmannsfolk på ein plass under Utvær i Solund.  Dei fekk to døtrer i lag.

d. Ahlis Jensdotter, døypt i Solund 11.9.1779, d. som paktarkone på Husøy 15.6.1845.  Ahlis gifte seg i Solund 10.6.1804 med Anders Nilsson frå

 

     ##### (opphavet hans? – budde på Gåsvær 1804!?)

 

     ##### (dato og stad for dåpen hans? – 1772?)

 

     Anders d. som husmann og enkjemann på Husøy 24.8.1846.  Anders var fiskar, og han og Ahlis budde som husmannsfolk på ein plass under Husøy i Solund.  Dei fekk fem born i lag, mellom anna denne sonen:

- Ole Andersson (1811-1895), vart gift med husmannsdotteri Mari Olsdotter frå Veberg under Kroken i Hafslo (1807-1898) (s.d.).

e. Anna Jensdotter, døypt i Solund 23.6.1781, d. som kårenkje på Stokkevåg i Solund 3.6.1858.  Anna gifte seg Solund 22.5.1803 med enkjemannen Johannes Clausson, opphavleg frå Stølen i Solund, døypt i Solund 17.8.1766.  Han d. som husmann og legdelem på Rånøy 11.10.1835.  Johannes gifte seg første gongen i Solund 28.12.1790 med Johanna Bottolfsdotter frå Kolgrov i Solund, døypt i Solund 5.2.1762.  Ho vart gravlagd frå Øyjorden i Solund 14.9.1800.  Johannes var fiskar, og han og Anna budde som husmannsfolk på ein plass under Rånøy i Solund.  Johannes fekk i alt tretten born; av dei var ti frå andre ekteskapet med Anna.

f. Rachel Jensdotter, døypt i Solund 15.5.1783, vart gravlagd frå Utvær 29.3.1784.

 2. Christopher Andersson, f. hausten 1760,

Christopher Andersson flytte òg kring 1765 med far sin til Lærdal, men fór sidan vidare til Solund der han 2.7.1786 gifte seg med Nilla Pedersdotter frå Indrevær.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Peder Johnson på Indrevær og kona Anna Rasmusdotter frå Sognnes og vart døypt i Solund 28.8.1762.  Christopher var fiskar, og han og Nilla budde som plassfolk under Indrevær, men Christopher kom bort på sjøen 5.6.1796.  Nilla gifte seg 25.6.1799 att i Solund med Erik Christenson frå Undalsvik i Gulen.  Han var son av strandsitjar Christen Guttormson på ein plass under Undalsvik, opphavleg frå Sogndalsfjøra i Sogndal, og kona Anna Eriksdotter, truleg frå Tennefoss ytre i Kvamsøy, og f. på Kvamme i Kvamsøy 28.1.1771.  Erik var òg fiskar, og han og Nilla vart buande som plassfolk under Indrevær.  Nilla vart gravlagd frå Indrevær 1.6.1803, og Erik gifte seg 18.3.1804 att i Solund med Søgni Hansdotter frå Nævedal i Gulen.  Dei vart buande som plassfolk under Indrevær der Erik d. 12.9.1834.  Nilla fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

a. Anders Christopherson, døypt i Solund 15.9.1786, d. som legdelem og enkjemann på Råke i Solund 8.10.1861.  Han gifte seg i Solund 23.5.1816 med Britha Olsdotter frå Indrevær, døypt i Solund 15.10.1790.  Ho d. som husmannskone på Indrevær 21.1.1840.  Anders var fiskar, og han og Britha budde som husmannsfolk på ein plass under Indrevær i Solund.  Dei fekk fem born i lag.

b. Peder Christopherson, døypt i Solund 17.9.1788, vart gravlagd frå Indrevær 3.3.1790

c. Claus Christopherson, døypt i Solund 2.11.1789, vart gravlagd frå Indrevær 9.11.1789

d. Cornelius Christopherson, døypt i Solund 30.11.1790, d. som gardbrukar og enkjemann på Indrevær 22.7.1869.  Cornelius gifte seg i Gulen 11.4.1816 med Gunnhild Ellingsdotter frå Haugen under Lægreid i Årdal, f. i Årdal 2.1.1794.  Ho d. som gardbrukarkone på Indrevær 26.3.1853.  Cornelius var fiskar, og han og Gunnhild budde som gardbrukarar på Indrevær i Solund.  Dei fekk sju born i lag, mellom anna denne sonen:

- Christopher Corneliusson (1818-1875), vart gift med husmannsdotteri Christina Christensdotter frå Tråi under Feigum i Luster (1834-1920) (s.d.).

e. Anna Kirstine Christophersdotter, døypt i Solund 6.4.1793, vart gravlagd frå Indrevær 11.5.1809.

f. Christina Eriksdotter, døypt i Solund 2.2.1800, d. som husmannskone på Nautøy i Solund 3.11.1837.  Ho gifte seg i Solund 23.6.1822 med Iver Henrikson frå ein plass under Nautøy, døypt i Solund 8.4.1798.  Han d. som strandsitjar på Nautøy 27.11.1873.  Som enkjemann gifte han seg 6.12.1838 att med Pernilla Andersdotter frå Nautøy, døypt i Solund 11.3.1814.  Ho d. som strandsitjarenkje på Nautøy 19.11.1882.  Iver var fiskar og budde som husmann og sidan strandsitjar under Nautøy, kan henda i Kvalvik.  Han fekk i dei to ekteskapi sine i alt tretten born; av dei var sju frå første ekteskapet med Christina.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.