Gå til innhold
Arkivverket

Martha Nilsdotter (1761) og Gjørond Aamundsdotter (1767) - halvsøstrer frå Luster - forsvinn frå bygdi i uing alder - kan henda til ytre Sogn eller til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det var eit stort sosialt problem på 1700-talet med husmannsdøtrer frå dei indre bygdene på Vestlandet på som fekk born utanfor ekteskap, og mange av desse borni berre «forsvinn» for oss.  Eg har finne att fleire som voks opp i fosterheimar ved kysten, i ytre Sogn eller i ytre Sunnfjord, og kanskje var det tilfelle ogso med dei halvsøstrene som eg vil skriva om i dette emnet.

 

Men, eg vil gjerne få leggja til at den yngste av dei, Gjørond Aamundsdotter, hadde far sin som flytte til Bergen, og eg ser ikkje bort ifrå at Gjørond kan ha følgt med dit?  Me finn nemlig ei spennande vigsle i Krosskyrkja i Bergen 9.1.1804:

 

Axel Eriksen, fiskar og enkjemann, med Jornie Amundsdotter, «pige»:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1663_1

 

og dei får visstnok berre eitt barn:

** Karen Agathe, f. 12.4., døypt 15.4.1804 Krosskyrkja i Bergen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8676/95

 

Her er fiskaren med første kona si i 1801:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390018878

 

MEN, her er vel dødsfallet til denne Jorni, som syner at ho var fødd kring 1774 i Jølster:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000194769

 

so då er kanskje tanken min eit blindskòt...?

 

Vel, eg gjev ikkje heilt opp voni...!  Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for denne vesle huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Ellefsdotter Tallehagen, frå Myrane under Hæri, var f. kring 1726 og vart gravlagd som legdelem i Dalesokni 1.5.1797.  Johanna flytte inn i Tallehagen kring 1765 og må ha butt her ytst i Hagen.  Kor lenge ho hadde plassen, veit me ikkje; siste åri var ho nemleg på legd, men kan henda budde ho likevel i Tallehagen levetidi ut.  Johanna i Hagen var ikkje gift, men fekk to døtrer:

 1. Martha Nilsdotter, dotter av Johanna og husmann Nils Halvorson på Vågen under Kroken i Hafslo (1738-1824), vart døypt 26.7.1761.

Martha Nilsdotter vart korkje konfirmert eller vigd i Luster, så truleg flytte ho i ung alder til ei anna bygd.

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 2. Gjørond Aamundsdotter, dotter av Johanna og husmann Aamund Torkildson på Hærishaugen under Hæri (1745-1801), vart døypt 22.11.1767.  Ho vart konfirmert i Luster i 1786 og budde då på Bergheim.­

Sist i 1780-åri må òg Gjørond Aamundsdotter vera fari frå bygdi,

 

##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg prøver meg på eit "skot i blinde" før kveldsmaten:

 

Jøron Aamunds Dr er dåpsvitne til Niels då han vært døypt 13 mars 1803 i Bøe kyrkje, Gulen Prestegjeld 1798-1808, s 238.

 

----------

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for eit spennande og utfordrande skòt i blinde!

 

Her er barnedåpen som du syner til, den øvste på sida;

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11448/102?indexing=

 

Nils var altso fødd på Atterås i Bø sokn i Askvoll (sidan ein del av Hyllestad), men visstnok døypt i Gulen 13.3.1803.  Foreldri var Ole Henrikson og Ingeborg Sølfestsdotter.  Ingeborg var dotter av Sølfest Endreson på Måren i Kyrkjebø og soleis ei (halv-)brordotter av den gamle kona på Atterås, Magdeli Torkildsdotter (1745-1803)!  Sølfest og Magdeli var barnefødde i Luster!!

 

Og so til det kanskje mest spennande:  Gjørond kom frå same nabolaget i Luster som Magdeli og Sølfest, og set ein seg ned for å studera desse ættene meir i detalj, er det godt mogeleg at dei er i slekt med kvarandre!  Kona på Atterås var barnlaus, og ho KAN ha henta Gjørond Aamundsdotter frå heimbygdi for å tena på Atterås.  Gjørond heitte då òg Atterås då ho var faddar i 1803!

 

Diverre ser me ikkje noko til Gjørond i FT1801, korkje på Atterås: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058400002464

 

eller andre stadar i fylket, men me veit at FT1801 har mange «hòl», so ho kan godt ha vore der utan at det er oppskrive...

 

Namnekombinasjonen er svært uvanleg og, eg vil seia, sjeldsynt, og det, saman med omstendi elles og folket med røter i Luster, får meg til å tru du verkeleg KAN ha gjort eit «gullkanta» funn, Jon!

 

MEN, er det mogeleg å følgja Gjørond vidare i andre kjelder?  Vart ho kan henda gift?  Fekk ho born?  Uansett, ein eller annan stad må ho jo òg vera gravlagde...?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden og vonar sjølvsagt på fleire «gullkorn»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takki til Sven for eit nytt innlegg om Gjørond Aamundsdotter!

 

I leitingi etter Gjørond «snubla» ogso eg over denne Gjørond på Henjum på Leikanger, men ser du litt nærare på huslyden hennar, so budde far hennar, Amund Lasseson, i lag med dei og likeins ein bror Lasse og ei brordotter Randi Johnsdotter, so dette kan diverre IKKJE vera den Gjørond Aamndsdotter me er på leiting etter....

 

Men alt lyt prøvast, og eg takkar igjen for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette emnet frå mars, som ingen so langt har greidd å løysa...  Eg har diverre ingen nye fakta å komma med, og det er ei kjensgjerning at «uektefødde» born av små kår som forsvinn på 1700-talet, er svært vanskelege å finna att...

 

Men det er framleis lov å vona, og eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til oppklaring av desse forsvinningane...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.