Gå til innhold
Arkivverket

Johanna Johannesdotter - fødd på Talle i Luster 1797 - var i 1815 tenestejente i Vigdalen i Luster - so forsvinn ho - kvar i all vertdi er ho vorti av? Bergen? ytre Sogn? Nordland?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johanna Johannesdotter vart døypt i Luster 18.6.1797.  Faren husmann Johannes Christenson på plassen Nedrengi under Talle døydde før dotteri var fødd, og soleis vart ho oppkalla etter far sin.  Men so døydde mori Anna Gjertsdotter alt i 1799, då Johanna var to år!

 

Tre eldre søsken voks opp hjå ulike skyldfolk i nabolaget og vart buande i Luster.  Johanna voks opp hjå ei bestemor på Talle, men var i 1815 tenestejente i Vigdalen i Luster.  So «forsvinn» ho frå bygdi, og me høyrer aldri meir gjete ho!!

 

Er det mogeleg å komma på sporet etter Johanna og finna lagnaden hennar?  Hamna ho kan henda i Bergen, eller i ytre Sogn, eller i Nordland?

 

Dene utfordringi vert ikkje so enkel å løysa, men eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå 2017, som sidan den tid har lege heilt «i dvale».

 

Eg vonar det let seg gjera komma på sporet etter denne jenta og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom du ikkje er så streng / slavisk på når ho et født, Lars, så KANSKJE vil du finna ho attende i Bergen.

 

3 august 1823 giftar ei Johanne Johannesdtr trulig f 1791 i Korskirken, Bergen, m/ Ole Asbjørnsen Lad / Lingjerde og dei døyper også ein son John f 14.7.1823. Dåpen ser du her:  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630562.jpg

 

Du må få ho Johanne mellom 1815 og 1823 til å flytta frå Luster til Gloppen for å få desse opplysningane til å stemma.

Lykkast du, eller andre her på Brukarforumet ikkje med dette, så er opplysningane som eg kjem med her bortimot verdilause.

 

Her ser du kva som er skreve om fam i eit innlegg i Slekt og Data:

http://www.norwayancestors.com/getperson.php?personID=I91358&tree=tree4

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En kandidat https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051100001368

 

Hun giftet seg 5. januar 1817 i Askvoll med Jacob Larsen 

 

Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Vilnes, Hyllestad, Øn i Askvoll, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Konfirmerte 1820, Viede 1817, Side 520-521
Permanent bilde-ID: kb20070319630588
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070319630588
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630588.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jacob Larsen Tviberg g 1817 m Johanne J. Herlandsnes (far: Johannes Bendikson Herlandsnes).

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Jon Sværen skrev:

Dersom du ikkje er så streng / slavisk på når ho et født, Lars, så KANSKJE vil du finna ho attende i Bergen.

 

3 august 1823 giftar ei Johanne Johannesdtr trulig f 1791 i Korskirken, Bergen, m/ Ole Asbjørnsen Lad / Lingjerde og dei døyper også ein son John f 14.7.1823. Dåpen ser du her:  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630562.jpg

 

Du må få ho Johanne mellom 1815 og 1823 til å flytta frå Luster til Gloppen for å få desse opplysningane til å stemma.

Lykkast du, eller andre her på Brukarforumet ikkje med dette, så er opplysningane som eg kjem med her bortimot verdilause.

 

Her ser du kva som er skreve om fam i eit innlegg i Slekt og Data:

http://www.norwayancestors.com/getperson.php?personID=I91358&tree=tree4

 

 

 

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon, Sven, Gisle og Ann-Mary for interessante og nyttige innlegg!

 

Då kan me altso avskriva «kandidatane» til Jon og Sven som uaktuelle i denne samanhangen.  Jenta frå Skindlo har eg jo «brukt» før!  Elles var jenta frå Herlandsnes i «rett» alder, men Gisle synte kven ho verkeleg var...

 

MEN, ein eller annan stad der ute må jo «vår» Johanna finnast.  Gjett om eg gler meg til alle kyrkjebøkene for 1800-talet vert søkbare...!?  Johanna er ikkje den einaste eg leiter etter...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna att «forsvunne sjelar»!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.